1. Innleiing og samandrag
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
1. Innleiing og samandrag 1.1 Regjeringas hovudmål og ramma for budsjettforslaget Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjettforslag for 1998 er utforma som eit ledd i ein samla og langsiktig strategi for å nå dei måla som det er gjort greie for i regjeringa sitt langtidsprogram. Regjeringa sine overordna mål i åra framover er å sikre arbeid til alle, utvikle det norske velferdssamfunnet vidare og hjelpe til med å leggje om samfunnsutviklinga i meir berekraftig retning. Regjeringa held fast ved satsinga på offentlege løysingar og eit sosialt tryggleiksnett framfor den sterkaste sin rett og privat velgjerdshjelp. Den økonomiske politikken som har vore ført med utgangspunkt i Solidaritetsalternativet i Langtidsprogrammet 1994-1997 har gitt gode resultat. Politikken har støtta opp om konjunkturoppgangen i norsk økonomi og gjort sitt til ein kraftig auke i sysselsetjinga. I følgje Nasjonalrekneskapen har sysselsetjinga auka med 123 000 personar frå 1993 til 1996, og arbeidsløysa er på veg nedover. Vidare er prisauken og renta låg, det er monaleg overskot på driftsbalansen overfor utlandet, og det er overskot i statsfinansane. Ein stram finanspolitikk og ei ansvarleg og solidarisk framferd av partane i arbeidslivet har vore avgjerande føresetnader for at den sterke konjunkturoppgangen fram til no har kunna gå saman med generell låg pris- og kostnadsauke. Regjeringa vil utvikle Solidaritetsalternativet vidare som ein heilskapleg strategi for auka verdiskaping innanfor ei berekraftig utvikling og auka sysselsetjing. Dette er nærmare omtalt i Langtidsprogrammet 1998-2001. Norsk økonomi er avhengig av oljeinntektene, og dette er framleis ei stor utfordring. Det er viktig å sikre tilstrekkeleg verdiskaping og tilfredsstillande balanse i utanriksøkonomien når petroleumsverksemda får mindre å seie. Derfor må norsk økonomi gjerast mindre avhengig av oljeinntektene, og det må leggjast eit grunnlag for vidare vekst i konkurranseutsett næringsliv i Fastlands-Noreg. Det er derfor framleis nødvendig med låg kostnadsauke og ein nærings- og strukturpolitikk som gir eit godt grunnlag for å møte omstillingar. Det vil vere lite rom for auke i offentleg ressursbruk, på grunn av moderat auke i arbeidsstyrken og langsiktige budsjettutfordringar. Dette vil seie at auka innsats på prioriterte område innan offentleg tenesteyting i hovudsak må dekkjast inn ved redusert innsats på andre område, ved auka effektivitet i offentleg sektor, eller ved auka brukardel på nokre felt. Det krevst store budsjettoverskot dei nærmaste tiåra for å møte forsørgjarbyrdene i framtida. Dette gjer det nødvendig med ei stram prioritering i den offentlege budsjetteringa. Også i Kommunal- og arbeidsdepartementets budsjett må ein ta omsyn til dette. 1.2 Oversikt over budsjettforslaget for 1998 1.2.1 Samla utgifter under Kommunal- og arbeidsdepartementet Figur 1.1 viser utviklinga i dei samla utgiftene under Kommunal- og arbeidsdepartementet. Dei største endringane i tala frå rekneskap 1996 til SIII 1997 er først og fremst desse:
Auken på 1,4 mrd. kr (2,1 pst.) frå SIII 1997 til forslag 1998 jf. figur 1.1, kjem av:
Figur 1.1 Utgifter under Kommunal- og arbeidsdepartementet. Mrd. kr. 1.2.2 Utgiftene under dei einskilte programkategoriane Kommunal- og arbeidsdepartementet sine utgifter fordelte på programkategori (politikkområde) ekskl. rammetilskota til kommunalforvaltninga, lånetransaksjonar og kapitalinnskot i forretningsdrifta, er vist i figur 1.2. Nærmare oppsummering av utviklinga og budsjettframlegget innanfor kvar programkategori er gitt under punkta 1.5-1.12. Den store endringa frå rekneskap 1996 til SIII 1997 under 14.10 Bustad- og bumiljøtiltak jf. figur 1.2, kjem av bortfall av rentestøtteløyvinga på kap. 2412, post 72, som følgje av nye budsjetteringsprinsipp. Dette er berre ei omlegging av teknisk karakter. Figur 1.2 Kommunal- og arbeidsdepartementets utgifter etter programkategori 1. Mill. kr.
