2. Det økonomiske opplegget...

2. Det økonomiske opplegget for kommunane i 1998

2.1 Generelt

Kommunal- og arbeidsdepartementet har ansvar for å samordne den statlege styringa av den kommunale- og den fylkeskommunale aktiviteten. Kommunar og fylkeskommunar har heilt eller delvis ansvar for viktige område som barnehage, grunnskole, pleie og omsorg, sjukehus, samferdsel og vidaregåande skole. Sektoren har også eit sentralt ansvar innen miljøsektoren. Verksemda blir finansiert gjennom brukarbetaling, skatteinntekter, rammetilskot over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett, samt øyremerkte tilskot over dei ulike fagdepartementa sine budsjett. Ei omtale av statlege mål knytta til det enkelte ansvarsområdet finst i dei ulike fagdepartementa sine budsjettproposisjonar.

2.2 Kommunesektoren sine inntekter i 1997

I proposisjonen om kommuneøkonomien og i Revidert nasjonalbudsjett for 1997 blei overslaga for kommunesektoren sine skatteinntekter i 1997 justert opp med 800 mill. kr samanlikna med føresetnadene i det endelige budsjettet for 1997, fordelt med 510 mill. kr på kommunane og 290 mill. kr på fylkeskommunane.

Kommuneforvaltningas skatteinntekter for dei seinaste månadene har auka meir enn det som blei lagt til grunn våren 1997. Ut frå oppgåver over innbetalte skattar på inntekt og formue i perioden januar-august 1997, samt førebelse oppgåver over likninga for inntektsåret 1996, legg Regjeringa no til grunn ein ytterlegare auke i kommunesektoren sine skatteinntekter i 1997 med om lag 1 500 mill. kr fordelt med 850 mill. kr på kommunane og 650 mill. kr på fylkeskommunane. Samla gir dette kommunesektoren ein meirskatteinngang i 1997 på i alt 2 300 mill. kr.

Tabell 2.1 Overslag over utviklinga i skatteinntekter for kommunar og fylkeskommunar i 1997 i Salderingsproposisjonen 1997, Revidert nasjonalbudsjett 1997 og Nasjonalbudsjettet 1998.

 

Salderings-proposisjon 1997

Revidert nasjonalbudsjett 1997

Nasjonalbudsjett 1998

Kommunar

0,7 pst.

4,6 pst.

6,2 pst.

Fylkeskommunar

-0,1 pst.

3,6 pst.

5,9 pst.

I forhold til Revidert nasjonalbudsjett har overslaget over overføringane frå staten til kommunesektoren i 1997 blitt justert opp med om lag 500 mill. kr. Mellom anna er det gjort framlegg om ei ekstra løyving til sjukehus på 300 mill. kr. Kommunesektorens gebyrinntekter har òg blitt justert opp med i alt 500 mill. kr. Samstundes viser berekningar at lønnsauken for kommunesansatte medrekna undervisningspersonale, i 1997 antas å bli ¼ prosenteining høgare enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett. Meirkostnaden er berekna til å utgjere om lag 250 mill. kr.

Kommunesektoren sine samla inntekter er no rekna til å auke reelt med 4 ¼ pst. frå 1996 til 1997. I Revidert nasjonalbudsjett blei det lagt til grunn ei realauke på knappe 3 pst., mens det i samband med salderinga av budsjettet for 1997 blei rekna med ein realauke på 2 ¼ pst. i kommunesektoren sine inntekter.

2.3 Auke i kommunesektorens samla inntekter i 1998

Regjeringa varsla i Kommuneøkonomiproposisjonen for 1998 (St prp nr 61 (1996-97)) ein reell auke i kommunesektorens samla inntekter på om lag 2 pst. frå 1997 til 1998, eller om lag 3 500 mill. kr. Det blei i Kommuneøkonomiproposisjonen likevel sagt at dersom overslaga for kommunesektorens skatteinntekter i 1997 blir endra i høve til føresetnadene i Revidert nasjonalbudsjett 1997, kan vekstføresetnadene for kommunesektorens inntekter for 1998 bli endra i samband med framleggjinga av Nasjonalbudsjettet i oktober. Dette inneber at om skatteinntektene i 1997 blir høgare enn føresett i Revidert nasjonalbudsjett vil auken frå 1997 til 1998 bli mindre enn føresett.

