Programkategori 13.30 Arbeidsmiljø- og tryggleik
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
Programkategori 13.30 Arbeidsmiljø- og tryggleik
Utfordringar innanfor arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet Utfordringane på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet er av samansett karakter og gjer at fleire typar kriterium må nyttast for å skildre tilstanden på området. Dei tradisjonelle kriteria ulykker, yrkesskader og sjukdomar gjer greie for viktige sider ved risiko og tilstand. I tillegg vil sjukefråvær kunne vere ein viktig indikasjon på arbeidsmiljøstandarden. Resultat på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet let seg neppe måle frå eit år til eit anna. Departementet vil derfor leggje vekt på at målbare og varige resultat krev eit langsiktig perspektiv og systematisk innsats over tid. Store delar av norsk arbeidsliv held ein høg standard når det gjeld arbeidsmiljø og tryggleik. Stadig fleire verksemder har erkjent ansvaret sitt og gjer ein god innsats for betre helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen. Dei positive resultata av ein slik innsats har ikkje berre vist seg gjennom eit betre arbeidsmiljø og ein høg tryggleikstandard. Etter kvart har mange av desse verksemdene også rapportert om betre produktivitet og auka verdiskaping. Samtidig finst det store forskjellar, både bransjar imellom og innanfor kvar enkelt bransje. Enno er det mykje å vinne gjennom arbeidsmiljøforbetringar, både i betre helse, reduserte materielle tap og styrkt konkurranseevne. Ulykker og helseskader utgjer framleis ei vesentleg belastning både for verksemdene og samfunnet. Den alvorlegaste belastninga ligg likevel på dei arbeidstakarane som blir ramma, i form av lidingar, redusert livskvalitet og tap av inntekt. For samfunnet som heilskap inneber det ei belastning i forhold til allmenn tryggleik og velferdsnivå, ulikskapar i livsstandard og kvalitet, og store økonomiske konsekvensar. Mens dei fleste yrkesskadar tidlegare blei registrerte innanfor industri og landbruk, ser vi i dag ei utvikling der stadig fleire skadar blir melde innanfor privat og offentleg tenesteyting. Ein trur at endringar i næringslivet og offentleg forvaltning, demografiske trendar, utdaningseksplosjonen og den generelle internasjonaliseringa vil stille fleire arbeidsplassar overfor eit sterkt omstillingspress. Sjølv om fast tilsetjing framleis er den heilt dominerande tilsetjingsforma, er det tendensar til at lausare tilsetjingsformer opptrer i enkelte næringar og yrke. Det er grunn til å vente ein aukande konflikt mellom arbeidsgivaren sitt ønskje om fleksibilitet og tilsette sitt behov for tryggleik. Samla kan vi kome til å stå overfor ei utvikling der ansvarsrelasjonane i HMT (helse, miljø og tryggleik)-arbeidet blir meir kompliserte, med ei tilsvarande meir komplisert oppgåve for tilsynsstyresmaktene. Særleg innanfor petroleumsverksemda har det, i lys av den omstillingsprosessen denne verksemda har vore inne i, utvikla seg nye samarbeidsformer, såkalla alliansar, mellom operatørselskapa og leverandørindustrien. Styresmaktene si røynsle er at den måten verksemdene vel å organisere seg på kan ha mykje å seie for arbeidstakarane med omsyn til arbeidsmiljø og tryggleik. Utfordringar på produkttryggleiksområdet Utgangspunktet for arbeidet med produkttryggleik er lov om kontroll med produkt og forbrukartenester (produktkontrollova). Forbrukarane blir presenterte for stadig nye produkt, større utval, bruk av nye materialar og stoff og nye former for marknadsføring og sal. Ein sterkt aukande marknad for risikosport gir òg nye utfordringar. Dette krev kontinuerleg arbeid for å halde oppe tryggleiksnivået. Utviklinga av ein felles europeisk marknad krev nasjonal oppfølging når det gjeld å implementere regelverk, informasjon og tilsyn. Personleg verneutstyr, maskiner og brennbare eigenskapar ved produkt vil vere prioriterte område. Tryggleiken ved produkt og forbrukartenester til barn og unge vil framleis stå sentralt, sett i forhold til at denne gruppa er særskilt utsett. Innan risikoaktivitetar skal ein føre vidare arbeidet med tryggleiken ved sportsdykking og rafting. Den aukande mengda av folk som vender seg til tilsynet, og veksten i oppgåver, gir styresmaktene eit behov for å vurdere organiseringa av arbeidet. Produkt- og elektrisitetstilsynet skal i løpet av 1998 leggje fram for Barne- og familiedepartementet eit framlegg til korleis eit desentralisert tilsyn kan bli organisert. Mål, verkemiddel og strategiar i arbeidsmiljø- og tryggleikspolitikken Regjeringa har lagt til grunn desse hovudmåla for arbeidsmiljø- og tryggleikspolitikken:
Det er eit mål for arbeidsmiljø- og tryggleikspolitikken å sørgje for at den som er ansvarleg for verksemda etablerer og opprettheld eit forsvarleg arbeidsmiljø og tryggleiksnivå. Ein føresetnad for at arbeidsmiljø- og tryggleiksarbeidet skal fungere godt, er at dei tilsette aktivt tek del i arbeidet. Ei lang rekkje aktørar påverkar arbeidsmiljø- og tryggleiksarbeidet på ulike nivå med ulike verkemiddel: Partane/organisasjonane i arbeidslivet, bransjeorganisasjonar, forskingsmiljø, forsikringsbransjen, media, konsulentbransjen m.m. Arbeidsmiljø- og tryggleiksforvaltninga sitt ansvar er, gjennom ein mest mogleg effektiv bruk av styresmaktene sine verkemiddel og ressursar, å påverke og sjå til at verksemdene tek ansvaret sitt alvorleg. Hovudverkemidla innan arbeidsmiljø- og tryggleikspolitikken er:
Regelverk Dei viktigaste lovene departementet forvaltar på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet er: arbeidsmiljølova (både på land og på kontinentalsokkelen), lov om brannfarlege varer og væsker og gassar under trykk, lov om eksplosive varer, lov om brannvern m.m., lov om tilsyn med elektrisk utstyr, arbeidstvistlova, lønnsnemndslova, lønnsgarantilova, lov om lønnsplikt under permittering og ferielova. Regelverket konkretiserer normene i samfunnet for korleis arbeidsmiljø og tryggleik skal takast vare på. Regelverket skal spegle prinsippet om at arbeidsgivar/eigar o.a. har ansvaret for å ta vare på arbeidsmiljø og tryggleik i verksemdene. Lovene innanfor området er hovudsakleg fullmaktslover og føreset nærmare regulering ved forskrifter. Forskriftene skal klargjere kven som har plikt til å gjennomføre avgjerdene, og fastsetje krav til utvikling av formålstenlege system, prosedyrar og tiltak i den enkelte verksemd. Innanfor ein del område har det tradisjonelt vore vanskeleg å halde forskriftene á jour med den teknologiske og internasjonale utviklinga, og med utviklinga i arbeidslivet. Styresmaktene legg derfor opp til funksjonelle reglar som forpliktar arbeidsgivar/eigar o.a. til å finne konkrete løysingar, og gir verksemdene fridom til sjølve å velje den løysinga som dei meiner er mest formålstenleg. Gjennom bruk av funksjonskrav blir det stimulert til nytenking, og derigjennom utskifting av tekniske løysingar som er forelda, for å sikre at tryggleiksnivået blir halde oppe. Tilsynsstyresmaktene vil hjelpe til med informasjon, og gjennom rettleiingar skissere moglege løysingar som kan veljast for å oppfylle krava. Der det blir sett krav til produkt, vil bruk av vedtekne standardar vere ein mogleg måte å oppfylle krava på. Det er sett igang eit omfattande regelverksarbeid innanfor forvaltningsområdet arbeidsmiljø og tryggleik. Oljedirektoratet har identifisert eit forbetringspotensiale i regelverket på teknologisida. På bakgrunn av eit erfaringskartleggingsprosjekt i 1996 vil etaten arbeide vidare med å revidere teknologiregelverket i 1998, med tanke på vidare forenkling og funksjonsretting av dette. Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern (DBE) forvaltar eit omfattande og detaljert regelverk, som på sentrale område framstår som forelda og fragmentarisk. Det er sett ned eit offentleg utgreiingsutval for å gjennomføre ein lovrevisjon. Mandatet til utvalet er å leggje fram forslag til ei ny lov innan området, og det er venta at arbeidet skal føre fram til eit funksjonelt, målretta rammeregelverk med styringsheimlar som trengst for den samla forvaltnings- og tilsynsverksemda. Utvalet, som har ei funksjonstid på to år, skal gi innstillinga si til Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998. På same måte som for regelverket innanfor DBE sitt forvaltningsområde, er det behov for å revidere regelverket innanfor Produkt- og elektrisitetstilsynet (PE) sitt forvaltningsområde, elektrisitetstryggleik. Etaten har sett igang eit prosjekt for revidering av regelverket innanfor el-tryggleik, med sikte på å kome fram til eit meir einsarta og funksjonsretta regelverk i tråd med internkontrollprinsippet. Prosjektet vil omfatte lovgiving med tilhøyrande forskrifter på det elektriske og elektromedisinske området. Det er brei semje blant partane i arbeidslivet og styresmaktene om at arbeidsmiljølova har vist seg som ei bra lov for arbeidslivet. Innanfor ramma av lova er det på ein god måte mogleg å kombinere omsynet til arbeidstakarane sine rettar og krava deira for vern, med nødvendig omsyn til verksemdene og tidhøvelege tilpassingar og justeringar. Departementet har lagt fram ein samleproposisjon for Stortinget med framlegg om bl.a. forbod mot etnisk diskriminering i arbeidslivet, og implementering av direktiva om arbeidstid og om vern av barn og unge på arbeidsplassen. Arbeidstakarane sine rettar må tilpassast den organisasjons- og styringsstruktur som faktisk eksisterer, og ordningane må følgje endringar i organisasjonen. Ei aktuell problemstilling i denne samanhengen er utviklinga av konsern og konsernliknande organisasjonar, både nasjonalt og over landegrensene. Det er partane i arbeidslivet som har ansvaret for lønnsfastsetjinga, men det er viktig at lovverket omkring tariffavtalar og tariffrevisjon er slik at det verkar til ei formålstenleg gjennomføring av lønnsoppgjera. Arbeidstvistlova er frå 1927, og både samfunn og arbeidsliv har gjennomgått store forandringar sidan den gongen. Arbeidsrettsrådet, som er rådgjevande organ for Kommunal- og arbeidsdepartementet i arbeidsrettslege spørsmål, gjennomgår arbeidstvistlova med sikte på ei modernisering. I tillegg til ein teknisk revisjon av lova, er Arbeidsrettsrådet blitt bedt om også å vurdere prinsippa som ligg til grunn for arbeidstvistlovgivinga vår. Rådet la i juni 1996 fram forslag til prinsipp for ei ny arbeidstvistlov (NOU 1996:14). Innstillinga har vore på brei høyring. Med bakgrunn i høyringsrunden arbeider Arbeidsrettsrådet vidare med revisjon av arbeidstvistlova. Internkontroll Det er arbeidsgivaren sitt ansvar å sørgje for eit trygt og godt arbeidsmiljø. Utfordringa for styresmaktene vil bestå i å få verksemdene og arbeidsgivarane til å ta seg av ansvaret sitt for helsa og tryggleiken til arbeidstakarane. Innføring av internkontroll er eit av dei viktigaste verkemidla i dette arbeidet. I 1995 blei det gjennomført ei evaluering/erfaringsoppsummering av internkontrollreforma, særleg med omsyn til status for innføring og etablering i verksemdene, og styresmaktene sitt tilsyn etter internkontrollforskrifta, etter at internkontrollforskrifta tok til å gjelde 1. januar 1992. Erfaringane har vist at arbeidet med innføring av internkontroll er kome for kort. Dette gjeld særleg små og mellomstore verksemder, men også offentlege verksemder som kommunar og fylkeskommunar. Det blir derfor arbeidd med gjennomføring av ein handlingsplan med ein tidshorisont på tre år, for åra 1996-1998. Ny forskrift tok til å gjelde 1. januar 1997. Det har vore viktig å utforme språket og strukturen i forskrifta slik at ho er lett tilgjengeleg og tilpassa situasjonen til dei små verksemdene. Det har også vore viktig å leggje vekt på medverknad frå dei tilsette, og klargjere kva konkrete krav som må dokumenterast skriftleg. Krava i den reviderte internkontrollforskrifta er dei same som i den tidlegare internkontrollforskrifta, det vil seie ei plikt til å arbeide systematisk for å sikre at lover og forskrifter blir etterlevde. For å skape blest om den nye forskrifta, er det blitt gjennomført ein informasjonskampanje. Det er vidare sett i gang ulike former for påverknads- og motiveringsarbeid overfor verksemdene; som å arrangere HMT-dagar og etablere nettverk. Eit prosjekt om tilsyn og handheving skal førast vidare av dei tilsynsetatane det gjeld. Etatane har i dei seinare åra gjort mykje for å hjelpe til med betre samordning av tilsyn og meir einsarta handheving av regelverket. Økonomiske incentiv Styresmaktene på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet tek del i utviklinga og tilrettelegginga av økonomiske incentiv som aukar motivasjonen til arbeidsgivaren for å førebyggje helseskadar. Gjennom omfordeling av samfunnskostnadene ved ulykker og helseskadar etter "forureinaren skal betale"-prinsippet, vil det bli meir lønnsamt for verksemda og/eller eigaren å ta vare på arbeidsmiljøet og tryggleiken. Som ei oppfølging av den omfattande evalueringa av ordninga med yrkesskadeforsikring, blir det i 1997-2000 gjennomført eit prosjekt som skal gi informasjon, opplæring m.m. til små bedrifter i risikoutsette bransjar. Prosjektet blir gjennomført i regi av Arbeidstilsynet som ei oppfølging av den særlege satsinga til etaten, retta mot verkstadindustrien. Kvaliteten på tryggleiksarbeidet i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen kan illustrere kor stor verdi økonomisk motivasjon har. Risiko for omfattande økonomiske konsekvensar, både i form av tap av menneskeliv og materielle verdiar, stimulerer til ansvar og kvalitet i tryggleiksarbeidet. Forsking og informasjon Det er viktig å klarleggje årsakene, omfanget og verknadene av faktorar som fører til dårleg arbeidsmiljø og redusert tryggleiksnivå. Kunnskap og informasjon er også avgjerande for å setje i verk formålstenlege førebyggjande tiltak mot ulykker, skadar og sjukdomar. Arbeidsmiljø- og tryggleiksforskinga er organisert gjennom to eigne forskingsinstitutt og gjennom basisløyving til eit tredje. Forskinga blir i tillegg teke vare på gjennom forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd, og gjennom meir avgrensa prosjekt sette i verk etter initiativ av departementet eller den enkelte etat. Det er ei utfordring, både for forskingsrådet og forskingsmiljøa, å utvikle tverrfagleg og tiltaksretta arbeidsmiljøprogram, spesielt i tilknyting til dei omfattande og samansette "nye" folkesjukdommane som belastningslidingar, allergi/inneklimaproblem og psykiske lidingar. Saman med fleire andre departement, finansierer Kommunal- og arbeidsdepartementet forskingsprogramma "Inneklima og helse" og "Helse i arbeidslivet". Sistnemnde program blir avslutta i 1998. Regjeringa varsla i St meld nr 50 (1993-94) Samarbeid og styring ("Helsemeldingen"), at når avgjerdene i forskrift om kva arbeid som har plikt til å knyte til seg verne- og helsepersonell ("Bransjeforskriften") er gjennomførte, skal spørsmålet om ei eventuell vidare utbygging av bedriftshelsetenesta vurderast nærmare. Kommunal- og arbeidsdepartementet gjennomfører i 1997-1998 eit prosjekt for evaluering av bedriftshelsetenesta som arbeidsmiljøtiltak, før det blir vurdert å stille krav om ytterlegare utbygging. Mål, verkemiddel og strategiar for produkttryggleiksområdet For produkttryggleiksområdet har Regjeringa sett opp følgjande hovudmål:
Årleg blir kanskje 360 000 menneske skadde i ulykker i heim, skole, barnehage eller fritid. Ein stor del av skadane (ca. 40 pst.) har samanheng med manglande tryggleikseigenskapar ved produkt og/eller risikofylt bruk av produkt eller teneste. Eit stadig større spekter av produkt og tenester på marknaden krev tett oppfølging frå styresmaktene si side for å kunne ta hand om tryggleiken til forbrukarane. Ei utfordring er å fange opp nye problemstillingar og risikoprodukt på eit tidleg tidspunkt. Det er derfor eit mål for styresmaktene å utvikle gode prioriteringsverktøy og eit godt organisert tilsynsapparat. Det er verksemdene som produserer produkt eller byr fram tenester til forbrukarar som er ansvarleg for at produkta ikkje er årsak til ulykker. Det er ei viktig sak for forvaltninga å påverke til at verksemdene følgjer opp dette ansvaret. Innføring av internkontroll er eit av dei viktigaste verkemidla i dette arbeidet. Hovudverkemidla innan produkttryggleikområdet er regelverk, tilsyn, kunnskapsutvikling, informasjon og rettleiing. Gjennom eit samspel mellom fagleg ansvarleg departement (Barne- og familiedepartementet), Produkt- og Elektrisitetstilsynet, andre styresmakter, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstituttar, vil ein arbeide for trygge produkt og tenester for brukarane i heim, skole og på fritidsarenaene.
KAP. 530 ARBEIDSTILSYNET (JF. KAP. 3530) Overordna mål og strategi Arbeidstilsynet sitt overordna mål er å medverke til eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for alle, med trygge tilsetjingsforhold og meiningsfylt arbeid for den enkelte. Hovudoppgåva til Arbeidstilsynet er å føre tilsyn med landets verksemder for å sjå til at desse etterlever lover og reglar og har eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Etaten har alminneleg rettleiingsplikt etter forvaltningslova. Etaten sine strategiske val byggjer på kunnskap om arbeidsmiljøsituasjonen, politiske mål og retningslinjer for arbeidsmiljøet, og formelle rammevilkår som instruks for etaten og det lovverket etaten forvaltar. Det er arbeidsgivarane, og dermed verksemdene sjølve, som har ansvaret for å nå måla for arbeidsmiljøet i Noreg, med kontroll og rettleiing frå offentlege styresmakter. Den store utfordringa for Arbeidstilsynet er å få verksemdene til å ta dette ansvaret alvorleg. Arbeidstilsynet sin overordna strategi er derfor å medverke aktivt til at verksemdene arbeider systematisk og målretta for å nå måla for arbeidsmiljøet i Noreg. Arbeidstilsynet vil i 1998 arbeide ut frå strategisk plan for etaten og leggje vekt på:
I tillegg er det utvikla mål og strategiar som siktar mot at Arbeidstilsynet skal vere ein effektiv etat og ein moderne, krevjande og god arbeidsplass. Ein legg vekt på gode interne styringssystem, kompetanseutvikling og etaten sitt eige arbeidsmiljø. Prioriterte område for Arbeidstilsynet i 1998 Den viktigaste oppgåva for etaten er tilsyn med enkeltverksemder. Dette skal bli gjennomført og styrkt ved:
Tilsyn Talet på tilsyn skal haldast på same nivå som for 1997 (om lag 22 000). Hovudtyngda av alt tilsyn skal skje i form av verifikasjonar, dvs. kontrollar i verksemder for å undersøkje om konkrete eller spesifiserte krav er oppfylte. Det skal hovudsakleg foregå i verksemder som ikkje har fungerande systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Revisjonar er ein systematisk gjennomgang av verksemdenes helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Verifikasjonar krev mindre ressursar enn revisjonar, og er derfor eit meir effektivt verkemiddel for å bidra til at verksemdene innfører systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Aktivitetar skal byggje på distrikta sine risikobaserte tilsynsplanar, og prosjektplanane for kampanjar og satsingsområde. Samordninga med dei andre tilsynsetatane blir ført vidare. Det er oppretta seks arbeidsgrupper som skal vurdere felles utvikling innan desse områda: Regelverk for gjennomføring av tilsyn, prosedyre for verifikasjoner, opplæring, risiko, kontrollgebyr og elektronisk infosystem. Resultatet av arbeidet i gruppene kjem hausten 1997, og skal følgjast opp av etatane i 1998. Distrikta skal leggje vekt på å vidareutvikle lokalt samarbeid med partane, andre tilsynsstyresmakter, politikammer, Arbeidslivstenesta og dei lokale trygdestyresmaktene. Tilsyn i samband med kampanjar og innsatsområde Arbeid gjennom landsdekkjande kampanjar har m.a. som mål å betre arbeidsmiljøstandarden i ein heil bransje, enkelte arbeidsmiljøfaktorar i fleire bransjar eller arbeidsmiljøet for ei eller fleire arbeidstakargrupper i ein eller fleire bransjar. Kampanjar er eit verkemiddel som kombinerer både informasjon, rettleiing og tilsyn, og dei skjer i samarbeid med andre relevante aktørar på arbeidsmiljøfeltet. Sentrale kampanjar I 1998 vil etaten gjennomføre desse landsdekkjande kampanjane:
Det skal som for tidlegare år arrangerast ein sentral kontrolldag i 1998. Lokale innsatsområde Dei ulike distrikta vil rette aktivitetane inn mot utvalde innsatsområde. Dette gjeld tilsynsinnsats overfor fleire verksemder av bestemt type eller bransje eller i forhold til spesielle arbeidsmiljøproblem. Val av lokale innsatsområde blir lagt til grunn ut frå eit sett risikokriterium. Tema i tilsynet Tilsynsverksemda er anten risiko- eller hendingsbasert, men andre føringar vil òg ha noko å seie for kva verksemder, bransjar og område tilsynet skal rette seg mot og kva for tema som skal vere ein del av eit tilsyn. Desse føringane er lagt til grunn i tilsynsarbeidet: Innsatsen mot arbeidsmiljøkriminalitet vil vere ein fullstendig integrert del av tilsynsverksemda i etaten gjennom det risikobaserte tilsynet og ein einskapleg og konsekvent bruk av reaksjonsformer. Arbeidstilsynet skal oppretthalde samarbeidet og kontakten med politi og påtalemakt som i 1996 og 1997, og setje i verk tiltak mot kriminalitet i samsvar med regjeringa sitt program. Nasjonalt program for førebygging trekkjer fram psykososiale problem, belastningslidingar, allergi og overfølsemd og ulykker. Innsatsen på desse områda skal også følgjast opp og skje som ein integrert del av det risikobaserte tilsyn i kampanjar og innsatsområder. I arbeidet med å utvikle risikovurderingar, skal det òg avklarast korleis tema som organisatorisk arbeidsmiljø, kjemisk og biologisk helsefare, allergi og overfølsemd skal følgjast opp i distrikta sine planar for tilsyn. Alvorlege ulykker vil alltid vere eit vesentleg kriterium for innsatsen frå etaten. Arbeidstilsynet vil følgje opp bransjeforskrifta om verne- og helsepersonale (VHP), og eventuelt gi pålegg om at verksemdene engasjerer VHP. Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) oppretta eit sekretariat for VHP i 1997, og Arbeidstilsynet ser det som viktig å samarbeide med STAMI på dette området i 1998. Stortinget har lagt til grunn "arbeidslinja" for den vidare utviklinga av sentrale velferds- og støtteordningar. Dette inneber eit ønskje om at menneske skal vere yrkesaktive, sjølv om dei er delvis uføre. Bedriftsintern attføring blir viktig for å følgje opp dette. Oppfølging av bedriftsintern attføring går inn i Arbeidstilsynet sitt vanlige tilsynsarbeid. Marknadskontroll av maskiner, personleg verneutstyr og farlege kjemikaliar blir gjennomført av distrikta innanfor den normale ramma for tilsyn på arbeidsplassen, dvs. gjennom verifikasjonar og integrert i det risikobaserte tilsynet. Regelverk- og standardiseringsarbeid I 1997 er det sett i verk eit forprosjekt for å vurdere framtidig struktur i regelverket. Prosjektet skal vurdere grunnlag for å utarbeide forskrifter, kva slags utforming som er mest tenleg. Ein skal leggje særleg vekt på at regelverket skal vere einsarta og handterleg også for små og mellomstore verksemder og å sikre arbeidstakarane best mogleg. Ein skal også foreslå metodar for evaluering av eksisterande regelverk. Arbeidet med å følgje opp EU-direktiv og EU sitt arbeid på arbeidsmiljøområdet blir ført vidare m.a. gjennom å ta del i Kommisjonen sine arbeidsgrupper, oppretthalde etablerte kontaktar med EFTA og arbeidsråden i den norske delegasjonen til EF. Informasjon og samfunnskontakt Etaten har som mål å kvalitetssikre og effektivisere informasjon vidare om m.a. lover og forskrifter til publikum. Ved å effektivisere og kvalitetssikre behandlinga av enkeltsaker styrkjer ein kvaliteten på arbeidet. Etaten får òg frigjort ressursar som kan brukast på tilsyn og andre fagoppgåver. Når publikum vender seg til svartenesta, skal dei få raske og nøyaktige svar på spørsmål dei har om regelverket. Prøvedrift av sentral, datastøtta svarteneste skal vere avslutta og evaluert i første halvår 1998. Resultata avgjer om etaten skal byggje opp ei landsdekkjande sentral svarteneste. Partane i arbeidslivet Organisasjonsforholda i arbeidslivet har endra seg dei siste tiåra. Det vil derfor vere viktig for Arbeidstilsynet, utover samarbeidet med LO og NHO, å utvikle kontaktflata også med dei andre organisasjonane i arbeidslivet. I 1997 er det i tre samanhengar utvikla eit nært samarbeid med partane som skal førast vidare i 1998:
Andre tilsynsetatar Dette samarbeidet er utvikla sterkt dei seinaste åra og vil bli ført vidare i 1998. Strategidokumentet for tilsynsstyresmaktene set mål for tilsynsarbeidet. Måla er at dei samla ressursane som tilsynsetatane og verksemdene bruker på tilsyn blir utnytta så effektivt som mogleg og at tilsynsetatane skal framstå med ein felles tilsynsprofil. Forskingsinstitutt og andre kompetansesentra. I forskings- og utgreiingsarbeidet står etaten framfor utfordringar som:
Gjennom etaten sitt FoU-utval vil Arbeidstilsynet i åra som kjem vidareutvikle samarbeidet med forskingsmiljøa. Eit prosjekt for kartlegging av styresmaktene sitt behov for kunnskap, statistikk og dokumentasjon skal vere ferdig i 1997, men ein reknar med å arbeide vidare med problemstillinga i 1998. Internasjonalt samarbeid I medhald i konvensjonar som norske styresmakter har tiltrådd, er Arbeidstilsynet forplikta til å delta i internasjonalt samarbeid. Arbeidstilsynet har dessutan interesser i internasjonalt samarbeid utover dette; både for å styrkje eige arbeid og for å påverke utviklinga på arbeidsmiljøområdet internasjonalt. Arbeidstilsynet vil i 1998 sørgje for å vedlikehalde og utvikle det nordiske samarbeidet, og følgje utviklinga i EU. Vidare skal Arbeidstilsynet styrkje samarbeidet med ILO og IALI (International Association of Labour Inspectorates) og utvikle eit nærmare samarbeid med NORAD. Rapport frå dei siste åra Utfordringane i 1996-97 har vore:
For å møte desse utfordringane har Arbeidstilsynet i 1996-97 lagt opp verksemda si på denne måten: Tilsynsaktiviteten i 1997 Arbeidstilsynet fører tilsyn med 178 000 verksemder som ligg innanfor etaten sitt tilsynsområde. I tillegg gjeld arbeidsmiljølova for litt over 60 000 einingar i landbruket. Dette dekkjer om lag 1 730 000 arbeidstakarar. I dei siste åra har Arbeidstilsynet lagt vekt på å auke tilsynsvolumet. I 1994 gjennomførte etaten ca. 16 000 tilsyn. I 1996 var talet ca. 18 000. Distrikta planla for 1997 å gjennomføre 22 700 tilsyn. Det auka tilsynsvolumet er primært teke ut i fleire verifikasjonar. Etaten har satsa på å halde talet på revisjonar på same nivå, men auke talet på verifikasjonar. Årsaka er at Arbeidstilsynet ønskjer å konsentrere innsatsen om dei verksemdene som har kome kortast med det systematiske HMT-arbeidet. Utvikling av tilsynet Frå 1. januar 1997 gjeld den nye forskrifta om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid (internkontroll). Etaten si oppfølging av internkontroll skjer som ein del av samordninga mellom tilsynsstyresmaktene. Etatane har revidert felles retningslinjer i forhold til tilsynsverksemda, m.a. som følgje av ny forskrift. Med utgangspunkt i ny strategiplan for samordningsarbeidet har etatane sett ned arbeidsgrupper som skal vurdere felles kriterium/skala for risiko, felles etatopplæring, vurdering av felles prosedyrar for verifikasjonar, einskapleg gebyrsystem, felles informasjonssystem, og eit einskapleg regelverk for gjennomføring av tilsyn. Arbeidstilsynet deltek i alle gruppene. Samordning på regionalt nivå har blitt styrkt i 1997. Det er etablert regionale samordningsgrupper inndelte etter Arbeidstilsynet sine distrikt. Alle distrikta har sett i gang lokale samordningsprosjekt og aktivitetar i 1997. Risikobasert tilsyn og vidareutvikling av tilsynsarbeidet Etaten skal basere tilsynsaktiviteten på risikovurdering. Arbeidstilsynet vil i løpet av 1997 avklare framtidig bruk av kriterium/skala for risikobasert tilsyn. Landsdekkjande kampanjar og aksjonar I 1996 avslutta etaten kampanjane innan avløp- og renovasjonsbransjane, vaskeri og renseri og innan landbruket. Kampanjane hadde fokus på dei særeigne problema i dei enkelte bransjane. Målet var å få auka systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemdene. I samband med inneklimaåret 1995 hadde Arbeidstilsynet ein inneklimakampanje. Målet for kampanjen var å gi planleggjarar, byggherrar og arbeidsgivarar betre kjennskap til inneklimaproblem, og påverke til at inneklimaproblematikken blir teke betre vare på ved byggjearbeid. Undersøkingar viser at målgruppa fekk auka kjennskap til inneklimaproblem, men dei spurde meiner framleis at Arbeidstilsynet har hatt mest å seie gjennom å stille krav, ikkje gjennom informasjon. Arbeidstilsynet avslutta sin ergonomikampanje i 1996. Kampanjen sette fokus på forhold på arbeidsplassen som kan føre til belastningssjukdommar. Målet var m.a. å ruste opp etatens eigen kjennskap til ergonomiske problem og sjå til at ergonomiske problemstillingar blei fokuserte i bransjeretta kampanjar i etaten. Eit anna mål i kampanjen var å gjere verne- og helsepersonale kjende med nye forskrifter på området og informere om ergonomiske problemstillingar. Ei delevaluering synte at informasjonen hadde nådd godt fram og at forskriftene og brosjyrene frå etaten var nyttige arbeidsreiskapar for verne- og helsepersonalet. Arbeidstilsynet sin bransjeretta innsats i 1997 er konsentrert om kampanjane innan verkstadindustrien og i transport/lager. For kampanjen i verkstadindustrien er hovudmålet å medverke til:
Under kampanjen er det fokusert på dei viktigaste arbeidsmiljøproblema i verkstadindustrien; ulykker, kjemiske påverknader (spesielt sveiserøyk), støy og vibrasjonar, belastningssjukdommar og organisatoriske arbeidsmiljøforhold. Målet i transportkampanjen er å betre arbeidsmiljøet for enkelte yrkesgrupper innanfor transport og lagring. Under kampanjen skal ein setje søkjelyset på sentrale arbeidsmiljøproblem knytte til organisering og tilrettelegging, tungt og einsformig arbeid, og ulykkesrisiko. Analysar av tilsynsrapportane syner at dei store verksemdene har kome lengst i å innføre internkontroll. Dette er dei same verksemdene som har rutinar knytte til dei forholda Arbeidstilsynet meiner utgjer dei største risikoforholda i bransjen. I 1996 var tema for den årlege aksjonsdagen vald og truslar om vald på norske arbeidsplassar. Ca. 800 utvalde verksemder fekk besøk. I halvparten av dei utvalde verksemdene hadde det vore vald/truslar om vald dei siste tolv månadene. 31 pst. hadde internkontroll som omtaler handtering/førebygging av slike episodar og følgde opp dette i praksis, mens 40 pst. av verksemdene ikkje hadde gitt noka oppfølging til valdsofra. Lokale kampanjar og aksjonar I 1996 gjennomførte distrikta 48 lokale kampanjar og aksjonar. Distrikta vil også i 1997 gjennomføre lokale kampanjar innan ei rekkje bransjar og/eller temaområde. Som i alt tilsyn inngår oppfølging av systematisk HMT-arbeid og bruk av VHP i dei lokale kampanjane. Sjukefråværsprosjektet Sjukefråværskampanjen omfattar tre hovudelement: Annonsekampanje, styrking av verne- og helsetenesta og forsterka tilsyn. Hovudverkemidlet for styrking av verne- og helsetenesta var gjennomføring av 18 fylkeskonferansar med deltakarar frå verne- og helsetenesta, utvalde verksemder, styresmakter og organisasjonar. Fylkeskonferansane med ein etterfølgjande landskonferanse blei gjennomførte som planlagt av LO og NHO i samarbeid med Arbeidstilsynet. Konferansane samla vel 1 000 deltakarar. Under forsterka tilsyn valde ein ut 5 000 verksemder med venteleg høgt sjukefråvær, vanskeleg arbeidsmiljø og/eller manglande internkontrollsystem. Deretter skulle verksemdene følgjast opp av Arbeidstilsynet lokalt. Innsats mot alvorlege brot på arbeidsmiljølova (arbeidsmiljøkriminalitet) I rundskriv av 11. juni 1996 frå Riksadvokaten blir det stilt krav til meir effektiv og konsekvent handheving av regelverket på området arbeidsmiljøkriminalitet. Eit resultat av samarbeidet rundt arbeidsmiljøkriminalitet, er ei skjerping av straffenivået. Etaten har i dei siste åra prioritert samordning og ei skjerping av etaten sine reaksjonar. Samarbeidet mellom Arbeidstilsynet, påtalemakta og ØKOKRIM er i ferd med å bli styrkt ved betre samhandlingsrutinar og tiltak både på sentralt og lokalt nivå. Regelverk og internasjonalt arbeid Regelverket utgjer grunnlaget for verksemda til Arbeidstilsynet og legg premissane for tilsyn og for reaksjonar. Etaten vurderer derfor jamleg lov- og regelverk med tanke på at det skal vere til nytte, og utforma slik at det er i tråd med arbeidsmiljølova si overordna målsetjing. Som ei følgje av EØS-avtalen, får regelverksutviklinga i EU mykje å seie for prioriteringar og val i regelverksutviklinga nasjonalt. For å kunne påverke utviklinga av EU sitt regelverk på arbeidsmiljøområdet har etaten delteke aktivt i ulike EU organ og i aktuelle standardiseringsgrupper. Lønnsgarantien Den statlege garantiordninga skal sikre betaling av forfalne krav på lønn og anna vederlag som ikkje kan dekkjast på grunn av konkurs hos arbeidsgivaren. Lønnsgarantilova har som utgangspunkt at arbeidstakarane skal få sine krav avgjort så raskt som mogleg. Svartida ved saksbehandlinga i direktoratet gjekk ikkje ut over fire veker i gjennomsnitt i 1996. Tabell 13.30.1 Basistal for lønnsgarantibehandlinga dei siste fem åra.
