Programområde 19 Arbeidsmarknad
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
Programområde 19 Arbeidsmarknad
1. Arbeidsmarknadspolitikken i 1998 1.1 Hovudmål og prinsipp for arbeidsmarknadspolitikken Det overordna målet for arbeidsmarknadspolitikken er å leggje til rette for ein effektiv fungerande arbeidsmarknad. Ein slik arbeidsmarknad blir kjenneteikna ved at ledige jobbar raskt blir fylt utan at det oppstår lønns- og kostnadspress. Samtidig skal ein effektiv arbeidsmarknad bidra til høg yrkesdeltaking og gi moglegheiter for innpassing av ungdom, langtidsarbeidslause, yrkeshemma, innvandrarar og andre grupper som har problem med å kome inn i eller står i fare for å falle ut av arbeidsmarknaden. Dei konkrete utfordringane dette stiller for arbeidsmarknadspolitikken i 1998, er nærmare omtalt i del 2 Hovudtrekka i utviklinga på arbeidsmarknaden. Arbeidsmarknadspolitikken er tillagt ulike funksjonar som det blir lagt ulik vekt på, avhengig av situasjonen på arbeidsmarknaden:
Arbeidsmarknadsetaten står for gjennomføringa av regjeringa sin arbeidsmarknadspolitikk. Målstrukturen for etaten viser korleis innsatsen frå etaten er innretta for å støtte opp under denne jf. tabell 19.1.1. Tabell 19.1.1 Målstruktur for arbeidsmarknadsetaten.
1.2 Strategiar og resultatmål for 1998 Formidling og informasjon Arbeidet med formidling er integrert i heile etaten si verksemd. Å samle inn, leggje til rette og gjere informasjon om arbeidsmarknaden lett tilgjengeleg for arbeidsgivarar og arbeidssøkjarar, er ei hovudoppgåve for etaten. Mange arbeidssøkjarar klarer seg sjølve utan ressurskrevjande hjelp frå etaten, berre dei får tilstrekkeleg informasjon om arbeidsmarknaden. Andre har behov for ei meir aktiv og langvarig oppfølging. Arbeidskontora skal bidra til aktive arbeidssøkjarar gjennom å tilpasse informasjon og oppfølging etter den enkelte sine behov. Ein viktig føresetnad for å lykkast med formidlingsstrategien er god kunnskap om marknaden. Etaten vil leggje vekt på å utvikle rutinar og system for å fange opp signal i marknaden så tidleg som mogleg. På mange områder fungerer arbeidsmarknaden bra, og arbeidsgivarane finn sjølve fram til kvalifisert arbeidskraft til dei ledige stillingane. Etaten si hovudoppgåve i formidlingsarbeidet vil vere å gi formidlingshjelp til arbeidsgivarar som har behov for bistand frå etaten, identifisere ubalansar i arbeidsmarknaden og avhjelpe problema i desse delane av arbeidsmarknaden. Heile EØS-området kan vere aktuelt som rekrutteringsarena. Utviklinga på arbeidsmarknaden vil og krevje auka vekt på yrkesmessig og geografisk mobilitet for å motverke ubalansar og mangel på arbeidskraft. Regjeringa ønskjer å opne for privat formidling av leger frå utlandet og har sendt forslag om dette på høring. I 1998 er det venta ytterlegare betring på arbeidsmarknaden med vekst i sysselsetjinga og fare for auka pressproblem. Det er i denne situasjonen særleg viktig at arbeidsmarknadsetaten så raskt som mogleg tilviser kvalifiserte arbeidssøkjarar til ledige jobbar. For 1998 er det eit mål at arbeidsmarknadsetaten skal auke talet på formidlingar og at etaten skal oppretthalde delen formidlingar av dei direkte melde stillingane. Ordinære og yrkeshemma arbeidssøkjarar Til tross for at ein framleis forventar ein betra arbeidsmarknad i 1998 vil det vere behov for arbeidsmarknadstiltak m.a. for å støtte opp under formidlingsarbeidet. Det blir derfor lagt vekt på å rette inn arbeidsmarknadstiltaka slik at desse hjelper til å motverke ubalansar på arbeidsmarknaden. Det er òg viktig at arbeidsmarknadstiltaka gir kompetanse, slik at arbeidssøkjarane raskt kan gå inn i dei ledige jobbane. For å motverke mangel på visse typar arbeidskraft er det behov for å nytte arbeidsmarknadstiltak for å skaffe arbeidsgivarar arbeidskraft på ein rask og effektiv måte. Normalt vil arbeidsmarknadstiltak først bli sette inn der ordinær formidlingsinnsats ikkje har ført fram. Arbeidslaus ungdom og langtidsarbeidslause, medrekna personar som har brukt opp dagpengerettane sine, vil bli prioriterte ved inntak på arbeidsmarknadstiltaka slik at desse raskast mogleg kan gå inn i dei ledige jobbane. Innsatsen retta mot dei langtidsarbeidslause har m.a. samanheng med at mange av desse har svak eller mangelfull utdanning, og røynsle frå yrkeslivet som er lite etterspurt. I mange høve vil lønnstilskot eller kortvarige yrkesretta kurs innafor arbeidsmarknadsopplæringa vere tilstrekkeleg for å kvalifisere for ordinært arbeid. Regjeringa sitt forslag til løyving under kap. 591 Arbeidsmarknadstiltak og beredskapsplanen (kap. 2310) gir grunnlag for et gjennomsnittleg tiltaksnivå på om lag 17 500 plassar i 1998. Arbeidslinja er hovudstrategien i arbeidet retta mot yrkeshemma. Yrkeshemma som er støytte ut eller aldri har vore i ordinært arbeidsliv, skal i størst mogleg grad få hjelp til attføring til ordinært arbeid. Arbeidsmarknadstiltak skal bli sett inn raskast mogleg for å unngå langvarig passivisering. Tiltaka skal bli brukt slik at yrkeshemma får eit heilskapleg og målretta attføringsopplegg. Kvalifiserings- og arbeidstreningstiltak skal vere innretta og om nødvendig kjeda saman, slik at brukaren fullfører attføringa raskast mogleg. Betringa på arbeidsmarknaden dei siste åra og auka satsing på yrkesretta attføring gir grunnlag for å auke delen yrkeshemma arbeidssøkjarar utskrivne til aktive løysingar frå 1997 til 1998. I ein arbeidsmarknad i betring, med aukande sysselsetjing og fallande arbeidsløyse, vil yrkeshemma ha større moglegheiter til å få ordinær jobb utan å måtte gjennomgå langvarig attføring først. Dessutan medfører den høge etterspørselen etter arbeidskraft at det blir lettare for etaten å formidle yrkeshemma til ordinært arbeid. Ein vil derfor satse meir på korte yrkesretta tiltak og for denne gruppa. Dei yrkeshemma skal få tilbod om målretta attføringsopplegg med sikte på overgang til ordinært arbeid. Det breie spekteret av spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma (kap. 592) og tiltak under folketrygdytingane til yrkesretta attføring (kap. 2543) skal bli brukt, supplert med kvalifiseringstiltak over ordinære arbeidsmarknadstiltak (kap. 591). Det vil alltid vere nødvendig med ein viss del personar i ventetid, både fordi det tek noko tid for den enkelte å utvikle formålstenlege handlingsplanar for attføring, og fordi det vil oppstå noko ventetid før og mellom ulike tiltak i ei tiltakskjede. Delen yrkeshemma arbeidssøkjarar i tiltak skal bli ført vidare på dagens høge nivå i 1998. For 1998 er det gjort framlegg om ei løyving tilsvarande eit gjennomsnittleg nivå på om lag 19 500 plassar under kap. 592. Dette er ein reduksjon på gjennomsnittleg 950 plassar på dette kapitlet samanlikna med planlagt tiltaksnivå i 1997. Tilsegn gitt i 1997 med verknad inn i 1998, vil kunne føre til at reduksjonen blir mindre. Ein legg opp til ei viss nedtrapping innanfor integreringstiltaka, men hovuddelen av nedtrappinga kjem på dei skjerma tiltaka. Reduksjonen i tiltaksnivået, som er nærmare omtalt i del 4, må sjåast i samanheng med at den positive utviklinga på arbeidsmarknaden har ført til at talet på yrkeshemma hittil i år har gått ned. Det er samtidig ønskjeleg å tilpasse attføringstiltaka til gjeldande behov. For mange yrkeshemma vil det kunna vere betre å delta på tiltak under andre budsjettkapittel. Løyvinga til ytingar til yrkesretta attføring (kap. 2543) er nærmare omtalt i St prp nr 1 (1997-98) Folketrygda. Kompetanseheving og arbeidstrening Det har i fleire år vore sterk vekst i sysselsetjinga. Dette har ført til at det har blitt vanskelegare å rekruttere arbeidskraft med relevant kompetanse innanfor enkelte delmarknader. Samtidig er det framleis mange arbeidslause. Dette er m.a. eit resultat av manglande samsvar mellom dei arbeidslause si utdanning og erfaring på den eine sida og arbeidsmarknaden sitt kompetansebehov på den andre sida. I tilfelle der formidling eller bruk av formidlingstiltak ikkje fører fram, vil det vere eit mål å møte kompetansebehova til arbeidsgivarar gjennom bruk av AMO-kurs, i første rekkje i samband med rekruttering. Arbeidsmarknadsetaten skal leggje vekt på å målrette opplæringstiltaka mot krava til kompetanse i ledige stillingar. Fleire arbeidslause har svak utdanningsbakgrunn med mangelfull eller lite aktuell utdanning. Dessutan har desse ofte røynsler frå arbeidslivet som det er liten etterspørsel etter. Mange har og lange periodar med arbeidsløyse bak seg. Auka kompetansebehov i arbeidslivet dei seinare åra, og ein stadig betre utdanna arbeidsstyrke, fører til at enkelte arbeidslause med svak utdanningsbakgrunn ikkje kan kome i ordinært arbeid utan ei styrking av kompetanse og arbeidsevne. I slike tilfelle skal arbeidsmarknadsetaten gjennom bruk av tiltak medverke til at arbeidslause med svak utdanningsbakgrunn og lite aktuell arbeidserfaring blir innpassa i arbeidslivet. Utarbeiding av handlingsplanar for systematisk oppfølging og motivering for heving av kompetansen, vil i denne samanheng vere viktige. Der arbeidsmarknadsetaten finn det formålstenleg, vil ein vurdere ulike opplæringstiltak. Ein vil i 1998 føre vidare tilbodet om norskopplæring med samfunnskunnskap for utanlandsk helsepersonell. I budsjettet for 1998 har ein sett av om lag 10 mill. kr til norskopplæring med samfunnskunnskap for utanlandsk helsepersonell, dvs. om lag like mykje som i inneverande år. Enkelte av dei arbeidslause har lese- og skrivevanskar. Utdanningsstyresmaktene har ansvaret for opplæring av personar med lese- og skrivevanskar på grunn- eller vidaregåande skolenivå. Kommunal- og arbeidsdepartementet legg til grunn for arbeidsmarknadsetaten sitt arbeid med arbeidslause med lese- og skrivevanskar, at etaten sitt tilbod skal vere eit supplement til det ordinære utdanningstilbodet. Arbeidsmarknadsetaten kan gi tilbod om kurs som siktar mot å betre arbeidslause sin lese- og skrivedugleik i ein arbeidssituasjon, eller for å gi eit betre grunnlag for å gå vidare med yrkesretta kvalifisering. Arbeidsmarknadsetaten vil samarbeide med kommunane for at desse saman og kvar for seg kan gi eit tilbod i tråd med sektorane sitt ansvar. Yrkeshemma har ofte lågare utdanning enn dei yrkesaktive. Kvalifiseringstiltak som AMO og ordinær skolegang vil derfor bli brukt. Bruken av kvalifiseringstiltak skal vere målretta, slik at det raskast mogleg førar den enkelte over til arbeid. For å sikre at yrkeshemma i nødvendig grad får tilbod om AMO, fremmer ein forslag om fullmakt til å kunne omdisponere midlar frå dei spesielle arbeidsmarknadstiltaka for yrkeshemma til dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka jf. omtale under kap. 592 i del 4. I tråd med prinsippet om normalisering og integrering er ein strategi i attføringsarbeidet å nytte arbeidstreningsplassar i ordinært arbeidsliv så langt som mogleg. Dette gjeld også overfor personar med omfattande behov for oppfølging og hjelp for å kome inn i eller behalde ein jobb i det ordinære yrkeslivet. For dei svakaste gruppene av yrkeshemma kan skjerma sysselsetjing i arbeidsmarknadsbedriftene