I budsjettet for 1998 har regjeringa lagt til grunn ein auke i kommunesektoren sine samla inntekter på om lag 2 ½ pst. frå 1997 (Revidert nasjonalbudsjett nivå) til 1998. Rekna i faste kroner utgjer dette ein auke i kommunesektoren sine inntekter på vel 4 mrd. kr. Dei viktigaste komponentane i inntektsauken er:

  • Vekst i frie inntekter, 260 mill. kr.
  • Grunnskolereforma, netto om lag 850 mill. kr, knytta til heilårsverknad av grunnskolereforma i 1998. Dette er i hovudsak auka rammetilskot som kjem i tillegg til veksten i dei frie inntektene.
  • Regjeringa si satsing på eldre, om lag 2 000 mill. kr.
  • Omlegging av innsatsstyrt finansiering av sjukehus, om lag 700 mill. kr.
  • Barnehagar, netto om lag uendra. Årsaka er på den eine sida bortfall av statstilskot til barnehageplassar til 6-åringar. På den andre sida kjem auka løyvingar knytta til heilårsverknaden av nye plassar i 1997, utbygging av 13 500 nye barnehageplassar i 1998 og auka tilskotssatsar for småbarnsplassar.
  • Psykiatri om lag 350 mill. kr.
  • Det er generelt lagt til grunn ei nominell vidareføring av øyremerkte tilskot, noko som isolert sett inneber ein reell mindreauke på 650 mill. kr i høve til ein situasjon med ei generell prisjustering av satsane.
  • Auken i gebyrene på 500 mill. kr i 1997 er ført vidare til 1998.

Ei viktig endring i forhold til kommuneøkonomiproposisjonen er knytta til investeringsdelen av eldresatsinga. Auka tilskotssatsar som Stortinget vedtok ved behandlinga av handlingsplanen for eldreomsorg inneber ein auke i øyremerkt løyving på 485 mill kr.

Regjeringa har i budsjettet for 1998 lagt til grunn at den ekstra auken i skatteinntekter på 1 500 mill. kr i 1997 i høve til overslaga i Revidert nasjonalbudsjett ikkje skal førast vidare til 1998. Dette er i tråd med føresetnadene i Kommuneøkonomiproposisjonen for 1998, jf. omtale under pkt. 2.2. Regjeringa har òg lagt til grunn at 200 mill. kr av den ekstra skatteinngangen kommunane har fått i 1997 skal trekkjast inn i 1998.

Figur 2.1 viser realauke i kommunesektoren sine totale inntekter frå 1997 til 1998, rekna i høve til:

  • overslag for sektoren sine inntekter i 1997 i Revidert nasjonalbudsjett, mai 1997
  • overslag for sektoren sine inntekter i 1997 i Nasjonalbudsjettet, oktober 1997

Figur 2.1 Realauke i kommunesektoren sine totale inntekter frå 1997 til 1998 i høve til overslag for sektoren sine inntekter i 1997 i Revidert nasjonalbudsjett (mai 1997) og i Nasjonalbudsjettet (oktober 1997).

3.gif (4443 bytes)

Vekstprosenten blir lågare (om lag 1 pst.) når ein reknar ut frå det inntektsnivået for 1997 som er lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet, enn om ein reknar ut frå eit inntektsnivå for 1997 som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett (om lag 2 ½ pst.). Dette heng saman med følgande oppjusteringar av overslag over kommunesektoren sine inntekter i 1997 frå Revidert nasjonalbudsjett (mai 1997) til Nasjonalbudsjettet (oktober 1997):

- Oppjustering av skatteinntekter på

1 500 mill. kr

- Oppjustering av gebyrinntekter

500 mill. kr

- Oppjustering av statlege overføringar

500 mill. kr

Ved berekning av realauken er det brukt ein deflator for kommunale utgifter på 2,9 pst.

2.4 Kommunesektoren sine frie inntekter

Kommunesektoren sine frie inntekter består av rammeoverføringar og skatteinntekter, og er dei inntektene som kommunane og fylkeskommunane kan disponere fritt innanfor gjeldande lover og reglar, jf. omtale under pkt. 2.5 og 2.6.

