Vedlegg VI: Spesielle tiltak for...
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
Vedlegg VI:
Spesielle tiltak for Nord-Noreg
1. INNLEIING Hovudtyngda av overføringane til Nord-Noreg blir kanalisert gjennom sektorpolitikken. Innanfor fleire sektorar er dessutan Nord-Noreg gitt særskild prioritet gjennom disponeringa av ordinære verkemiddel. Landsdelen er også prioritert ved bruken av dei distriktspolitiske verkemidla. Det er vidare etablerte særordningar for Nord-Noreg, dvs. geografisk avgrensa ordningar som berre gjeld for Nord-Noreg eller delar av landsdelen. Regjeringa har oppretta ei styringsgruppe for kontakt med Nord-Noreg. Styringsgruppa er leia av statsministeren, og består av seks fagstatsrådar, dei fire nordlegaste fylkesordførarane og sametingspresidenten. Gruppa hadde sitt siste møte i januar 1997 og drøfta da rapporten "Næringsstrategiar for Nord-Noreg" som var lagt fram. Rapporten gjennomgår utfordringane i viktige ressursbaserte næringar og andre tema som bl.a. kompetanse, IT og austhandel, og la fram 40 tilrådingar som no blir følgde opp i det jamne arbeidet hos dei medverkande styresmaktene. Det gjenoppretta statsekretærutvalet for Nord-Noreg som blir leia av Kommunal- og abeidsdepartementet, står for samordinering mellom departementa og førebuing av møte i styringsgruppa. Finnmark og Nord-Troms blei peikt ut som eiga tiltakssone i 1990. Fleire av verkemidla innanfor sona er sterkt styrkt etter denne tid, seinast ved ein reduksjon av fellesskatten i 1993. Tiltakssona blei evaluert i 1997. Ei utgreiing frå Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) og NORUT Samfunnsforsking viser til gode verknader for sysselsetjing og busetnad. I følgje utgreiinga er samla sysselsetjingseffekt omlag 3 800. Det blir òg trekt fram korleis ordninga med tilbakebetaling av studielån har ført til ei betre dekning av kvalifisert arbeidskraft til fordel for både private og offentlege sektorar. Vi viser elles til omtale i St prp nr 1 for budsjettåret 1998. I statsbudsjettet 1998 vil Kommunal- og arbeidsdepartementet foreslå at tiltakssona blir ført vidare i noverande form. 2. SÆRORDNINGAR FOR NORD-NOREG ELLER DELER AV NORD-NOREG Under følgjer ei oversikt over særordningar i 1998 som berre gjeld for Nord-Noreg eller deler av landsdelen. Skattar og avgifter Finnmark og Nord-Troms:
Nord Noreg elles 5,1 pst. arbeidsgivaravgift. Inntektstapet for staten av ordninga vil utgjere anslagsvis 2,9 mrd. kr i 1998 (inntektstapet blir rekna mot gjennomsnittleg arbeidsgivaravgift). Nordland, Troms og Finnmark 0-sats for meirverdiavgift for forbruket til hushaldet av elektrisk kraft. Inntektstapet for staten av ordninga vil utgjere om lag 500 mill. kr i 1998. Fiskeri Fiskeridepartementet har ingen særskilde tilskotsordningar retta mot Nord-Noreg, men likevel vil store delar av dei årlege løyvingane under tilskotsordningane til departementet gå til Nord-Noreg fordi norsk fiskerinæring i vesentleg grad er lokalisert i denne landsdelen. Tilskotsordningar som pr. definisjon er retta mot fiskerinæringa og ulike tiltak i fiskeriavhengige kommunar, vil derfor i stor grad gå til Nord-Noreg. Blant dei budsjettmessig største ordningane er kontraheringstilskot, tilskot til fiskerihamner og tilskot til gjennomføring av fiskeriavtalen. Løyvinga under Fiskeridepartementets post for kvinneretta- og kompetansegivande tiltak går også i stor grad