1 Innleiing og samandrag
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
1 Innleiing og samandrag
1.1 Innleiing
Regjeringa legg med dette fram ei stortingsmelding om utviklinga av distrikts- og regionalpolitikken. Ei prinsippmelding om distrikts- og regionalpolitikken vert lagd fram kvart fjerde år. Førre melding vart lagt fram våren 1993, St, meld. Nr. 33 (1992-93) "By og land hand i hand. Om regional utvikling".
Meldinga om distrikts- og regionalpolitikk bygger på Langtidsprogrammet som vart lagt fram 7. mars 1997. Meldinga har ein breiare gjennomgang av distrikts- og regionalpolitikken enn Langtidsprogrammet. Samtidig med distrikts- og regionalmeldinga vert det og lagt fram andre meldingar som er viktige i distrikts- og regionalpolitisk samanheng. Det er særleg grunn til å framheve Miljøverndepartementet si melding om regional planlegging, og Nærings- og handelsdepartementet si melding om SND.
I distrikts- og regionalmeldinga vert utviklinga av busetting, folkesetnad og levekår analysert, og sett i samanheng med næringsutvikling og viktige utviklingstrekk innanfor andre viktige politikkområde. Målet for distrikts- og regionalpolitikken er å halde oppe hovuddraga i busettingsmønsteret og å utvikle robuste regionar i alle delar av landet. Utviklinga dei siste åra har vist at regionale senter i distrikta klarer seg godt, mens busettingsmønsteret i ei rekke distriktskommunar over tid vil vere trua. Regjeringa har derfor auka ambisjonar på det distriktspolitiske feltet, og vil på brei basis sikre eit høgt nivå på den distriktspolitiske innsatsen. Med dei store problema det no er i utkantane, må meir av ressursane konsentreras om å fremme utviklinga i slike område. For å få meir effekt av innsatsen vil ein satse på:
- ei betre målretting og regional tilpassing av verkemidla.
- særskilde satsingar for å sikre sysselsetting og velferdstilbod i utkantområde med stor nedgang i folketalet.
1.2 Endringar i folkesetnad, busettingsmønster og levekår
Måla i distrikts- og regionalpolitikken er knytte til endringar i folkesetnad og i busettingsmønster. Den låge folketettleiken og store avstandar i delar av landet gjer at busettingsmønsteret somme stader kan vere sårbart. Dersom folketalet går for mykje ned i slike område, kan det bli vanskeleg og kostbart å halde oppe viktige samfunnsfunksjonar både i offentleg og privat sektor.
Av landsdelane er det først og fremst Sørlandet og Sør-Vestlandet som har hatt stor vekst i folketalet sidan først på 1980-talet. Også det sentrale Austlandsområdet har hatt ein vekst over landsgjennomsnittet. På Vestlandet har folketalet auka om lag like mykje som i landet under eitt, mens veksten i Nordmøre og Trøndelag har vore om lag halvparten av landsgjennomsnittet. Folketalet på det indre Austlandet og i Nord-Noreg er om lag det same i dag som det var for femten år sidan. Konsentrasjonen innanfor landsdelane har vore sterkast i Nord-Noreg. I 1996 har Nord-Noreg hatt nedgang i folketalet.
Mange kommunar har hatt nedgang i folketalet gjennom fleire tiår. Dei siste 10 åra har det vore nedgang i 231 kommunar. I 125 kommunar var nedgangen i tiårsperioden større enn 5 %. 50 kommunar hadde meir enn 10 % nedgang, medan 12 kommunar hadde nedgang større enn 15 %. I mange utkantkommunar har denne utviklinga ført til ein skeiv struktur i befolkninga. På grunn av dette er det fare for at folketalet vil halde fram med å gå ned, sjølv om utflytting frå kommunane stansar opp. Det er nødvendig å rekruttere fleire unge hushold til desse kommunane. Det er ei særleg utfordring å rekruttere unge kvinner.
Sidan 1970-talet har det vore satsa sterkt på utvikling av sentre i distrikta. Viktigast er satsinga på kommunesentra. Den viktige rolla kommunane har fått innanfor det norske velferdssamfunnet har gjort at kommunesentra er blitt tilført mange nye oppgåver. Det er vidare bygd ut ei rekkje funksjonar på eit høgare geografisk nivå. Dette har styrka dei regionale sentra. Det er viktig å utvikle vidare den senterstrukturen vi har.
Dei store skilnadene i levekår mellom landsdelar og mellom by og bygd er langt på veg borte. Det er framleis skilnader i graden av arbeidsløyse. Den har i heile perioden etter 1993 vore lågast i Sogn og Fjordane, medan Telemark og Finnmark har hatt høgast arbeidsløyse. Reduksjonen i arbeidsløysa har i åra 1994-1996 vore noko lågare i Nord-Noreg enn elles i landet. Nord-Noreg har vidare ein større del uføretrygda, noko som også har samanheng med arbeidsmarknaden. Skilnadene i personleg inntekt landsdelar og fylke imellom er blitt mindre. Utdanningsnivået er gått kraftig opp i alle delar av landet, men det er framleis skilnader mellom by og bygd. Innanfor fylka er det framleis gjennomgåande skilnader i levekår. Utviklinga i ein del utkantkommunar med nedgang i folketalet er urovekkande.