Tabell 2.2 Frie inntekter i kommunar og fylkeskommunar i 19971 (Revidert nasjonalbudsjett nivå) og 1998 (i mill. kr og endring i pst.).

 

Kommunar

Fylkeskommunar

Kommuneforvaltninga

 

1997

1998

Endr. i pst.

1997

1998

Endr. i pst.

1997

1998

Endr i pst.

Skattar i alt

56 365

57 806

2,6

(1,9)

27 745

28 580

3,0

(0,7)

84 110

86 386

2,7

(0,8)

- skatt på inntekt og formue

52 880

54 200

2,5

(0,9)

27 530

28 360

3,0

(0,3)

80 410

82 560

2,7

(0,7)

Inntekts-systemet2

28 084

29 233

4,1

16 646

17 254

3,7

44 730

46 487

3,9

Frie inntekter

84 449

87 039

3,1

(1,0)

44 391

45 834

3,2

(0,3)

128 840

132 873

3,1

(1,9)

1Oslo er delt i ein kommunedel og ein fylkeskommunedel.
2Korrigert 1997-grunnlag, jf. tabell under programkategori 13..70.

Tabell 2.2 viser auken i kommunesektoren sine frie inntekter frå 1997 (Revidert nasjonalbudsjett nivå) til 1998 fordelt på kommunar og fylkeskommunar. Meirskatteinngangen på 1 500 mill. kr i 1997 er ikkje medrekna. I parantes er det satt tall for auken i skatt og frie inntekter når meirskatteinngangen på 1 500 mill. kr er medrekna. Samla nominell auke i frie inntekter for kommuneforvaltninga er 3,1 pst., som svarer til ein realauke på om lag 0,2 pst.

2.5 Endring av dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrene, overslag på kommunesektoren sine skatteinntekter i 1998

I Kommuneøkonomiproposisjonen for 1998, St prp nr 61 (1996-97), la Regjeringa til grunn at kommunesektoren sine skatteinntekter i 1998 skal ha om lag same reelle nivå som i 1997, basert på overslag over kommunesektorens skatteinntekter i 1997 i Revidert nasjonalbudsjett. Som nevnt under pkt. 2.3 har regjeringa lagt til grunn at den ekstra auken i skatteinntektene på 1 500 mill. kr i 1997 ikkje skal førast vidare til 1998. Regjeringa legg òg til grunn at 200 mill. kr av meirskatteinngangen kommunane har fått i 1997 skal trekkjast inn i 1998. For at kommunesektoren skal få eit nivå på skatteinntektene i 1998 som er i tråd med dei signala som blei gitt i Kommuneøkonomiproposisjonen og som er lagt til grunn i statsbudsjettet, foreslår regjeringa å redusere dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrene. Forslag om dette er fremma i St prp nr 1 (1997-98) Skattar og avgifter til statskassen. Tabell 2.3 viser dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrene for personlege skattytarar og etterskotspliktige for 1997 og forslag til satsar for 1998. Regjeringa sitt forslag til reduserte satsar for dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrene har ein samla provenyeffekt i budsjettåret 1998 på om lag 4,4 mrd. kr.

 

Tabell 2.3 Dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrene, maksimalsatsar 1997 og forslag til maksimalsatser 1998.

  Kommunar Fylkeskommunar
 

Sats 1997

Forslag 1998

Sats 1997

Forslag 1998

Skattøyren for forskotspliktige

11,5

10,75

6,75

6,25

Skattøyren for etterskotspliktige1

4,75

4,25

2,5

2,5

1For etterskotspliktige gjeld satsane på 4,75 pst. (kommunar) og 2,5 pst. (fylkeskommunar) inntekter for året 1996 (budsjett 1997), mens satsane på 4,25 pst. (kommunar) og 2,5 pst. (fylkeskommunar) gjeld inntekter for året 1997 (budsjett 1998).

Fellesskatten vil bli justert tilsvarande med motsett forteikn, slik at reduksjonane i dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrene ikkje får nokon verknad for skattytarane, men berre for fordelinga av skatt mellom skattekreditorane (staten, kommunar og fylkeskommunar).