til tiltak og prosjekt i Nord-Noreg. Landbruk Innanfor den nasjonale landbrukspolitikken vil Nord-Noreg bli prioritert også i 1998. Dette kommer til syne mellom anna ved ei løyving på 75 mill. kr for inneverande avtaleperiode til Reindriftsavtala som i all hovudsak rettar seg mot Nord-Noreg. Nord-Noreg blir vidare prioritert ved særskilde stønadssatsar, bl.a. gjennom distriktstilskot til mjølk- og kjøttproduksjonen, driftstilskot for mjølkeproduksjonen, produksjonstillegg-systemet samt investeringsstønadsordningar i landbruket. Andre næringsretta verkemiddel Det geografiske verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla gir høve til høgare maksimal støtte til næringsverksemd i Nord Noreg enn i dei fleste andre kommunar innanfor virkeområdet. Tilskot til utviklingstiltak i Nord-Noreg og Nord-Trøndelag (kap. 551, post 51) skal finansiere utviklingstiltak som siktar mot nyskaping og omstilling i nordnorsk næringsliv. Forslag til 1998-løyving til utviklingstiltak i Nord Noreg er 30 mill. kr. Det er over tid stilt til rådvelde rikelege midlar til tiltak for omstilling, i Narvik, Andøy og Indre Salten. I kommunar der reduksjonar i Forsvaret sine aktivitetar får mykje å seie er det sett i gang eit omstillingsprogram. Det er også sett i gang eit eige omstillingsprogram for verkstadsindustrien og underleverandørar i nordre Nordland og Sør-Troms. Stortinget vedtok 20. juni 1996 at Sydvaranger ASA, der staten har 87,45 pst. av aksjane, avviklar den malmbaserte verksemda i løpet av 1996 (St prp nr 62 1995-96). Ein føresetnad var at selskapet sjølv skal ha ansvaret for å gjennomføre avviklinga, medrekna sikring av anlegg, realisering av aktiva og dekning av uteståande plikter. Vidare blei det lagt til grunn at staten sitt engasjement i Sydvaranger ASA skal stanse innan utgangen av 1998 utan at det blir gitt ytterlegare statlege løyvingar. Stortinget slutta seg samtidig til regjeringas opplegg til ytterlegare tiltak for å utvikle ny næringsverksemd i Sør-Varanger. I tillegg til tidlegare løyvingar til omstillingstilskot til Sør-Varanger (til saman 430 mill. kr) og etablering av investeringsfond for Nordvest-Russland (180 mill. kr), tek departementet sikte på å leggje til rette for at anlegga til Sydvaranger ASA kan utnyttast til ny verksemd. Målet er at fristilte kaiar, industriområde og bedriftsbygningar blir brukte aktivt i arbeidet med å skape nye arbeidsplassar og ny verksemd i Sør-Varanger. Når det gjelder attverande verdiar i Sydvaranger ASA utover dette, går det fram av salderingsproposisjonen for 1997 at Nærings- og handelsdepartementet er innstilt på at en vesentleg del av statens del bør nyttast til å utvikle Sør-Varanger som eit nasjonalt bruhovud i satsinga mot Nordvest-Russland. Regjeringa la i St prp nr 63 for 1996-97 "Omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet for 1997", fram forslag for Stortinget om etablering av ei ny frivillig førtidspensjonsordning for tilsette og oppsagde ved Sydvaranger ASA. Ordninga er utrekna til å omfatte alle 55 personar i aldersgruppa 60 - 67 år. Stortinget slutta seg til forslaget (romartalsvedtak XV i St prp nr 63 for 1996 - 97). Norges geologiske undersøking (NGU) starta i 1992 eit program for kartlegging av mineralske ressursar i Nordland. Programmet er planlagt å vare i åtte år. Det blir avsett ca. 10 mill. kr over NGU sitt budsjett (kap. 932). I tillegg får