Tilråding
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
Tilråding
Kommunal- og arbeidsdepartementet tilrår:
til vedtak om løyving for budsjetterminen 1. januar til 31. desember 1998 under statsbudsjettets kapitler I
II Fullmakt om mellombels innkvartering av asylsøkjarar og flyktningar Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 kan inngå avtalar om mellombels innkvartering av asylsøkjarar og flyktningar som varer utover 1998. Dersom talet på asylsøkjarar og flyktningar blir større enn føresett i budsjettet for 1998 eller busetjing i kommunane går seinare enn venta, samtykkjer Stortinget i at Kommunal- og arbeidsdepartementet kan auke talet plassar i statlege mottak, sjølv om det medfører eit behov for større løyving under kap. 520, post 21 Spesielle driftsutgifter statlege mottak. III Tilsegnsfullmakt Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 kan gi tilsegn om tilskot i 1999 til bosniarar som vender tilbake til Bosnia-Hercegovina i 1998 med inntil 10 mill. kr utover løyvinga under kap. 521, post 72 Tilbakevending av flyktningar. IV Fullmakt til å ettergi rente- og avdragsfrie lån Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet kan ettergi rente- og avdragsfrie lån gitt til arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma der dette blir vurdert som nødvendig for å sikre den vidare drifta. V Forskot på rammetilskot Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet kan
VI Garantiar for lån til Noregs kommunalbank Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 kan stille garantiar for lån til Noregs kommunalbank innafor ei totalramme for nye tilsegner og gammalt ansvar som ikkje må overstige 32 700 mill. kr. VII Garantiar for lån til finansiering av skolebygg Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 kan gi garantiar for dei garantiane Noregs kommunalbank har stilt for lån til kommunar til finansiering av skolebygg innafor ei totalramme for nye tilsegner og gammalt garantiansvar som ikkje må overstige 200 mill. kr. VIII Tilskot til gjeldssanering Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet kan utvide ordninga med tilskot til gjeldssanering for partshavarar som har flytta ut frå utbetra burettslag, ei ordning vedteke av Stortinget 9. juni 1994, til å omfatte dei som budde der opphavleg, men som fekk bustaden sin kravd tvangsseld før, men seld etter at avtale om gjeldssanering var inngått mellom Husbanken og burettslaget. |