Dersom regjeringa ikkje hadde gjort framlegg om nye satsar for dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrene, ville alternativet vore å foreslå kutt i rammeoverføringane med i alt 4,4 mrd. kr. I høve til dei signala regjeringa har gitt om inntektene i Kommuneøkonomiproposisjonen, vil eit slikt alternativ ha forholdsvis store omfordelingseffektar. I vedleggstabell IV er vist budsjettverknadene i 1998 for den einskilde kommune av regjeringa sitt framlegg til redusert skattøyre. Kommunar med skatteinntekter under landsgjennomsnitt, som er avhengig av overføringar, vil kome betre ut ved redusert skattøyre enn ved ein alternativ reduksjon i rammeoverføringane. Døme på ein slik kommune er Bjarkøy. Kommunen vil kome betre ut med samla kr 132 000 eller kr 218 pr. innbyggjar, med regjeringa sitt framlegg. Kommunar med skatteinntekter over landsgjennomsnitt, ville tent på at skattøyren ikkje vart endra og at rammeoverføringane i staden vart reduserte. Døme på ein slik kommune er Oppegård. Kommunen kjem dårlegare ut med samla kr 4 169 000 eller kr 187 pr. innbyggjar ved regjeringa sitt framlegg enn ved eit alternativt kutt i rammeoverføringane. Regjeringa sitt opplegg inneber at sektoren sine skatteinntekter aukar om lag like mykje som sektoren sine rammeoverføringar.

Tabell 2.4 Utviklinga i tilhøvet mellom skatteinntekter og frie inntekter (skatteinntekter + rammeoverføringar).

 

1990

1992

1994

1996

1997

Skatteandel i pst. av frie inntekter

58,3

60,2

64,2

65,4

65,7

Tabell 2.4 viser at til tross for at regjeringa dei seinare åra har lagt opp til lik vekst mellom skatt og rammeoverføringar har likevel skatteinntektene som andel av dei frie inntektene vist ein stigande tendens. Årsaka er mellom anna ein større auke i sysselsetjinga og reallønna enn først rekna med. Til tross for reduksjonen i skattøyre har dei skatterike kommunane, som til dømes Oslo, hatt ein betre inntektsutvikling enn gjennomsnittet.

2.6 Kommunesektoren sine rammeoverføringar i 1998

I Kommuneøkonomiproposisjonen for 1998 blei det varsla ein reell auke i kommunesektoren sine rammeoverføringar for 1998 på om lag 700 mill. kr. Av auken i rammeoverføringane på 700 mill. kr blei det forutsett at 250 mill. kr skulle gå til å finansiere eldrepakka og 450 mill. kr blei foreslått brukt til å auke ramma for skjønnet. Skjønnet blir auka av omsyn til 2. års verknaden av omlegginga av inntektssystemet. Av den auka skjønnsramma skulle 300 mill. kr gå til kommunane og 150 mill. kr til fylkeskommunane.

I budsjettet for 1998 har regjeringa i tråd med signala i Kommuneøkonomiproposisjonen foreslått å bruke 815,6 mill. kr for å kompensere kommunar og fylkeskommunar som taper på omleggjinga av inntektssystemet. Nye berekningar viser at auken i tapskompensasjonen for fylkeskommunane blir 125 mill. kr og for kommunane 335 mill. kr. Samla blir auken i tapskompensasjonen 460 mill. kr, jf. omtale under programkategori 13.70.

Regjeringa la i Kommuneøkonomiproposisjonen til grunn at 250 mill. kr av dei frie inntektene til kommunane skulle gå til å finansiere eldresatsinga. Midlane skulle gå til å dekkje renter og avdrag på lån knytt til investeringar i samband med eldresatsinga. Regjeringa foreslår at desse midlane blir tekne ut av inntektssystemet og at 210 mill. kr blir lagt på ein eigen øyremerkt post som Husbanken skal administrere. Differansen mellom 250 og 210 mill. kr skyldast redusert behov for tilskot som følge av auka statlege investeringstilskot til sjukeheimar og omsorgsbustader. For ein meir omfattande omtale av ordninga, sjå under kap. 586 post 63. Regjeringa legg dermed opp til ein samla realauke i sektorens rammeoverføringar på 460 mill. kr.