og arbeidssamvirka vere gode alternativ. Det skal framleis vere fleire yrkeshemma i attføringsfasen i den enkelte arbeidsmarknadsbedrift enn i den varig skjerma fasen. Arbeidssamvirka skal og gi tilbod til yrkeshemma med psykiske lidingar. I tillegg tilbyr kommunane aktivitetstiltak for menneske med for lågt fungeringsnivå til å kunne få nytte av arbeidsmarknadstiltak. Innsatsen til Arbeidslivstenesta vil bli ført vidare. Samarbeid Arbeidsmarknadsetaten vil ha eit omfattande samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og partane i arbeidslivet for å gjennomføre arbeidsmarknadspolitikken. Samarbeidet vil omfatte både samordning av tilbod til ordinære og yrkeshemma arbeidssøkjarar, og planlegging og gjennomføring av arbeidsmarknadstiltak og enkeltprosjekt, som kan medverke til å fremme felles målsetjingar. Samarbeidet med fylkeskommunen gjennom Arbeidsmarknadsråd omfattar m.a. kompetanseheving og næringsutvikling. Regjeringa har i St meld nr 31 (1996-97) Om distrikts- og regionalpolitikken lagt opp til at fylkeskommunane skal ta initiativ til å utarbeide regionale utviklingsprogram. Desse skal ta utgangspunkt i fylkesplan/strategisk næringsplan der nasjonale mål og strategiar for dei sektorar det gjeld, er lagt til grunn. Fylkeskommunane vil utarbeide slike planar gjennom ein brei prosess saman med næringslivet sine organisasjonar og fylkeskommunale- og statlege sektorstyresmakter, så som arbeidsmarknadsetaten. For å styrkje og effektivisere samarbeidet mellom sosialtenesta og arbeidsmarknadsetaten i forhold til personar som har behov for bistand frå begge instansane, har Kommunal- og arbeidsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet utarbeidd retningslinjer for samarbeidet (Rundskriv H-28 1997). Rundskrivet oppmodar og kommunane til å ta initiativ til samarbeidsforum mellom m.a. helse- og sosialtenesta i kommunen, trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten. Rundskrivet er ei oppfølging av Velferdsmeldinga St meld nr 35 (1994-95), jf. Innst S nr 180 (1995-96). Handsaming av dagpengesøknader Dagpengeordninga er den viktigaste inntektssikringa for personar som er arbeidslause. Rask avklaring av retten til dagpengar og utbetaling, er såleis avgjerande for å unngå at arbeidslause arbeidssøkjarar får unødige problem og otte for økonomien. Velferden til dei som blir arbeidslause, skal sikrast gjennom rask utbetaling av dagpengar. Minst 80 pst. av dagpengesøknadene skal vere tilvist for utbetaling innan 21 dagar. Likestilling Likestillingsinnsatsen skal vere ein integrert del av arbeidsmarknadsetaten si verksemd. Menn og kvinner skal ha same høve til å dra nytte av arbeidsmarknadsetaten sitt verkemiddelapparat. Verkemiddelapparatet (informasjon, rettleiing, formidling, arbeidsmarknadstiltak, m.m.) skal brukast aktivt, slik at det samla sett fører til å fremme likestilling i arbeidsmarknaden. Likestillingsperspektivet er og knytt opp til arbeidet med prioriterte målgrupper av arbeidslause; ungdom, yrkeshemma og langtidsarbeidslause. Ein viktig strategi er å målrette bruken av verkemidla, slik at utsette kvinnegrupper blir betre i stand til å meistre omstilling og får tilgang til ein breiare del av arbeidsmarknaden. 1.3 Nærmare om enkelte målgrupper Ungdomssatsinga Tilbodet om arbeidsmarknadstiltak til ungdom under 20 år utan skoleplass eller tilbod om arbeid (ungdomsgarantien) vil bli ført vidare i 1998. Ei oppgåve for arbeidsmarknadsetaten vil vere aktivt samarbeid med den fylkeskommunale oppfølgingstenesta om innsatsen overfor ungdom som ikkje nyttar seg av retten til vidaregåande opplæring. Oppfølgingstenesta skal koordinere samarbeidet og avklare den enkelte ungdom sitt behov for oppfølging. Arbeidsmarknadsetaten skal tilby heile spekteret av tenester overfor ungdom, så som formidling, informasjon og yrkesrettleiing. Rettleiinga skal i størst mogleg grad motivere ungdom til vidare utdanning. Tilbod om arbeidsmarknadstiltak vil bli gitt til dei i målgruppa som ikkje startar i vidaregåande opplæring eller ikkje let seg formidle til ordinært arbeid. Ei evaluering av oppfølgingstenesta syner at kombinasjon av Praksisplass og vidaregåande opplæring som gir formell kompetanse (kombinerte opplegg), har hatt god verknad på overgangen til vidare utdanning. Ein vil derfor i størst mogleg grad gi tilbod om kombinerte opplegg til dei i målgruppa som ikkje startar i vidaregåande opplæring, eller ikkje let seg formidle til ordinært arbeid. Ved dei kombinerte opplegga skal skolestyresmaktene stå for den formelle kompetansegivande opplæringa og arbeidsmarknadsetaten for praksisdelen. Praksisdelen skal vere skilt frå det ordinære pedagogiske tilbodet som skolestyresmaktene skal gi, og skal skje i det ordinære arbeidslivet. Det vil i 1998 vere eit mål at alle arbeidslause i aldersgruppa 20-24 år som har vore utan tilbod om jobb, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak i seks månader, skal få eit tilbod om arbeidsmarknadstiltak. For å nå dette målet vil arbeidsmarknadsetaten sin innsats mot denne gruppa bli halden på eit høgt nivå. I ein situasjon med sterk vekst i sysselsetjinga vil ein stor del av dei arbeidslause i aldersgruppa kunne gå inn i ordinært arbeid etter ein kort periode med arbeidssøking. I mange høve vil ein eventuell periode på arbeidsmarknadstiltak vere kortvarig. Overfor mottakarar av dagpengar i denne gruppa vil ein handheve krava om disponibilitet ut frå regelverket sine føresetnader. For arbeidslause med svak grunnutdanning vil ein leggje vekt på motivering til å ta ordinær utdanning. Enkelte arbeidslause har problem som krev at fleire etatar arbeider saman for å oppnå innpassing i arbeidslivet. Samarbeidet mellom arbeidsmarknadsetaten og sosialtenesta er særleg viktig. Arbeidsmarknadsstyresmaktene vil, i samarbeid med Forsvaret, føre vidare arbeidet med å lette overgangen frå førstegongstenesta til ordinær utdanning eller arbeid. Som oppfølging av utvalet som har vurdert tiltak retta mot dei som gjer verneplikt (Haaker-utvalet), vil det bli sett i verk ein gjennomgang av arbeidsmarknadsetaten sitt tilbod til nydimitterte. Innsatsen mot langtidsarbeidsløysa For arbeidslause som har vore utan ordinært arbeid i lengre tid, vil etaten kunne nytte oppfølgingssamtalar for å avdekkje behovet for ytterlegare tilbod frå etaten. Ein vil da kunne vurdere korleis arbeidsmarknadsetaten sine tenester mest mogleg effektivt og målretta skal koplast saman med sikte på overgang til ordinært arbeid. Personar som alt har blitt langtidsarbeidslause, skal bli prioriterte ved inntak til arbeidsmarknadstiltak. For denne gruppa må ein og prøve ordinær formidling før bruk av tiltak. Med utsikt til auka sysselsetjing og redusert arbeidsløyse er det eit mål å redusere talet på langtidsarbeidslause i 1998. For å få ein mest mogleg effektiv bruk av tiltaka overfor gruppa, må ein ta utgangspunkt i arbeidslivet sitt behov for kompetanse, den enkelte si utdanning, arbeidserfaring og individuelle ønskje og behov. Opplæringstiltak vil vere eit viktig verkemiddel. Bruk av arbeidsmarknadstiltak i rekkjefølgje vil kunne styrkje overgangen til ordinært arbeid for langtidsarbeidslause. Tiltakstilbodet som blei sett i verk frå 2. halvår 1997, blir ført vidare i 1998. Heilt arbeidslause utan dagpengerettar som har passert sin andre 80-vekers dagpengeperiode (evt 80+78 vekers dagpengeperiodar), skal få eit tilbod om jobb eller arbeidsmarknadstiltak dersom dei har arbeidd i minst 36 månader av dei siste fire åra før perioden med dagpengar tok til. Det blir lagt opp til at alle som er i ferd med å passere sin andre 80-vekeres dagpengeperiode, blir innkalla til individuell samtale i god tid før dagpengeperioden tek slutt. Samtalene skal m.a. resultere i utarbeiding/revurdering av individuell handlingsplan, der ein vurderer kva for tiltak som vil vere høvelege etter dagpengeperioden. For at talet på arbeidslause som går ut av sin andre 80-vekers dagpengeperiode utan å ha kome i ordinært arbeid skal bli så lågt som mogleg, vil det bli lagt vekt på formidling til ordinært arbeid. Det vil vere aktuelt å bruke dagens arbeidsmarknadstiltak, med unntak av KAJA, overfor målgruppa. Kvalifiseringstiltak, som t.d. Arbeidsmarknadsopplæring og Praksisplass og arbeidstrening, vil vere særleg aktuelle. Enkelte vil ha behov for lengre periodar med kvalifisering og arbeidstrening. I slike høve vil ein kunne bruke ulike arbeidsmarknadstiltak i rekkjefølgje. Personar i målgruppa vil og kunne motta stønad i periodar mellom tiltak. Ein legg opp til at arbeidsmarknadsetaten kan gi tilbod om jobb eller arbeidsmarknadstiltak før det er gått fire månader. I heile perioden med tiltakstilbod vil arbeidsmarknadsetaten jamleg vurdere om den enkelte er reell arbeidssøkjar eller ikkje. Personar som ikkje er reelle arbeidssøkjarar, vil bli stengde av frå tiltakstilbodet. Innvandrarane si deltaking i arbeidslivet Mange innvandrarar har større problem på arbeidsmarknaden enn personar med norsk bakgrunn. Dette gjer at ein held fram med innsatsen som tek sikte på å betre innvandrarane sin situasjon på arbeidsmarknaden. I første omgang vil etaten og for denne gruppa leggje vekt på formidling og eigenaktivitet. Innvandrarar inngår ofte i ei av målgruppene i arbeidsmarknadsetaten og vil dermed vere prioriterte på arbeidsmarknadstiltak på lik linje med andre i desse målgruppene. Der det er aktuelt, vil ein tilby spesielt tilrettelagde opplegg, t.d. under Arbeidsmarknadsopplæringa. Etaten vil i samarbeid med lokale utdanningsstyresmakter leggje vekt på at relativt nyleg busette innvandrarar som er arbeidslause, skal kunne bli kvalifiserte til yrkesdeltaking tidleg etter busetjing i ein kommune. Som oppfølging av St meld nr 17 (1996-97) og Innst S nr 225 (1996-97) vil arbeidsmarknadsetaten saman med den enkelte langtidsarbeidslause innvandrar utarbeide ein individuell handlingsplan. Her vil m.a. eigeninnsats frå den enkelte innvandrar for å kome over i ordinært arbeid gå fram saman med eventuelle tilbod frå etaten. Tilbodet vil kunne omfatte formidlingstenester og arbeidsmarknadstiltak, medrekna Praksisplass og arbeidstrening. Samtidig vil det bli lagt vekt på å involvere partane i arbeidslivet for å stimulere til auka yrkesdeltaking og sysselsetjing. Ein del innvandrarar kan, m.a. på grunn av mangelfulle grunnleggjande kvalifikasjonar, ikkje straks bli formidla til arbeid eller utdanning, eller gjere seg nytte av arbeidsmarknadsetaten sitt tilbod. I desse tilfella vil det vere nødvendig med samarbeid mellom fleire etatar. 2.1 Hovudtrekka Den sterke veksten i sysselsetjinga har halde fram i 1997. Det ligg no ann til ein sysselsetjingsvekst på 55 000 personar frå 1996 til 1997. Veksten i sysselsetjinga i 1. halvår 1997 kom særleg i industri (17 500), varehandel og hotell- og restaurantverksemd (15 500) og offentleg administrasjon (12 500). I byggje- og anleggsbransjen og helse- og sosialtenester har det og vore ein klar auke i talet på sysselsette personar frå 1. halvår 1996 til 1. halvår 1997 (begge med 9 500). Auken i sysselsetjinga rekna i prosent i 1. halvår 1997 var noko sterkare for kvinner enn for menn, med ein auke på 3,2 pst. for kvinner og 2,8 pst. for menn. Veksten i den mannlege sysselsetjinga heng saman med vekst innan industri og byggje- og anleggsarbeid, mens veksten i den kvinnelege sysselsetjinga heng saman med veksten innan kvinnedominerte næringar som varehandel, hotell- og restaurantverksemd og helse- og omsorgstenester. Heile veksten i sysselsetjinga for menn har kome i heiltidsstillingar det siste året, mens veksten i den kvinnelege sysselsetjinga i hovudsak har kome i deltidsstillingar. Tabell 19.2.1 Hovudindikatorar for utviklinga på arbeidsmarknaden. 1987, 1993, 1996,
