Tilråing

Tilråing

Kommunal- og regionaldepartementet

tilrar:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til at Noreg tiltrer rekommandasjon nr. 189 om generelle vilkår for å fremme jobbskaping i små og mellomstore bedrifter, vedteken på den 86. internasjonale arbeidskonferansen i Genève, 2.-18. juni 1998.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til at Noreg tiltrer rekommandasjon nr. 189 om generelle vilkår for å fremme jobbskaping i små og mellomstore bedrifter, vedteken på den 86. internasjonale arbeidskonferansen i Genève, 2. -18. juni 1998, i samsvar med eit framlagt forslag.

Tilråding frå Kommunal- og regionaldepartementet ligg ved.