3. Nærmare om budsjettforslaget...
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
3. Nærmare om budsjettforslaget for 1998
PROGRAMOMRÅDE 13: INNVANDRING, ARBEIDSMILJØ OG REGIONAL- OG DISTRIKTSPOLITIKK OG OVERFØRINGAR GJENNOM INNTEKTSSYSTEMET TIL KOMMUNAR OG FYLKESKOMMUNAR Programkategori 13.10 Administrasjon m.m. Kategori 13.10 Administrasjon m.m. består av kapitla 500 Kommunal- og arbeidsdepartementet og 502 Valutgifter. Kap. 500 gjeld primært drifta av Kommunal- og arbeidsdepartementet, men har óg ein mindre budsjettpost for tilskot til kvenske formål. Kap. 502 omfattar mellom anna etterslep på utgifter i samband med stortings- og sametingsvalet i 1997 og utvikling av eit nytt system for innsamling, ordning og offentleggjering av valresultat. Tilpassing til nytt økonomireglement Kommunal- og arbeidsdepartementet er som andre statlige verksemder gitt frist fram til 1. juli 1998 med å innføre nytt økonomireglement. Arbeidet med å tilpasse seg til det nye reglementet starta opp i 1996, har halde fram i 1997 og vil bli ført vidare inn i 1998. Ein viktig del av tilpassingsarbeidet blir dekt gjennom KOSTRA-prosjektet (KOmmune-STat-RApportering). Kommunal- og arbeidsdepartementet har ansvar for rekneskapsrapporteringa frå kommunar og fylkeskommunar, og KOSTRA-prosjektet har som målsetjing å samordne og betre styringsinformasjonen mellom stat og kommunesektor. I prosjektet har ein lagt vekt på å samordne strukturen i økonomi- og tenesterapportering, slik at departementet blir betre i stand til å vurdere produktivitet og effektivitet i kommunar og fylkeskommunar. KAP. 500 KOMMUNAL- OG ARBEIDSDEPARTEMENTET (JF. KAP. 3500) Post 01 Driftsutgifter Auken frå 1997 til 1998 kjem i hovudsak av at posten er blitt styrkt med 8,1 mill. kr til oppfølging av KOSTRA-prosjektet. KOSTRA prosjektet er òg omtalt i St prp nr 61 (1996-97). Løyvinga vil dels bli nytta til utvikling av elektronisk mottak, handtering og tilbakeføring av informasjon i Statistisk sentralbyrå. Løyvinga vil òg dekkje auka kostnader ved å prøve ut betre modellar for kvalitetssikring, tilrettelegging og tilbakeføring av informasjon i fylket. Delar av løyvinga vil bli brukt til målretta assistanse til kommunar som i 1998 legg om rapporteringa i tråd med tilrådinga i KOSTRA-prosjektet. Siktemålet med arbeidet er å utvikle eit nasjonalt system som koplar saman data om kommunane sin økonomi, tenesteproduksjon og befolkning. Systemet vil gjere det mogleg å stille saman nøkkeltal for kommunane sine prioriteringar, dekningsgradar og produktivitet. Gjennom systematisk samanlikning og læring vil kommunane kunne effektivisere ressursbruken. I tillegg er 4,4 mill. kr overført frå Statens forvaltningsteneste fordi departementet vil bli belasta utgifter som tidlegare blei dekte av Statens forvaltningsteneste. Post 21 Spesielle forskings- og utgreiingsoppdrag Posten omfattar forskings- og utgreiingsverksemd innanfor alle felt departementet har ansvar for. Hovudmålet for Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt FoU-arbeid er å få fram kunnskap innanfor dei felta der departementet har eit ansvar, for å medverke til at samfunnet kan løyse sine oppgåver og nå sine mål på ein effektiv måte. FoU-verksemda skal slik medverke til å innhente kunnskap som gir eit best mogleg grunnlag for avgjerder på departementet sine politikkområde. Forskinga skal òg fremme kunnskap om problemløysing, utvikling og evaluering av verkemiddel for å nå hovudmålsetjingane innafor dei felta departementet har ansvar for. Budsjett 1998 Departementet foreslår å løyve 24,6 mill. kr i 1998. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil føre vidare dei prosjekta og programma som er sette i gang. Ein stor del av løyvinga vil gå til forskingsprogram via Noregs forskingsråd, og til å føre vidare instituttavtalane. Resten av midlane vil bli brukte til kortare prosjekt knytte til utgreiingar og verkemiddel- Rapport 1996-97 For 1996 og 1997 er løyvinga disponert på desse programma, prosjekta og instituttavtalane:
Fordelinga av midlar blir gjort ut frå ei heilskapleg samordning av forskings- og utgreiingsverksemda. Hovuddelen av midlane blir retta mot større program. Oppbygging og spreiing av kompetanse er viktige delar av programverksemda. Inngåtte instituttavtalar er førte vidare. Avtalene skal medverke til å spreie kunnskap om resultata av prosjekt og program. Departementet er mellom anna med på å finansiere tidsskrifta "Regionale trender" og "Søkelys på arbeidsmarkedet". Kap. 3500 Kommunal- og arbeidsdepartementet (jf. kap. 500) Det blir ikkje budsjettert med inntekter under dette kapitlet. KAP. 502 VALUTGIFTER Post 01 Driftsutgifter Framlegget skal dekkje etterslep etter stortingsvalet og sametingsvalet 1997 når det gjeld oppgåvene til fylkesvalstyra og krinssamevalstyra og forbruksmateriell. I tillegg vil midlane bli nytta til prosjekt som er sette i gang eller vil bli starta opp i 1998.