1.3 Næringsutvikling og føresetnader for regional næringsvekst
Auka konkurranse er eit trekk som påverkar utviklinga i mange delar av økonomien og samfunnet. Den teknologiske utviklinga og nedbygging av handelshinder gjer sitt til at fleire marknader blir kopla saman. Verksemder som tidlegare var skjerma, må i aukande grad møte konkurrentar.
Ny teknologi medverkar òg til ei stadig forbetring og utskifting av produkta, utvikling av nye produkt og samstundes ein meir effektiv produksjon. Ein stadig større del av verdiskapinga ligg i den kunnskapen som blir tilført produkta. For produsentane vil det seie krav om å meistre ein stadig meir komplisert framstillingsprosess, med krav til kvalitet, pris, kundetilpassing og knappe leveringstider. Det set store krav til kompetanse i arbeidsstyrken og til opplæring og nyskaping i bedrifter og næringsmiljø. Samspelet mellom bedrifter med ulike roller i verdikjeda, finansieringsinstitusjonar, offentlege aktørar, regionale høgskular og nasjonale kompetansesenter er mykje meir i fokus. Slike produksjonsmiljø - eller regionale verdiskapingsmiljø - blir stadig viktigare i næringsutviklinga.
Regionale verdiskapingsmiljø omfattar ofte små og mellomstore bedrifter, og dei står for ein stor del av sysselsettinga og verdiskapinga i privat sektor. I Noreg hadde i 1995 vel 96 % av alle bedriftene tjue eller færre tilsette.
Nye arbeidsplassar blir skapte gjennom nyetableringar og vekst i eksisterande bedrifter. Kvart år blir det etablert og nedlagt omlag ein tidel av den samla bedriftsmassen. Behovet for kontinuerleg forbetring, nyskaping, oppgradering i høve til ny teknologi og kunnskap gjer at kompetanse og spreiing av kompetanse til dei små og mellomstore bedriftene blir ei sentral oppgåve i distrikts- og regionalpolitikken.
Nyskaping er ei av dei fundamentale drivkreftene i den økonomiske utviklinga. Dette blir stadfesta både i nyare økonomisk teori og gjennom dei røynslene som mellom anna er oppsummerte i ulike OECD-studiar. Organiseringa av produksjonen og evna til å ta i bruk ny kunnskap og setje nyskaping i system er viktige konkurransefaktorar.
For bedrifta er det viktig at kunnskapen er tilgjengeleg, og at bedrifta har evne og høve til å utnytte kunnskap og ny teknologi. Ikkje minst er telekommunikasjonar og informasjonsteknologi område der det er viktig at infrastrukturen er godt utvikla, og at bedriftene er godt oppdaterte med omsyn til dei moglegheiter bedriftene har til å gjere nytte av tele- og informasjonsteknologien til mellom anna å redusere avstandsulempene.
1.4 Den breie distrikts- og regionalpolitikken er framleis viktigast
Det går no føre seg ein del endringar i sektorpolitikken som skaper nye utfordringar for utviklinga i distrikta. Den distriktspolitiske effekten av innsatsen på andre politikkområder er omfattande. Det er vanleg å kalle denne samla innsatsen for den breie distrikts- og regionalpolitikken, medan dei distriktspolitiske verkemidla over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett vert kalla den smale distrikts- og regionalpolitikken. Det er liten tvil om at det er den breie distrikts- og regionalpolitikken og den generelle økonomiske politikken som har mest å seie for å utvikle levekåra og tryggje busettingsmønsteret i alle delar av landet. For å få størst mogleg effekt er det viktig å sjå innsatsen innanfor dei ulike sektorane i samanheng.
Større grad av marknadsorientering har vore nødvendig for å sikre ein mest mogleg effektiv ressursbruk innanfor samferdslesektoren. Viktige samferdsleetatar som postverket og televerket har møtt sterkare konkurranse og blitt omdanna til statlege selskap. Ei friare stilling i høve til staten har gjort Posten og Telenor i stand til å møte den auka konkurransen. Det har ført til store kostnadsreduksjonar som kundane, ikkje minst i distrikta, nyt godt av. Både Posten og Telenor har samfunnspålagde oppgåver, og basistenestene skal vere tilgjengelege for innbyggjarane og næringslivet i heile landet.
Det er eit mål å sikre ein omfattande og kostnadseffektiv landbruksproduksjon i Noreg, som kan gje grunnlag for sysselsetting i primærproduksjon og foredlingsindustri. Landbruket må framleis spele ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle robuste distrikt og bygdesamfunn. Det er gjennomført tiltak som har gitt kostnadsreduksjonar i landbruket, til beste for forbrukarane. Ei slik utvikling må halde fram, men dette må skje på ein måte som i tilstrekkeleg grad sikrar dei distriktspolitiske omsyna. Det har til følgje at inntektsvilkåra og produksjonen i distriktsjordbruket må haldast oppe, samstundes som ein må leggje stor vekt på å utvikle ny næringsaktivitet i lokalsamfunn der landbruket veg tungt.
Fiskerinæringa er ei av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg, og ho er basisnæring i mange kystsamfunn. Slik Regjeringa vurderer det, er utviklinga av ei lønsam og berekraftig fiskeri- og havbruksnæring det sikraste grunnlaget for vidare busetnad, sysselsetting og utvikling langs kysten. Regjeringa vil m.a. arbeide for ei forvaltning av fiskeressursane som sikrar ei høgast mogleg langsiktig og berekraftig avkasting, ei miljøsikker havbruksnæring og eit godt fiskerihamntilbod.
