Programområde 14 Bustad...
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
Programområde 14 Bustad, bumiljø og bygningssaker
Under programområde 14 blir regjeringas politikk for bustad, bumiljø og bygningssaker presentert. Programkategori 14.10 Bustad og bumiljø er i hovudsak knytt til verksemda i Husbanken. Programkategori 14.20 Forvaltning av bygningstiltak omtaler verksemda til Statens bygningstekniske etat. Bustadpolitikken og bygningspolitikken har fem hovudmål:
Regjeringas mål og strategiar Bustadpolitikken Bustadpolitikken er ein sentral del av regjeringas politikk for ei god fordeling og betring av levekår og velferd. Samstundes er bustadpolitikken ein viktig del av regjeringas sosial- og helsepolitikk. Den overordna målsetjinga til regjeringa er at alle skal kunne disponere ein god bustad i eit godt bumiljø, jf. St meld nr 4 (1996-97) Langtidsprogrammet 1998-2001. Den bustadpolitiske strategien til regjeringa er bygt på samspel og rollefordeling mellom staten, kommunane og private, her irekna bustadsamvirket. Staten set opp mål og gir dei økonomiske og juridiske rammevilkåra for kommunane og private. Kommunane legg til rette for bustadbygginga, bustadfornyinga og kvalitet i bumiljøet. Kommunane skal òg sørgje for at vanskelegstilte har eit bustadtilbod. Hushalda, bustadsamvirket og andre private tek ansvar som byggherre, bustadeigar og -forvaltar. I gjennomføringa av bustadpolitikken spelar tilskot, lån og rettleiing frå Husbanken ei sentral rolle. Både for Husbanken, men òg for kommunane, er det viktig å bruke dei ulike verkemidla, og kombinasjonar av desse, for å nå dei bustadpolitiske måla. Gjennom Husbanken skal det offentlege påverke investeringar og forbruk i bustadmarknaden. Bustadpolitikken skal òg medverke til å skape ein rimeleg balanse og stabilitet i bustadmarknaden og tilgang på rimelege bustader av nøktern standard. Dette for å fremme ei betre bustadfordeling enn det inntekts- og formuesfordelinga i samfunnet elles skulle tilseie. Regjeringa er oppteken av å gi føresetnader gjennom Husbanken for å finansiere gode bustader til rimelege kostnader. Ein viktig funksjon for Husbanken er derfor å drive kostnadskontroll. Husbankens utlånsramme i 1998 er på 8 mrd. kr og ein nærmare omtale er gitt i St prp nr 1 (1997-98) (Gul Bok), jf. også St meld nr 1 (1997-98) (Nasjonalbudsjettet). Departementet er ansvarleg for å forvalte og utvikle lovverket som reiskap for butryggleik og for ei funksjonell og rettvis organisering av eige- og leigeforhold i bustader og andre bygg. Ny lov om eigarseksjonar blei vedteke i Stortinget våren 1997. Det er dermed etablert eit klarare regelverk for seksjonering av fast eigedom og forholda er lagde betre til rette for drift og administrasjon av eigarseksjonssameiger. Det er teke sikte på at lova skal ta til å gjelde 1. januar 1998. Ved årsskiftet 1997-98 vil det bli lagt fram ein proposisjon om ny husleigelov. Proposisjonen byggjer på NOU 1993: 4 Lov om husleigeavtaler. Det har vore store endringar på bustadmarknaden sidan siste hovudrevisjon av burettslovene i 1977. Våren 1997 blei det derfor oppnemnd eit utval som skal revidere både bustadbyggjelags- og burettslagslova. Utvalet er spesielt bede om å vurdere om bustadsamvirket sine rammevilkår passar i dagens situasjon. Budsjettopplegget for 1998 viser den strategi regjeringa legg opp til for å nå dei mål som er sette i bustadpolitikken. Både bustaddekning og -standard i Noreg ligg på eit høgt internasjonalt