1Eksl. rammetilskota til kommuneforvaltninga, lånetransaksjonar og kapitalinnskot i forretningsdrifta. Kategori 19.10 er inkl. kap. 2310 Ekstraordinære sysselsettjingstiltak (beredskapsbevilgninga). På programkategori 14.10 Bustad- bumiljøtiltak er det foreslått ein løyvingsauke på 1,4 mrd. kr. I samband med oppfølginga av eldremeldinga, St meld nr 50 (1996-97) og Innst S nr 291(1996-97), aukar løyvinga til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar med 928 mill. kr frå SIII 1997 til forslag 1998. Det blir vidare foreslått oppretta ein ny post på 210 mill. kr som skal gå til å dekkje kommunane sine utgifter til renter og avdrag til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Ein nærmare gjennomgang av denne ordninga er gitt under omtalen til kap. 586. Samordninga av dei to statlege bustøtteordningane retta mot pensjonistar, forslag om å heve buutgiftstaket og at dei faktiske utgiftene til kommunale avgifter skal inngå i grunnlaget for utrekning av bustøtte, impliserer at samla løyving til bustøtta aukar frå 735 mill. kr ved SIII 1997 til 1 557 mill. kr i 1998. Satsinga på Oslo indre aust resulterer i at handlingsprogrammet i 1998 får ei løyving på 50 mill. kr. Løyvingsforslaget for 1998 under programkategori 13.70 Overføringer gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar er 0,8 pst. høgare enn SIII 1997. I budsjettet for 1998 har regjeringa lagt til grunn ein auke i kommunesektoren sine samla inntekter på om lag 2,5 pst. frå 1997 (Revidert nasjonalbudsjett nivå) til 1998. Regjeringa har lagt til grunn at oppjusteringa av kommunesektorens skatteinntekter med i alt 1 500 mill. kr i forhold til revidert nasjonalbudsjett nivå ikkje skal vidareførast til 1998. For å unngå ein nedgang i rammetilskota til kommunane og fylkeskommunane og for å sikre ein akseptabel fordeling kommunane mellom, har regjeringa funne det nødvendig å foreslå ein reduksjon i dei kommunale og fylkeskommunale skattøyre. For 1998 legg regjeringa til grunn at dei kommunane og fylkeskommunane som taper på innføring av nytt inntektssystem skal få dette kompensert. Regjeringa foreslår å løyve Tilskota innanfor programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk går i hovudsak til lokal og regional næringsutvikling. Den betra økonomiske situasjonen for næringslivet generelt, tilseier at bedriftene sjølve i større grad bør kunne finansiere enkelte av dei aktivitetane som tilskota skal dekkje. For budsjettåret 1998 blir det for programkategori 13.50 foreslått ei løyvingsramme på Innanfor dei reduserte rammene for regional- og distriktspolitikk har regjeringa valt å prioritere utkantområde og tilretteleggjande tiltak. Den gode utviklinga på arbeidsmarknaden har ført til at ein har kunne redusere løyvinga under programkategori 19.10 Arbeidsmarknadstiltak noko. Beredskapsløyvinga (kap. 2310) er tatt med i figur 1.2 fordi løyvinga til ordinære arbeidsmarknadstiltak og blir gitt over dette kapitlet. Forslag til løyvinga for 1998 under kap. 591 Arbeidsmarknadstiltak og kap. 2310 Ekstraordinære sysselsetjingstiltak gir rom for eit gjennomsnittleg tiltaksnivå på om lag 17 500 plassar, mens forslaget til løyving under kap. 592 Spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma gir rom for eit gjennomsnittleg tiltaksnivå på 19 500 plassar. I og med at yrkeshemma som kvalifiserer for ytingar under attføring og kan delta på tiltak under kap. 2543 vil delen yrkeshemma på tiltak framleis bli halden på eit høgt nivå.
1.3 Oversikt over løyvingar som er foreslått overførbare I St prp nr 1 (1993-94) Gul Bok blei det fremja forslag om ei endring i løyvingsreglementets § 7, slik at stikkordet "kan overførast" kan knyttast til andre postar enn byggje-, anleggs- og materielløyvingar, utan at det må skje som unntak frå regelen i løyvingsreglementet om at ei løyving skal brukast det året ho er løyvt for. Under Kommunal- og arbeidsdepartementets budsjettkapittel (tabell 1.1) blir det gjort framlegg i statsbudsjettet for 1998 om å knyte stikkordet kan overførast til dei postane (utanom postane 30-49) som er viste i tabell 1.2. Dette er postar der det er stor uvisse når det gjeld utbetalingsår, fordi ein skal gjennom ein prosjekterings- og/eller utbyggingsfase innan utbetaling. Når det gjeld kap. 521, post 60 Integreringstilskot, er det ofte vanskeleg å fastslå utbetalingsår pga. etterslep i registreringa av busettjingar i kommunane.
1.4 Oversikt over talet på årsverk i verksemder under Kommunal- og arbeidsdepartementets forvaltningsområde Tabell 1.3 Tal på årsverk pr. 30.6.97.