For kommunesektoren har det vore nødvendig å sikre eit finansieringssystem som legg grunnlaget for eit mest mogleg likeverdig tenestetilbod, samstundes som tilbodet ikkje blir dårlegare der det i dag er best utbygd. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at tilbodet blir betre der det i dag er dårlegast, utan at det blir dårlegare der det i dag er godt.
Regjeringa sitt mål om berekraftig utvikling legg viktige premiss for distrikts- og regionalpolitikken. Dette inneber mellom anna at verdiskapinga i distrikta må skje innanfor dei grensene naturen set. Mange distrikt er avhengige av eit miljø- og naturbasert næringsliv. Berekraftig bruk av naturressursane i slike område er derfor ein føresetnad både for ei vidare utvikling av næringslivet og for å ta vare på regionane sine føremonar.
Regjeringa legg vekt på utvikling av kulturområdet som eit berande element i utviklinga av gode lokalsamfunn. Alle delar av landet skal ha tilgang til kulturuttrykk og kulturaktivitet. Staten vil få ein pådrivarrolle i denne satsinga. I samråd med kommunar og fylkeskommunar, m.a. ved val av signalprosjekt og initiativ til nettverksbygging.
Kommunal- og arbeidsdepartementet arbeider med å førebu det faglege grunnlaget for å greie ut distriktspolitiske konsekvensar av større politikkomleggingar innanfor viktige samfunnsområde. Arbeidet blir sett i samanheng med arbeidet i Kostnadsberekningsutvalet. Regjeringa vil vidare ta initiativ til ein brei gjennomgang av effektane for distrikta av ulike verkemiddel, mellom anna samferdselsinvesteringar og ulike ordningar innanfor landbruket. Målet med utgreiinga vil vere å sikre at den distriktspolitiske innsatsen på ulike område i større grad vert vurdert i samanheng, slik at den samla innsatsen vert meir målretta.
1.5 Mål og nasjonale strategiar
Målet for distrikts- og regionalpolitikken er å halde oppe hovuddraga i busettingsmønsteret og å utvikle robuste regionar i alle delar av landet.
Dette målet ligg fast. Det er særleg viktig å styrke næringslivet og legge til rette for utvikling av konkurransedyktige bedrifter i alle delar av landet. Utviklinga dei siste åra har vist at regionale senter i distrikta klarer seg godt, mens busettingsmønsteret i ei rekke distriktskommunar over tid vil vere trua. Regjeringa har derfor auka ambisjonar på det distriktspolitiske feltet, og vil på brei basis sikre eit høgt nivå på den distriktspolitiske innsatsen. Med dei store problema det no er i utkantane, må meir av ressursane konsentreras om å fremme utviklinga i slike område. For å få meir effekt av innsatsen vil ein satse på:
- ei betre målretting og regional tilpassing av verkemidla.
- særskilde satsingar for å sikre sysselsetting og velferdstilbod i utkantområde med stor nedgang i folketalet.
Grunnlaget for ei god utvikling i distrikta blir lagt gjennom ein forsvarleg økonomisk politikk og ein distrikts- og næringspolitikk som fremmer eit lønsamt og vekstkraftig næringsliv i alle delar av landet innanfor rammene for ei berekraftig utvikling. Regjeringa vil framleis legge vekt på at distrikts- og næringspolitikken framstår som heilskapleg, med ei god samordning av verkemidla.
Innsatsen for næringsutvikling i distrikta utgjer ein ekstrainnsats i forhold til den generelle næringspolitikken. Ein tilsvarande ekstrainnsats har vi også i område med einsidig næringsgrunnlag, gjennom omstillingsarbeidet. Med Noreg sin spesielle geografi vil likevel innsatsen i distrikta vere den viktigaste. På andre politikkområde blir også omsyna til distrikta lagt vekt på.
I andre land i Europa skjer det ei utvikling der det regionale nivået blir viktigare. I EU har regionale styresmakter og representantar for nærings- og arbeidsliv i eit område stor innverknad på mål og strategiar i utviklingspolitikken. Dette gjeld i høve til korleis ein distrikts- og regionalpolitisk ekstrainnsats skal utformast, men og generelt i høve til annan politikk som er viktig for utviklinga i det einskilde området. I ei vidare utvikling av norsk distrikts- og regionalpolitikk, der regionane spelar ei viktigare rolle i utforminga av mål og strategiar, er det framfor alt fylkesnivået som blir den naturlege eininga å satse på. Fylkeskommunane -saman med SND, fylkesmannen og andre regionale statsetatar - er dei sentrale aktørane på fylkesnivået. Samarbeid på tvers av fylkesgrensene må stimulerast der det fell naturleg i høve til funksjonelle arbeidsmarknads- og serviceregionar.
Den overordna strategien som Regjeringa vil leggje til grunn for bruken av dei distriktspolitiske verkemidla i åra som kjem, er å utvikle varige og lønsame arbeidsplassar og stimulere verdiskapinga basert på dei særskilde føresetnadene i kvar region. Denne hovudstrategien er delt opp i desse delstrategiane: vidareutvikle eksisterande bedrifter, etablere nye bedrifter, stimulere kompetanseheving og kunnskapsspreiing, bidra til utviklinga av meir funksjonelle regionar, bidra til å utvikle politikk for utkantområda, og bruke regionale utviklingsprogram til betre målretting og tilpassing av verkemidla.