Kommunal- og arbeidsdepartementet har inngått avtale med IBM A/S om utvikling av eit nytt system for innsamling, ordning og offentleggjering av valresultata på valkvelden og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité har gitt uttrykk for at ein bør vidareutvikle forsøk med elektronisk manntalsavkryssing på valdagen og utvikle eit landsdekkjande elektronisk manntal, jf. Innst O nr 32 (1996-97). Arbeidet med desse to prosjekta vil bli starta opp i 1998. Post 60 Refusjon til kommunar Framlegget skal dekkje etterslep etter stortingsvalet og sametingsvalet 1997 når det gjeld refusjon frå Staten til kommunane for utgiftene deira i høve valet. Noregs kommunalbank Det administrative ansvaret for Noregs kommunalbank blei overført frå Finansdepartementet til Kommunal- og arbeidsdepartementet frå 1. januar 1997. Etter lova om Noregs kommunalbank av 15. juli 1949 nr 1 §10 garanterer staten for dei låna som Kommunalbanken tek opp. Banken finansierer verksemda si ved innlån i obligasjons- og sertifikatmarknaden. Ved utgangen av 1996 var staten sitt garantiansvar på 24,2 mrd. kr. I Gul bok for 1998, kap. 5.1.3 har regjeringa gjort ei vurdering av ei samordning av Postbanken og Kommunalbanken. Etter regjeringa si vurdering bør dei to bankane samordnast i eitt konsern, ved at Kommunalbanken blir gjort om til eit selskap som heilt er ått av Postbanken. KAP. 5316 Noregs kommunalbank Kommunalbanken har frå 1996 betalt garantiprovisjon til staten av innlånsmassen. På grunnlag av ei garantiramme på 32 mrd. kr i 1997, er garantiprovisjon for 1998 rekna til 37 mill. kr. Kap. 5616 Renter og utbytte frå Noregs kommunalbank Post 80 Renter Kommunalbanken betaler renter for staten sin del av grunnfondet i samsvar med lovreglar, og staten betaler på si side renter for den delen av grunnfondet som det er utferda avdragsfrie grunnfondsobligasjonar for. I budsjetta tek ein med netto renter av grunnfondet, dvs. at banken berre betaler renter til staten for den delen av grunnfondet som staten har betalt inn kontant, dvs. for 20 mill. kr. Den renta som Kommunalbanken betaler, tilsvarer overslag for 1997 på gjennomsnittsrenta på 5 års statobligasjonar. Renta blir rekna til 5,2 pst. for 1997. Renter for 1997 skal betalast i 1998. Post 81 Utbytte Storleiken på det utbyttet som Kommunalbanken skal betale til staten, blir fastsett på grunnlag av Kommunalbankens ansvarlege eigenkapital på om lag 200 mill. kr (risikofond pluss reservefond) og eit avkastingskrav på 4 pst. over den risikofrie renta. Departementet legg til grunn eit utbytte for 1997 på 16 mill. kr. Stortinget vedtok i samband med salderingsproposisjonen for 1997 å overføre 700 mill. kr av den ansvarlege eigenkapitalen i banken til staten. Garantiordningar under Kommunal- og arbeidsdepartementet Regjeringa foreslår i Gul bok at Kommunalbanken får ei ramme på 700 mill. kr for netto utlånsauke i 1998. I samsvar med dette foreslår regjeringa at Kommunalbankens garantiramme blir auka med 700 mill. kr til 32 700 mill. kr for 1998. Etter §10 i kommunalbanklova heftar staten òg for Kommunalbankens garantianasvar for kommunars lån i andre finansinstitusjonar til finansiering av skolebygg. Ved utløpet av 1996 var dette garantiansvaret på 43,5 mill. kr. Garantiramma for 1997 er på 200 mill. kr. Regjeringa foreslår uendra ramme for 1998.
Etter (tidlegare) lov om Den Norske Industribank A/S skulle staten garantere for riktig betaling av bankens innlån. Ved utløpet av 1996 hadde Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) brutto uteståande obligasjonsgjeld på 623 mill. kroner. SND har kjøpt tilbake store delar av desse obligasjonane. SNDs netto uteståande obligasjonsgjeld som staten har garantert for, var pr. 31. desember på 150,5 mill. kroner. Staten garanterer for netto uteståande lån. Frå SND blei oppretta i 1993 blir nye utlån til grunnfinansiering av låneopptak finansiert frå staten. Statens garantiansvar overfor Industribankens tidligare innlån vil bli ytterlegare redusert i løpet av 1997, og for 1998 vil ei garantiramme på 130 mill. kroner vere tilstrekkeleg. Den nordiske investeringsbanken (NIB) ga tidlegare visse lån som blei utbetalte via Distriktsutbyggingsfondet, no SND. Det blir ikkje teke opp nye slike lån i NIB. Desse statsgaranterte låna i NIB utgjorde pr. 31. desember 1996 knapt 30 mill. kroner. Låna blei innfridde i januar/februar 1997, og det er såleis ikkje behov for statsgaranti i 1998. |