Kategori 13.10 Administrasjon m.m. består av kapitla 500 Kommunal- og arbeidsdepartementet og 502 Valutgifter. Kap. 500 gjeld primært drifta av Kommunal- og arbeidsdepartementet, men har og ein mindre budsjettpost for tilskot til kvenske formål. Kap. 502 omfattar etterslep på utgifter i samband med stortings- og sametingsvalg i 1997 og utvikling av eit nytt system for innsamling, ordning og offentleggjering av valresultat. Vidare er delar av verksemda til Noregs kommunalbank omtalt. 1.6 Innvandring (kategori 13.20)
Likestilling, deltaking og integrering i eit fleirkulturelt samfunn Det er eit overordna mål for regjeringa at alle, uavhengig av bakgrunn og kjønn, skal ha like sjansar, rettar og plikter til å delta i samfunnet og bruke ressursane sine. Levekårsdata tyder på at det er store utfordringar i høve til situasjonen til enkelte grupper med innvandrarbakgrunn. I St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge er sentrale innsatsområde tiltak mot rasisme og diskriminering, norskopplæring og kvalifisering for arbeidslivet. Regjeringa vil leggje fram ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering. Satsingsområde i planen vil vere tiltak mot diskriminering i arbeidslivet, opplæring og kompetanseheving av offentleg tilsette og tiltak mot rasistisk motivert vald og trakassering. I 1997 blei arbeidet med å utforme ei ordning for juridisk assistanse til personar som er utsette for diskriminering, sett i gang. Den juridiske tenesta skal gi råd og rettleiing til personar som opplever diskriminering på grunn av hudfarge, tru, nasjonalt eller etnisk opphav, og vere med på å styrkje vernet mot diskriminering. Ordninga vil bli oppretta for ein prøveperiode på fem år. Det vil bli vurdert nærmare korleis kvalifiseringa av nykomne innvandrarar kan betrast. Styrkt norskopplæring og bruk av individuelle handlingsplanar for innvandrarar med særskilte problem på arbeidsmarknaden er viktige tiltak med sikte på å betre kvalifiseringa av nye innvandrarar. I 1998 vil det bli gjort ei evaluering av arbeidet med Handlingsplan for betre bruk av innvandrarane sin kompetanse. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil i nært samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet føre vidare arbeidet med å effektivisere ordningane for godkjenning av høgare utdanning frå utlandet. Heilskapleg flyktningpolitikk Flyktningpolitikken har som overordna mål at så mange flyktningar som mogleg skal få vern og hjelp med dei ressursane som er til rådvelde. For å nå dette må ein sjå tiltak innanlands og utanlands i samanheng. I mange høve er det formålstenleg å satse på regionale løysingar nær konfliktområda, men det vil òg vere behov for at flyktningar får vern i Noreg og i nokre høve varig opphald. Det gjeld flyktningar som blir overførte til Noreg i samarbeid med FNs Høgkommissær for flyktningar (UNHCR), og asylsøkjarar som får vern etter norsk lov. Regjeringa foreslår at Noreg i samråd med UNHCR disponerer inntil 3 000 kvoteplassar i den nye treårsperioden 1998-2000. Dersom UNHCR på bakgrunn av ein ekstraordinær flyktningsituasjon ber Noreg om å ta imot fleire flyktningar, kan det vere aktuelt å auke denne kvoten. Tilbakevending i tryggleik er den beste varige løysinga på ein flyktningsituasjon. Å leggje til rette for tilbakevending er derfor eit felt som regjeringa framleis vil gi høg prioritet. Asylsøkjarar og flyktningar skal ha eit nøkternt, men forsvarleg tilbod om innkvartering og nødvendige tenester. Alle i mottak som er over 16 år, skal få tilbod om norskopplæring så snart det let seg gjere og seinast tre månader etter at dei er komne til landet. Det er eit overordna mål at busetjing skal skje innan seks månader etter at det er gitt arbeids- og opphaldsløyve. Eit omsyn i busetjingsarbeidet har vore, og er, at flyktningane skal kunne busetje seg så nær familie og slekt som mogleg, og å byggje opp grupper av ein viss storleik med lik bakgrunn. Eit anna viktig omsyn ved val av busetjingskommune er flyktningane sine sjansar for utdanning og kvalifisering for arbeidslivet i Noreg, og for å få arbeid i samsvar med eigne føresetnader. 1.7 Arbeidsmiljø og tryggleik (kategori 13.30)