1.6 Regionale utviklingsprogram
Formålet med regionale utviklingsprogram er å få til ein meir effektiv politikk med meir forpliktande koplingar mellom planar forankra i utfordringane og vilkåra for kvar region, og bruk av verkemiddel. Mål og strategiar er formulerte på fylkesnivå, men i tråd med nasjonale mål i distrikts- og næringspolitikken.
Dei regionale utviklingsprogramma vil ha form av årlege framlegg frå fylkeskommunen om korleis fylka vil bruke dei verkemidla som står til disposisjon til regionalpolitiske formål. Ut i frå eksisterande planar (fylkesplan, strategisk næringsplan) skal fylkeskommunane i samråd med dei aktuelle partane (nærings- og arbeidsliv, kommunar og statlege sektorstyresmakter) lage årlege program for korleis verkemidla konkret skal nyttast i fylket. I innhald vil programma ha mykje til felles med dei årlege rulleringane av handlingsprogramma til strategisk næringsplan. Ein oppnår ei forenkling ved at fleire planprosessar og budsjettrutinar kan slåast saman. Prosessen med regionale utviklingsprogram vil bli meir forpliktande for partane enn dei tidligare prosessane.
Fylkeskommunane skal i utarbeidinga av utviklingsprogramma samarbeide nært med regionale styresmakter, arbeids- og næringsliv. For å få ei god samordning mellom folkevalde og ulike statlege styresmakter på fylkesnivå er det viktig at fylkesmannen tar aktivt del i arbeidet. For å sikre samsvar med nasjonale mål i distrikts- og næringspolitikken vert det lagt opp til sentral godkjenning av programma. Når det gjeld verkemiddelbruken innanfor fiskerisektoren har Regjeringa eit særskilt behov for overordna nasjonal styring. Ein legg derfor vekt på at dei regionale utviklingsprogramma ikkje kjem i konflikt med dei overordna fiskeripolitiske retningslinene. Kvart fjerde år skal det vere ein breiare gjennomgang av programma samordna med revisjonen av fylkesplanen.
Dei regionale utviklingsprogramma skal omfatte dei distriktspolitiske verkemidla som er retta mot bedriftsfinansiering og tilrettelegging. Ved godkjenninga av avtala mellom SND og Nord-Trøndelag fylkeskommune var det ein viktig føresetnad for Regjeringa at fylkesplan og strategisk næringsplan skal vere rettleiande for SND-kontoret si verksemd. Gjennom regionale utviklingsprogram vert dette sett i system. Gjennom programma vert den overordna strategien for næringsutviklingsarbeidet i fylket lagt. Avgjerd om bruk av bedriftsretta verkemiddel i den einskilde sak skal takast av SND-kontoret. Den overordna strategien å utvikle varige og lønsame arbeidsplassar og stimulere verdiskapinga basert på dei særskilde føresetnadene i kvar region skal leggast til grunn for dei regionale utviklingsprogramma i alle fylke.
Gjennom etablering av SND-kontor vil også dei fylka som ikkje ligg innanfor det distriktspolitiske verkeområdet få større innverknad på statlege verkemiddelbruk. Også her skal dei fylkeskommunale planane legge føringar på bruken. Dette kan også her skje gjennom regionale utviklingsprogram, som igjen er basert på eksisterande fylkesplanar/strategiske næringsplanar.
Regionale utviklingsprogram kan gjere det mogeleg å sjå innsatsen i fleire sektorar i samanheng. Det er ikkje aktuelt å endre dagens budsjettmessige ansvarsdeling mellom sektorane, men sektorane har mykje å hente på å samarbeide betre. For å fremme slikt samarbeid vil Kommunal- og arbeidsdepartementet stille auka midlar til rådvelde for programma. Særleg viktig er dette i utkantfylka, og i desse fylka skal programmet innehalde ein eigen utkantstrategi.
I eit slik programarbeid ligg og ein føresetnad om sterkare samhandling mellom ulike etatar og forvaltningsnivå. Ei slik utvikling og eit slikt programarbeid er m.a. i samsvar med utviklinga av organisering og samordning av regional statsforvaltning (jf. St. meld. 35, 1991-92 m.v.), med utviklinga av fylkesplanarbeidet (jf. rapporten "Sammen om fylkesplanleggingen"), og med omlegginga av SND-systemet (jf. Steine-gruppa og Nord-Trøndelag-modellen). Ei slik utvikling bygger vidare på erfaringar frå førebuinga i 1994 til eit evt. EU-medlemskap gjennom mål 6-arbeidet, frifylkeforsøka i Aust-Agder og Nordland, INTERREG-arbeidet, og samarbeidsmodellar som er utvikla i andre europeiske land. Betre samråd, samhandling og samordning på det regionale nivået, gir betre ressursutnytting og integrasjon mellom sektorane regionalt. Det legg i tillegg grunnlaget for betre samspel mellom sentrale, regionale og lokale styresmakter.
God og forpliktande deltaking frå regionale statsetatar er nødvendig dersom ein skal lukkast med ei omlegging som omtalt. Dette gjeld både fylkesmannen som statleg samordningsstyresmakt, og sektorstyresmakter som SND-kontoret, fylkesmannen sine landbruks- og miljøvernavdelinger, vegstyresmakter, fiskerisjef, arbeidsmarknadsetat m.v.