2.7. Om dei enkelte inntektskomponentane

Tabell 2.5 gir ei oversikt over inntektene i kommuneforvaltninga.

Tabell 2.5 Kommuneforvaltningas inntekter. Overslag på rekneskap 1997 (i Nasjonalbudsjettet) og regjeringa sitt opplegg for 1998 (mill. kr. og endring i pst)Ikkje korrigert for oppgåve- og regelendringar.

 

1997

1998

Pst.

Skatteinntekter

85 700

86 386

0,8

- Skatt på inntekt og formue

82 000

82 560

0,7

- Andre skattar

3 700

3 826

3,4

Inntektssystemet

46 242

46 487

0,5

Øyremerkte overføringar1

21 377

26 422

23,0

Gebyrer

22 100

22 900

3,6

Andre inntekter

5 235

5 406

3,3

Samla inntekter

180 654

187 601

3,8

1Eksklusive tilskot til arbeidsmarkedstiltak og flyktningar mm.

Overslag viser at samla inntekter i alt vil auke med 3,8 pst. Auken er påverka av at meirskatteinngangen på 1 500 mill. kr i 1997 ikkje blir ført vidare til 1998. I tillegg er auken påvirka av at endringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa m.a. medfører ein nedjustering av sektoren sine inntekter i 1998 med om lag 250 mill. kr, jf. omtale under pkt. 2.8. Inntektssystemet har ein samla auke på 0,5 pst. Auken er mellom anna påverka av at det er trekt ut 2 953,9 mill. kr til innsatsstyrt finansiering av sjukehus. Når vi korrigerer for innlemming av øyremerkte tilskot, uttrekk til innsatsstyrt finansiering m.v. blir auken i rammeoverføringane på 3,9 pst. Overslag på kommunesektorens skatteinntekter viser at dei vil auke med 0,8 pst. frå 1997 til 1998. Overslaget er påverka av at meirskatteinngangen i 1997 på 1 500 mill. ikkje er føresett vidareført til 1998. Korrigert for dette blir auken på 2,7 pst. Meir om kommunesektorens skatteinntekter finst i avsnitt 2.5 foran i proposisjonen. Overslag på kommunesektorens gebyrinntekter viser en auke på 3,6 pst. frå 1997 til 1998. Dette er lågare enn det kommunerekneskapane dei siste åra har vist. Overslaget tek utgangspunkt i føresetnadene om ein gjennomsnittleg nominell auke i gebyrinntektene i tråd med den føresette generelle kostnadsauken i kommunesektoren på om lag 2,9 pst. Ut over dette har ein tatt omsyn til at det i budsjettopplegget for 1998 samla sett blir lagt opp til ein høgare aktivitet innanfor område der kommunane tradisjonelt yter tenester til private mot betaling. Tabell 2.5 viser at dei øyremerkte overføringane vil auke med 23 pst. frå 1997 til 1998. Auken i dei øyremerkte overføringane kan for ein stor del forklarast ut frå at netto
2 387,4 mill. kr er føresett ført over frå inntektssystemet til øyremerkte postar med verknad fra 1. januar 1998. Dersom ein tar omsyn til dette, og ikkje korrigerer for andre tilhøve, blir det ein nominell auke i øyremerkte overføringar fra 1997 til 1998 på 11,8 pst.

2.8 Oppgåveendringar, regelendringar, eingongsløyvingar

For å kunne samanlikne kommunesektorens samla inntekter frå 1997 til 1998, lagar ein eit korrigert 1997 - grunnlag som utgangspunkt for berekning av inntektsveksten. Dersom kommunesektoren får finansiert ei ny oppgåve i 1998, legg ein ved korrigeringa denne finansieringa også til inntektene i 1997. Dette inneber m.a at endringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa og endringar i regelverk som har konsekvensar for kommunesektoren, ikkje påverkar berekninga av veksten i samla inntekter frå 1997 til 1998. Det blir òg tatt omsyn til tekniske endringar i posteringa av utgifter på statsbudsjettet, det vil seie ompostering av utgifter mellom 60-postane (overføringar til kommunane) og andre postgrupper. Vidare blir det teke omsyn til eingongsløyvingar.