Det er eit mål for arbeidsmiljø og tryggleikspolitikken å sørgje for at den som er ansvarleg for verksemda etablerer og opprettheld eit forsvarleg arbeidsmiljø og tryggleiksnivå. Ein føresetnad for at arbeidsmiljø- og tryggleiksarbeidet skal fungere godt, er at dei tilsette aktivt tek del i arbeidet. Ei lang rekkje aktørar påverkar arbeidsmiljø- og tryggleiksarbeidet på ulike nivå med ulike verkemiddel: Partane/organisasjonane i arbeidslivet, bransjeorganisasjonar, forskingsmiljø, forsikringsbransjen, mediane, konsulentbistand m.m. Arbeidsmiljø- og tryggleiksforvaltninga sitt ansvar er, gjennom ein mest mogeleg effektiv bruk av styresmaktene sine verkemiddel og ressursar, å påverke og sjå til at verksemdene tek ansvaret sitt alvorleg. Hovudverkemidla innan arbeidsmiljø- og tryggleikspolitikken er regelverk, tilsyn, informasjon, forsking og økonomiske incentiv. Regjeringa si styring og forvaltning på området blir hovudsakleg teke hand om gjennom dei underliggjande etatane: Arbeidstilsynet, Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern, Oljedirektoratet (når det gjeld tryggleik og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda), Produkt- og elektrisitetstilsynet (når det gjelder el-tryggleik) og Produktregisteret. Statens arbeidsmiljøinstitutt og Arbeidsforskingsinstituttet er sektorinstitutt som skal hjelpe til med kunnskapsutvikling. I tillegg er Stiftelsen for industriell og teknisk forsking ved Noregs tekniske høgskole/Institutt for industriell miljøforsking (SINTEF/IFIM) knytt til forvaltningsområdet gjennom ei basisløyving frå departementet. Utfordringane på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet er av samansett karakter og gjer at fleire typar kriterium må nyttast for å skildre tilstanden på området. Dei tradisjonelle kriteria ulykker, yrkesbetinga skader og sjukdomma skildrar viktige sider ved risiko og tilstand. I tillegg vil sjukefråvær kunne vere ein viktig indikasjon på arbeidsmiljøstandarden. Resultatet på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet let seg neppe måle frå eit år til eit anna. Departementet vil derfor leggje vekt på at målbare og varige resultat krev eit langsiktig perspektiv og systematisk innsats over tid. Store delar av norsk arbeidsliv held ein høg standard når der gjeld arbeidsmiljø og tryggleik. Stadig fleire verksemder har erkjent ansvaret sitt og gjer ein god innsats for betre helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen. Dei positive resultata av ein slik innsats har vist seg gjennom eit betre arbeidsmiljø, ein høg tryggleikstandard, betre produktivitet og auka verdiskaping. Samtidig finst det store forskjellar, både bransjar imellom og innanfor kvar enkelt bransje. Enno er det mykje å vinne gjennom arbeidsmiljøforbetringar, både i betre helse, reduserte materielle tap og styrkt konkurranseevne. Ulykker og helseskadar utgjer framleis ei vesentleg belastning både for verksemdene og samfunnet. Den alvorlegaste belastninga ligg likevel på dei arbeidstakarane som blir ramma, i form av lidingar, redusert livskvalitet og tap av inntekt. For samfunnet samla inneber det ei belastning i forhold til allmen tryggleik og velferdsnivå, ulikskapar i livsstandard og kvalitet, og store økonomiske konsekvensar. Tidlegare blei dei fleste yrkesskadar registrerte innanfor industri og landbruk. I dag ser vi ei utvikling der stadig fleire skadar blir melde innanfor privat og offentleg tenesteyting. Ein trur at endringar i næringslivet og offentleg forvaltning, demografiske trendar, utdanningseksplosjonen og den generelle internasjonaliseringa vil stille fleire arbeidsplassar overfor eit sterkt omstillingspress. Sjølv om fast tilsettjing framleis er den heilt dominerande tilsettingsforma, er det tendensar til at lausare tilsettjingsformer opptrer i enkelte næringar og yrke. Det er grunn til å vente ein aukande konflikt mellom arbeidsgivaren sitt ønskje om fleksibilitet og tilsettes behov for tryggleik. Samla kan vi kome til å stå overfor ei utvikling der ansvarsrelasjonane i HMT-arbeidet blir meir komplisert, med ei tilsvarande meir komplisert oppgåve for tilsynsstyresmaktene. Innanfor brannvernområdet har det vore ei positiv utvikling med omsyn til reduserte brannskadetal. På eitt område, bustadbrannar, har utviklinga derimot ikkje vore så positiv. Regjeringa vil derfor setje inn ekstra midlar for å skape auka medvit blant folk om farane ved bustadbrannar. 1.8 Samiske formål (kategori 13.40)