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Arbeidsdirektoratet 507 000 kvinner jobbar i privat sektor, mens 445 000 kvinner jobbar i offentleg sektor. Av alle som jobbar i offentleg sektor, utgjer kvinner over 60 pst. I dei vareproduserande næringane utgjer kvinner 26 pst. av dei sysselsette. Samtidig med den sterke veksten i sysselsetjinga har det vore sterk tilstrøyming til arbeidsmarknaden. Samla for gruppa 16-74 år er yrkesfrekvensen, dvs. talet på personar i arbeidsstyrken i prosent av folket, i 1. halvår 1997 på 72,3 pst. Vi har no passert det tidlegare toppnivået frå 1987 på 71,3 pst. Yrkesdeltakinga har særleg auka sterkt for ungdom og kvinner. For kvinner er yrkesdeltakinga 67,1 pst. Det er det høgaste nivå for kvinner nokon gong. Yrkesdeltakinga for menn ligg enno under toppnivået frå 1982. Da var yrkesdeltakinga for menn 79,4 pst., mot 77,5 pst. i dag. Veksten i arbeidsstyrken har medverka til å redusere dei pressproblema som elles kunne oppstått som følgje av den sterke veksten i sysselsetjinga. Det har vore ein sterk auke i arbeidsstyrken, samtidig som arbeidsløysa har gått markert ned, sjå tabell 19.2.1. Tal for utviklinga i den registrerte arbeidsløysa frå Arbeidsdirektoratet stadfestar den positive utviklinga på arbeidsmarknaden. Den registrerte arbeidsløysa ligg no under 1989-nivået. Nedgangen i arbeidsløysa har Utdanningsnivået i arbeidsstyrken er blitt høgare, noko som og slår ut i utdanningsnivået blant dei arbeidslause. I 1. halvår 1997 hadde 33,2 pst. av dei arbeidslause grunnskole, og 54,3 pst. hadde eit eller fleire år i den vidaregåande skolen. Arbeidslause med høgare utdanning utgjer ein større del av dei ledige i 1. halvår 1997 (12,5 pst.) enn i 1. halvår 1996 (11,6 pst.). Talet på delvis sysselsette arbeidssøkjarar auka frå 1994 til 1995. Men sidan 1995 har det vore ein reduksjon i talet på delvis sysselsette, sjå tabell 19. 2.1. Den generelle betringa i arbeidsmarknaden kjem og innvandrarane til del, men arbeidsløysa i denne gruppa er framleis høg, sjå tabell 19.2.2. Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar av førstegenerasjon fall frå 11,5 til 9,9 pst. frå mai 1996 til mai 1997. I same periode fall arbeidsløyseprosenten for heile folket frå 4,0 til 3,2 pst. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten var det for innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika, Asia og Afrika. Talet på registrerte arbeidslause innvandrarar var 10 400 i mai 1997. Tabell 19.2.2 Registrerte arbeidslause etter landbakgrunn og kjønn. I prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av mai 1996 og mai 1997.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå 2.2 Tilpassingar på arbeidsmarknaden Arbeidsmarknaden kan splittast opp i fleire delmarknader avgrensa geografisk eller etter yrke/kompetanse. Dersom det er vedvarande overskotstilbod i nokre delmarknader samtidig som det er overskotsetterspørsel i andre, er det teikn på strukturelle problem eller mistilpassing på arbeidsmarknaden. Ein indikator for kor stram arbeidsmarknaden er, kan vere talet på ledige personar pr. ledig stilling. I gjennomsnitt for 1. halvår 1997 var det vel fem arbeidslause personar pr. ledig stilling, mot vel åtte på same tid i 1996, jf. tabell 19.2.3. Dette indikerer aukande mangel på arbeidskraft. Tala i tabellen må tolkast med varsemd, da mange av dei arbeidslause innan dei ulike yrkesgruppene ikkje har den utdanning som er nødvendig i dei ledige stillingane, eller dei ledige stillingane er på andre stader i landet enn dei arbeidslause. Ein vil derfor i mange yrke ha mange arbeidslause som ønskjer arbeid der, samstundes som det er ledige stillingar. Rekrutteringsproblema er i følgje Arbeidsdirektoratet størst innan omsorg og sjukepleie, undervisning, bygg- og anlegg, edb-arbeid og delar av industrien. Tilgang på arbeidskraft frå dei andre nordiske landa, særleg Sverige og Finland, har vore med på å redusere problema noko m.a. innan sjukepleie og bygg og anlegg.
Tabell 19.2.3 Talet på ledige personar pr. ledig stilling fordelt på ulike yrke.
Kjelde: Arbeidsdirektoratet Skilnader i registrert arbeidsløyse og tiltaksnivå mellom fylka går fram av figur 19.2.1. Lågast arbeidsløyse var det i Sogn- og Fjordane, Akershus og Møre og Romsdal. Skilnaden mellom det fylket med lågast (Sogn og Fjordane) og det fylket med høgast (Finnmark) arbeidsløyseprosent auka noko frå 1995 til 1996. Dette heng saman med den vanskelege situasjonen i Finnmark. Ser ein bort frå Finnmark, blei skilnadene mellom fylka redusert frå 1995 til 1996. I 1996 hadde Finnmark ei arbeidsløyse på 6,7 pst. Frå 1. halvår 1996 til 1. halvår 1997 fall den registrerte arbeidsløysa med 9,6 pst. i Finnmark og 16,1 pst. i gjennomsnitt for heile landet. Figur 19.2.1 Registrert arbeidsløyse og tiltaksnivå (ordinære personretta tiltak). I prosent av arbeidsstyrken. Fordelt etter fylke. 1996. Kjelde: Arbeidsdirektoratet Kvinner og menn har ulik tilpassing på arbeidsmarknaden. 46 pst. av alle sysselsette kvinner jobbar deltid. Berre om lag 10 pst. av dei mannlege sysselsette jobbar deltid. Av alle sysselsette som jobbar deltid, er nær ein tredel under 30 år. Mange kombinerer jobb og skolegang. I følgje Arbeidskraftundersøkinga var det 82 000 undersysselsette i 1. halvår 1997, det vil seie deltidssysselsette som ønskjer meir arbeid. Heile 75 pst. av desse var kvinner. Den gode situasjonen på arbeidsmarknaden har redusert talet på undersysselsette, jf. tabell 19.2.1. 2.3 Ungdomsarbeidsløysa Ungdomsarbeidsløysa er meir påverka av konjunktursvingingar enn arbeidsløysa for vaksne, jf. figur 19.2.2. For å hjelpe arbeidslaus ungdom, er desse særleg prioriterte i arbeidsmarknadspolitikken. Dette har og ført til at den registrerte arbeidsløysa for ungdom har falle relativt mykje dei siste åra. Andre forhold spelar og ei rolle. Mens ungdom ofte blir råka hardast i konjunkturnedgang, er ungdom blant dei som lettast får jobb når konjunkturane snur, m.a. fordi dei er geografisk mobile. Samtidig har delen unge i befolkninga gått noko ned dei siste åra, og ungdom tek oftare vidare utdanning i dag enn tidlegare. Frå 1. halvår 1996 til 1. halvår 1997 blei den registrerte arbeidsløysa for ungdom i alderen 20-24 år redusert med 22,5 pst., mens arbeidsløysa for personar 25 år og eldre blei redusert med 14,5 pst. Ungdomsarbeidsløysa har gått ned både for kvinner og menn, men noko sterkare ned for menn. Figur 19.2.2 Registrert arbeidsløyse i prosent av arbeidsstyrken etter alder. 1982-1996.
Kjelde: Arbeidsdirektoratet og Statistisk sentralbyrå 2.4 Langtidsarbeidsløysa Alder og utdanning har mykje å seie for kor lenge ein går arbeidslaus, jf. tabell 19.2.4. Unge skiftar oftare status enn eldre mellom arbeidsløyse, jobb, utdanning m.m. Langtidsarbeidslaus ungdom i alderen 20-24 år er vidare ei prioritert gruppe ved inntak til arbeidsmarknadstiltak. Noko av skilnaden kan ha samanheng med at relativt fleire eldre enn unge arbeidslause har rett til dagpengar, noko som krev regelmessig registrering. Noko av skilnaden har og samanheng med at eldre i mindre grad får brot i arbeidsløyseperioden på grunn av kortvarig arbeid eller deltaking på tiltak, og at personar over 64 år får ha dagpengane sine fram til dei blir pensjonistar dersom dei ikkje kjem i jobb. Mange arbeidsgivarar vil òg helst ha yngre framfor eldre arbeidssøkjarar. Arbeidslause med berre grunnskoleutdanning går lenger arbeidslause enn andre. Det er mindre skilnader mellom arbeidslause med vidaregåande skole og høgare utdanning, sjå tabell 19.2.4. Figur 19.2.3 Utviklinga i den registrerte arbeidsløysa etter lengda på uavkorta arbeidsløyseperiodar.
Kjelde: Arbeidsdirektoratet Lengda på arbeidsløyseperioden er noko høgare for innvandrarar enn for heile gruppa av arbeidslause. Resultat frå SNF, der lengda på arbeidsløyseperioden blir definert som kor lenge ein person går arbeidslaus før han får ein jobb, går over til utdanning, eller trekkjer seg ut av arbeidsstyrken, viser at innvandrarar frå den tredje verda i gjennomsnitt har over dobbelt så lang arbeidsløyseperiode som norskfødde. Ei undersøking gjennomført av Arbeidsdirektoratet viser at etterspørselen etter arbeidskraft har mykje å seie for lengda på arbeidssøkjarperioden. Blant personar som blei registrerte som arbeidssøkjarar i oktober 1991, og som blei langtidsarbeidssøkjarar, tok det til saman over 19 månader før halvparten hadde slutta å registrere seg, mens det tok i underkant av 15 månader for dei som registrerte seg som arbeidssøkjarar i oktober 1993. Tilpassing i den første tida av arbeidssøkjarperioden er viktig. Undersøkinga viser at dei som deltar på tiltak, eller er delvis sysselsette, avsluttar arbeidssøkjarperioden gjennomgåande raskare enn heilt arbeidslause. Tabell 19.2.4 Langtidsarbeidslause i prosent av registrerte arbeidslause etter kjønn, alder og utdanning. Utgangen av juni 1996 og 1997.
Kjelde: Arbeidsdirektoratet
2.5 Yrkeshemma Arbeidssøkjarar som har ei fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming som har mykje å seie for deira sjansar til å få arbeid, blir registrerte som yrkeshemma i arbeidsmarknadsetaten. For ein del arbeidssøkjarar vil det vere slik at funksjonshemminga ikkje svekkjer sjansane til å få arbeid. Desse personane blir registrerte som ordinære arbeidssøkjarar. Ein vesentleg del av dei registrerte yrkeshemma har varig nedsette sjansar til å få arbeid som følgje av sjukdom, skade eller lyte og tilfredsstiller dermed kriteriet for rett til attføringsytingar frå folketrygda. Om lag 54 000 er registrerte som yrkeshemma. Så langt i år har det vore ein viss reduksjon i talet på yrkeshemma samanlikna med i fjor. Reduksjonen har m.a. sin grunn i ein reduksjon av nye deltakarar på attføring. Tabell 19.2.5 Registrerte yrkeshemma etter kjønn og alder. Del og endring i prosent frå 1. kvartal 1996 til 1. kvartal 1997.
Kjelde: Arbeidsdirektoratet 2.6 Utfordringar På bakgrunn av gjennomgangen ovanfor ventar vi at utfordringane på arbeidsmarknaden i 1998 vil vere prega av:
Nedanfor følgjer rapportering i forhold til strategiar og resultatmål for 1996 og 1997 med utgangspunkt i omtalen i St prp nr 1 (1995-96) og St prp nr 1 (1996-97), og Stortinget sine endelege budsjettvedtak for 1996 og 1997. Kvantitative resultatmål som blei sett for arbeidsmarknadsetaten i 1996 er gitt att i tabell 19.3.1. Andre krav er omtalt i teksten nedanfor. Tabell 19.3.1 Resultatmål og resultat for 1996.