nivå. Likevel ser regjeringa utfordringar i dagens bustadmarknad som tiltak for å sikre gode bustadforhold for eldre. Det blir lagt opp til ein auke i bygginga av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar for dei eldre. For ytterlegare å sikre at eldre med låge inntekter skal kunne bu godt, er bustøtta styrka. God ressursforvalting og berekraftig utvikling må òg liggje til grunn i bustadpolitikken, både når det gjeld fornying og bygging av nye bustader. Utvikling av bustadkvalitetar er viktig i velferds-, levekårs- og miljøpolitisk perspektiv. Bygningspolitikken Bygningspolitikken har som mål å sikre kvalitet på bygningar og anlegg som blir omfatta av plan- og bygningslovgivinga. Ein omfattande revisjon av plan- og bygningslova og nye forskrifter om sakshandsaming, kontroll, og godkjenning av foretak for ansvarsrett og teknisk byggjeforskrift blei sette i funksjon 1. juli 1997. Grunnlaget for kvalitetskravet er også offentlege krav nedfelte i teknisk byggeforskrift, mellom anna krav til konstruksjonstryggleik, branntryggleik, sikring av innemiljø, energiøkonomisering og godt tilgjenge i bustader og bygg. Bygningspolitikken skal også sikre omsynet til god og effektiv sakshandsaming i kommunane. Regelverket sikrar dialog mellom kommune, tiltakshavar og dei utøvande og legg til rette for ein god kontroll i byggjesakene, mellom anna gjennom ei sentral godkjenningsordning for ansvarsrett. Andre viktige mål er ein berekraftig ressursbruk og ivaretaking av estetiske omsyn i utforminga av bygningar og anlegg. Tiltak for Oslo indre aust i statsbudsjettet for 1998 Regjeringa vil prioritere innsatsen i dei delane av storbyane der ein stor del av befolkninga har dårlege levekår. Levekår og butilhøve i storbyane blei handsama i St meld nr 14 (1994-95) Om levekår og buforhold i storbyene, jf. Innst S nr 208 (1994-95). St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Noreg, jf. Innst S nr 225 (1996-97) er òg med og legg føringar for det vidare arbeidet for å forbetre levekår i utsette storbyområde. Regjeringa har gjort avtale med byrådet i Oslo kommune og vil samarbeide med kommunen om eit handlingsprogram for betre levekår i Oslo indre aust. Ei plattform blei underteikna av byrådsleiaren og kommunalministeren i juni 1997. Plattforma har følgjande ordlyd: "Bedre levekår i Oslo indre øst Politisk plattform for samarbeid mellom Regjeringen og byrådet om et handlingsprogram Det er bred politisk enighet om at opphopingen av levekårsproblemer i Oslo indre øst er uakseptabel. Regjeringen, Stortinget og Oslo kommune ønsker en forenet innsats for bedre levekår i Oslo indre øst. I bydelene 4 - Sagene Torshov, 5 - Grünerløkka Sofienberg og 6 - Gamle Oslo er det større problemer knyttet til dårlige boforhold, fysisk miljø, arbeidsledighet, helse, skoleforhold og manglende norskkunnskaper enn noen andre steder i landet. Derfor er det store utfordringer for kommunen og staten, og også klare muligheter for å lykkes med et program for bedre levekår i disse tre bydelene. Plasseringen sentralt i Oslo gir både fordeler og ulemper: Kort avstand til sentrum, men trafikkplager og andre miljøproblemer. Oslo indre øst har mange kvaliteter: Levende tradisjoner, lokalt samhold og kulturelt mangfold. Verdifulle bymiljøer, kulturminner og grønne lunger kan utnyttes når vi vil skape et godt bymiljø. På oppfordring fra kommunalministeren la Oslos byråd i november -96 fram utkast til et handlingsprogram på ti års sikt. Oslo bystyre vedtok 30.04.97 å gi byrådet fullmakt til å gå inn i drøftinger med staten med sikte på å utarbeide et omforent handlingprogram. En administrativ gruppe med medlemmer fra staten og kommunen vil legge fram et notat om samarbeidsområder og mulige tiltak. Regjeringen ved kommunal- og arbeidsministeren og byrådet er enige om følgende plattform for samarbeid over en ti års periode om gjennomføring av et handlingsprogram for bedre levekår i Oslo indre øst:
Strategi Regjeringen og byrådet vil understreke at strategien for bedre levekår er å forbedre boforholdene og skape stabile bomiljø der det er rom for en variert befolkning. Boligmassen må utvikles slik at denne delen av byen blir et varig boalternativ for flere grupper. Omgivelsene må rustes opp for å gi godt miljø og større trygghet for eldre og barn. Trafikksystemet må bli mer miljøvennlig med tiltak på kort og lang sikt. Barnas oppvekstvilkår er sentrale for familienes levekår. Derfor skal skoler, barnehager og ungdomstiltak utvikles. Det offentlige tilbudet til befolkningen skal være preget av høy kvalitet, og målet er å sikre velferden for alle. Det er et mål å motvirke sosiale forskjeller som følger skillet mellom personer med innvandrerbakgrunn og den øvrige befolkningen. De offentlige tilbudene overfor arbeidsløse, eldre, bostedsløse og andre vanskeligstilte skal tilpasses bydelenes særlige problemer. Satsingsområder
Kommunalministeren vil holde årlige kontaktmøter med Oslo kommune om levekårsutviklingen i Oslo indre øst og samordne regjeringens kontakt med byrådet om handlingsprogammet. Aktuelle tiltak innenfor handlingsprogrammets satsingsområder vil bli revidert og supplert i årene som kommer. Nærmere opplegg for organiseringen av samarbeidet om handlingsprogrammet vil bli avtalt mellom departementet og byrådet." Oslo kommune har teke ansvar for planlegging og gjennomføring av tiltak innanfor handlingsprogrammet. Statlege organ vil, på aktuelle område, samarbeide med kommunen for å leggje tilhøva til rette for gjennomføring av programmet. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil koordinere departementa sitt samarbeid med kommunen. Kommunalministeren vil halde regelbundne kontaktmøte om handlingsprogramsamarbeidet med byrådet i Oslo. Ei administrativ styringsgruppe mellom kommunen og departementa følgjer opp dei politiske retningslinjene som blir gitt. Over programkategori 14.10 Bustad og bumiljø, er det løyvt 50 mill. kr i 1997 til oppfølging av samarbeidet, jf. kap. 581, post 60. Innanfor dei ulike sektorbudsjetta er det òg løyvingar og tiltak som har mykje å seie for utvikling av betre levekår i Oslo indre aust. Nedanfor gjer vi kort greie for viktige tiltak under dei ulike departementa sine budsjett. Barne- og familiedepartementet (BFD) Eit forsøk i tre år med korttidsbarnehage for alle 5-åringar i ein bydel i Oslo indre aust vil bli gjennomført i samarbeid med Oslo kommune frå hausten 1998. Eit forprosjekt startar i år. Formålet er særleg å betre læringa av norsk språk for barn med tospråkleg bakgrunn, jf. St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Noreg. Tilskot til driftsutgiftene blir dekt over kap. 856 Barnehagar. BFD arbeider også på andre vis for å leggje til rette barnehagetilbodet for innvandrarfamiliar. BFD gir tilskot til ungdomstiltak i større bysamfunn for å betre oppvekstmiljøet. Alle dei tre bydelane i Oslo indre aust kan i 1998 få tilskot til investeringar eller driftstiltak for ein betre