Sametinget er, som det viktigaste talerøret til samane, ein viktig premissleverandør for den statlege samepolitikken. Sametinget vart etablert i 1989. Det har sidan vore eit kontinuerleg arbeid med å tilpasse Sametingets status og funksjon i forhold til statleg styringsverk og sentral forvaltning. Sametinget som samepolitisk organ kan ikkje seiast å vere eit underordna organ i forhold til departementet, og er ikkje underlagt statsrådens instruksjons- og kontrollstyring. Det er reist spørsmål om regjeringa har tilgjenge til å delegere fullmakt til Sametinget utan særskilt grunnlag i lov eller plenarvedtak, og i tilfelle i kva utstrekning. I den revisjon av samelova som vart blei i 1997, er det derfor innarbeidd heimel for fagdepartementa å delegere fullmakt til Sametinget til å forvalte midlar som Stortinget løyver til samiske formål. Det er ei prioritert oppgåve frå regjeringa å leggje tilhøva til rette for at Sametinget i størst mogleg grad skal setjast i stand til å forvalte dei styringsoppgåvene Sametinget sjølv og Stortinget finn naturleg. Sametinget bør få høve til å gjere eigne prioriteringar for samisk kultur. På bakgrunn av dette, dei framlegga som ligg føre når det gjeld ei friare budsjettstilling for Sametinget, røynslene med budsjettpraksisen i dag og dei tilpassingane som må gjerast i samband med økonomireglementet, vil regjeringa arbeide for å innarbeide formålstenlege rutinar i budsjettarbeidet mellom departementa og Sametinget. Regjeringa meiner at det er viktig for å tryggje samisk kultur at det tradisjonelle samiske næringslivet, med dei lokale variasjonane som finst innanfor dei samiske bygdene, framleis kan drivast. Samisk utviklingsfond er ein viktig aktør i samiske område. Fondet blei i 1996 løyvt om lag 17 mill. kr. Kvinner fekk 26,6 pst. av midlane, og 37 pst. av midla blei tildelt jordbruk og fiske. Kommunal- og arbeidsdepartementet har vedteke å setje i verk tiltak i det samiske busetjingsområdet Musken i Tysfjord. For 1997 er det løyvt 1 mill. kr til tiltak i Musken, og det blir gjort framlegg om ei tilsvarande løyving for 1998. Departementet gjer vidare framlegg om at det også i 1998 blir sett av 3 mill. kr innanfor Samisk utviklingsfond til tiltak i kommunane som er med i Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Bruken av samisk har auka i kommuneforvaltninga i forvaltningsområdet for samisk språk. Framleis er det i Kautokeino og Karasjok at bruken av samisk er vanlegast, og der ein svært stor del av dei tilsette snakkar eller skjønar samisk. Det er også i kommuneforvaltninga her at samisk blir brukt på møte og i møtebøker. I andre offentlege organ som har plikter i høve til språkreglane i samelova, er det framleis eit stort behov for konkrete tiltak for å betre den samiskspråklege serviceen i forvaltninga. Sametingsbygget er venta å vere ferdig i år 2000. For 1998 blir det gjort framlegg om å løyve 23 mill. kr til Sametingsbygget over budsjettet til Statsbygg. Intensjonen bak eit sametingsbygg er at det skal forankrast i samiske kulturtradisjonar og ha eit særpreg som er eit parlamentsbygg verdig. Sametinget vedtok i 1995 at Samisk spesialbibliotek skal høre inn under Sametinget og vere samlokalisert med Sametinget i Sametingsbygget. Kulturdepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet vil følgje opp dette med sikte på full operativ drift i år 2000. Frå budsjettåret 1996 blei det på kap. 541 etablert ei tilskotsordning som har som formål å styrkje arbeidsvilkåra for dei politiske grupperingane i Sametinget. Tilskotet kan samanliknast med dei tilskota som blir gitt til dei politiske partia som er representerte på Stortinget. Departementet tilrår at forvaltninga av dette tilskotet blir overført til Sametinget. 1.9 Regional- og distriktspolitikk (kategori 13.50)
Det er den breie distrikts- og regionalpolitiske innsatsen innanfor dei ulike politikkområda og sektorane, saman med den generelle økonomiske politikken, som har mest å seie for utviklinga i levekåra og trygginga av busetjingsmønsteret i alle delar av landet. Samstundes er ekstrainnsatsen i distrikta viktig i område prega av låg folketettleik, store avstandar og einsidig næringsgrunnlag. Godt samspel mellom desse innsatsane er avgjerande for utviklinga regionalt. Etter ei positiv utvikling først på 1990-talet med befolkningsvekst og redusert utflytting på fylkesnivå, ser ein igjen at fleire fylke har auka utflytting og nedgang i folketalet, sjå figur under programkategori 13.50. Flyttetal for første halvår 1997 syner at denne utviklinga held fram, med auka utflytting frå Hordaland og nordover, samstundes som ein får auka innflytting til det sentrale austlandsområdet. Går vi under fylkesnivå, ser vi at nedgangen i folketalet i hovudsak gjer seg gjeldande i utkantområda. Dette er i samsvar med utviklinga vi har