På bakgrunn av endringar i oppgåvefordelinga, regelendringar, tekniske omleggingar og eingongsløyvingar, er 1997- grunnlaget for berekning av vekst i dei samla inntektene til kommunesektoren korrigert ned med netto 249 mill. kr. Dei viktigaste oppgåve- og regelendringane som det blir korrigert for er:

  • Lovendringar som gjeld bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming vil venteleg tre i kraft 1. juli 1998. Dette vil gi meirutgifter for kommunane som blir kompenserte over ein øyremerkt post. Berekningsgrunnlaget blir korrigert opp med 54,6 mill. kr.
  • Skattefogden i Sør-Trøndelag vil påleggje Sør-Trøndelag fylkeskommune å betale tilbake dei skatteinntektene fylkeskommunen har fått for mykje. Berekningsgrunnlaget blir korrigert ned med 90,4 mill. kr.
  • Løyvinga til driftstilskot til opplæringsringar/opplæringskontor og til basistilskot til lærebedrifter blir auka med i alt 73,5 mill. kr. Beløpet gjeld heilårsverknad for 1998 av auka løyvingar til lærlingordninga i 1997. Midlane blir lagt inn i rammetilskotet til fylkeskommunane, og berekningsgrunnlaget blir korrigert opp med dette beløpet.
  • Etter forskrift av 15. april 1994 har fylkeskommunane høve til å bruke anbod i lokal rutetransport. Det er tatt omsyn til at fylkeskommunane kan redusere utgiftene ved bruk av anbod eller ved anna effektivisering. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir redusert med 54 mill. kr, og berekningsgrunnlaget blir korrigert ned med dette beløpet.
  • Kommunar og fylkeskommunar har frå 1 mai 1995 høve til å få kompensert fakturert meirverdiavgift ved kjøp av visse tenester frå registrerte næringsdrivande. Ordninga er omtalt i St prp nr 58 (1994-95).
  • Stortinget fastsette, ved innføringa av ordninga, at ho skulle finansierast av kommunanesjølve. Om ordninga førde til at kjøp av tenester frå private auka fordi det etter fråtrekk av moms blei rimelegare enn eigenproduksjon, skulle kommunane likevel behalde gevinsten.
    I rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar for 1997 blei det trekt ut 365 mill. kr. Dette svarte til førebels overslag på kompensasjonskrava for 1995 pr. 1. juni 1996. Samla kompensasjonskrav blei seinare auka. For 1998 skal det gjennomførast eit ytterlegare trekk ut i frå at ordninga frå 1996 får fullårseffekt.
  • Det vil i rammetilskotet for 1998 bli trekt ytterlegare 225 mill. kr frå rammetilskotet. Trekket for 1998 utgjer omlag 60 pst. av trekket for 1997 i løpande kroner. Dette er noko høgare enn varsla i St prp nr 61 (1996-97). Likevel er samla trekk i rammetilskotet i 1997 og 1998 lågare enn kompensasjonskrava for 1996. I tillegg til prisomrekning er det lagt til grunn at samla kompensasjonskrav for 1995 blei høgare enn kva som blei lagt til grunn i Statsbudsjettet for 1997. Vidare er ordninga betre kjend, noko som har ført til at nesten alle kommunar har sendt krav for 1996. Det var ein del kommunar som ikkje gjorde det i 1995. Departementet legg ikkje opp til ytterlegare trekk for åra etter 1998 knytta til kommunane med noverande utforming av ordninga.

    Frå 1. januar 1998 blir det ikkje lenger høve for kommunane til å ta eigendel for heimesjukepleie. Som kompensasjon for inntektsbortfallet blir rammetilskotet auka med 200 mill. kr i 1998.

    I vedlegg III er det gjort greie for alle oppgåve- og regelendringar, tekniske omleggingar og eingongsløyvingar som det blir korrigert for ved berekning av vekst i dei samla inntektene.