fritidssituasjon for barn og unge. BFD har registrert store behov for slike tiltak og legg vekt på å stimulere integrasjonen i det norske samfunnet av barn og unge med innvandrarbakgrunn. Justisdepartementet (JD) Politiet (kap. 440) har i stor grad lagt vekt på førebyggjande tiltak i Oslo indre aust, m.a. med vekt på synleggjering av politiet sin uniformerte teneste, god kontakt med publikum og utvikling av lokalområdepoliti. Målretta arbeid mot kvardagskriminalitet, vald, narkotikakriminalitet og skadeverk vil bli prioritert. Det blir særskilt lagt vekt på oppsøkjande arbeid i ungdomsmiljø, kontakt med barn og ungdom med innvandrarbakgrunn, samarbeid med sosialetaten, skulane og barnehagane. Oslo indre aust er i tillegg til sentrumsområda eit prioritert område for tiltak mot gatevald, m.a. vald i samband med skjenkestader. Arbeid mot innbrot og vald som rammar eldre skal prioriterast. Kulturdepartementet (KD) Storbyprosjektet set fokus på idrett som miljøskapande faktor. Tiltak i Oslo indre aust for uorganiserte barn, unge og innvandrarkvinner vert støtta av departementet med øyremerka spelemidlar til Oslo idrettskrets. Storbysatsinga til Rikskonsertane og musikkverkstadene har i stor grad blitt retta mot skular og ungdom i Oslo indre aust. M.a. Internasjonalt Kultursentrum og Museum, Det Åpne Teater og Nordic Black Theatre får støtte over KDs budsjett. Rikskonsertane, Riksteateret og Riksutstillingar får lokale saman ved Nedre Foss ved Akerselva i år 2000. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) Skulane i Oslo indre aust står overfor spesielle utfordringar. KUF vil medverke til at det blir sett i gang utviklingsprosjekt ved skular i bydelane. I prosjekta bør det særskilt leggjast vekt på å utvikle eit heilskapleg oppvekst- og læringsmiljø for elevane. Det vil òg vere viktig å styrke kontakten med elevane sine føresette. Det blir arbeidd med oppfølging av tiltak for betre opplæring i norsk m.m. for personar med innvandrarbakgrunn, jf. St meld nr 17 (1996-97). KUF har gjort vedtak om å flytte Arkitekthøgskulen i Oslo til nye leigelokale i Maridalsvegen 29. Statsbygg vil stå for rehabilitering og utleige av lokala. Departementet vil dessutan vurdere ulike lokaliseringsalternativ i Oslo indre aust for Kunsthøgskolen i Oslo. Statsbygg har fått i oppdrag å førebu ein open konkurranse i eigedomsmarknaden i Oslo om tilbod på lokale. Miljøverndepartementet (MD) Miljøbyen Gamle Oslo er eit samarbeidsprosjekt mellom MD og Oslo kommune. Tilskotet til Miljøbyen Gamle Oslo blir ført vidare i 1998. Miljøverndepartementet koordinerer departementa sin kontakt med kommunen når det gjeld arbeidet for ei positiv byutvikling i Bjørvika-området. Planleggings- og samordningsdepartementet (PSD) Statsbygg har i seinare tid kjøpt opp fleire eigedomar i området ved Akerselva. Det skal skape grunnlag for etablering av statlege institusjonar i Oslo indre aust. Dette kan bli eit viktig bidrag til utviklinga i Oslo indre aust, og representerer på same tid ein sentral arealreserve for Statsbygg. Samferdselsdepartementet (SD) Jernbaneformål: Arbeidet med å følgje opp Stortingets vedtak i samband med handsaminga av St prp nr 33 og Innst S nr 155 (1996-97) om konsekvensutgreiing for jernbanetunnel under Gamlebyen i Oslo, er godt i gang. For 1998 fremmer SD forslag om sluttløyving til støyskjermingstiltak og installering av luftventilar på støyutsette hus i Gamlebyen. Tiltaka skal etter planen gjennomførast før flytoga blir