sett i tidlegare periodar med høgkonjunktur, men i det siste året ser vi og at by og tettstader, særleg i Nord-Noreg, opplever nedgang i folketalet. Den overordna strategien for bruken av dei distriktspolitiske verkemidla er å utvikle varige og lønsamme arbeidsplassar og stimulere verdiskapinga basert på dei særskilde føresetnadene i kvar region. Denne hovudstrategien er delt opp i fleire delstrategiar. Gjennom vidareutvikling av eksisterande bedrifter skal distriktspolitikken vege opp for nokre av dei konkurranseulempene delar av distrikts-Noreg har som følgje av lang avstand til dei sentrale marknadene. Gjennom etablering av nye bedrifter skal distriktspolitikken stø opp om det nasjonale arbeidet med å stimulere etablering, nyskaping og omstilling. Bedriftsretta verkemiddel er her viktigast. Den regionalt differensierte arbeidsgivaravgifta er viktig for vidareutvikling av nye og eksisterande bedrifter. Gjennom satsing på kompetanseheving og kunnskapsspreiing ønskjer ein å dra nytte av den nye informasjons- og kommunikasjonsteknologien, som blir avgjerande for utviklinga av næringslivet. Betre metodar for produksjon, distribusjon, marknadsføring og sal, utvikling av leiarskap, organisasjon og samarbeidstilhøve er viktig for konkurranseevna og byggjer på kompetanse. Å medverke til utvikling av meir funksjonelle regionar blir viktigare både når det gjeld å demme opp for sentraliseringa av flyttestraumane, og for å utvikle meir funksjonelle nærings- og arbeidsmarknader. Indirekte verkemiddel er her viktigast. Formålet med regionale utviklingsprogram er å få til ein meir effektiv politikk med meir forpliktande koplingar mellom bruk av verkemiddel og planar forankra i utfordringane og vilkåra for kvar region. Mål og strategiar skal formulerast på fylkesnivå, men i tråd med nasjonale retningslinjer i distrikts- og næringspolitikken. Dei regionale utviklingsprogramma vil ha form av årlege framlegg frå fylkeskommunen om korleis fylka vil bruke dei verkemidla som står til disposisjon til regionalpolitiske formål. Ut frå eksisterande planar (fylkesplan, strategisk næringsplan), skal fylkeskommunane i samråd med dei aktuelle partane (nærings- og arbeidsliv, kommunar og statlege sektorstyresmakter) lage årlege program for korleis verkemidla konkret skal nyttast i fylket. Det vil bli sett i verk ein eigen politikk for utkantkommunar med stor nedgang i folketalet. Målet er å leggje tilhøva til rette for at kommunane skal bli betre i stand til å møte dei problema som stadig fråflytting fører med seg. Det er utpeika sju pilotkommunar. Ein tek sikte på å utpeike seks til åtte nye pilotkommunar i 1998. Det vil bli stilt ekstra ressursar til disposisjon for ei slik satsing. Satsinga vil ha fire hovudelement:
For budsjettåret 1998 blir det for programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk foreslått ei operasjonsramme (sjå tabellen 1.4) på 1 508 mill. kr og ei løyvingsramme på 1 770 mill. kr, inkludert 180 mill. kr i lån til SIVA. Operasjonsramma er redusert med 3,7 pst. frå 1997 til 1998. Løyvingsramma er reelt redusert med 11,2 pst. I tillegg til reduksjonen i operasjonsramma og tilskot til dekning av tap på lån, kjem dette av at løyvinga til tilskot til dekning av tap under frikommuneforsøket fell bort (jf. kap. 553, post 63 Tilskot til dekning av tap under frikommuneforsøket), løyvinga til dekning av tap på låneårgangar utan tapsavsetningar blir redusert, og at SIVA ikkje låner så mykje i 1998 som i 1997. Ramma for dei distriktsretta låna er i 1997 på 494,2 mill. kr. Det blir foreslått ei innvilgningsramme for nye lån på 310 mill kr i 1998. Tapsprosenten blir foreslått oppretthalde på 25 pst. Tilskota innanfor regional- og distriktspolitikken går i hovudsak til lokal og regional næringsutvikling. Den betra økonomiske situasjonen for næringslivet generelt, tilseier at bedriftene sjølve i større grad bør kunne finansiere enkelte av dei aktivitetane som tilskota skal dekkje. Innanfor dei reduserte rammene for regional- og distriktspolitikk har departementet valt å prioritere utkantområde og tilretteleggjande tiltak. 1.10 Kommuneøkonomien (kategori 13.70)