Informasjon og samfunnskontakt Informasjonsverksemda har dei siste åra vore konsentrert om område der informasjon:
Ei viktig oppgåve har vore arbeidet med InfoBanken og presedensarkiv til etaten, i samanheng med vidareutvikling av tilsynskompetanse i etaten og standardisering av tilsyn og sanksjonspraksis. Prøveprosjektet InfoBank/Svarteneste skal bidra til å auke kvaliteten i informasjonen og samtidig frigjere ressursar til tilsynsarbeidet. Forsøk med sentralisert svarteneste er under gjennomføring i to distrikt. Innmelde arbeidsrelaterte sjukdommar, skadar og dødsfall i 1996 Arbeidstilsynet er ansvarleg for statistikk over arbeidsrelaterte sjukdommar og skadar i Noreg. Undersøkingar viser at Arbeidstilsynet får meldt inn ein liten del av alle skadar og sjukdommar i arbeidslivet. Ein reknar med at omlag kvar fjerde skade blir meldt inn, mens delen av arbeidsrelaterte sjukdommar som blir meld truleg er mykje mindre. I 1996 melde arbeidsgivarane inn 27 779 skadar til Arbeidstilsynet. Av dei skadde var 30 pst. kvinner (8 356). Dei bransjane som melder flest skadar er industri (9 497), offentleg og privat tenesteyting (6 205) og offentleg administrasjon og forsvar (3 184). Dei einaste bransjane der fleire kvinner enn menn blir skadde, er offentleg og privat tenesteyting (4 241 kvinner mot 1 964 menn) og hotell- og restaurantverksemd (229 kvinner mot 149 menn). Av dei totale skadane i 1996 hadde 53 døden til følgje, og av desse var det ei kvinne. Talet på skadar med døden til følgje har ligge på omtrent same nivå i fleire år (1993: 58, 1994: 42, 1995: 58 og 1996: 53 døde). Bygg- og anleggsbransjen stod for 36 pst. av dødsfalla (19 døde). Andre bransjar med mange skadar som fører til døden, var transport/lagring (åtte døde), industri (sju døde) og jordbruk (seks døde). Dei viktigaste, spesifiserte årsakene til dødsfall i arbeidslivet i 1996 var støyt/slag, fall og klem-ulykker. Tala omfattar ikkje dødsfall under sjøfarts-, olje- og fiskeristyresmaktene sine tilsynsområde. Sjølvmord som har utgangspunkt i arbeidsmiljøforhold inngår ikkje, og heller ikkje tilhøve der tredjeperson døyr. Arbeidstilsynet fekk totalt 3 153 meldingar frå legar om arbeidsrelaterte sjukdommar i 1996. Av desse var 15 pst. kvinner (463). Dei bransjane som melder om flest arbeidsrelaterte sjukdomar er industri (1 425 sjuke), offentleg, sosial og privat tenesteyting (623) og bygg- og anleggsverksemd (499). I alle desse bransjane er det fleire menn enn kvinner som blir sjuke. Den vanlegaste diagnosen i meldingane var sjukdommar i nervesystem og sanseorgan (1 585 meldingar). Av desse var 42 kvinner. Dei diagnosane som oftast blir melde inn for kvinner, var sjukdommar i muskel-skjelettsystemet (160 meldingar) og sjukdommar i hud (144 meldingar). Kap. 3530 Arbeidstilsynet (jf. kap. 530) Post 04 Kjemikaliekontroll, gebyr Inntektsauka på posten frå 1996 har samanheng med ny gebyrforskrift som tok til å gjelde 1. januar 1996, med inntekter frå og med 1997.
KAP. 531 STATENS ARBEIDSMILJØINSTITUTT (jf. kap. 3532) Målsetjingar og verkemidlar Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) skal gjennom forsking, service, utgreiing og informasjon:
Generelt er det eit mål å vere med på å skape ei heilskapleg forståing av arbeidsmiljøproblema. Med sin naturvitskaplege og medisinske basis søkjer instituttet derfor samarbeid med kompetanseinstitusjonar innan organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøproblem der dette fremjer helseperspektivet. Dette gjeld m.a. innan områda inneklima, muskel-skjelettplager og hjarte-/karsjukdommar. Dei viktigaste målgruppene for instituttet er arbeidsmiljøstyresmaktene, verne- og helsetenesta i verksemdene og organisasjonane i arbeidslivet. Dei viktigaste gruppene for fagleg samarbeid og utvikling er helsevesenet, universiteta og forskingsinstitusjonar i inn- og utland. Prioriterte område for Statens arbeidsmiljøinstitutt for 1998 SSom eit tverrfagleg sektorinstitutt må instituttet løyse sine oppgåver i ein vekselverknad mellom grunnleggjande forsking, bruksretta forsking, service- og informasjonsverksemd. Det er ei utfordring for instituttet å bruke spesialkompetansen og tverrfaglege tilnærmingar til nytte for norsk arbeidsliv gjennom forskingsprosjekt, metodeutvikling, arbeidsplassutgreiingar og bransjeundersøkingar. Instituttet tek framleis sikte på å etablere arbeidsplassrelaterte prosjekt i samarbeid med verksemder, bransjeorganisasjonar og fagrørsla med større vekt på feltundersøkingar. Feltundersøkingar vil gjelde fleire forskingsområde, særleg inneklima, belastningslidingar, yrkeshygienisk prøvetaking og prøvetakingsstrategiar. Oppfølging av råd frå evalueringsutvalet, betre samfunns- og forskingsprofilering og oppfølging av pågåande programområde med auka vekt på samarbeid mellom seksjonane ved instituttet, vil vere dei viktigaste utfordringane for instituttet også i 1998. (STAMI blei evaluert i 1995). Sentrale forskingsprogram Dei langsiktige forskingsprogramma som er omtalt i strateginotatet for instituttet er:
Kjemiske arbeidsmiljøfaktorer Innanfor desse programma vil instituttet framleis satse på sjukdommar knytte til kjemiske arbeidsmiljøfaktorer i råvareproduserande tungindustri (aluminiums-produksjon, smelteverksindustrien), i mekanisk industri, i bygg- og anleggsverksemd, jord- og skogbruksverksemd og på problem knytte til dei veksande servicenæringane (inneklima). Inneklima I inneklimasamanheng vil instituttet arbeide for å klargjere samspelet mellom kjemiske og fysiske faktorar og organisatoriske og psykologiske forhold. Dei enkelte intervensjonsforsøka vil bli bestemte av lokale forhold og kan tenkjast å omfatte både fysiske forhold som endra ventilasjon, og forhold knytte til tilrettelegging av arbeidet (arbeidsfysiologi, arbeidsorganisasjon). Kroniske muskelsmerter Å forstå smertemekanismar er sentralt for førebygging og behandling av kroniske muskelsmerter. Det finst kunnskap om nokre av risikofaktorane til kroniske muskelsmerter, men lite kunnskap om årsaksmekanismar. Utfordringa for instituttet er å utvikle metodar for