programmet tilført 5 mill. kr frå eksterne kjelder. For 1997 blei det også starta opp eit særskild geologisk undersøkingsprogram for Troms med omlag same omfang og økonomisk ramme. Programmet blir ført vidare i 1998. Over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett har det sidan 1993 blitt gjennomført eit fem-årig omstillingsprogram for å styrkje kommunane Karasjok, Kautokeino, Porsanger og Tana i arbeidet med å skaffe alternative arbeidsplassar til dei som går ut av reindriftsnæringa. Dette programmet er forlenga i sin noverande form ut 1998, og det er for 1998 sett av ei løyving på 27 mill. kr. Landbruksdepartementet vil setje av 17,4 mill. kr til ekstraordinære tiltak. Det blir elles vist til omtalen av dette i Kommunal- og arbeidsdepartementet sin St prp nr 1 (1997-98). Midlar til undervisningsformål i omstillingsprogrammet for reindrifta er for 1998 på 3 mill. kr, og blir tildelt Samordningsutvalet for Finnmark med utdanningsregion (SUFUR). Midlane blir løyvte over kap. 221, post 68 Det samiske utdanningsområdet. Som ein del av omstillingsprogrammet i Finnmark reknar arbeidsmarknadsetaten ut og tilviser omstillingslønn til personar som frivillig går ut av reindrifta. Desse kan ha ein omstillingslønn med kr 100 800 pr. år i ein fem-års periode dersom dei er under aktiv omstilling, utdanning eller arbeid. Midlane til omstillingslønn blir løyvte over Landbruksdepartementet sitt budsjett med ca. 10 mill. kr pr år. Frist for å kome med på ordninga var 31. desember 1995. På det tidspunktet var det 159 personar på omstillingslønn. Samisk utviklingsfond har som formål å fremme tiltak som har mykje å seie kulturelt, sosialt og økonomisk for den samiske befolkninga og område med samisk busetting. Verkeområdet for fondet er det samiske kjerneområdet, delar av kommunar i Finnmark, Troms og Nordland, og den samiske befolkninga i sørsameområdet. Fondet ligg under kap. 540, post 51 på Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett. Det er føreslått ei løyving på 18,5 mill. kr for 1998. For sjømenn og førstereis frå dei tre nordlegaste fylka finst det ei spesiell ordning innanfor mobilitetsfremmande stønad. Reise frå hyringsstad/mønstringsstad til reisestad, norsk hamn eller utreisestad i Noreg kan for desse dekkjast etter reglar som for vanleg reisehjelp og reiseutgifter elles etter dei tariff-føresegnene som gjeld. Utdanning og forsking Tilskot til verkemiddelordninga for skoleverket i Nord-Noreg, kap. 221, post 21 og post 60, er for 1998 føreslått løyvt med om lag 36 mill. kr. Den noverande verkemiddelordninga gjeld til 31. juli 1998. Regjeringa vil i oktober leggje fram ein proposisjon om korleis ordninga skal innrettast i åra som kjem. Frå hausten 1997 blir forsøksordninga med finsk som andrespråk i område i Troms og Finnmark med kvensk/finsk folkesetnad gjort om til ei permanent ordning. Det er føreslått å løyve om lag 2,5 mill. kr til ordninga i 1998. Til det samiske utdanningsrådet er det for 1998 føreslått løyvt 23,1 mill. kr. Midlar til Samarbeidsorganet for Finnmark som utdanningsregion (SUFUR) er for 1998 budsjettert på kap. 203, post 11. Det er føreslått løyvt 6 mill. kr for 1998. Tilskot til utviklingstiltak til vaksenopplæring i Finnmark på kap. 255, post 70. Det er føreslått løyvt 1,2 mill. kr for 1998. Utdanningsstipend for bortebuande elevar frå Finnmark og Nord-Troms i vidaregåande skole. Forslag 