sette i drift i oktober 1998. Arbeidet med ny konsekvensutgreiing for jernbanetunnel i Gamlebyen, søre korridor, er sett i gang og melding med forslag til utgreiingsprogram etter plan- og bygningslova, kap. VII a, blei lagt ut til offentleg ettersyn 26. august 1997. Konsekvensutgreiingsprosessen er koordinert med Oslo kommune som samtidig har sett i gang eit arbeid med ein heilskapleg og samordna planprosess for området Gamlebyen/Bjørvika/Bryn. Vegformål: E 18 Bjørvikaprosjektet vil frigjere store vegareal og dermed legge til rette for byutviking, m.a. næringsutvikling og vidare utvikling av Miljøbyen Gamle Oslo. Rv 161 Galgebergsambandet vil føre til at rv. 161/Ring 2 og indre by aust får betre tilknyting til hovudvegnettet i Lodalen. M.a. vil ei ny bru i Lodalen bli tatt i bruk. Det kan også bli aktuelt med ulike prosjekt knytte til gang- og sykkelvegar i området i 1998. Sosial- og helsedepartementet (SHD) Prosjekt som kan spele ei rolle for forbetring av levekåra i Oslo indre aust er t.d. forsøksprosjekt for utvikling av den kommunale sosialtenesta og prosjekt knytte til situasjonen for eldre og funksjonshemma innvandrarar. Alle tre bydelane har frivilligsentralar med statsstøtte. Eit oppsøkjande team knytt til Uteseksjonen i Oslo, som driv førebyggjande verksemd blant unge med innvandrarbakgrunn i Oslo indre aust, er etablert med støtte frå SHD. Av tiltak i narkotikapolitikken kan nemnast at den nyleg framlagde St meld nr 16 (1996-97) Narkotikapolitikken, slår fast at det skal sytast for tilstrekkeleg informasjonsmateriell om narkotika til minoritetspråklege og utviklast kompetanse i tiltaksapparatet for personar med innvandrarbakgrunn og rusmiddelproblem. I St meld nr 50 (1996-07) Handlingsplan for eldreomsorgen er det i kap. 5.4. særskilt gjort greie for pleie- og omsorgstenester til innvandrarar. I meldinga har regjeringa lagt vekt på at tilpassing til eit fleirkulturelt samfunn medfører at tenestene må leggjast til rette for å gi eit likeverdig tilbod til ei meir mangfaldig brukargruppe. Kommunal- og arbeidsdepartementet Kommunal- og arbeidsministeren har ansvaret for å koordinere departementa sitt samarbeid med Oslo kommune om handlingsprogrammet. Ei løyving til bruk i samarbeid med Oslo om handlingsprogrammet er for 1997 gitt over kap. 581, post 60. Situasjonen på arbeidsmarknaden i Oslo indre aust er kjenneteikna ved høg arbeidsløyse blant innvandrarar og ungdom. Langtidsarbeidsløysa er òg høgre enn landsgjennomsnittet. Vi ventar at arbeidsmarknaden vil betrast samanlikna med 1996-97. Det vil òg kome dei arbeidslause i Oslo indre aust til del. Regjeringa gjer framlegg om å redusere dei samla løyvingane til arbeidsmarknadstiltak og administrative ressursar i arbeidsmarknadsetaten for 1998. Prioritering av innsatsen for langtidsarbeidslause og ungdom skal vidareførast innanfor dei rammer som vert stilt til rådvelde. Innsatsen for innvandrarar vil bli halde på eit høgt nivå. Dette vil òg vere til fordel for Oslo indre aust. Arbeidskontora vil i samarbeid med bydelsadministrasjonane i Oslo indre aust prioritere kvalifiseringstiltak retta mot innvandrarar og flyktningar. Butilhøve: Aktivitetar for å utbetre bustader, forbetre bumiljø og leggje til rette for gode, varierte bustadområde i Oslo indre aust synest å vere sterkt påverka av svingingar i byggje- og bustadmarknaden i Oslo-regionen. Oslo kommune har utforma ein ny byfornyingsstrategi. Bystyret har fått framlegg om nye retningsliner for