I arbeidet med regionale utviklingsprogram vil det også vere viktig å få dokumentert miljøomsyn og -premissar som bør leggjast til grunn i bruken av dei distriktspolitiske verkemidla, og å dokumentere korleis dette skal følgjast opp i utforming og iverksetjing av tiltak.
1.7 Dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla
Den distriktspolitiske innsatsen er regulert gjennom det distriktspolitiske verkeområdet. Det verkeområdet vi har i dag tok til å gjelde frå 1.1.1994. Verkeområdet bygger på grundige analysar, med bakgrunn i prinsipp som var diskutert i Stortinget i samband med handsaminga av St. meld. nr. 33 (1992-93). Verkeområdet er godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. Regjeringa tek sikte på ein ny revisjon med verknad frå 1.1.1998. Etter Regjeringa sitt syn bør denne revisjonen i hovudsak gjennomførast etter dei same prinsippa som siste revisjon, med ei sterk prioritering av dei svakaste områda.
Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel. ESA har stilt spørsmål ved ordninga sett i høve til regelverket for statstøtte som gjeld i EØS-området. Når ESA har avklart sitt syn på dagens ordning nærare, vil Regjeringa vurdere korleis norske interesser best kan takast i vare.
På Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett er det fleire ulike ordningar som nyttas til å skape utvikling i distrikta. I tida som kjem vil det vere nødvendig å prioritere innsatsen i dei deler av distrikta som er mest trua av folketalsnedgang.
Regjeringa legg til grunn som overordna prinsipp at dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla skal reserverast prosjekt som av samfunnet blir vurdert som ønskjelege, men som ikkje ville la seg gjennomføre utan offentleg stønad. Innanfor dei generelle ramene for økologisk berekraft, vil høgaste prioritet bli gitt til prosjekt med stort potensial for verdiskaping og sysselsetting, og med stort innslag av nyskaping og omstilling. For å stimulere til nyskaping og omstilling vil det i større grad bli gitt "betinga" lån. I utkantområde skal ein vise meir velvilje for meir lokalmarknadsbaserte tiltak som er viktige for busetting og sysselsetting på staden.
Mål- og resultatstyringssystemet som nyttast i dag, er ikkje tilpassa styringsmodellen med regionale utviklingsprogram. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil vurdere om det er nødvendig å gå gjennom mål- og resultatstyringssytemet for dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla med sikte på å oppnå ein best mogleg bruk av dei statlege ressursene til slike formål.
Innsatsen for etablering av nye bedrifter er eit prioritert satsingsområde når det gjeld bruk av distriktsutviklingstilskotet. Den nye ordninga med såkornkapital vil og bli viktig i denne samanhengen.
Etableringsstipendet er ei ordning for småbedriftetablerarar i alle delar av landet. Ordninga gjeld alle typar næringar, med unntak av offentleg verksemd og landbruksnæringa. Etableringsstipendet er spesielt retta mot dei minste etableringsprosjekta. Ut frå dei store problema det er i utkantane, samstundes som det er sterk ekspansjon i sentrale strok, vil Kommunal- og arbeidsdepartementet gi høgare prioritet til distrikta i denne ordninga. Fram til i dag har det vore fylkeskommunane som har forvalta etableringsstipendet. I tråd med arbeidsdelinga som ligg til grunn for dei avtalane som vert inngått mellom SND og fylkeskommunane har fleire fylke valt å legge forvaltninga av stipendet til SND-kontoret. Det er opp til kvart fylke å avgjere om forvaltninga framleis bør vere i fylkeskommunen, eller om ordninga bør overførast til SND-kontoret.
I dag er dei små og mellomstore bedriftene den heilt dominerande bedriftsgruppa i distrikta. Denne gruppa har lite røynsle og kapasitet til systematisk fornying av kompetansen og utnytting av eksterne kompetansemiljø. Samstundes er det utvikla ein omfattande institutt- og høgskulesektor i Noreg, med utprega geografisk spreiing gjennom nasjonale og regionale institusjonar som i varierande grad er retta inn mot situasjonen for småbedriftene. Det er derfor ei hovudoppgåve å lette tilkomsten til desse kunnskapsmiljøa for dei mindre bedriftene. Ulike tiltak vert nytta for å få dette til.
Kommunal- og arbeidsdepartementet vil i neste periode vidareføre arbeidet med å rekruttere høgt utdanna arbeidskraft til mindre distriktsbedrifter. Dette vil i fremste rekke skje gjennom programmet SMB-Kompetanse. Vidare vil programma for strategi- og leiarskapsutvikling i SMB (FRAM-programmet), teknologiformidling frå nasjonale FoU-miljø gjennom attachear til fylka (TEFT-programmet) og utvikling av forskingsresultat til kommersialiserbare produkt (FORNY-programmet) bli vidareført. Gjennom REGINN (Regional innovasjon) som startar opp i 1997, er målet at regionale høgskular og forskingsinstitusjonar skal samarbeide med verksemder om å ta i bruk nye forskingsresultat og få løyst særskilde problem i einskilde verksemder. I REGINN vil det bli lagt stor vekt på god forankring til fylkesnivået.