I Nasjonalbudsjettet for 1998 er overslaget for kommunesektorens skatteinntekter i 1997 justert opp med 1 500 mill. kr i forhold til Revidert nasjonalbudsjett for 1997. Dette kjem i tillegg til ein oppjustering av skatteinntektene med 800 mill. kr i Revidert nasjonalbudsjett. Samla sett gir dette ein meirskatteinngang for kommunesektoren i 1997 på i alt 2 300 mill. kr i forhold til Salderingsproposisjonen. I budsjettet for 1998 har regjeringa lagt til grunn ein auke i kommunesektoren sine samla inntekter på om lag 2,5 pst. frå 1997 (Revidert nasjonalbudsjett nivå) til 1998. Rekna i faste kroner utgjer dette ein auke i kommunesektoren sine inntekter på vel 4 mrd. kr. Dei viktigaste komponentane i inntektsauken er:
Regjeringa har lagt til grunn at oppjusteringa av kommunesektorens skatteinntekter med i alt 1 500 mill. kr i forhold til revidert nasjonalbudsjett nivå ikkje skal vidareførast til 1998. For å unngå ein nedgang i rammetilskota til kommunane og fylkeskommunane og for å sikre ein akseptabel fordeling kommunane i mellom, har regjeringa funne det nødvendig å foreslå ein reduksjon i dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrene, jf. nærare omtale i samband med det økonomiske opplegget for kommunane og fylkeskommunane. Kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane er endra som følgje av at omlag 4 200 mill. kr er trekt ut av rammetilskotet i 1997 og 1998 i samband med innføring av innsatsstyrt finansiering av sjukehus og overført til eit eige refusjonstilskot på budsjettet til Sosial- og helsedepartementet. Som følgje av innlemming i rammetilskotet av øyremerkte tilskot på omlag 1 660 mill. kr knytt til psykisk utviklingshemma i 1997 og 1998, er to nye kriterier for menneske med psykisk utviklingshemming innført i kostnadsnøkkelen for kommunane. For 1998 legg Regjeringa til grunn at dei kommunar og fylkeskommunar som taper på innføring av nytt inntektssystem skal få dette kompensert. Regjeringa foreslår å bevilge Fylkesmannsembeta På Kommunal- og arbeidsdepartementets ansvarsområde har fylkesmannen, med hjemmel i kommunelova, ein tilsyns- og veilederrolle overfor kommunane når det gjeld generelle økonomiske og juridiske spørsmål, samt oppgåver knytta til samordning av statlege styringsoppgåver overfor kommunane som ligg til statlege organ på fylkesplanet. Fylkesmannen er klageorgan for kommunanes vedtak etter plan- og bygningslova, deler av oreigningslova, lov om borettslag og lov om kommunal forkjøpsrett. I tillegg til oppgåva som klageorgan har fylkesmannen også eit viktig veiledningsansvar ovenfor kommunane når det gjeld bruk av og forståing av dette lovverket. Fylkesmannen er også tillagt oppgåver i samband med val og utfører oppgåver knytta til kommunalarealplanlegjing og - disponering. Fylkesmannenes administrative utgifter på Kommunal- og arbeidsdepartementets ansvarsområde finansierast over Planleggings- og samordningsdepartementets kap. 1510. Det visas derfor til Planleggings- og samordningsdepartementets budsjettproposisjon for nærare omtale. 1.11 Bustad, bumiljø og bygningssaker (kategori 14.10-14.20)
Programområde 14 Bustad, bumiljø og bygningssaker omfattar budsjettframlegga for regjeringas bustad- og bygningspolitikk. Bustadtiltaka, i all hovudsak tilskot og bustøtte gjennom Husbanken, er omtalte under programkategori 14.10 Bustad og bumiljø. Under programkategori 14.20 Forvaltning av bygningstiltak, er Statens bygningstekniske etat omtalt. Bustaden og bumiljøet gir ei ramme rundt daglegliv, sosial kontakt og rekreasjon. Grunnlaget for utviklinga til barn og ungdom blir skapt nettopp i bu- og nærmiljøet. På bakgrunn av dette er Regjeringas hovudmålsetjing i bustadpolitikken at alle skal kunne disponere ein god bustad i eit godt bumiljø, jf. St meld nr 4 (1996-97) Langtidsprogrammet 1998-2001. Det fordelingspolitiske aspektet er blitt meir sentralt i bustadpolitikken. Offentleg støtte må rettast inn mot dei som treng ho mest. Verkemidla i bustadpolitikken skal hjelpe til å utjamne ulikskapane i buforhold og bumiljø. Det nære samarbeidet mellom bustadsamvirket, kommunane og staten har gjort det mogleg for dei fleste å skaffe seg ein bustad innanfor akseptable kostnadsrammer. Dei statlege støtteordningane har gjort dette mogleg også for grupper med svak økonomi. Husbanken står sentralt i regjeringas bustadpolitikk. Gjennom Husbankens verkemiddel medverkar staten til bygging og fornying av gode, nøkterne bustader, rimelege buutgifter og god bustadfordeling. Husbanken skal medverke til at alle skal kunne disponere ein høveleg bustad. Dette skjer gjennom rimelege lån utan behovsprøving og utan ordinær kredittvurdering, og gjennom tilskot og bustøtte etter behovsvurdering. I tillegg kjem støtte til byfornying og betre bumiljø. Med sine standardkrav er Husbanken med på å skape kvalitet og god