1 I kolonnen for avvik angir (+) meir enn oppnådd resultatmål og (-) mindre enn resultatmålet. Arbeidsmarknadsetaten nådde dei fleste måla som var sett for verksemda i 1996. Formidling og informasjon Etaten har gjort informasjon om arbeidsmarknaden lettare tilgjengeleg ved å byggje opp databaserte register om ledige stillingar og utdanningstilbod. Praktisk talt alle utlyste stillingar blir no registrerte i etaten sine registra. Etaten har m.a. tatt i bruk grøn linje og internett for å spreie informasjon om ledige stillingar og annan informasjon om arbeidsmarknaden. Talet på registrerte ledige stillingar auka sterkt i 1996, og talet på formidlingar auka med 8 450 til 81 460. I 1. halvår 1997 blei det formidla til 54 370 stillingar, eller 27 pst. av alle registrerte ledige stillingar. Dette er 14 310 fleire enn i 1. halvår 1996. For enkelte arbeidssøkjarar, særleg ungdom, langtidsarbeidslause og yrkeshemma, skjer oppfølging m.a. ved hjelp av individuelle handlingsplanar. Gjennom samhandling mellom arbeidssøkjar og arbeidskontor blir ulike former for sjølvhjelp og aktivisering klarlagt. Av handlingsplanane går det fram kva arbeidssøkjarane skal yte, kva bistand dei kan vente seg frå arbeidskontoret, og korleis den vidare kontakten med arbeidskontoret skal vere. Formidling blir jamleg vurdert. Etaten har etablert eit omfattande samarbeid med arbeidsgivarane i 1996 og 1997. Det har vore lagt vekt på bedrifts- og bransjekontakt som ein viktig strategi for å auke talet på formidlingar. Det sentrale har vore å dekkje arbeidsgivarane sin etterspørsel etter arbeidskraft så raskt og bra som mogleg. I næringar der det er mangel på arbeidskraft har etaten gått aktivt ut for å yte arbeidsgivarane hjelp til rekruttering over fylkes- og landegrenser. Særleg gjeld dette rekruttering av helsepersonell og av arbeidstakarar innan byggje- og anleggssektoren. Dei fleste fylkesarbeidskontora har no etablert eit formelt samarbeid om rekruttering med länsarbeidskontor i Sverige, og dette samarbeidet har gitt mange formidlingar av sjukepleiarar til Noreg. Ordinære og yrkeshemma arbeidssøkjarar I 1. halvår 1997 gjennomførte etaten eit tiltaksnivå på om lag 29 150 plassar under dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka. Figur 19.3.1 viser fordelinga av tiltaksnivået på dei ulike tiltaka. Figur. 19.3.1 Fordeling av ordinære arbeidsmarknadstiltak. Plassar i 1. halvår 1997. Talet på utskrivingar av yrkeshemma til aktive løysingar har gått opp med 3 prosentpoeng frå 1995 til i gjennomsnitt 44 pst. i 1996. I 1. halvår 1997 var talet 46 pst. Den positive utviklinga er dels eit resultat av den generelle betringa på arbeidsmarknaden, men og av bevisst satsing på å heve kvaliteten på attføringsarbeidet i arbeidsmarknadsetaten. I 1996 deltok i gjennomsnitt 74 pst. eller 40 200 av dei registrerte yrkeshemma på tiltak. I 1. halvår 1997 var talet på yrkeshemma på tiltak 41 100. Delen på tiltak auka til 76 pst. dels som følgje av færre registrerte yrkeshemma. Tabell 19.3.2 viser korleis talet på yrkeshemma i 1.halvår 1997 fordeler seg på ulike attføringstiltak. Dei spesielle arbeidsmarknadstiltaka for yrkeshemma auka med 1 300 plassar frå 1995 til i gjennomsnitt om lag 20 400 plassar i 1996, mot planlagt 21 300 plassar. Integreringstiltaka har hatt ei noko svakare gjennomføring enn andre tiltak. Grunnen er at oppstart av enkelte arbeidstreningstiltak i 1996 kom seinare i gang enn først planlagt. I budsjettproposisjonen for 1997 blei det sett som mål å gjennomføre 20 450 plassar under dei spesielle arbeidsmarknadstiltaka for yrkeshemma. Gjennomført nivå i 1. halvår 1997 er 19 900 tiltaksplassar. Ein legg opp til ein auke i 2. halvår 1997. Tabell 19.3.2 Fordeling av yrkeshemma arbeidssøkjarar på tiltak. Gjennomsnitt 1. halvår 1997.
Kjelde: Arbeidsdirektoratet Kompetanseheving og arbeidstrening Opplæringstiltak som Arbeidsmarknadsopplæringa (AMO), Praksisplass med fadderordning, Bedriftsintern opplæring (BIO) og Vikarplass for arbeidslause hjelper til å gi arbeidslause kompetanse som det er behov for. Det har vore ein auke i yrkesretta AMO-kurs. Dette gir arbeidslause gode sjansar for å få jobb etter deltaking på tiltak. Bedriftsundersøkingar, analysar og kontakt med arbeidsgivarar har vore ei viktig kjelde for innrettinga av kurstilbodet. I 1. halvår 1997 utgjorde opplæringstiltaka 80 pst. av det samla tiltaksomfanget under dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka. I 1. halvår 1996 var denne delen 75 pst. Arbeidsmarknadsbedriftene gir yrkeshemma arbeidssøkjarar tilbod om avklaring med sikte på vidare utdanning, attføring og val av yrke. Vidare gir dei tilbod om arbeidstrening, kvalifisering og varig verna sysselsetjing. Talet på yrkeshemma i avklaringsfasen (fase 1) auka frå 1995 til 1996, mens det var ein reduksjon i attføringsfasen (fase 2) og den varig verna fasen (fase 3). I 1996 var 18 pst. av plassane i fase 1, 46 pst. i fase 2 og 36 pst. i fase 3. Arbeidslivstenesta er ei rådgjevande teneste for arbeidsgivarane. Tenesta har gitt hjelp til alle typar verksemder, men den største innsatsen har vore retta mot små og mellomstore verksemder i privat sektor. Ei brukarundersøking gjort av MMI, viser at tenesta i stor grad har ytt verksemdene praktisk rådgiving om rutinar for oppfølging av sjukefråvær og attføring. Av dei verksemdene som har motteke slik hjelp, gir nær 90 pst. uttrykk for at dei gjennomgåande er tilfredse med tenestene dei har motteke frå Arbeidslivstenesta. Utover å yte hjelp til enkeltbedrifter, har tenesta prioritert etablering av bedriftsringar og auka samarbeid med andre instansar og arbeidskontor. Samarbeid med andre instansar om å gjennomføre arbeidsmarknadspolitikken Dei fleste arbeidskontora har etablert eit strukturert og formalisert samarbeid med sosialkontora og trygdekontora. Formaliseringa av samarbeidet klargjer kva for tilbod dei ulike etatane skal gi til brukarar med tverrsektorielle bistandsbehov. Vidare har samarbeidet ført til ein meir målretta ressursbruk og raskare avklaring av brukaren sin situasjon og behov. Arbeidsmarknadsetaten har vidareutvikla samarbeidet med partane i arbeidslivet for å stimulere til å ta inn fleire innvandrarar i ledige stillingar. Som ei oppfølging av Velferdsmeldinga blei det i 1997 oppretta eit nasjonalt forum for å integrere yrkeshemma i arbeidslivet. Forumet skal vere eit organ for rådgiving og konsultasjon for styresmaktene og er samansett av organisasjonar og styresmakter som har ansvar for problemstillingar i samanheng med sjukdomsførebyggjande arbeid og tilbakeføring til arbeidslivet. Forumet skal byggje på jambyrdig dialog mellom partane. Målet med å etablere forumet er å betre samarbeidet og dialogen mellom styresmaktene og organisasjonane, slik at partane i arbeidslivet skal bli sterkare og tidlegare involverte i arbeidet med å integrere arbeidstakarar som står i fare for å falle utanfor det ordinære arbeidslivet. Ungdomssatsinga Ungdomsgarantien som sikrar ungdom under 20 år som ikkje er i skole eller arbeid tilbod om arbeidsmarknadstiltak, er ført vidare i 1996 og 1997. Betre forhold på arbeidsmarknaden og det at fleire ungdomar er omfatta av Reform 94, har ført til at færre i denne gruppa har hatt behov for arbeidsmarknadstiltak. I 1. halvår 1997 har i gjennomsnitt om lag 3 450 personar under 20 år vore på arbeidsmarknadstiltak. Dette er ein reduksjon på om lag 1 300 personar frå same periode året før. Arbeidsmarknadsetaten samarbeider med den fylkeskommunale oppfølgingstenesta overfor ungdom som ikkje nyttar retten sin til vidaregåande opplæring. Ungdomsgarantien er i praksis oppfylt. Figur 19.3.2 Talet på registrert arbeidslause, ordinære tiltaksdeltakarar og langtidsarbeidslause i alderen 16-19 år og 20-24 år frå 1993 til 1996 og 1. halvår 1997. Ungdom i alderen 20-24 år som står i fare for å bli eller som er langtidsarbeidslause har vore prioriterte på tiltak i 1996 og 1997 med sikte på å motverke og redusere langtidsarbeidsløysa for gruppa. Ein målretta innsats overfor gruppa, m.a. med utarbeiding av individuelle handlingsplanar, har betra kvaliteten i arbeidet med gruppa. Systematiske rutinar for innkalling er lagt til rette, og dei fleste langtidsarbeidslause i alderen 20-24 år har fått eit tilbod ved oppmøte på arbeidskontoret. Enkelte langtidsarbeidslause i aldersgruppa har samansette problem. Mange av desse er blitt følgde opp i samarbeid med sosialtenesta. Arbeidsmarknadsetaten har samarbeidd med Forsvaret med sikte på å lette overgangen til arbeidslivet for soldatar. Mange dimitterte soldatar nyt godt av ein betra arbeidsmarknad. Arbeidsløysa for gruppa gjekk ned med 16 pst. frå juni 1996 til juni 1997. Innvandrarar Også overfor innvandrarar har arbeidsmarknadsetaten lagt auka vekt på formidling til ordinært arbeid. Denne gruppa har og nytt godt av betringa på arbeidsmarknaden, men ikkje i same grad som norske arbeidssøkjarar. Innvandrarar får tilbod om arbeidsmarknadstiltak på lik linje med norskfødde. Ved behov legg etaten til rette arbeidsmarknadstiltak særskilt for innvandrarar. Ved utgangen av mai 1997 deltok om lag 7 700 innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak og tiltak for yrkeshemma. Dette er ein reduksjon på om lag 1 100 personar samanlikna med same månad i 1996. Innvandrarane utgjorde om lag 16 pst. av alle tiltaksdeltakarar, mot om lag 15 pst. på same tid i 1996. For at innvandrarar skal bli kvalifiserte til yrkesdeltaking tidleg etter busetjing i ein kommune, har arbeidsmarknadsetaten m.a. lagt vekt på arbeidspraksis og opplæring som byggjer vidare på den kommunale grunnopplæringa i norsk med samfunnskunnskap. Arbeidsmarknadsetaten samarbeider med NHO, LO, HSH om ei fadderordning for å betre denne gruppa sine sjansar på arbeidsmarknaden. Innsatsen mot langtidsarbeidsløysa Den gunstige utviklinga på arbeidsmarknaden har m.a. medverka til at mange langtidsarbeidslause er blitt formidla til ordinært arbeid. For å halde oppe arbeidsevna ved langvarig arbeidsløyse har m.a. ulike arbeidsmarknadstiltak vore viktige verkemiddel. Desse tiltaka har både blitt nytta enkeltvis og som del av ei tiltakskjede. Arbeidslause som passerer sin andre 80-vekers dagpengeperiode og som står utan dagpengerettar, har vore ei prioritert gruppe på arbeidsmarknadstiltak i 1997. Frå 2. halvår 1997 skal alle som går ut av sin andre 80-vekers dagpengeperiode etter tidlegare regelverk, og dei som går ut 80 + 78 veker med dagpengar etter overgangsreglar mellom ny og gamal dagpengeordning, og som har vore i arbeid i minst 36 månader i løpet av dei siste fire åra før dagpengeperioden, motta tilbod om arbeidsmarknadstiltak. Dette er nærmare omtala i Ot prp nr 62 (1996-97), jf. Innst O nr 94 (1996-97). Dagpengeutbetalingar og kontroll Betringa i arbeidsmarknaden har gitt ein kraftig reduksjon både i talet på dagpengemottakarar, dagpengesøknader og i dagpengeutbetalingar. I 1996 handsama arbeidsmarknadsetaten 196 000 søknader om dagpengar. 81 pst. av dei innvilga dagpengesøknadene i 1996 blei tilvist for utbetaling innan 21 dagar. Den høge delen er ført vidare i 1. halvår 1997 (76 pst.), trass i at det er innført nytt dagpengeregelverk og at personalressursar er blitt overførte frå dagpengearbeid til formidlingsarbeid. Ved fleire arbeidskontor får den arbeidslause allereie på søkjetidspunktet mellombels melding om han/ho vil få dagpengar eller ikkje. Likestilling Menn og kvinner har hatt same høve til å nytte tilbod frå arbeidsmarknadsetaten om informasjon, rettleiing og arbeidsmarknadstiltak. Effektevalueringar viser at kvinner og menn gjennomgåande aukar sine jobbsjansar like mykje ved å delta på tiltak. Kvinner er overrepresenterte på tiltak i forhold til deira del av dei arbeidslause. I 1996 utgjorde kvinner 52 pst. av alle deltakarane på personretta ordinære tiltak, samtidig som 45 pst. av dei registrerte heilt arbeidslause var kvinner. Det var overvekt av kvinner på Vikarplassar (66 pst.) og kvalifiseringstiltak (56 pst.). Yrkeshemma menn og kvinner deltok i 1996 i like stor grad i aktive tiltak. 45 pst. av alle registrerte yrkeshemma var kvinner, og 44 pst. av alle på aktive tiltak var kvinner. Det var overvekt av kvinner i opplæringstiltaka. Programkategori 19.00 Arbeidsmarknadsetaten Kap. 590 Arbeidsmarknadsetaten (jf. kap. 3590) Drifta av arbeidsmarknadsetaten blir finansiert over kap. 590. I 1997 har etaten disponert 4 188 stillingsheimlar fordelt på arbeidskontora og andre administrative ledd. Nedgangen i driftsutgiftene dei siste åra må sjåast i samanheng med reduksjonen i tiltaksnivået for ordinære arbeidssøkjarar. Arbeidsmarknadsetaten må vurdere om denne utviklinga krev tilpassingar i organisasjonen. Det vil kunne vere aktuelt å slå saman arbeidskontorområde m.a. i byar med fleire kontor, eller å gjere om arbeidskontor til avdelingskontor. Deltaking i EUs formidlingssamarbeid (EURES) blir og finansiert over kap. 590. Post 21 blir nytta til større tidsavgrensa prosjekt, prosjekt i samband med EU og andre, og til utgifter ved arbeidsmarknadsetaten sine leveringar av data til forskingsinstitusjonar. Forslag til løyving for 1998 er knytt til edb-prosjektet år 2000. Finansdepartementet har gitt Kommunal- og arbeidsdepartementet fullmakt til å overskride kap. 590, post 21 Spesielle driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3590, post 02 Refusjon m.m. Tabell 19.4.1 Hovudaktivitetar i arbeidsmarknadsetaten. 1996-97.