å undersøkje årsaker til muskel-skjelettsmerter og kvifor desse blir kroniske. Det psykofysiologiske fagområdet er sentralt i denne samanhengen. Forskinga må omfatte både psykologiske og organisatoriske forhold på arbeidsplassar og utprøving av tiltak, men er også avhengig av å utvikle metodar på grunnlag av basal forsking. Serviceanalyaer Instituttet skal framleis spele ei sentral nasjonal rolle i utviklinga av kvalitetskontroll av analysar frå andre laboratorier, referansemateriale og eit sentralt eksponeringsregister. Analyse av arbeidsmiljøprøver og biologiske prøver vil bli konsentrert om oppgåver som instituttet har særlege føresetnader for å utføre, eller som ikkje blir dekt godt nok av andre laboratorier. Informasjon og undervisning Informasjons- og undervisningsverksemda held fram i same omfang som tidlegare. Profilering overfor dei viktigaste målgruppene må stadig vere eit satsingsområde. Samarbeid Forskingssamarbeid med universiteta held fram ved at fleire av dei tilsette ved instituttet er knytte til universiteta i bistillingar. Samarbeidsavtalen med Universitetet i Oslo om undervisning i arbeidsmiljøkjemi på hovudfagsnivå held fram, likeins samarbeidet med Rikshospitalet om drift av eit eksponeringskammer som er finansiert av NHO og Aluminiumindustriens miljøsekretariat. I samband med tilnærminga mellom arbeids- og miljømedisin må instituttet også utvikle ein klarare profil i forhold til dei yrkes- og miljømedisinske avdelingane ved regionsjukehusa og helsestellet generelt. Instituttet fungerer som ein viktig utdanningsinstitusjon for spesialitet i arbeidsmedisin. Instituttet vil leggje vekt på å vidareutvikle kontakten med Arbeidstilsynet, slik at instituttet klarare framstår som eit fagleg referanse- og støtteorgan for arbeidsmiljøstyresmaktene. Rapport frå dei siste åra STAMI publiserte i 1996 125 vitskaplege publikasjonar. Mellom anna føreligg resultat innanfor nokre sentrale forskingsområde. Muskel-skjelettlidingar er eit viktig satsingsområde for STAMI. Instituttet har dei siste åra gjennomført prosjekt som både har gitt teoretisk kunnskap om muskelcella sin funksjon og brukande anvendbar kunnskap. Instituttet tek del i eit større intervensjonsforsøk på muskulære belastningslidingar som er finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet blir avslutta i 1998. Det er derfor for tidleg å rapportere resultat. Instituttet held fram inneklimaforskinga med intervensjonsforsøk. Resultata har vist at antistatisk behandling reduserte dei statiske elektriske felta rundt dataskjermen. Forsøket held fram med tilsvarande intervensjonar når det gjeld ventilasjonsforhold, støv og slimhinneirritasjon. Instituttets forsking kring kreft knytt til yrke foregår på fire forskjellige område:
Instituttet har funne at det er samanheng mellom visse sjeldne gen og auka risiko for lungekreft. Det blir arbeidd vidare med studiar av mekanismane ved denne samanhengen. Instituttet har også funne ein samanheng mellom gen som kontrollerer avgifting, (dvs å gjere mindre giftig), av tjærestoff som er vanlege i industrien og kreftrisiko. Individ med disse gena har auka kreftrisiko dersom dei røykjer. STAMI har også funne gen som har med andre mekanismar for avgifting å gjere. Desse gir auka risiko for kreft i urinblæra, ein annan viktig yrkesbetinga krefttype som tjærestoff kan vere årsak til. Instituttet deltek i eit samarbeidsprosjekt med Statens forureiningstilsyn om kjeldesortering av avfall fører til auka risiko for helseskader hos reinhaldsarbeidarar. Undersøkinga viser ingen forskjell mellom innsamling av kjeldesortert avfall samanlikna ved vanleg avfall bortsett frå ved eit system (compostainer/sekkerenovasjon, målt om sommaren). Type renovasjonsbil er truleg viktigare enn oppsamlingsutstyr og type avfall. Meir enn 50 pst. av eksponeringsmålingane ved innsamling av avfall viser eit høgt bakterieinnhald. Det ser ut som om det er ein samanheng mellom talet av bakteriar og slimhinneirritasjon. Eit prosjekt i landbruk viser at eksponering for organisk materiale synest å ha samanheng med bronkitt og astma hos landbrukarar. I tillegg til kjende risikofaktorar som arv og røyking er truleg dyrehald særleg viktig. Instituttet har også utført ei større epidemiologisk undersøking der misdanning og kreft er undersøkt hos 323 292 barn fødde av bønder. Instituttet har funne auka risiko for ei rekkje forskjellige krefttypar når foreldra har vore utsette for plantevernmiddel. Undersøkinga viser også at visse faktorar i korn, truleg sopptoksin, fører til for tidleg fødsel. På gardar med hønsehald fann instituttet auka risiko for hjernetumor hos barna, og eit anna uventa funn var auka risiko for testikkelkreft på gardar der det blir nytta mykje kunstgjødsel. Eit prosjekt i bygg- og anleggsbransjen viser at bygg- og anleggsarbeidarar har auka risiko for luftvegsymptom. Det er påvist fall i lungefunksjonen hos tunnelarbeidarar over berre to vekers arbeid. Dette blir følgt opp med andre indikatorer for lungesjukdom. Ymse metodar for diagnostisering av vibrasjonsskader er testa i samarbeid med ei større verksemd. Førebels resultat tyder på at instituttet har funne eit praktisk brukbart testbatteri. Det er funne symptom og teikn på vibrasjonsskade hos vibrasjonsutsette arbeidstakarar i verksemda. Dei med symptom vil bli følgt opp, og det vil bli gjort vidare vurdering av testbatteriet. Samarbeidsprosjektet med Universitetet i Tromsø, kring helseeffektar i grensenære strok mellom Noreg og Russland i samband med forureiningar frå nikkelverka på Kola, er under publisering. Det er ikkje funne sjukdommar eller helseskadar som kan setjast i samband med forureininga frå nikkelindustrien i den generelle befolkninga, korkje på norsk eller russisk side av grensa. Eit samarbeidsprosjekt for å undersøkje effekten av nikkel på gravide nikkelarbeidarar og nyfødde er under planlegging. I tillegg til desse undersøkingane arbeider instituttet med epidemiologiske prosjekt knytt til nikkel og lungefibrose, elektromagnetiske felt og fødselsskadar, kreft og dødstal i smelteverksindustrien, mangan