1998: 16 mill. kr (kap. 2410, post 70). Ordninga med å ettergi utdanningslån for låntakarar som er busette i og praktiserer eit yrke i Finnmark eller Nord-Troms blir ført vidare i 1998 (kap. 2410, post 73 Avskrivingar). Forslag 1998: 100 mill. kr. Utgreiing om samisk forsking er eit samarbeid mellom Noregs forskingsråd og Sametinget. Utgreiinga tek sikte på å stimulere til auka forskingsaktivitet og rekruttering til samisk forsking. Delutgreiinga frå Sametinget er no levert, og Forskningsrådet legg fram si delutgreiing hausten 1997. Gjennom Noregs forskingsråd blir det m.a. gitt tilskot til strategiske program ved Universitetet i Tromsø og ved NORUT. Tilskotet gjeld grunnforsking ved universitetet og forskingsaktivitetar som har eit framtidig potensiale for næringsutvikling, og er eit ledd i arbeidet med å byggje opp ein forskingsinfrastruktur i landsdelen. Vidare blir FoU-innsats kanalisert til landsdelen gjennom program for nyskaping og teknologispreiing i Nord-Noreg, det såkalla NT-programmet. Programmet blir ført vidare i regi av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og blir finansiert over Kommunal og arbeidsdepartementet sitt budsjett. Tiltaket "Lærlingar i statlege etatar" kan i Finmark og Nord-Troms også nyttast i kommunal og fylkeskommunal verksemd. Elles i landet kan tiltaket berre nyttast i statlege verksemder. Gjennom løyvinga til Norsk Romsenter (kap. 922, post 70) kan det ytast investeringsstønad til Andøya Rakettskytefelt og Tromsø Satellittstasjon. Denne støtta blir gitt gjennom nasjonale følgjeprogram og skal gå til utbygging av infrastruktur ved dei to anlegga. Sjølve drifta ved Andøya Rakettskytefelt og Tromsø Satellittstasjon er kommersiell utan statlege tilskot. Rettleiingstenesta Veiledningsinstituttet i Nord-Noreg (VINN, kap. 911, post 71) er ei privat stifting med sete i Narvik som skal drive med kunnskapsformidling og kompetanseheving innan tekniske og økonomisk-administrative fagområde. Stiftinga har dei tre nordlegaste fylka som hovudverkeområde og skal ha eit praktisk og nært samarbeid med rådgivingsteneste i desse fylka. For blir 1998 det føreslått løyvt 27,5 mill. kr til VINN over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet til kjøp av tenester til etablerar og små og mellomstore bedrifter og til drift av Narvik telefonen. Samferdsel Norsk veg- og vegtrafikkplan for 1998-2007 gir m.a. ei oversikt over større vegprosjekt regjeringa ønskjer å prioritere i denne perioden. For Nord-Noreg vil ein bl.a. leggje vekt på dette:
Under luftfartsforemål har ein m.a. desse tiltaka for Nord-Noreg:
I tillegg er Nord-Noreg prioritert gjennom denne ordninga: Det blir lagt opp til å vidareføre Telenor AS si ordning med reduserte teletakstar i Nord-Noreg slik at lokaltakst vil vere høgaste sats for samtalar innan heile landsdelen. Miljø Miljøverntiltak i nordområda (kap. 1470, post 72). Forslag 1998: 17 mill. kr til Polarmiljøsenteret og Polarattraksjonen "Polaria" med tilknytte aktivitetar i Tromsø. Helse Tiltak for auka rekruttering og betra stabilitet av helsepersonell til Finnmark og psykisk helsevern i Troms. Prosjekt som inngår her er Samfunnsmedisinsk utdanning, vidareføring av psykiatrisk forsking m.m. i Troms og Finnmark, medisinsk forsking og samisk spesialisthelseteneste. Forslag 1998: 7,1 mill. kr. Det er føreslått løyvt 4 mill. kr til å følgje opp plan for helse og