1 Dei interne og eksternt retta aktivitetane (administrasjon) er fordelt ut på dei ulike aktivitetane. Ressursbruken i arbeidsmarknadsetaten I Nasjonalbudsjettet for 1996 orienterte regjeringa om at dei ville gjennomføre ei statusundersøking av arbeidsmarknadsetaten sin ressursbruk knytt til attføring. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidsmarknadsetaten sidan 1993 har fått styrkt attføringsarbeidet ved å få tilført 785 stillingar til dette feltet. Arbeidsmarknadsetaten gjennomførte i 1996 ei ressursbrukundersøking i fem fylke (Buskerud, Vestfold, Rogaland, Sør-Trøndelag og Troms), ved to arbeidskontor i Oslo og eit i Bergen. Undersøkinga er basert på fordeling av tidsbruken på 31 aktivitetar to dagar pr. månad (frå 1997 tre dagar annankvar månad). I tabell 19.4.1 er hovudtala frå undersøkinga gitt att. Desse resultata tek utgangspunkt i gjennomsnittleg ressursbruk dei siste tolv månadene (mars 96 til mars 97). Resultata viser at vel halvparten av ressursane blir nytta til rettleiing, service og oppfølging, og noko mindre enn halvparten til tiltaksforvaltning og forvaltning av økonomiske stønader. Ressursbruken knytt til tilskotsforvaltning fordeler seg både på forvaltninga av tilskot til ordinære og yrkeshemma arbeidssøkjarar. Om lag ein tredel (34,5 pst.) av ressursane blir nytta til arbeid med yrkeshemma. 18 pst. av ressursane blir nytta til avklaring, utgreiing og oppfølging av dei yrkeshemma arbeidssøkjarane, mens 8,5 pst. blir nytta til administrering av attføringsytingane og 8 pst. til tiltaksadministrasjon. Prinsipp og metodar i arbeidsmarknadsetaten sin publikumsservice Brukarane av arbeidsmarknadsetaten sine tenester har ulike behov. For å oppnå ein effektiv ressursbruk legg etaten i sine metodar vekt på å gi ei differensiert oppfølging av brukarane. Det sentrale i servicen frå heile etaten er å byggje opp om formidling til arbeid. Første gang arbeidssøkjarane møter ved arbeidskontoret skal dei få informasjon om kva hjelp dei kan få frå etaten, og kva som blir venta av dei som arbeidssøkjarar. Dei blir oppfordra til å vere aktive på arbeidsmarknaden, for om mogleg å skaffe seg arbeid utan meir hjelp frå etaten. Etaten sin bistand til formidling er i denne fasen å yte informasjon om arbeidsmarknaden og ledige stillingar. Arbeidssøkjarar som ikkje finn arbeid, skal kallast inn til samtalar for oppfølging, første gang etter om lag tre månader. Oppfølginga skal m.a. sikre at dei får fornya vurdering av behov for bistand til formidling, og om deltaking på ulike tiltak er aktuelt. I tillegg vil realismen i arbeidssøkjaren sine ønskje om yrke og arbeidsplass bli vurderte på nytt. Alle yrkeshemma skal få utarbeidd handlingsplanar for attføringa si. Planen viser på kva måte etaten sine verkemiddel kan nyttast for å byggje opp den yrkeshemma sin kompetanse og kvalifikasjonar med sikte på å kome i arbeid. Handlingsplanar blir og utarbeidd for arbeidssøkjarar i andre utsette grupper etter behov. Dette vil i særleg grad gjelde ungdom, innvandrarar og langtidsledige. I arbeidet som er retta mot yrkeshemma er det viktig å få klarlagt den enkelte sine sjansar til å fungere i arbeidslivet. Andrelinjetenesta skal hjelpe arbeidskontora med utgreiing av personar med uklare eller komplekse yrkeshemmingar. Tenesta har og ansvar for å utvikle og spreie kompetanse om attføringsarbeid i arbeidsmarknadsetaten. Andrelinjetenesta i etaten består av eit arbeidsrådgivingskontor i kvart fylke og Senter for yrkesretta attføring i Oslo. Arbeidslivstenesta gir verksemder rådgiving og rettleiing for å motverke fråvær og fråfall av eigne arbeidstakarar. Tenesta arbeider saman med partane i verksemdene om å utvikle system og rutinar for internt attføringsarbeid, og ho skal få til ei betre samordning av offentleg innsats for å hindre fråfall frå arbeidslivet. Som ei oppfølging av St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge blir det etablert eit opplæringstilbod for tilsette i arbeidsmarknadsetaten. Dette skal vere med på å sikre at innvandrarar får eit likeverdig tilbod frå etaten. Etaten sitt arbeid mot arbeidsgivarane er særskilt retta mot å dekkje oppdrag om rekruttering som blir direkte melde til etaten, og der arbeidsgivaren ventar hjelp. For å sikre høg kvalitet på den hjelpen arbeidsgivarane får til rekruttering, har etaten dei siste åra lagt stor vekt på å etablere standardrutinar for å handsame rekrutteringsoppdraga og å opparbeide kunnskap i etaten om dei enkelte næringane. Økonomireglementet Kommunal- og arbeidsdepartementet vil i sin gjennomgang av nye regelverk for tilskotsordningar legge vekt på at desse blir utarbeidde i samsvar med krava i økonomiregelverket, m.a. med omsyn til utforminga av målformulering og tilskotsform. I kongeleg resolusjon av 10. januar 1997 blei det m.a. bestemt at det nye økonomiregelverket for staten skulle tre i kraft same dag. Samtidig blei det bestemt at nødvendige instruksar og reglar for forvaltning av dei enkelte tilskotsordningane skal vere fastsette seinast innan 1. juli 1998. Kommunal- og arbeidsdepartementet legg opp til at arbeidsmarknadsetaten oppfyller regelverket sine krav på område som ikkje er avhengig av dei edb-systemmessige løysingane innan 1. juli 1998. Det vil vere behov for overgangsordningar for delar av instruks for økonomiforvaltning, og delar av instruks og regelverk for tilskotsordningane, som vil vere avhengig av nytt økonomisystem for arbeidsmarknadsetaten. Dette gjeld m.a. omtale av rutinar for registrering av data, autorisasjon av utbetalingar, avstemming, elektronisk betalingsformidling og rapportering til statsrekneskapen. Desse delane kan ikkje bli ferdige innan 1. juli 1998. Delar av oppfølgingskriteria for tilskotsordningane vil og byggje på data som det ikkje er mogleg å ta ut av dagens økonomisystem, og kan såleis ikkje bli implementerte før nye systemløysingar ligg føre. Dette gjeld m.a. data for ein betre oppfølging av den etatsinterne ressursinnsatsen, kvalitetskontroll og oppfølging av personar som er registrerte i etaten sine system. Arbeidsmarknadsetaten har komplekse og omfattande ut- og innbetalingsoppgåver. Til å stø desse oppgåvene nyttar arbeidsmarknadsetaten sine eigne økonomi- og saksbehandlingssystem. Vidare nyttar arbeidsmarknadsetaten i dag skattefutane og trygdeetaten som rekneskapssentralar for dei fleste utbetalingsoppgåvene. Pr. i dag tilfredsstiller arbeidsmarknadsetaten på fleire område ikkje krava som blir stilte til økonomiforvaltning i økonomireglementet og tilhørande funksjonelle krav. Trygdeetaten og skattefutane tilfredsstiller heller ikkje fleire av krava som blir stilte til rekneskapssentralar. Det er derfor behov for omfattande overgangsordningar før etaten på sitt ansvarsområde kan tilfredsstille krava i regelverket til økonomisystem, betalingsformidling og rapportering til den sentrale statsrekneskapen m.m. Nytt økonomi- og saksbehandlingssystem Dagens saksbehandlings- og økonomisystem er for svake på område som tilpassing til saksbehandlarane sine behov, saksbehandlingsstøtte og endringsfleksibilitet. Dagens system tilfredsstiller heller ikkje krava i det nye økonomireglementet. Det er derfor nødvendig med utskifting av dagens system. Dei nye systema vil bli tilpassa dei krava som blir stilte i økonomiregelverket. Arbeidsmarknadsetaten vil ikkje kunne oppfylle krava i økonomireglementet fullt ut før dei nye systemløysingane er tekne i bruk. Utskiftinga av systema er planlagt gjennomført i perioden 1998-2003. Det blir lagt opp til at ulike del-løysingar blir implementerte separat og etter kvarandre i tid. Ein vil så langt som mogleg basere seg på utprøvde løysingar. Samla kostnadsramme for utviklinga av nytt saksbehandlings- og økonomisystem er mellombels vurdert til om lag 675 mill. kr. Gjennomføringa av prosjektet vil gi effektivitetsinnsparingar i form av redusert bemanningsbehov og betre service i etaten når dei nye løysingane er tekne i bruk. Det er i forslag til budsjett for 1998 avsett 90 mill. kr. Midlane er i sin heilskap lagt under kap. 590, post 45 Større kjøp av utstyr og vedlikehald. Utgiftene i 1998 er i stor grad knytte til nødvendig kjøp og utvikling av programvare, investering i utstyr for å få inført nytt økonomisystem og lønns- og personalsystem, arbeidet med utforming av saksbehandlings- og økonomimodular og nye løysingar for statistikk, analyse og rapportering. Delar av løyvinga vil bli nytta til å lønne tilsette i etaten som jobbar med prosjektet. Det vil vere Arbeidsdirektoratet som har ansvaret for planlegging og gjennomføring av innføringa av saksbehandlings- og økonomisystem. Departementet vil på vanleg måte ha det overordna ansvaret som følgjer av styrings- og budsjettansvaret overfor Arbeidsdirektoratet. Storleiken på prosjektet tilseier at departementet følgjer det med særskild oppsikt, slik at ein på best mogleg måte sikrar at prosjektet blir gjennomført i tråd med intensjonane. Arbeidsdirektoratet vil bli pålagt å rapportere regelbunde på all relevant informasjon til departementet. Departementet legg opp til at rapportering over framdrift og ressursforbruk skjer i forhold til timeplanar og budsjett som er fastsette på førehand. Det vil og bli stilt krav om at direktoratet fører ein eigen detaljert rekneskap for prosjektet. Ved oppstart av hovudprosjektet tek departementet sikte på å inngå avtale med eit konsulentfirma om kvalitetssikring for departementet av prosjektopplegg og gjennomføring. Dette gjeld m.a. kontroll av at løysingane tilfredsstiller krava i økonomireglementet før løysingane blir sette i produksjon, og at arbeidet blir halde innanfor fastsette tids- og kostnadsrammer. Kostnadene til dette vil bli dekte innanfor midlar som blir sett av til prosjektet. AMO-sentra Som omtalt i Kommunal- og arbeidsdepartementets budsjettproposisjon for 1997 har det sidan hausten 1994 vore gjennomført tingingar med fylkeskommunane om fylkeskommunal overtaking av AMO-sentra og arbeidsgivaransvaret for dei tilsette ved desse sentra. Tingingane er avslutta og alle AMO-sentra med unntak av to senter er tekne over av fylkeskommunane. I tråd med fullmakt vedteke under handsaminga av departementets budsjettproposisjon for 1997, er det i år omdisponert i alt 11,5 mill. kr frå kap. 591, post 71 Opplæringstiltak, drift til kap. 590, post 01 Driftsutgifter for å dekkje utgifter til lønn og drift for i alt 37 faste årsverk ved dei to AMO-sentra som ikkje blei overtekne av fylkeskommunane. Senter for yrkesretta attføring Arbeidsmarknadsetaten har ved Senter for yrkesretta attføring m.a. gitt tilbod til personar med hjartelidingar. Tilbodet har vore nytta for å kartleggje moglegheiter/avgrensingar (funksjonsnivå) dei