    2.9 Utgreiingar om fordelar og ulemper ved kommunesamanslutningar

    I St meld nr 32 (1994-95) Kommune- og fylkesinndelingen, foreslo Regjeringa at det skulle setjast i gang eit arbeid for konkret å vurdere endringar i kommune- og fylkesinndelinga i heile landet.

    Stortinget behandla inndelingsmeldinga 7. juni 1996. Eit fleirtal var ikkje samde med Regjeringa i at det skulle setjast i gang eit nasjonalt inndelingsarbeid. Eit fleirtal meinte likevel at utviklinga i mange lokalsamfunn, på grunn av til dømes nye kommunikasjonslinjer, har skapt trong for endringar i kommuneinndelinga, og at det må vere mogleg å endre desse dersom kommunane sjølv ønskjer det.

    Med bakgrunn i Stortinget sin behandling av inndelingsmeldinga har departementet derfor teke initiativ til å leggje til rette for at dei kommunane som ser at utviklinga har ført til nye rammevilkår for den kommunale verksemda, får høve til å greie ut samanslutning som eit alternativ til den gjeldande inndelinga. Dette er gjort ved å tilby ein rettleiar for korleis ein slik analyse kan gjennomførast, samstundes som departementet bidreg med finansiering av analysen.

    Tilbodet har gått ut til 10 område der spørsmålet om inndelingsendringar har vore diskutert. Utgreiingane har som mål å få fakta på bordet slik at kommunane kan diskutere samanslutning ut frå eit eins grunnlag. Hovudpoenget er å finne ut kva løysing som tener omsynet til innbyggjarane best og om dei rammevilkåra endringar i kommuneinndelinga kan gje, opnar for nye moglegheiter.

    Utgreiingane vil bli leia av lokale styringsgrupper med representantar frå kommunane, fylkeskommunen, fylkesmannen, departementet og arbeidstakarsida.

    Det er grunn til å understreke at det ikkje ligg bindingar frå departementet si side om den vidare oppfølginga av utgreiingane. I samsvar med Stortinget sitt vedtak av 1. juni 1995 vil det vere opp til kommunane sjølv å bestemme korleis dei skal følgjast opp.

    2.10 Mandat for utval om oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa

    Då Stortinget i juni 1996 behandla St meld nr 32 (1994-95) Kommune- og fylkesinndelingen, blei det fatta følgande vedtak:

    "Stortinget ber Regjeringen vurdere å sette ned et bredt sammensatt utvalg som skal foreta en helhetlig gjennomgang av ansvars-, oppgave- og funksjonsfordelingen mellom de tre ulike forvaltningsnivåene. Stortinget ber om at utvalgets mandat forelegges Stortinget."

    Nedanfor blir bakgrunnen for eit slik utval kort oppsummert, og det blir gjort greie for mandatet for utvalet.

    Stortingsmeldinga om inndeling

    Regjeringa sitt syn i St meld nr 32 (1994-95) var at det ikkje er nødvendig med grunnleggjande endringar i kommunane eller fylkeskommunane si stilling i forvaltningssystemet, sjølv om det kan vere enkelte uheldige sider ved dagens oppgåvefordeling.

    Stortinget si oppmoding om utval

    Stortinget har grunngitt sitt vedtak i innstillinga til inndelingsmeldinga, Innst S nr 225 (1995-96). Fleirtalet i komiteen var samd i at det framleis skal vere tre forvaltningsnivå og at hovudtrekka i oppgåvefordelinga skal førast vidare. Komiteen viste likevel til at det er diskusjon om oppgåvefordelinga og at det er over tjue år sidan fylkeskommunen blei oppretta i si noverande form. Derfor meinte fleirtalet i komiteen at det er riktig å evaluere erfaringane som er hausta etter desse tjue åra.

    Utgangspunkt og forslag til mandat

    Dagens oppgåvefordeling er basert på prinsippet om at oppgåver som krev lokalpolitisk skjøn er plasserte i lokale folkevalde organ, mens statleg forvaltning har ansvar for oppgåver som ikkje krev slik lokal skjønnsutøving, og for tilsyn og kontroll med kommuneforvaltninga si verksemd. Desse hovudprinsippa bør førast vidare. Ei utgreiing bør bidra til å klargjere i kva grad dagens ansvars-, oppgåve- og funksjonsfordeling er utforma i samsvar med desse hovudprinsippa.