Kommunal- og arbeidsdepartementet vurderer det slik at satsing på kompetanse og kunnskapsspreiing bør bli ein av hovudpilarane i arbeidet som fylka gjer med regionale utviklingsprogram framover. Ein vil leggje vekt på at dei nasjonale satsingane som blir gjennomførte er forankra i kvart fylke, alt etter kva behov næringslivet der står overfor, med fylkeskommunen og SND"s fylkeskontor i viktige roller.
Lokale og regionale senter spelar ulike roller og har ulike funksjonar i senterstrukturen. Det er derfor viktig å få til ei meir aktiv tilrettelegging for å utvikle dei delane av servicefunksjonane som er kontaktintensive. Som ein del av dette er det viktig å styrke tilkomsten til regionale og lokale senter. Det vil medverke til å stabilisere og auke dei funksjonelle omlanda og stabilisere busettingsmønsteret.
Kommunal- og arbeidsdepartementet ønskjer å styrke dette arbeidet, mellom anna ved å la fylka og kommunane få større handlefridom til å ta i bruk verkemiddel til både "hard" og "mjuk" infrastruktur. Døme på "hard" infrastruktur er tilrettelegging av næringsområde, utbygging av industri- og trafikkaier, vassverk og opprusting av kommunesenter. Regjeringa vil auka løyvingane til utbygginga av hamnar i distrikta.
"Mjuk" infrastruktur er lokal mobilisering, nettverkssamarbeid, bransjeanalysar osv. Med innføringa av regionale utviklingsprogram er siktemålet at fylkeskommunane skal prioritere bruken av dei samla regionalpolitiske verkemidla under eitt for området sitt.
Kommunal- og arbeidsdepartementet vil i åra som kjem satse sterkare på kommunale næringsfond, som har gitt svært gode resultat. Det skal i det vidare arbeidet leggjast vekt på at fordelinga av kommunale næringsfond må sjåast i samanheng med dei fylkeskommunale strategiane og bruk av andre verkemiddel, og at fondet er forankra i regionale utviklingsprogram der det lokale næringslivet er involvert.
Kommunal- og arbeidsdepartementet vil halde fram med den særskilde kvinnesatsinga. Kvinner vil framleis vere prioritert målgruppe innanfor fleire av verkemidla. Samstundes vil ein opne for at etableringsstipendet kan finansiere nettverkskreditteiningar. Kommunal- og arbeidsdepartementet ventar at satsing på kvinneretta arbeid kjem til uttrykk gjennom fylkeskommunane sine regionale utviklingsprogram. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil sette i gang ei evaluering av kvinnesatsinga. Då vil ein og sjå på årsakene til at kvinneandelen på etablerarstipendet har gått ned.
Regjeringa meiner at meir av den distriktspolitiske innsatsen på konsentreras til dei delane av landet som er særleg utsette for nedgang og marginalisering av folkesetnaden, område som ligg utanfor rimeleg pendlingsomland til dei lokale og regionale sentra. Dette er delar av landet som har eit ekstra svakt nærings- og servicegrunnlag. Arbeidet for å sikre sysselsettinga i desse områda skal styrkast, samstundes som det må utviklast ein politikk som medverkar til å halde oppe servicenivået på eit høgt nivå. Regjeringa vil på bakgrunn av dette ta initiativ til at det innanfor rammene av distrikts- og regionalpolitikken blir utvikla ein eigen politikk for slike utkantområde. Kommunal- og arbeidsdepartementet og Planleggings- og samordningsdepartementet vil ta initiativ til eit eige program der fylkeskommunar, kommunar og statlege etatar blir inviterte til å finne fram til gode metodar for det vidare arbeidet. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil også satse ekstra midlar for å ta i bruk moderne informasjonsteknologi i utkantstrøk.
Nord-Noreg har i heile etterkrigstida vore den høgast prioriterte landsdelen i distrikts- og regionalpolitisk samanheng. Regjeringa vil halde fast ved den prioriteten landsdelen har hatt på dette området. Det kjem mellom anna til syne gjennom Styringsgruppa for kontakt med Nord-Noreg. Statsministeren er leiar for gruppa, og det er etablert eit samarbeidsforum mellom regjeringa og dei regionale styresmaktene i landsdelen. Styringsgruppa har fått utarbeidd eit strategidokument for verdiskaping og næringsutvikling i Nord-Noreg.
Regjeringa vil generelt streke under kor viktig denne typen samarbeid er, der nasjonale og regionale styresmakter samarbeider og har tett kontakt med næringslivet og partane i arbeidslivet, og der deltakarane forpliktar seg til å følgje opp dei tilrådingane det er semje om. Statens spesielle innsats overfor Nord-Noreg er i så måte eit døme på ein meir ambisiøs bruk av regionale utviklingsprogram, der også sektorområde under den store regionalpolitikken er med.
Ein står i Nord-Noreg overfor heilt spesielle utfordringar knytte til å vidareutvikle lokaliseringsfordelane ved landsdelen under dei nye føresetnadene knytte til teknologi og marknad. På grunnlag av drøfting i Styringsgruppa for kontakt med Nord-Noreg vil det derfor bli sett i gang ei eiga utgreiing om korleis innarbeidd kompetanse og næringsverksemd kan tilpasse seg nye føresetnader når rammevilkåra for ressursbaserte næringar blir endra.