har i høve til yrkesaktivitet. Departementet finn at hjartetreninga må sjåast på som eit medisinsk rehabiliteringstilbod og ikkje som yrkesretta attføring. Av den grunn vil ansvaret for hjartetreningstilbodet bli overført til Rikshospitalet. Midlar til drift av dette tilbodet er overført med kr 1 245 000 frå kap. 590, post 01 Driftsutgifter til Sosial- og helsedepartementet sitt kap. 731, post 01 Driftsutgifter. Deltaking i EU-program Etaten er fullverdig deltakar i EU-programma EURES, som er eit samarbeidsprosjekt innan informasjon om arbeidsmarknaden og formidling over landegrensene, og LEONARDO som er EU sitt program for yrkesopplæring. Under LEONARDO-programmet blei det i samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i 1996 oppretta eit nasjonalt senter for yrkesrettleiing (NSY) knytt til Arbeidsdirektoratet. Årsverk I følgje oppgåve i statens sentrale tenestemannsregister hadde arbeidsmarknadsetaten 4 027 årsverk pr. 1. oktober 1996. Talet på utførte årsverk er rekna ut på bakgrunn av innrapportert stillingsbrøk. Ressursinnsats under kap. 590 Arbeidsmarknadsetaten i 1998 Forslaget til driftsutgifter for arbeidsmarknadsetaten i 1998 inneber ein reduksjon tilsvarande om lag 143 årsverk sett i forhold til ressursane etaten har hatt til disposisjon i 1997. Reduksjonen kjem m.a. av at redusert tiltaksnivå som reduserer tidsbruken knytt til tiltaksadministrasjon og at midlar tilsvarande tre årsverk er overført til Sosial- og helsedepartementet i samband med overtakinga av hjertetreningstilbodet. Kap. 3590 Arbeidsmarknadsetaten (jf. kap. 590) På post 02 Refusjonar m.m. blir det rekneskapsført refusjonar frå EU-kommisjonen, Statskonsult, og forskingsinstitusjonar som har fått utarbeid spesielle dataleveransar frå etaten. Kap. 590, post 21 Spesielle driftskostnader kan overskridast mot meirinntekter under kap. 3590, post 02 Refusjonar m.m. Programkategori 19.10 Arbeidsmarknadstiltak Kap. 591 Arbeidsmarknadstiltak (jf. kap. 3591) Under kap. 591 blir det overført store midlar mellom budsjettåra. Dette kjem først og fremst av at tiltaksarrangørane har ein frist på to månader for å kome med sine krav. Ein del av dei tiltak som blir avslutta mot slutten av eit budsjettår, vil derfor først bli utbetalt neste budsjettår. I tillegg har ein gitt tilsegn for aktivitet inn i neste budsjettår for å oppretthalde aktiviteten over årsskiftet. Overføringar over årsskiftet er teke opp av Riksrevisjonen i Dokument nr. 3:5 (1996-97) og er behandla av Stortinget jf. Innst S nr 130 (1996-97). På bakgrunn av dette vil Kommunal- og arbeidsdepartementet i samarbeid med Arbeidsdirektoratet sjå nærmare på om det er råd å redusere overføringane over årsskiftet. Da bruk av tilsegnsfullmakt ser ut til å vere den mest effektive måten å få ned overføringane på over årsskiftet, tek departementet seinare sikte på å innføre ei ordning med tilsegnsfullmakt. For ein del tilsegner gitt under kap. 591vil det vere noko fråfall m.a. som følgje av at tiltaksdeltakarar går over i jobb før tiltaksslutt og at ein del kurs ikkje kjem i gang på grunn av for få deltakarar. Dette medfører at tilsegna ikkje blir utbetalt fullt ut. Dei ledige midlane blir gjennom året nytta til å gi nye tilsegner. På bakgrunn av dette vil etaten nytte ledige midlar mot slutten av 1997 til å gi tilsegner med verknad inn i 1998 for å halde oppe aktiviteten over årsskiftet. Boks 19.4.1 nedanfor gir nærmare omtale av formål, innhald, målgruppe/personkrins og yting/andre vilkår for dei ulike tilskota under kap. 591.
Boks 19.4.1 Tilskotsordningar under arbeidsmarknadsetaten sitt kap. 591 pr. 1.7. i 1997, oversikt over formål, innhald, målgruppe/personkrins og yting/andre vilkår.
Boks 19.4.1 forts.
Verkemidlar og verkemiddelbruk Nærmare om enkelte tiltak Frå 1. juli 1997 blei det gjennomført endringar i regelverket for nokre av arbeidsmarknadstiltaka, m.a. KAJA, Praksisplass og arbeidstrening, og i regelverket for Tilskot under opplæring med sikte på høveleg arbeid. Endringane skjedde i samanheng med innføringa av nytt tiltakstilbod for ledige som har brukt opp dagpengerettane sine. Desse endringane er omtalt i St prp nr 62 (1996-97), jf. også Innst S nr 95 (1996-97). KAJA inngår ikkje i det nye tiltakstilbodet. KAJA er etter dette retta inn mot langtidsarbeidslause med dagpengerettar. KAJA vil ha eit svært avgrensa omfang i 1998, fordi andre tiltak blir vurderte som betre eigna for å styrkje dei arbeidslause sine moglegheiter for å kome i jobb. Praksisplasstiltaket har m.a. endra namn frå Praksisplass med fadderordning til Praksisplass og arbeidstrening. Praksisplass og arbeidstrening er ei utviding av det tidlegare Praksisplasstiltaket, og vil m.a. vere eigna til å gi arbeidstrening for deltakarar på det nye tiltakstilbodet. Det kan i dag bli ytt driftstilskot til verksemder under praksisplassar ved opplæring. Tilskotet varierer avhengig av fagområdet for opplæringa. På bakgrunn av kostnadskalkyle, maksimalsatsar og sluttrekneskap for opplæringa blir driftstilskotet betalt til verksemdene. I staden for dette opplegget vurderer departementet å gå over til ei ordning med faste tilskotssatsar. Ei slik ordning vil m.a. gi enklare kontrollrutinar og vil vere lettare å administrere. Det er gjort endringar i Tilskot under opplæring med sikte på høveleg arbeid. Ein ny type stønad, dagpengebasert tilleggsstønad, er innført i samband med tiltakstilbodet for arbeidslause som har brukt opp dagpengerettane sine. Deltakarar på tiltakstilbodet vil kunne få slik tilleggsstønad avhengig av kva den enkelte hadde i dagpengar tidlegare. Det er og innført ein ny type stønad som ikkje er knytt til deltaking på tiltak, men til opphaldsperiodar etter dagpengar og mellom ulike arbeidsmarknadstiltak for deltakarane på tiltakstilbodet. Det er sett i gang eit tidsavgrensa forsøk med omsorgsvikariat i Akershus, Østfold, Møre og Romsdal, Bergen og Trondheim. Noverande vikarplassordning er lagt til grunn, men bruksområdet er blitt utvida, slik at høve til permisjon for å ivareta omsorgsfunksjonen kjem inn i tillegg til permisjon for å ta utdanning. Ordninga omfattar tilsette med barn under skolealder som ikkje mottek fødsels- eller adopsjonspengar eller eingangsstønad frå folketrygda. Tilsette kan ha permisjon etter denne ordninga inntil ti månader. Det er ein føresetnad at ein arbeidslaus trer inn i det ledige vikariatet. Ordninga vil vere rammestyrt, og basere seg på frivillige avtalar mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Tiltaksdeltakaren skal få tarifflønn. Arbeidsgivaren vil få eit fast tilskot frå arbeidsmarknadsetaten på kr 10 000 pr. månad pr. tiltaksplass. Den som går ut i omsorgspermisjon, skal få kompensasjon frå arbeidsgivaren. Kompensasjonen vil bli avtalt mellom arbeidstakar og arbeidsgivar. Forsøket skal etter planen vere avslutta innan utgangen av 1. halvår 1999. Departementet vurderer å endre ordninga med Bedriftsintern opplæring (BIO) slik at ordninga i auka grad rettar seg mot opplæring av tilsette med svak utdanning i samband med omstilling. Det vil og vere aktuelt å gi tilskot til drift etter faste satsar som varierer etter fagområde. I 1997 er det avsett i alt 18 mill. kr til kurs- og jobbskapingsprosjekt i regi av organisasjonar utanfor arbeidsmarknadsetaten, deriblant Revita og dei arbeidslause sine organisasjonar. Innanfor ramma av avsette midlar, har Revita i år fått tilsegn om tilskot på 4,5 mill. kr. Ein legg til grunn at hjelp til kurs- og jobbskapingsprosjekt framleis skal vere ein del av arbeidsmarknadsetaten si verksemd. Derfor har ein funne det mest formålstenleg å opprette ein ny post 73 Kurs- og jobbskapingsprosjekt. Ei evaluering av kurs- og jobbskapingsprosjekta syner at noko under 50 pst. av deltakarane i prosjekta i 1994 var arbeidslause, og at enkelte verksemder får dekt utgiftene sine fullt ut. Departementet vurderer å auke delen av arbeidslause i prosjekta og å auke eigendelen frå verksemdene om prosjekta skal få tilskot. Det vil etterkvart kunne vere aktuelt å gå over til ei ordning med faste tilskot pr. registrert arbeidslaus deltakar i prosjektet. Det er foreslått å løyve 15 mill. kr til Kurs- og jobbskapingsprosjekt i 1998. Stortinget løyvde i 1997 10 mill. kr til opplæring av utanlandsk helsepersonell i norsk språk og samfunnskunnskap med sikte på formidling til Noreg. Løyvinga for 1997 gir rom for noko over 200 deltakarar på tre månaders kurs. Opplæringa av legar i Tyskland vil ta til frå 4. kvartal 1997. Stortinget gjorde dette vedtaket i samband med behandlinga av Budsjett-innst S nr 5 (1996-97): "Stortinget ber regjeringa sørge for at det innafor løyvingane til arbeidsmarknadstiltak i 1997 blir sett av nok ressursar til at undervisninga for personar med lese- og skrivevanskar i regi av PedLog i Bergen kan trappast opp. Stortinget vil vidare be regjeringa ta tiltak for at dei undervisningsmetodane som PedLog har utvikla, blir tatt i bruk fleire stader." Det er i 1997 sett i gang og planlagt kurs og støtteundervisning for fleire personar i regi av PedLog enn det som blei sett i gang i 1996, og PedLog sin metode blir brukt fleire stader. I tillegg har det vore halde fleire andre spesialkurs for personar med lese- og skrivevanskar. Det har og vore gitt støtteundervisning for å betre lese- og skrivedugleiken i ei rekkje andre faglege kurs. Arbeidsmarknadsetaten ser støtteundervisning som ein formålstenleg måte å styrkje lese- og skriveevna til arbeidslause. Utdanningsstyresmaktene har vurdert det faglege opplegget for kurs til arbeidslause med lese- og skrivevanskar i regi av PedLog. Desse har funne at PedLog ikkje har eit pedagogisk tilbod som skil seg vesentleg frå andre som tilbyr kurs for denne gruppa. Kommunal- og arbeidsdepartementet har derfor lagt til grunn at PedLog må konkurrere med andre kursarrangørar i tråd med reglane for statlege innkjøp. Kommunalkomiteen i Stortinget har bedt departementet om å øyremerkje 1,5 mill. kr til utprøving av "Tiltak for arbeidsledige" som eit landsomfattande prosjekt i regi av Arbeidernes edruskapsforbund jf. Budsjett-innst S nr 5 (1996-97). Målet med prosjektet er å utvikle aktivitetar som kvalifiserer arbeidslause med rusproblem for ordinært arbeid. Forsøket er starta opp fleire stader, m.a. i Sarpsborg, Kongsvinger, Stavanger og Trondheim. For å fremme samarbeidet om kvalifisering av arbeidslause på Nordkalotten har Kommunal- og arbeidsdepartementet hatt ein avtale med Arbetsmarknadsdepartementet i Sverige om kjøp av opplæringsplassar ved eit svensk utdanningssenter i Øvertorneå i Nord-Sverige. Finland er og med i avtalen. Ein held no på å reforhandle avtalen som vil gjelde t.o.m 1999. Ein tek i avtaleperioden sikte