og helseeffektar, freon og helseeffektar og kreft og dødstal hos sveisarar. Alle desse prosjekta omfattar samarbeid med industriverksemder for å kartleggje eksponering med etterfølgjande analyse av moglege helseeffektar. Instituttet har eit omfattande samarbeid med ulike institutt og universitet nasjonalt og i fleire andre land. Dei største prosjekta er Kola-prosjektet (helse og forureining i Sør-Varanger) og ei rekkje EU-program. Informasjon, opplæring og rettleiing Det er m.a. gjennomført fire grunnkurs for bedriftshelsetenestepersonell og fire samlingar for første kull på programmet for vidareutdanning av bedriftslegar, finansiert delvis gjennom NHOs arbeidsmiljøfond. Tilsette ved instituttet underviser og held foredrag på alle nivå. Største delen av undervisninga har vore for studentar, og på vidare- og etterutdanningskurs for verne- og helsepersonell. Instituttet rettleier studentar og eksternt finansierte stipendiatar som arbeider mot ein doktorgrad. Serviceundersøkingar og analysar Serviceundersøkingar og analysar ligg på eit høgare nivå i 1996 enn tidlegare år, trass i vanskelege forhold i samband med utflytting og nybygg. Instituttet har vurdert 120 pasientar med mogleg yrkessjukdom, i tillegg er 180 personar testa i prosjektsamanheng. Instituttet har starta rådgivingsservice for gravide med eksponering for kjemiske stoff. I samband med kartlegging av miljø og helseforhold har det vore yrkeshygienisk prosjektsamarbeid med 60 verksemder og fleire bransjesamanslutningar. I 1997 vedtok Stortinget at det skulle opprettast eit sekretariat ved STAMI for verne- og helsetenesta i verksemdene. For å kunne nytte dei nasjonale ressursane best mogleg, bad Stortinget om at instituttet skulle etablere eit samarbeid med Universitetet i Bergen. Tilsetjing i dei to stillingane skjer hausten 1997, og samarbeid med Universitetet i Bergen er oppretta. Kap. 3531 Statens arbeidsmiljøinstitutt (jf. kap. 531) Post 03 Oppdragsforsking Posten er motpost til post 21 under utgiftskapitlet 531. Kap. 0532 Produktregisteret (jf. kap. 3532) Produktregisteret er staten sitt sentrale register over kjemiske stoff og produkt. Det skal brukast i helse-, miljø- og tryggleikarbeid. Produktregisteret er i første rekkje eit servicesørvisorgan for Arbeidstilsynet, Oljedirektoratet, Giftinformasjonssentralen, Statens forureiningstilsyn, Statens institutt for folkehelse, Statens arbeidsmiljøinstitutt og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern i deira førebyggjande helse-, miljø og tryggleiksarbeid. Det representerer ei rasjonalisering av innsamling av data om kjemiske produkt. Produktregisteret kan dessutan yte open informasjon til andre som har oppgåver innan helse-, miljø- og tryggleiksektoren. Grunnlaget for alle oppgåver og ytingar til Produktregisteret er databasen som inneheld fullstendig samansetjing og andre viktige opplysningar om kjemiske produkt. Konfidensielle opplysningar frå registeret kan berre nyttast av definerte styresmakter. Basen må oppdaterast kontinuerleg og vere av høg kvalitet for at Produktregisteret skal kunne gi brukarane dei data, rapportar og utgreiingar som dei treng. Kvalitetssikring av dei registrerte opplysningane blir prioritert. Registeret blir oppdatert kvart år. Prioriterte område for Produktregisteret i 1998 Hovudmåla til Produktregisteret er:
Ein reknar med at revidert merkeforskrift "Forskrift om klassifisering, merking m.m. av farlege kjemikaliar", vil ta til å gjelde i 1997. "Forskrifta om deklarering og merking av mikrobiologiske produkt som ved bruk vil kunne tilførast det ytre miljøet" kjem tidlegast i 1998. Produktregisteret vil optimalisere arbeidsmåten sin til endringane, slik at effekten av forandringane blir positivt merkbare for brukarar og deklarantar. Moglege tiltak, som kan gjere det enklare og meir effektivt for næringslivet å gjennomføre plikta til å deklarere, skal vurderast. I samband med at nokre av oppgåvene til registeret ligg innanfor ansvarsområdet til Miljøverndepartementet, yter Miljøverndepartementet midlar til Produktregisteret. Data frå Produktregisteret dannar grunnlag for gebyrinnkrevjing av Statens forureiningstilsyn. I 1997-98 vil det bli lagt vekt på å vidareutvikle registeret sitt analyseverktøy og program etter brukarane sitt behov. Rapport frå dei siste åra Produktregisteret sørgjer for saksbehandling og vedlikehald av nye og gamle deklarasjonar som omfattar alle produkt som skal deklarerast i høve til § 18 i merkeforskriftene. Ved utgangen av 1996 var det registrert 11 946 aktive deklarasjonar for 23 331 merkepliktige produkt som blir produsert eller importert i mengder på 100 kg eller meir. Forskriftene om nye og eksisterande stoff blir administrert av Statens forureiningstilsyn. Produktregisteret utfører delar av oppgåvene i samband med databehandling, registrering, saksbehandling og distribusjon, slik at nye data blir raskt tilgjengelege for dei definerte brukarane. Produktregisteret tek del i og utfører prosjekt og utgreiingar for brukarane sine, slik som: "Undersøkingar rundt førekomst og bruk av produkt som inneheld stoff med hormonliknande effektar" og "Kartlegging av helse- og miljøfarlege stoff i tonarpulver til laserskrivarar og kopimaskiner". Produktregisteret legg vekt på å vere med i nordisk og anna internasjonalt samarbeid innanfor arbeidsområdet sitt. Produktregisteret har dei siste åra hatt eit godt samarbeid med produktregistra i dei andre nordiske landa med årlege møte for å løyse av felles problem. Produktregisteret har sidan 1991 vore med i eit europeisk nettverk der oppgåvene har vore å finne fram til eit felles kodesett for å samanlikne data frå eksisterande og framtidige produktregister, og formulere felles retningslinjer for eksisterande og framtidige europeiske produktregister. Kap. 3532 Produktregisteret (jf. kap. 532) Post 01 Sal av tenester Produktregisteret utfører hovudsakleg tenester for andre statlege etatar. Etaten har høve til å ta betalt for spesielle oppdrag som blir utførte for brukaretatane, evt. andre oppdragsgivarar der dette er naturleg. |