økologisk og økonomisk ressursbruk på bustadsektoren. Husbankens utlånsramme er på 8 mrd. kr i 1998 og er nærmare omtalt i St prp nr 1 (1997-98) (Gul Bok). Målet for bygningspolitikken er å arbeide for at byggverk og omgivnadene til desse blir utforma, utførte og utnytta på ein god måte både for den enkelte og for samfunnet. Gjennom plan- og bygningslova blir det lagt særleg vekt på tiltak som betrar kvaliteten på bygg. I 1998 blir det nye regelverket for den samordna bustøtta vidareført og det vert fremma forslag om auke i løyvinga for ytterlegare forbetringar i regelverket for bustøtte til pensjonistar. Tilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar blir kraftig auka. Handlingsprogrammet for Oslo indre aust blir tildelt 50 mill. kr. Samla løyvingsforslag under programområde 14 er på 11,9 mrd. kr. Dette er ein auke på 1,4 mrd. kr frå 1997. 1.12 Arbeidsmarknad (kategori 19.00-19.10)
Regjeringa sin aktive arbeidsmarknadspolitikk har medverka til den gode utviklinga på arbeidsmarknaden dei seinare åra med redusert arbeidsløyse og auka sysselsetjing. Det overordna målet for arbeidsmarknadspolitikken er å leggje til rette for ein effektivt fungerande arbeidsmarknad. Ein slik arbeidsmarknad er kjenneteikna ved at ledige jobbar raskt blir fylte, utan at det oppstår lønns- og prispress. Samtidig skal ein effektiv arbeidsmarknad medverke til høg yrkesdeltaking og gi moglegheiter for innpassing av ungdom, langtidsarbeidslause, yrkeshemma, innvandrarar og andre grupper som har problem med å kome inn i eller står i fare for å falle ut av arbeidsmarknaden. Med dagens gode utvikling på arbeidsmarknaden er formidling til arbeid viktigaste oppgåver for arbeidsmarknadsetaten. Arbeidet med formidling er derfor integrert i heile etaten si verksemd. Etaten si hovudoppgåve i formidlingsarbeidet vil vere å gi formidlingshjelp til arbeidsgjevarar som har behov for bistand frå etaten, identifisere ubalansar i arbeidsmarknaden og avhjelpe problema i desse delane av arbeidsmarknaden. Sjølv om ein ventar stadig betring på arbeidsmarknaden i 1998, vil det vere behov for arbeidsmarknadstiltak for å støtte opp under formidlingsarbeidet. Det blir derfor lagt vekt på å rette inn arbeidsmarknadstiltaka slik at desse hjelper til å motverke ubalansar på arbeidsmarknaden. For å motverke mangel på visse typar arbeidskraft vil arbeidsmarknadstiltaka bli nytta for å skaffe arbeidsgjivarar arbeidskraft på ein rask og effektiv måte. Normalt vil arbeidsmarknadstiltak først bli sette inn der ordinær formidlingsinnsats ikkje har ført fram. Den registrerte arbeidsløysa ligg no under 1989-nivået og var i første halvår 1997 3,6 pst. Arbeidslaus ungdom og langtidsarbeidslause, medrekna personar som har brukt opp dagpengerettane sine, vil bli prioriterte ved inntak på arbeidsmarknadstiltak slik at desse så raskt som mogleg kan gå inn i dei ledige jobbane. Innvandrarar inngår ofte i desse gruppene og vil dermed vere prioriterte på arbeidsmarknadstiltak. I budsjettforslaget for 1998 er løyvinga under kap. 591 Arbeidsmarknadstiltak og beredskapsløyvinga (kap. 2310) tilpassa eit gjennomsnittleg nivå på arbeidsmarknadstiltaka på om lag 17 500 plassar. Arbeidslinja er hovudstrategien i arbeidet retta mot yrkeshemma. Yrkeshemma som er støyte ut eller aldri har vore i ordinært arbeidsliv, skal i størst mogleg grad få hjelp til attføring til ordinært arbeid. Overfor yrkeshemma skal arbeidsmarknadstiltak setjast inn raskast mogleg for å unngå langvarig passivisering. Tiltaka skal brukast slik at yrkeshemma får eit heilskapleg og målretta attføringsopplegg. Kvalifiserings- og arbeidstreningstiltak skal vere innretta og om nødvendig kjeda saman, slik at brukaren fullfører attføringa raskast mogleg. Den høge delen yrkeshemma arbeidssøkjarar som er i tiltak av alle registrerte yrkeshemma, skal bli ført vidare på dagens høge nivå i 1998. I første halvår 1997 var delen i tiltak av dei registrerte yrkeshemma 76 pst. For 1998 er det gjort framlegg om ei løyving tilsvarande eit gjennomsnittleg nivå på om lag 19 500 plassar under kap. 592 Spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma. Yrkeshemma kan og delta på tiltak under kap. 591 Arbeidsmarknadstiltak og 2543 Ytingar til yrkesretta attføring. Betringa på arbeidsmarknaden dei siste åra og auka satsing på yrkesretta attføring, gir grunnlag for å auke delen yrkeshemma arbeidssøkjarar utskrivne til aktive løysingar, og talet på formidlingar av yrkeshemma til arbeid frå 1997 til 1998. |