kommunen sin bruk av tilskotet til byfornying frå Husbanken og kommunen sjølv. Husbankens tilskot til byfornying og bustadkvalitet vil bli fordelt i forhold til etterspørselen frå kommunane og dei private og kooperative byggherrane som er aktive. Innanfor ei slik ramme er tiltak for betre buforhold i Oslo indre aust prioritert. Når det gjeld tiltak på bustadsektoren som gjeld nye sjukeheimsplassar, omsorgsbustader, utleigebustader for ungdom og bruken av bustadtilskot til vanskelegstilte og tilskot til bumiljøføremål, skal Husbanken òg gi gode prosjekt i Oslo indre aust høg prioritet. Regjeringa føreset i så fall at Oslo kommune går inn for ei slik prioritering som ledd i handlingsprogrammet for betre levekår i Oslo indre aust. Regjeringa vil peike på at det er ei utfordring for kommunen sin bustadpolitikk at tilskotsordningane blir brukte til aktiv utforming av ein heilskapleg bustadpolitikk i kommunen. Innanfor samarbeidet mellom regjeringa og Oslo kommune om handlingsprogrammet blir det sett ned ei arbeidsgruppe for å greie ut behova på bustadsektoren og vurdere bruken av verkemiddel for å skape betre buforhold. Innvandrarar og integrering: Arbeidet med oppfølging av tiltaka i St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge, vil halde fram i 1998. Mange av tiltaka, til dømes i høve til norskopplæring og korttidsbarnehage, vil kome folk i Oslo indre aust til gode. Det same gjeld forslag om auka innsats mot rasisme og diskriminering, mellom anna gjennom ein ny handlingsplan frå regjeringa og etablering av ei ordning med juridisk hjelp til personar som opplev diskriminering. Løyvingane over Kommunal- og arbeidsdepartementets budsjett i samband med integrering og busetjing av flyktningar, integreringstiltak for innvandrarar og tilskot til lokale innvandrarorganisasjonar (kap. 521) bør òg sjåast i samanheng med målsetjingane for handlingsprogrammet for Oslo indre aust.
Programkategori 14.10 Bustad og bumiljø Husbanken er staten sitt sentrale gjennomføringsorgan i bustadpolitikken. Husbanken forvaltar alle dei verkemiddel som blir omtalte nedanfor, bortsett frå kap. 581, post 60 Handlingsprogram for Oslo indre aust og post 73 Tilskot til opplysning, informasjon m.m. som blir forvalta av departementet. Husbanken gir lån og tilskot til bustadbygging, bustadfornying, bustadetablering, omsorgsbustader, sjukeheimar, barnehagar m.m. Regjeringa legg vekt på at Husbanken skal bruke lån, tilskot og rettleiing for utjamning av levekårsskilnader, og fremme miljø-, sosial- og velferdspolitiske mål. Delar av Husbankens låne- og tilskotstilbod er behovsprøvt. Desse midla blir retta mot husstander som på eiga hand har vanskar med å skaffe seg høveleg bustad til ein kostnad som er akseptabel. Husbankens behovsprøvde ordningar har fått større vekt gjennom fleire år, men framleis spelar dei ikkje-behovsprøvde låna i Husbanken ei viktig rolle for å nå dei bustadpolitiske måla. Stortinget vedtok i 1995 ei omlegging av Husbankens rentevilkår og subsidieprofil. Husbanken forvaltar viktige verkemiddel som skal stimulere bygging av omsorgsbustader for eldre og funksjonshemma og verkemiddel som skal auke bustad- og bumiljøkvalitetar i eksisterande bustadområde, særleg i byar og tettbygde strok. Regjeringa slår fast at Husbanken òg skal vere ein generell bustadbank. Banken skal fremme bygging av bustader med nøktern standard og god kvalitet. Omsynet til god økologisk og økonomisk ressursbruk skal bli teke vare på. Husbanken