på å kjøpe kursplassar som dekkjer behovet for enkelte kurs i Nord-Noreg i tilfelle kor utdanningssenteret tilbyr kurs som er tevleføre når det gjeld pris og kvalitet. Kjøp av kurs vil og vere avhengig av at nødvendige midlar er løyvt under kap. 591 Arbeidsmarknadstiltak. Gjennomførte evalueringar Det er gjennomført fleire evalueringar av arbeidsmarknadstiltak i 1997. Desse viser gjennomgåande klare positive resultat for deltakarane med omsyn til betre sysselsetjingssjansar og inntekt. Den mest omfattande evalueringa er gjennomført av Statistisk sentralbyrå. Det er ei registerbasert undersøking blant deltakarar som avslutta eit arbeidsmarknadstiltak i mai 1996. Ei gruppe av personar som var registrert som heilt arbeidslause på same tid, er og med i undersøkinga. Dette er den mest omfattande evalueringa som til no er utført, og ho inneheld og dei mest oppdaterte resultata. Undersøkinga er gjort i inneverande periode med sterk sysselsetjingsvekst, og ho reknar ut både den gjennomsnittlege effekten av å delta på tiltak, samtidig som ho undersøkjer korleis effekten varierer mellom ulike tiltak. Alle dei personretta ordinære arbeidsmarknadstiltaka er med i evalueringa. Evalueringstidspunktet er sett til midten av november 1996, om lag eit halvt år etter at deltakarane avslutta tiltaket. På dette tidspunktet var 41 pst. av deltakarane i jobb, samanlikna med 26 pst. i samanlikningsgruppa, det vil seie ein skilnad på 15 prosentpoeng. Etter å ha kontrollert for observerbare individuelle kjenneteikn, arbeidssøkjarerfaring og skilnader i arbeidsmarknadsbakgrunn, viser analysen at skilnaden i jobbsannsyn mellom deltakarar og ikkje-deltakarar blir redusert til om lag 11-12 prosentpoeng, berekna for ein referanseperson med karakteristiske kjenneteikn. Dette kan tolkast som den gjennomsnittlege effekten av arbeidsmarknadstiltak, men noko kan og kome av eventuelle uobserverbare skilnader mellom dei to gruppene som ikkje er fanga opp i undersøkinga. Det er store positive relative skilnader i overgangen til jobb mellom langtidsarbeidslause deltakarar og ikkje-deltakarar. Det er ingen skilnad i jobbeffekten mellom menn og kvinner. Undersøkinga viser vidare at det er store variasjonar i pårekna jobbsannsyn på tvers av tiltaka, sjølv om alle tiltaka ser ut til å ha positiv effekt. Skilnaden i jobbsannsyn mellom deltakarar på dei forskjellige tiltaka og samanlikningsgruppa av ikkje-deltakarar varierer frå 4 prosentpoeng for Praksisplass med fadderordning, 8 prosentpoeng for offentlege sysselsetjingstiltak, 10 prosentpoeng for AMO, 15 prosentpoeng for Jobbklubbar, 26 prosentpoeng for Vikarplassar og heilt opp til 31 prosentpoeng for Lønnstilskot. Analysen viser dessutan at lengda på tiltak påverkar jobbsannsyn signifikant positivt, det vil seie at jobbsjansane aukar med lengda på tiltaket. Ein hovudkonklusjon som kan trekkjast av ei undersøking gjennomført av Institutt for samfunnsforsking (ISF) i 1996, er at innvandrarar som har delteke på arbeidsmarknadstiltak, gjennomgåande har større sjanse for å få jobb enn ikkje-deltakarar. Undersøkinga syner at deltaking på Arbeidsmarknadsopplæring (AMO), Praksisplass og Lønnstilskot aukar sjansen for å få jobb og førte til auka lengde på sysselsetjing for innvandrarane. Resultata syner auka jobbsannsyn for langtidsarbeidslause. Ei undersøking gjort av Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforsking (SNF) og ISF viser, som tidlegare undersøkingar, at AMO-kurs er eit viktig verkemiddel for å kvalifisere arbeidslause for ordinært arbeid. Søkjarar til AMO-kurs som fekk tilbod om kursplass hausten 1991, hadde høgare årleg arbeidsinntekt i 1994 enn søkjarar som fekk avslag. Arbeidsinntekta avspeglar i hovudsak kor raskt tiltaksdeltakarane kom ut i ordinært arbeid og kor lenge dei hadde arbeidd etter deltaking på AMO-kurs. Særleg for yrkesretta kurs er inntektseffekten høg. Inntektseffekten av AMO-kurs er større for søkjarar med låg utdanning og lang erfaring med arbeidsløyse enn for søkjarar med høgare utdanning og kortare arbeidsløyse bak seg. I samband med Stortinget si handsaming av budsjettet til Kommunal- og arbeidsdepartementet for 1996 blei regjeringa m.a. beden om å gjennomføre ei evaluering av KAJA. Evaluering av gjennomføringa av arbeidsmarknadstiltaket KAJA viser at kommunane og arbeidskontora har hatt eit bra samarbeid når det gjeld oppretting av KAJA-plassar. Dei fleste tiltaksplassane er blitt oppretta i vedlikehalds- og pleie/omsorgssektoren. Tiltaksdeltakarane var som regel fornøgde med tiltaket. Undersøkinga viser likevel at arbeidsmarknadsetaten si oppfølging av tiltaksdeltakarane ikkje har vore tilstrekkeleg. For å betre oppfølginga av tiltaksdeltakarane innførte arbeidsmarknadsetaten nye rutinar på dette området i 1996. Evalueringa viser også at mange kommunar har hatt problem med å lage gode opplæringstilbod. For å stimulere til betre opplæringstilbod, utarbeidde Arbeidsdirektoratet våren 1996 ei samling med gode eksempel på organisering og gjennomføring av opplæringsdelen under tiltaket. Evalueringar, utviklingstiltak m.v. i 1998 Departementet legg stor vekt på å sikre formåls- og kostnadseffektive ordningar, og å spreie kunnskap om gode eksempel. Dette krev m.a. prosess- og effektevalueringar av arbeidsmarknadstiltaka og andre delar av arbeidsmarknadspolitikken. Dette er og i samsvar med krava som blir stilte i økonomiregelverket. Innanfor løyvinga til evalueringar og utviklingstiltak blir det og gjennomført mindre utgreiingar om verknader av ulike delar av arbeidsmarknadspolitikken og analysar knytte til arbeidsmarknadstilpassinga for målgruppene i arbeidsmarknadspolitikken. Løyvinga kan vidare finansiere spreiing av informasjon om resultata av arbeidsmarknadspolitikken. Gjennom løyvinga til Evalueringar og utviklingstiltak m.m. har departementet til formål å skaffe erfaring og kunnskap med sikte på å utvikle og betre arbeidsmarknadstiltaka og andre delar av arbeidsmarknadspolitikken. Innanfor løyvinga vil det vere aktuelt å finansiere forsøksprosjekt som kan medverke til å utvikle arbeidsmarknadstiltaka og andre delar av arbeidsmarknadspolitikken. Midlar frå denne posten vil og kunne vere aktuelle for fellesprosjekt med andre offentlege styresmakter eller andre private institusjonar der dette kan bidra til å fremme arbeidsmarknadspolitiske mål. Gjennom deltaking i internasjonalt samarbeid som til dømes OECD og EU og i samband med nordisk og anna internasjonalt samarbeid, vil det vere aktuelt å finansiere deltaking i internasjonale program og prosjekt. I 1998 vil ein i samarbeid med OECD m.a. arrangere ein konferanse om kvinner og arbeidsmarknaden. Det er 30 år sidan EU opna grensene for fri mobilitet av personar. I den samanhengen skal ein i samarbeid med EU arrangere eit seminar om dette.
Boks 19.4.2 Effektar av å delta på arbeidsmarknadstiltak
Ressursinnsats under kap. 591 Arbeidsmarknadstiltak i 1998 Budsjettforslaget for 1998 er på 978,3 mill. kr. Forslaget må sjåast i samanheng med forslaget til beredskapsløyving (kap. 2310, post 70). Stønadssatsane under enkelte tiltak vil bli justerte frå 1. januar 1998. Kap. 3591 Arbeidsmarknadstiltak (jf. kap. 591) Inntektene under Opplæringstenester (post 02) har i stor grad samanheng med sal av kurs ved AMO-sentra til verksemder. Kap. 592 Spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma Under kap. 592 blir det og overført store midlar mellom budsjettåra, jf. omtale under kap. 591 i del 4. Departementet tek sikte på seinare å innføre ei ordning med tilsegnsfullmakt og for kap. 592. For ein del tilsegner gitt under kap. 592 vil det vere noko fråfall m.a. som følgje av at tiltaksdeltakarar går over i jobb før tiltaksslutt, at ein del kurs ikkje kjem i gang på grunn av for få deltakarar, og at planlagt aktivitet ikkje kjem i gang. Dette medfører at tilsegna ikkje blir utbetalt fullt ut. Dei ledige midlane blir gjennom året nytta til å gi nye tilsegner. På bakgrunn av dette vil etaten nytte ledige midlar mot slutten av 1997 til å gi tilsegner med verknad inn i 1998 for å halde oppe aktiviteten over årsskiftet. Gjennom høve til å omdisponere midlar frå dei spesielle arbeidsmarknadstiltaka for yrkeshemma (kap. 592) til dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka (kap. 591), vil ein i større grad kunne gi yrkeshemma tilbod om AMO i samsvar med behov. På bakgrunn av dette ber ein om fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 592 til kap. 591, ved at stikkordet "kan nyttast under kap. 591, post 71 Opplæringstiltak, drift" blir føydd til under kap. 592, post 71 Integrering i ordinært arbeidsliv. Verkemiddel og verkemiddelbruk Arbeidssøkjarar som har ei fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming som påverkar høvet til å få arbeid, blir registrerte som yrkeshemma i arbeidsmarknadsetaten. Yrkeshemma som tilfredsstiller vilkåra i folketrygdlova for rett til yrkesretta attføring, kan delta på ordinære arbeidsmarknadstiltak (kap. 591), spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma (kap. 592) og på attføringstiltak finansiert over folketrygda (kap. 2543). Det er trygdeetaten som vurderer om den enkelte oppfyller desse vilkåra. Yrkeshemma som ikkje fyller vilkåra i folketrygdlova, kan delta på tiltak over dei to førstnemnde kapitla. Også langtidsarbeidslause, rusmiddelmisbrukarar, sosialhjelpsmottakarar, ungdom som fell utanfor Reform 94 m.m. utgjer ein del av rekrutteringsgrunnlaget til spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma, så som Arbeidsmarknadsbedriftene i den grad desse personane har yrkeshemmingar. Departementet vurderer om endringar i tiltaka retta mot sosialt yrkeshemma, kan gi desse eit betre tilbod. Sosialkomiteen bad i innstilling om Velferdsmelding (Innst S nr 180 (1995-96)) arbeidsmarknadsstyresmaktene om å ta initiativ til ein handlingsplan som skal auke talet på yrkesaktive funksjonshemma. Departementet vil her vise til at hovudmålet for arbeidsmarknadsstyresmaktene sin innsats overfor funksjonshemma, er overgang til ordinært arbeidsliv. Resultata frå attføringsverksemda dei siste åra viser at ein aukande del av dei som avsluttar attføring går til arbeid. Andre tiltak som er nødvendige for at funksjonshemma skal kunne ha ordinært arbeid, er ofte dei same som dei treng for å kunne delta i samfunnslivet elles. Dei tiltaka som er omtala i den tredje handlingsplanen for funksjonshemma for perioden 1998-2002, vil m.a. og bidra til å auke talet på funksjonshemma i arbeid. Tiltaka for yrkeshemma arbeidssøkjarar kan grupperast etter enkelte sentrale sider ved tiltaka, jf. boks 19.4.3 nedanfor. Boks 19.4.3 Tiltak for yrkeshemma arbeidssøkjarar etter ulike sider ved tiltaka.