    Vidare bør utgreiinga ta utgangspunkt i at oppgåvefordelinga for ein del store offentlege oppgåver nyleg er analysert i utgreiingar, og fastlagt i Stortinget. Dette gjelde m.a. ansvaret for sjukehusa, utforminga av regionalpolitikken, samferdslepolitikken og vidaregåande opplæring. Utvalet bør derfor ikkje få i oppdrag å ta ansvarsplasseringa for desse sektorane opp til grundig vurdering på nytt. Utvalet bør likevel kunne drøfte sider ved desse oppgåvene som kan kaste lys over hovudproblemstillingane for utvalet.

    Norsk offentleg forvaltning er kjenneteikna av at forvaltningsnivåa i sterk grad er gjensidig avhengige av kvarandre. Utvalet sine analysar og drøftingar bør fange opp at eventuelle endringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa både har konsekvensar for staten (m.a. for kva slag styring som er mogleg) og for kommunane/fylkeskommunane.

    På bakgrunn av det som er sagt ovanfor, tek regjeringa sikte på å oppnemne eit utval med brei samansetjing frå departement, regional statsforvaltning, kommunesektoren og forskningsmiljø, med følgjande mandat:

    1. Utvalet skal gi ei oversikt over ansvars-, oppgåve- og funksjonsfordelinga som i dag gjeld mellom staten, fylkeskommunane og kommunane. Utvalet skal gjere greie for dei endringane i ansvars-, oppgåve- og funksjonsfordelinga som er gjennomført etter at fylkeskommunen blei oppretta i si noverande form, og for hovudomsyna som er lagt til grunn for dei ulike reformene. Utvalet si drøfting skal ta utgangspunkt i Stortinget si handsaming av St meld nr 24 (1996-1997) Tilgjengelighet og faglighet, når det gjeld eigarskap og organisering av sjukehusa. Utvalet bør gjere greie for kva for kommunale, fylkeskommunale og statlege oppgåver som ikkje har fått vurdert ansvarsplasseringa i løpet av denne perioden.
    2. Utvalet skal presentere ei oversikt over ansvars-, oppgåve- og funksjonsfordelinga i andre land og peike på viktige endringar som har skjedd gjennom reformprosessar i andre land.
    3. Utvalet skal evaluere dagens ansvars-, oppgåve- og funksjonsfordeling mellom staten, fylkeskommunane og kommunane i høve til grunnleggjande hovudomsyn som har vore lagt til grunn for reformarbeidet. Det bør rettast særleg merksemd mot:
    • erfaringane med fylkeskommunen som sjølvstendig forvaltningsnivå, herunder effektiviteten og kvaliteten i oppgåveløysinga og virkemåten til demokratiet på fylkesnivå
    • relasjonane mellom regional statsforvaltning og fylkeskommunen, med vekt på ansvaret for organisering/samhandling mellom dei to, og særleg vekt på ansvaret for regionale utviklingsoppgåver
    • ansvars-, oppgåve- og funksjonsfordelinga mellom fylkeskommunane og kommunane
    1. Utvalet bør søke å identifisere gråsoner i ansvarsfordelinga mellom forvaltningsnivåa og drøfte om slike gråsoner kan vere opphav til styrings- og legitimitetsproblem, problem for god offentleg tenesteproduksjon og for løysinga av viktige regionale utviklingsoppgåver. Utvalet bør også drøfte kva omfang slike problem kan ha. Utvalet bør foreslå eventuelle tiltak som kan verke dempande på desse problema.
    2. Utvalet sitt arbeid skal baserast på forskningsbasert kunnskap om oppgåvefordelinga og forvaltningsnivåas rolle. På denne bakgrunn skal utvalet gi ei samla vurdering av dagens ansvars-, oppgåve- og funksjonsfordeling og gjere framlegg om eventuelle reformer som kan styrkje demokratiet, betre grunnlaget for politisk styring i offentleg forvaltning, gi ei meir brukarvenleg forvaltning og bidra til ein betre offentleg ressursbruk.
    3. Utvalet skal avslutte arbeidet sitt innan år 2000.