har, i samsvar med regjeringa si satsing på byfornying, levekår og butilhøve, fått større ansvar for bustad- og miljøkvalitetar og fornying av bustadmassen gjennom særskilde tilskot til byfornying, bustadkvalitet og bustadmiljø. Regelverket for bustøtte har både individkrav og kvalitative krav til bustaden. Husbanken er sekretariat for Statens byggjeskikkutval. Utvalet arbeider for betre byggjeskikk og betre kvalitet i dei bygde omgivnadene, både funksjonelt, estetisk og ut frå omsynet til ei berekraftig utvikling. Arbeidet med målstyring og resultatrapportering i samband med det nye økonomireglementet for staten er ei prioritert oppgave. Eit oversyn over resultatmål og -indikatorar for 1998 for dei tre største tilskotsordningane gjennom Husbanken: kap. 581, post 70 Tilskot til byfornying og bustadkvalitet, kap. 581, post 74 Bustadtilskot til etablering, utbetring og utleigebustader og kap. 586, post 62 Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, er gitt under omtalen av dei respektive ordningane. Dei resterande tilskotsordningane og bustøtta vil, på tilsvarande vis, bli presenterte i budsjettproposisjonen for 1999. Tabell 14.1 Husbankens verksemd 1995-96.
*Ordninga med Tilskot til bustadkvalitet er ny frå 1996. Dei enkelte støtte- og tilskotsordningane Det er viktig å sjå utforminga og bruken av dei ulike ordningane i samanheng med hovudmålsetjingane i bustadpolitikken. Bustøtta er eit av dei mest sentrale verkemidla til å sikre barnefamiliar og trygda hushald med låge inntekter og etter forholda høge buutgifter, eit høve til å skaffe seg og bli buande i ein god bustad, jf. kap. 580. Ordninga sorterer i fremste rekkje under hovudmåla om god bustadfordeling og butryggleik. Bustadtilskot til etablering, utbetring og utleigebustader på kap. 581 sorterer i hovudsak under hovudmålet om god bustadfordeling. Tilskot til handlingsprogrammet for Oslo indre aust og tilskot til byfornying og bustadkvalitet er sentrale budsjettpostar med omsyn til å betre levekår, bumiljø og kvaliteten på eldre bustader. Ordningane sorterer under hovudmålet om gode bustader, god byggkvalitet og godt bumiljø. Kap. 581 omfattar også eit utviklingstilskot til mellom anna bumiljø og eit tilskot disponert av departementet til informasjon om bustad- og bygningspolitiske forhold. Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar blir løyvt over kap. 586. Tilskotet verkar på alle dei bustadpolitiske måla, men ligg i hovudsak under hovudmålet om god bustaddekning og godt fungerande bustad- og byggjemarknad. Oppfølging og kontroll For alle dei ulike låne-, tilskots- og støtteordningar gjennom Husbanken ligg det føre forskrifter og detaljerte retningslinjer for til dømes tildeling, utmåling, utbetaling, rapportering og kontroll. I Lov om Den Norske Stats Husbank er det vedteke at Stortinget oppnemner ein kontrollkomité. Kontrollkomiteen fører tilsyn og kontroll med verksemda i banken. Verksemda skal foregå på ein sikker og føremålstenleg måte i samsvar med lov, stortingsvedtak, forskrifter gitt av departementet og andre reglar og retningslinjer banken er pliktig til å rette seg etter. Det ligg òg føre forskrifter både om intern og ekstern revisjon i banken. Den eksterne revisjonen reviderer årsmelding, resultatrekneskap, balanse og notar som blir lagt fram av styret og administrerande direktør i banken. Anna kvart år blir det lagt fram ei melding for Stortinget som rapporterer om verksemda i Husbanken dei to føregåande åra. |