Ei viktig side ved tiltaka er om dei gir kvalifisering eller arbeidstrening. Nokre tiltak kan tilby ein kombinasjon og er da plassert i boksen der tiltaket har sin hovudprofil. Ei anna side ved tiltaka er om tiltaksplassane er i ordinært arbeidsliv/skole eller om det er ei skjerma verksemd. Andre sentrale sider ved tiltaka er om dei er varige eller tidsavgrensa tiltak og om dei baserer seg på fagleg bistand eller økonomiske tilskot til arbeidsgivar. Tiltaka er i hovudsak retta inn mot tidsavgrensa arbeidstrenings- og kvalifiseringstiltak. Det er eit mål at ein størst mogleg del av tiltaksplassane skal vere i ordinært arbeidsliv fordi kontakt med det ordinære yrkeslivet aukar sjansane for at yrkeshemma blir attførte til ordinær jobb. Deltakarar på attføringstiltak kan som yting til livsopphald motta lønn, ein kombinasjon av lønn og uføretrygd, kursstønad og sjukepengar, dagpengar og attføringspengar. I tillegg kan yrkeshemma få tilskot til dekking av bestemte meirutgifter knytte til deltaking på tiltak. Boks 19.4.4 nedanfor gir ein nærmare omtale av formål, innhald, målgrupper/personkrins og yting/andre vilkår for dei ulike tilskotsordningane under kap. 592.
Boks 19.4.4 Tilskotsordningar under arbeidsmarknadsetaten sitt kap. 592 pr. 1. juli 1997, oversikt over formål, innhald, målgruppe/personkrins og yting/andre vilkår.
Boks 19.4.4 forts.
Nærmare om enkelte tiltak Arbeidsmarknadsbedriftene får i dag økonomisk støtte for å attføre og sysselsetje yrkeshemma. Yrkeshemma er tilsette i ein av dei tre fasane tiltaket er delt inn i. Støttesatsane, som blir justerte årleg, reflekterer kostnadene verksemdene har ved å sysselsetje yrkeshemma i dei ulike fasane. Tilskotet frå arbeidsmarknadsetaten er sett høgare i avklaringsfasen (fase 1) og attføringsfasen (fase 2) enn i sysselsetjingsfasen (fase 3), da verksemdene har større attføringsoppgåver og dermed høgare kostnader i desse fasane enn i fase 3. Ein god attføringsprofil i arbeidsmarknadsbedriftene vil seie at verksemdene og heretter bør ha minst like mange tilsette i fase 2 som i fase 3. Perioden for yrkeshemma som tek fagbrev i fase 2 i arbeidsmarknadsbedriftene etter §20 i lov om fagopplæring, er forlenga. Yrkeshemma som ønskjer å ta fagbrev etter §20 i lov om fagopplæring, kan vere i fase 2 i bedriftene utover to år inntil fagbrev/sveineprøve er avlagt. Som hovudregel kan maksimum 1/5 av det totale talet i fase 2 i den enkelte bedrifta vere §20-kandidatar. Mange arbeidsmarknadsbedrifter gir eit verdifullt attføringstilbod. Generelt tilbyr dei likevel arbeidsoppgåver med mindre variasjon samanlikna med tiltaksplassar etaten kan skaffe i ordinære bedrifter. Kontakt med det ordinære arbeidslivet aukar sjansen for overgang til ordinær jobb. Enkelte av arbeidsmarknadsbedriftene er og store ut frå lokale behov. I tillegg gir nokre arbeidsmarknadsbedrifter attføringsfagleg hjelp som ikkje fullt ut tilfredsstiller krava etaten har sett. I 1998 legg ein derfor opp til å trappe ned talet på plassar i arbeidsmarknadsbedriftene i høve til planlagt omfang i 1997. Arbeidssamvirketiltaka gir tilbod om varig støtta og skjerma sysselsetjing for dei svakaste gruppene av yrkeshemma. I 1996 er kapasiteten i arbeidssamvirketiltaka tilnærma fullt utnytta. Dette m.a. som følgje av at tiltaket i stor grad blir brukt overfor personar med psykiske lidingar. På bakgrunn av ei undersøking som tek for seg arbeidsmarknadstiltak og kommunale tiltak for svake grupper, vil departementet vurdere endringar i ASVO-tiltaket. Sosialkomiteen bad i innstilling om Velferdsmelding (Innst S nr 180 (1995-96)) om at Kommunal- og arbeidsdepartementet vurderer om ordninga med Lønnstilskot til bedrifter som tek inn yrkeshemma bør bli utvidd og om kompensasjonen i samband med Bedriftsintern attføring bør bli auka. Tilskotsbeløpet og den tid som det blir gitt tilskott til den enkelte verksemd for, er i dag gjennomgåande mindre enn maksimale satsar. Departementet ser det derfor ikkje som nødvendig å auke stønaden i desse tiltaka. Departementet vurderer andre endringar i Bedriftsintern attføring, som kan gjere tiltaket meir høveleg for små og mellomstore verksemder. Departementet vil og vise til at evalueringar viser at bedrifter som tek inn yrkeshemma eller driv bedriftsintern attføring, særleg spør etter meir hjelp og praktisk bistand frå arbeidsmarknadsetaten og i mindre grad auka økonomisk støtte. I tiltaket Arbeid med bistand er økonomisk støtte til arbeidsgivar erstatta med at ein profesjonell tilretteleggjar gir bistand til verksemda, den yrkeshemma og kollegaer. I samband med oppfølging av yrkeshemma i verksemder kan Arbeidslivstenesta hjelpe med råd og rettleiing. Gjennomførte evalueringar Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring har, på oppdrag frå departementet, gjennomført ei evaluering av samlinga av ansvaret for yrkesretta attføring i arbeidsmarknadsetaten. Evalueringa syner at dei tilsette i trygde- og arbeidsmarknadsetatane har vore positive til, og støtta opp om reforma. Denne positive innstillinga har hjelpt til at reforma har kunne bli gjennomført så vidt greitt. Gjennom tett samhandling knytt til enkelte saker har dei to etatane langt på veg utvikla ei felles forståing av kven som bør prøve yrkesretta attføring. Det kan likevel sjå ut til at trygdeetaten ønskjer at nokre fleire får prøve attføring enn det arbeidsmarknadsetaten ser som høveleg og nødvendig. Departementet vil vurdere dette nærmare i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet. Korkje dei tilsette i etatane eller dei som har vore på attføring i denne perioden, har opplevd at det har vore uklart kven som har ansvar for kva. Dei enkelte har såleis ikkje blitt sendt fram og tilbake mellom etatane. Fleirtalet av brukarane seier seg nøgde med attføringstilbodet. Det er ein klar tendens at dei som var skeptiske til attføring i byrjinga av prosessen, etter kvart blir meir positive. Fleirtalet gir også uttrykk for at dei sjølve fekk vere med å utforme attføringsopplegget. Enkelte gir uttrykk for at dei sakna rådgjeving og oppfølging frå arbeidskontoret gjennom attføringa. Departementet ser det som viktig at alle får den hjelpa dei har bruk for under attføringa. Etter at dataene blei samla inn, har arbeidsmarknadsetaten utvikla og tatt i bruk betre metodar for rettleiing og oppfølging av den enkelte. Manglande oppfølging er derfor truleg eit mindre problem i dag. Ein vil følgje utviklinga på dette feltet vidare. Evalueringar, utviklingstiltak m.m. i 1998 Departementet si verksemd knytt til evalueringar og utviklingstiltak har som formål å utvikle tiltaka i attføringspolitikken. Evalueringane dekkjer eit breitt felt som kan ha stor verd for utforminga av attføringspolitikken, med særskilt fokus på bruken og effekten av attføringstiltaka. I 1998 vil ein m.a. sjå på korleis og i kva for eit omfang, arbeidsmarknadstiltaka blir nytta overfor personar med psykiske lidingar. Vidare vil ein evaluere basisgruppene som er eit samarbeidsorgan for trygde- og arbeidsmarknadsetaten i særleg vanskelege saker. Ein vil m.a. søkje å finne ut om bruk av basisgrupper betrar brukarane sin innverknad på attføringsprosessen. For å utvikle arbeidsmarknadsetaten sitt tilbod til personar med langvarige psykiske lidingar, vil Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 gi støtte til prosjektet "Grip sjansen", eit samarbeidsprosjekt i Vestfold, Buskerud og Telemark. Dette er eit prosjekt der arbeidsmarknadsetat, kommunar, sjukehus og arbeidssamvirkebedrifter går saman om attføringstiltak for personar som blir utskrivne frå psykiatrisk sjukehus. Mange av desse treng støttande rehabiliteringstiltak før dei kan gå inn i dei tradisjonelle arbeidsmarknadstiltaka. Utfordringa er såleis å etablere eit heilskapleg tilbod til den enkelte gjennom eit godt og formålstenleg samarbeid mellom instansane. Kommunal- og arbeidsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet er samde om at prosjektet bør omfatte to delar, slik at ein parallelt tek vare på behovet for rehabiliteringstiltak og arbeidsmarknadstiltak. Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) skal i løpet av ein tre-års periode gjennomføre eit prosjekt der funksjonshemma får tilbod om attføring i form av opplæring/kvalifisering og arbeidstrening innan områda mulitimedia, internett m.m. Ei viktig målsetjing med prosjektet er å prøve ut ulike teknologiske og organisatoriske løysingar med arbeidstreningsplassar ved bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Siktemålet for deltakarane er arbeid i det ordinære arbeidslivet. Arbeidsmarknadsstyresmaktene finansierer ein prosjektleiar med attføringsfagleg kompetanse. Lån Arbeidsmarknadsstyresmaktene har tidlegare hatt høve til å gi rente- og avdragsfrie lån til enkelte spesielle attføringstiltak for yrkeshemma, som ledd i etableringar og større investeringar. Låna har vore finansierte med tiltaksmidlar, og det har ikkje vore føresetnad at dei skulle betalast attende, med unntak av oppgjør ved avvikling og eventuell konkurs. Samla utgjorde uteståande fordringar ved utgangen av 1996 226,5 mill. kr. Arbeidsmarknadsstyresmaktene gir ikkje lenger rente- og avdragsfrie lån. Eventuell medverking til etablering og større investeringar blir no berre gitt i form av tilskot finansiert over kap. 592. Stortinget har gitt Kommunal- og arbeidsdepartementet fullmakt til å ettergi rente- og avdragsfrie lån til arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma, der dette har blitt vurdert som nødvendig for å sikre vidare drift. Når slike lån blir ettergitt, har det blitt stilt krav til eigarmedverking og konkrete omstillingsplanar. Ein foreslår at denne fullmakta blir ført vidare. Ressursinnsats under kap. 592 Spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma i 1998 Budsjettforslaget for 1998 er på 2 254,7 mill. kr. Stønadssatsane under enkelte tiltak vil bli justerte frå 1. januar 1998. Budsjettforslaget for 1998 gir rom for eit gjennomsnittleg tiltaksnivå under spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma på om lag 19 500 plassar. |