Regionalnytt 1 2019
Dato: 18.02.2019 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Omstilling på brei front
For tredje gong er Andøy kommune i omstilling. Omstillingsprogrammet Samskap varer frå 2017 til 2023. Eitt av måla er 350 nye arbeidsplassar. – Det skal vi klare! seier næringssjef Brita Erlandsen.
Nytt fagnettverk for regional analyse
Fylkeskommunane ønskjer å styrke sitt arbeid med eigenproduserte analysar og regionale kunnskapsgrunnlag. I 2018 sette derfor fylkesrådmannskollegiet ned eit arbeidsutval for å etablere eit fagnettverk for statistikk og analyse. Fagnettverket skal ta opp tema og problemstillingar som er aktuelle, både på strategisk nivå og ulike tenestenivå i fylkeskommunane. Nettverket skal vere ein arena der analysar og kunnskap vert delt mellom fylkeskommunane.
Utkast til ny inndeling av kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionar
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har sett ut eit oppdrag til Transportøkonomisk institutt (TØI) om å oppdatere inndelinga av norske kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionar. Arbeidet skal vere ferdig i juni i år.
Fagleg og uavhengig gjennomgang av distriktsindeksen
Asplan Viak har fått i oppdrag av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) å foreta ein fagleg uavhengig gjennomgang av distriktsindeksen. Bakgrunnen for den uavhengige gjennomgangen er reaksjonane som følgde i etterkant av KMD sin prosess med revideringa av distriktsindeksen hausten 2017 og våren 2018. KMD varsla i statsbudsjettet for 2019 ein ekstern gjennomgang av distriktsindeksen.
Innovasjonspartnarskap
KMD har for 2019 tildelt 24 millionar kroner til Innovasjonspartnarskap. Dette er ei ordning i Innovasjon Noreg, der norske kommunar og etatar går saman med næringslivet for å utvikle nye løysingar på dagens og framtidas samfunnsutfordringar. Det er Innovasjon Noreg som lyser ut midla.
Fleire aktuelle saker:
- Rettleiar for utgreiing av verknadar for sysselsetting og tenestetilgang i distriktsområde
- INTRANSIT – nytt senter for forskings- og innovasjonspolitikk
- Berekraftige transportløysningar i Bergen
- Nye rapportar
- Kva skjer