sosialtenestene for den samiske befolkninga jf. NOU 1995:6. Det er føreslått løyvt 2 mill. kr i til Troms fylkeskommune til oppretting av eit odontologisk fagsenter. Fagsenteret skal hjelpe til å auke kompetansen og stabiliteten i offentlege tannlegestillingar i Nord-Noreg. Familie, barn og ungdom Lønnstilskot på kr. 20 000 til førskulelærarar som arbeider som styrar eller avdelingsleiar i Finnmark og Nord-Troms. Overslag for 1998: 2 mill. kr. Tillegg i barnetrygd på kr. 3 792 pr år pr. barn for personar busett i Finnmark og Nord-Troms. Overslag for 1998:81 mill. kr. Bustad, bumiljø og byggjesaker Lånetillegg for bustader i Finnmark og Nord-Troms. For lån til bygging av bustader i Finnmark fylke og Nord-Troms, kan lånet aukast med inntil kr 50 000 pr. bustad utover dei satsane som gjeld. Det same gjeld for Svalbard. Lånetillegg for klimatilpassing i verharde strøk. Husbanken gir lånetillegg for klimatilpassing av bustader i spesielt verharde strøk. Tiltaka kan ein dele inn i to grupper
Lån til utbetring av husstandard i Finmark og Nord-Troms. Husbanken gir lån til utbetring og fornying av bustader og bumiljø. Husstandar i Finmark og Troms er prioriterte grupper. Normalt blir det føresett at bustaden er minst ti år. I spesielle tilfelle kan Husbanken gi lån til utbetring til nyare bustader. Kultur Distribusjonstilskot til aviser i Finnmark (kap. 335, post 77). Forslag for 1998: 1,4 mill. kr. Nordnorsk filmsenter: Produksjonsstønad og driftstilskot (kap. 334, post 72) Forslag for 1998: 4,6 mill. kr. Det blir gitt høgare støttesats til fleire kulturtiltak til heile eller delar av Nord-Noreg, til dømes lokale og regionale kulturbygg, biblioteklokale, regionale kunstnarsenter, knutepunktinstitusjonar og produksjonstilskot til aviser. Det blir gitt høgare støttesats i Nord-Noreg ved fordelinga av spelemidlar til idrettsanlegg i kommunane. Tiltak retta mot kommunar og fylkeskommunar i Nord-Noreg I inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar er det eit eige rammetilskot for kommunar og fylkeskommunar i Nord-Noreg. Tilskotet blir gitt som fast sats pr. innbyggjar. Det er ulike satsar for kommunane alt etter som dei høyrer til Nordland, Troms eller Finnmark. Den same forskjellen gjeld også for fylkeskommunane. Tilskota blir løyvte over kap. 571, post 62 og kap. 572, post 62 på Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett. For 1998 blir det føreslått at tilskotet blir ført vidare i same form, og på same nivå som for 1997. I inntektssystemet blir det gitt særskilt regionaltilskot til små utkantkommunar. Prinsipp for fordeling av tilskotet er kommunestorleik, skattenivå og prioriteringsområde for distriktspolitiske verkemiddel. Ved å gi eit fast beløp innanfor denne graderinga, får tilskotet mest å seie for små kommunar, men med ein særleg verknad for kommunar og fylkeskommunar i dei tre nordlegaste fylka. Regionaltilskotet for 1998 blir føreslått til 180 mill. kr. Det blir teke sikte på å auke tilskotet med 90 mill. kr i kvar av åra fram mot 2001. Regionaltilskotet vil da utgjere 450 mill. kr. Innanfor støtteordninga "Lokal næringsutvikling" (kap 551, post 51) kan kommunar i Nord-Noreg få høgare maksimalstøtte enn dei fleste kommunar elles innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Også ved fordelinga av midlar frå kap. 550, post 61 til kommunale næringsfond, blir kommunane i Nord-Noreg prioritert. |