Regjeringa vil framleis bruke tunge verkemiddel gjennom tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark. Kommunal- og arbeidsdepartementet sette i 1996 i gang ei evaluering av tiltakssona. Evalueringa skal leggje grunnlaget for ei vurdering av behovet for eventuelle endringar i tiltakssona. Regjeringa vil vidareføre sona, men på kort sikt kan det vere aktuelt å justere nokre av dei verkemidla som eksisterer i sona, slik at ho samla sett skal fungere betre.
Omstillingsarbeidet i indre Finnmark blir ei stor utfordring også dei komande åra. Programmet vart starta i 1993 og opprinneleg var det ein føresetnad at programmet skulle gå til utgangen av 1997. Programmet set som mål å etablere alternativ næringsverksemd i dei tradisjonelle reindriftsområda. Arbeidet med utvikling av alternativ næringsverksemd vil halde fram også etter 1997. Mellom anna vil ein vurdere ei forlenging av omstillingsprogrammet i sin noverande form ut 1998.
Dei eigne omstillingsmidla er ein regionalpolitisk ekstrainnsats på same måten som ekstrainnsatsen i distrikta. Innsatsen blir sett inn for å gi området nye bein å stå på. Området kan liggje utanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Det er området, kommunen eller regionen som skal omstillast, ikkje berre den kriseramma bedrifta eller bransjen. Det er derfor nødvendig at omstillingsarbeidet skjer gjennom ein brei innsats på fleire felt, og at arbeidet er godt forankra i omstillingsområdet. I den vidare utviklinga av omstillingsarbeidet er det naturleg å sjå nærare på forholdet mellom regionale utviklingsprogram og omstillingsarbeidet.
Noreg er med i INTERREG IIa-programmet, som tek sikte på å fremme den regionale utviklinga i grenseregionane internt i EU og langs yttergrensene av EU. Gjennom INTERREG IIc-programmet satsar ein særleg på transnasjonalt samarbeid om fysisk planlegging og regional utvikling. Programmet omfattar samanhengande område frå minst tre land, og det er òg opna for støtte til regionar på tvers av sjøgrenser.
Gjennom dei såkalla pilotprosjekta er det utvikla eit eige samarbeid mellom Skottland og dei nordlege delane av Noreg, Sverige og Finland. Målet for dette samarbeidet er å finne fram til gode modellar for å styrke både offentleg og privat service i mindre lokalsamfunn.
Mange norske fylkeskommunar og regionale statsetatar har engasjert seg i samarbeid med regionar i andre land, og dette er i ferd med å bli ein del av det næringspolitiske arbeidet i norske fylkeskommunar. Hovudeffekten av arbeidet er som oftast indirekte gjennom utvikling av nettverk, samarbeidskompetanse og kulturforståing. Regjeringa ser positivt på dette arbeidet. Fylkeskommunane sine internasjonale engasjement må forankrast i nasjonale interesser og det må etablerast ei klar arbeidsdeling med det nasjonale virkemiddelapparatet både heime og ute. Gjennom regionale utviklingsprogram får fylka betre høve til å satse på internasjonalisering i det regionale næringslivet. Statleg finansiering av denne verksemda blir også dei neste åra konsentrert om INTERREG og pilotprosjekt.
Dei store byane har føresetnader for å spele ei større rolle innanfor kunnskapsspreiing, nyskaping og nyetablering. Det er derfor viktig å styrke det eksisterande arbeidet i forskingsparkane.
1.8 Ei ny arbeidsdeling og tettare samråd mellom aktørane
Det vil i større grad bli lagt vekt på å få til ei sektorsamordning der dette trengst for å løyse viktige og store regionale utviklingsoppgåver. Innanfor regionalpolitikken er det Kommunal- og arbeidsdepartementet som har ansvaret for den løpande samordninga og koordineringa av dei ulike sektorområda.
Innføringa av regionale utviklingsprogram fører til at verkemidla i større grad kan koplast betre gjennom det strategiske utviklingsarbeidet og planlegginga i fylkeskommunane. Den sentrale oppgåva for departementet i ei slik arbeidsdeling, i tillegg til politikkutvikling, er rettleiing, råd, forhandlingar og godkjenning knytt til utarbeidinga av programma. Det vil bli lagt opp til årlege rundar og breiare gjennomgang og evaluering kvart fjerde år.
Gjennom innføringa av regionale utviklingsprogram ønskjer ein å styrke fylkeskommunen som utviklingsaktør. Etableringa av SND-kontor i fleire fylke gjer at fylkeskommunen får ei meir reindyrka rolle som utviklar av mål og strategiar innanfor distrikts- og næringspolitikken. Oppfølgingsansvaret gjennom konkret verkemiddelbruk blir lagt til SND-kontoret. Det er då viktig at dei måla og strategiane som blir utvikla på fylkesnivået, blir førande for korleis SND-kontoret bruker verkemidla, slik det er lagt opp til i avtalen mellom SND og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Denne føresetnaden ligg til grunn også for avtalar mellom andre fylkeskommunar og SND om lokale SND-kontor.
Kommunane spelar ei nøkkelrolle i distrikta, både som politisk og administrativt organ, som tenesteytar, arbeidsgivar og etterspørjar etter varer og tenester. Grunnlaget for eit levedyktig lokalsamfunn heng saman med at folk finn kommunen attraktiv både som heimstad og arbeidsstad. Då er det viktig at kommunen ikkje berre utviklar gode velferdstilbod, men at han òg er med og mobiliserer dei lokale ressursane i næringsutviklingssamanheng. Strategisk næringsplanlegging (SNP) er eit viktig verkty i den samanhengen. Det er likevel nødvendig å vurdere om SNP-prosessen er godt nok tilpassa dei utfordringane som kvar kommune møter. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil derfor setje i gang ei evaluering av SNP-prosessen i kommunane for å få eit betre grunnlag til å vurdere behovet for tilpassingar. Innanfor ei slik evaluering er det òg interessant å fokusere på det regionale perspektivet og forholdet til regionale utviklingsprogram.
Formålet til SIVA er å vere eit nasjonalt føretak for auka sysselsetting i distrikta. SIVA si primære rolle er å tilby ein gangleg fysisk infrastruktur for bedrifter på stader der den private eigedomsmarknaden ikkje fungerer fullgodt, og der det av samfunnsøkonomiske grunnar er ønskjeleg å stimulere den økonomiske aktiviteten.
Strategien til SIVA er å byggje opp regionale verdiskapingsmiljø gjennom ein kombinasjon av eigendomsdrift og nettverksbyggjande tiltak.
Det er viktig at SIVA også i framtida samrår seg med andre aktørar når selskapet går inn i nye engasjement. Spesielt er det viktig at SIVA og SND koordinerer oppgåvene sine. Det er teke initiativ til ein gjennomgang av dei to instansane si verksemd for å hindre at uheldig overlapping skjer. Det vil òg verte vurdert om ein eigen samarbeidsavtale kan vere tenleg.
Kommunal- og arbeidsdepartementet ser det som viktig å sikre SIVA eit forsvarleg eigenkapitalgrunnlag.
1.9 Det internasjonale perspektivet og distrikts- og regionalpolitikken
Dei fleste vesteuropeiske landa driv ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk. Lenge var dette ein rein nasjonal politikk med nasjonalstaten som ramme for planlegginga. Dei siste tiåra har distrikts- og regionalpolitikken fått ein europeisk dimensjon. Denne er særleg knytt til EU-samarbeidet og kjem til uttrykk i overføringar av midlar til regionar som henger etter i utvikling. Gjennom EØS-avtala er Noreg, om enn i beskjeden grad, part i dette gjennom bidrag til eit eige EØS-fond for svake regionar i EU. Ein del av fonda i EU vert nytta gjennom program for å stimulere samarbeid mellom regionar på tvers av landegrenser. Dette gjeld særleg INTERREG-programma, der også Noreg deltar. (jfr. 7.11)
Den europeiske regionalpolitiske tenkinga bygger på at regionar skal spele ei viktigare rolle i politikken. Med region forstår ein i denne samanhengen politisk og administrativ eining som ligg mellom kommunenivå og nasjonalt nivå. I Noreg kan dette vere fylkeskommunane. Regionane er representerte i EU-systemet gjennom den såkalla regionkomiteen. I dag er denne komiteen berre rådgjevande, men den har likevel fått ein viktig funksjon som møteplass for regionane i EU. Regionane har og fått ei viktig rolle når det gjeld utforminga av prosjekt under INTERREG. Prosjekta skal i prinsippet utformast i nært samarbeid mellom det regionale, det nasjonale og det europeiske nivå.
I den pågåande debatten om utviklinga av Europa vert rolla til regionane ofte trekt fram. Det er kasta fram slagord som "Regionenes Europa". Med dette meiner ein ei utvikling der regionane får ei viktigare rolle i europeisk politikk og i større grad tek eit ansvar for eigen utvikling. Mykje av denne diskusjonen har eit akademisk preg, men den viser og ein klar underliggjande trend i europeisk politikk der regionane får ei viktigare rolle. Dette kjem til uttrykk i ein utbygging av det regionale nivået i alle europeiske land.
Tendensen til at regionane speler ei større rolle i europeisk politikk har også nådd det nordiske området. Dette er tydeleg i Sverige og Finland etter utvidinga av EU. Svenske og finske len får nye og viktigare roller i tilknyting til EU, som igjen har ført til ein diskusjon i Sverige og Finland om regionane si rolle og om delinga i len.
Også i norsk distrikts- og regionalpolitikk er fylkesnivået blitt viktigare i forholdet til andre land. Dette kom særleg tydeleg til uttrykk i Barentssamarbeidet som Regjeringa lanserte i 1992. Samarbeidet omfatter regionar/fylke i Nord-Noreg, Nord-Sverige og Nord-Finland, og i Nordvest-Russland. Det er skipa ein eigen regionkomite der representantar for regionane og ein representant for urfolket er med. Frå norsk side er Nordland, Troms og Finnmark fylkeskommunar med i regionkomiteen. Norske fylkeskommunar er også med i prosjekt i Østersjøsamarbeidet og Nordsjøsamarbeidet.
I dag er så godt som alle norske fylkeskommunar med i internasjonalt samarbeid, og dei fleste har planar om utvida engasjement. Dette gjeld særleg saker knytt til næringsutvikling. Nokre fylke har innarbeidd internasjonal satsing i sine strategiske næringsplanar. Fleire fylke har etablert eigne kontor i utlandet, Kommunenes sentralforbund har ein eigen representant i Brussel.
Lagt inn 20 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen