3 Næringsutvikling og...
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
3 Næringsutvikling og føresetnader for regional næringsvekst
3.1 Drivkrefter bak næringsutvikling og økonomisk vekst
Sysselsetting og verdiskaping er dei viktigaste faktorane bak den regionale utviklinga av inntekt, levekår og busettingsmønster. Gjennom endringar i næringsstrukturen blir både produksjons-, sysselsettings- og inntektsvilkåra påverka.
Globaliseringa av handelen med varer og tenester skaper nye utfordringar, men også nye vilkår for norsk næringsliv. Nedbygginga av handelshinder, ny teknologi, betre høve til å utveksle kompetanse og nye måtar å organisere verksemda på, mellom anna innanfor multinasjonale selskap og gjennom alliansar mellom verksemder på tvers av landegrenser og kontinent, fører til auka konkurranse innanfor dei fleste bransjane. Denne utviklinga gjer at det vert mindre interessant å snakke om "skjerma sektor" i framtida. Det vil seie at alle delar av norsk næringsliv må betre konkurranseevna si for å overleve. Det er mange faktorar som påverkar konkurranseevna til bedriftene, mellom anna
- kostnadsnivå
- kvalitet
- plassen til bedrifta i verdikjeda, alliansepartnarar og marknadsmakt
- val av marknads- og distribusjonskanalar og marknadskommunikasjon
- nyskapings- og produktutviklingsevne
- breitt produktspekter
- leveringsevne og påliteleg haldning
- servicenivå
Dei nemnde faktorane blir i tillegg påverka av fleire omstende. Dels er dette ting som gjeld organiseringa av verksemda, val av teknologi, marknadsføring, opplæring osv. Eksterne faktorar spelar òg inn, til dømes kvar bedrifta er plassert i høve til leverandørar, samarbeidspartnerar og marknad, økonomiske og institusjonelle rammevilkår, kapitaltilgang og utsiktene til å rekruttere arbeidskraft og nøkkelpersonell med relevant kompetanse. Både statlege og kommunale rammevilkår er viktige for bedriftane. Særleg gjeld dette den generelle økonomiske politikken og gjeldande nærings- og distriktspolitikk saman med kommunal tilrettelegging og reguleringar.
3.2 Nyare teoretiske innfallsvinklar er nødvendige for å forstå den regionale næringsutviklinga
Nyare teori gir betre forklaring på det som ligg bak økonomisk vekst. Mot slutten av 1960-åra viste ein del økonomiske teoretikarar at vekst som ikkje også baserer seg på nyskaping og teknologisk framgang, før eller seinare vil stanse opp. Denne kunnskapen vart forsterka og aktualisert gjennom den turbulente fasen som følgde i 1970-åra, då verdsøkonomien opplevde fleire oljeprissjokk og valutauro. Det skaka ikkje berre det økonomiske fundamentet i OECD-landa, men også førestellingane våre om årsakssamanhengar og mekanismar bak økonomisk vekst.
Det finst fleire retningar ved sida av kvarandre som kan plasserast under samnemninga "nyare vekstteori". Felles for desse retningane er at ein forlet dei tradisjonelle føresetnadene om jamvekt, full informasjon og "perfekt konkurranse". I staden prøver ein å bygge inn element som "læring", transaksjonskostnader, organisering, kvalitet, kreativitet, fleksibilitet og positive ringverknader. Til skilnad frå tidlegare teoriar fokuserer desse retningane nettopp på kva som forklarer og driv fram nyskaping og teknologisk endring.
Ein viktig skilnad er at ein med kapital meiner mykje meir enn maskinar, bygningar og kroner. I nyare økonomisk vekstteori er det kunnskapskapitalensom er mest sentral. Kunnskapskapitalen er av ein annan karakter enn den kapitalen ein tenkjer seg innanfor dei tradisjonelle vekstmodellane. Her går ein ut frå at kapitalavkastinga er minkande, mens kunnskapskapitalen kan ha stigande avkastning.
Ved å innføre kunnskap, teknologi og nyskaping på ein eksplisitt måte i teoriane får ein òg fram at vekst kan kome gjennom såkalla "positive ringverknader". Konkret skjer dette ved at kunnskap og teknologi spreier seg til andre bedrifter og bransjar når folk skifter arbeidsplass, eller gjennom den læringa som går føre seg når bedrifter kjøper varer og tenester av kvarandre. Det er i denne samanhengen at ein har funne tilbake til gamle sanningar om verdien av produksjonsmiljø og den kunnskapsutviklinga og dynamikken som ofte veks fram i slike miljø.
3.3 Små og mellomstore bedrifter blir stadig viktigare for sysselsetting og verdiskaping
Sysselsetting og verdiskaping i privat sektor skjer i aukande mon i dei små og mellomstore bedriftene (SMB). Dei siste åra har ein derfor fokusert meir på kva rolle SMB spelar, ikkje berre i den regionale utviklinga, men i økonomien generelt. I tilrådinga frå Hervik-utvalet peikte ein på at i Noreg var det i 1995 over 150 000 bedrifter, eller 96 %, som hadde tjue eller færre tilsette. Nesten 130 000 av dei, eller vel 80 % av den totale bedriftsmassen, hadde berre 0-4 årsverk. Til saman utgjorde dette mest halvparten, 46 %, av alle sysselsette. SMB utgjer derfor eit viktig sysselsettingsgrunnlag.
Mange SMB har tilknyting til større selskap gjennom eigarskap, kjeder, leverandørforhold o.a. Nye arbeidsplassar blir skapte gjennom nyetableringar og vekst i eksisterande bedrifter. Denne brutto sysselsettingsveksten er høgare i små enn i store bedrifter. Samstundes er turbulensen i form av nedleggingar og reduksjon i eksisterande bedrifter større i små enn i store bedrifter. Frå 1970 til 1990 auka sysselsettingsdelen i små bedrifter (tjue tilsette og færre) med om lag 6 prosentpoeng. Årsaka var i hovudsak at tenesteytande næringar voks sterkt, og at denne gruppa er dominert av små bedrifter.
Kvart år blir det nedlagt eit større tal bedrifter. Årsakene kan vere endra marknadsvilkår, manglande kompetanse, dårlegare konkurranseevne eller anna. Samstundes skjer det ein kontinuerleg rasjonaliseringsprosess der eksisterande bedrifter og særleg dei større "skreller av" arbeidskraft og omstiller seg ved til dømes ny teknologi. Det er derfor eit stort behov for nye bedrifter og nye arbeidsplassar dersom sysselsettinga skal haldast oppe og helst auke, og nyetableringar av SMB er her ein viktig vekstfaktor.
Ofte er det òg slik at nyetableringane fører til sterkare konkurransekraft. Det kan skje ved at nyetableringar som baserer seg på nye produkt, kan skape grunnlag for vekst i nye næringar, eller at nye bedrifter, til dømes baserte på ny teknologi, går inn i eksisterande marknader. Vellykka nyskapande bedrifter blir raskt kopierte av andre bedrifter som bruker same teknologien. Konkurransen mellom dei stimulerer til at den nye og meir effektive teknologien blir spreidd til heile bransjen. Dermed styrker ein ikkje berre konkurransekrafta til kvar bedrift, men til heile næringa.
Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve å leggje tilhøva betre til rette for utvikling av dei små og mellomstore bedriftene. Mangfaldet i oppgåver og behov tilseier at verkemiddelpolitikken må tilpassast regionale vilkår og bransjesituasjonen, og det krev ei sterkare involvering og samråd med regionale aktørar.
Regional utvikling og vekst i små og mellomstore bedrifter skjer meir og meir gjennom regionale verdiskapingsmiljø. Dette er miljø der tett samarbeid - og i ein viss mon konkurranse mellom bedrifter - gir ein eigen utviklingsdynamikk. Innanfor slike miljø finn vi òg ofte ein underskog av små og mellomstore bedrifter som samarbeider i ymse former for nettverk, der leveransar av varer og spesialiserte tenester til dei eksportretta bedriftene i miljøa ofte står sentralt. Samspelet med FoU- og finansieringsorgan spelar ei viktig rolle. Forskinga syner at styresmaktene - gjennom offentleg service og tilrettelegging av infrastruktur og som nettverksbyggjar mellom aktørane - òg kan spele ei viktig rolle når det gjeld vedlikehald og vidareutvikling av slike miljø.
Grunnlaget for auka nyskaping blir lagt gjennom politikken på fleire område. Utdannings- og forskingssystemet er med på å auke kunnskapsbasen i samfunnet. Meir direkte vil næringsretta FoU, tiltak for teknologispreiing og utvida teknologisamarbeid mellom ulike bedrifter og mellom næringslivet og kunnskapsinstitusjonar medverke til å utløyse nyskaping.
Nokre av dei regionale verdiskapingsmiljøa er prega av at det går føre seg omfattande nyskaping, og desse miljøa blir derfor ofte kalla regionale nyskapingssystem. Dei er særmerkte ved ein relativt tett geografisk konsentrasjon og ved at nyskaping og produktutvikling utgjer ein sentral del av verksemda.
I utviklinga av komplekse og spesialiserte produkt og produksjonsutstyr er det behov for direkte og nært samarbeid mellom brukar og produsent. Det skjer lettast når aktivitetane ligg nær kvarandre. Kort avstand gjer det enklare å få til raske og jamlege møte mellom personar. Samarbeid om produkt- og prosessutvikling krev at produsentane får innsyn i kva behov brukarane har, og at brukarane har god kjennskap til den tekniske kompetansen til produsentane.
Regionale nyskapingssystem eksisterer ikkje isolerte frå andre regionale system, og dei inngår alltid i nasjonale og ofte også internasjonale nyskapingssystem. Koplinga til det nasjonale nyskapings- og kunnskapssystemet, der dei største byane spelar ei sentral rolle, er her ekstra viktig.
Kjende døme på regionale nyskapingsmiljø i dag er elektronikkmiljøet i Horten, møbelindustrien på Vestlandet, båtbyggjarindustrien i Agder og landbruksmaskinindustrien på Jæren.
Generelt kan vi snakke om ei arbeidsdeling mellom dei regionale og dei nasjonale nyskapingssystema. Dei nasjonale systema bør ideelt sett medverke til utvikling av ny teknologi og kunnskap, dei såkalla radikale nyskapingane, mens oppgåva til dei regionale systema ideelt sett er å ta hand om teknologioverføring og implementering i små og mellomstore føretak, og å skape stegvise nyskapingar. Distrikts- og regionalpolitikken kan her spele ei meir aktiv rolle. Gjennom ulike distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel vil Kommunal- og arbeidsdepartementet medverke til ytterlegare å styrke dei eksisterande nyskapingsmiljøa gjennom teknologi- og kunnskapsoverføring og gjennom nettverksbygging mellom små og mellomstore bedrifter.
3.4 Særskilde oppgåver innanfor næringsutviklinga i distrikta framover
Dei generelle utviklingstrekka og utfordringane som norsk næringsliv står overfor, og dei meir spesielle utfordringane for næringslivet i distrikta, gjer at Regjeringa meiner det framleis er påkravd med ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk i åra som kjem. Verkemidla blir nærare presenterte i kapittel 7. Nedanfor følgjer dei oppgåvene som står særleg sentralt for næringslivet i distrikta framover.
Marknadsorientering og internasjonalisering
Det er behov for å styrke innsatsen når det gjeld marknadsarbeidet i distriktsbedriftene. Dess hardare konkurransen er og dess meir spesialiserte og avanserte produkta og tenestene blir, dess større blir krava til kunnskap om dei ulike marknadene bedriftene opererer i, til service og oppfølging av kundane og til andre former for direkte dialog og samvirke mellom leverandørar og kundar. Val av distribusjonskanalar, samarbeidspartnerar, evne til å profilere seg i marknaden og nærvær i marknaden blir sentrale faktorar. I den samanhengen er det ei viktig oppgåve for distriktsbedriftene å bli konkurransedyktige internasjonalt - ved at dei sjølve opererer på eksportmarknaden, eller ved at dei konkurrerer med utanlandske bedrifter på heimemarknaden.
Kostnadseffektiv produksjon, logistikk og distribusjon
Høg effektivitet i produksjonen og rasjonelle system for å få produkta fram til marknaden er heilt grunnleggjande føresetnader for lønsemd og for å sikre nødvendige ressursar til finansiering av utviklingsaktivitetar og marknadsinnsats i bedriftene. Det er mange faktorar som avgjer produktiviteten. Han er dels ein funksjon av pris/tilgang på innsatsfaktorane til bedrifta, dels av teknologi, skalaforhold, kapasitetsutnytting, medarbeidarkompetanse og motivasjon og dels av organisatoriske forhold i bedrifta.
Fleire viktige bransjar i distrikta er prega av overkapasitet. Både her og i andre bransjar representerer den særprega småbedriftsstrukturen også i nokon mon ei avgrensing når det gjeld vilkåra for å få til ein kostnadseffektiv produksjon. For å forsvare konkurransekrafta i desse næringane må ein derfor også være villig til å akseptere og stimulere til strukturelle tilpassingar.
Nyskaping og omstilling
Fornyinga av næringslivet må skje langs to hovudstrategiar: gjennom vidareutvikling av eksisterande bedrifter og gjennom etablering av nye. Etablerte bedrifter utgjer hovudbasisen også for den framtidige sysselsettinga i privat sektor. Det er viktig å unngå at det i politikken eller i bruken av verkemiddel blir skapt eit motsetningsforhold eller ulik prioritering mellom desse bedriftene og nyetableringar.
Det særskilde behovet for nyskaping i distrikta heng òg saman med behovet for utvikling av eit meir differensiert arbeidsplasstilbod i mange distriktskommunar. Dette er viktig for mellom anna å kompensere for bortfall av arbeidsplassar i primærnæringane og offentleg sektor, for å kunne tilby attraktive arbeidsplassar for dei nye generasjonane som skal inn på arbeidsmarknaden, og for å kunne tilby interessante arbeidsoppgåver for kvinner, slik at kjønnsbalansen ikkje forverrar seg endå meir i distrikta. Eit generelt høgare utdanningsnivå gjer at dei unge i dag har andre krav til arbeidsinnhald og omfang av arbeids- og servicetilbod enn det mange lokalsamfunn i distrikta i dag kan by på.
Kompetanse
Ei sentral oppgåve for verkemiddelapparatet er å skaffe bedriftene finansiering av kompetanseretta tiltak i regi av bedrifter og bransjeorganisasjonar knytte til meir spesifikke kompetansebehov. Det vil seie at verkemidla i større grad må utformast i samråd med apparatet på verkemiddelsida og det regionale og lokale næringslivet. Verkemiddelapparatet har her ei særskild rolle når det gjeld å bygge bru mellom næringslivet, forskinga og dei akademiske kompetansemiljøa, og ved å medverke til utvikling av ulike former for kunnskapsintensiv tenesteyting, som er ein viktig del av kompetanseinfrastrukturen for næringslivet elles.
Store bedrifter har normalt ikkje det same problemet som SMB med å dekkje kompetansebehova sine. Det er derfor primært overfor den siste bedriftskategorien at det offentlege verkemiddelapparatet bør rette innsatsen sin når det gjeld kompetanseutvikling.
Informasjonsteknologi og telekommunikasjon
Noreg høyrer i dag til toppsjiktet i internasjonal samanheng når det gjeld bruk og omfang av telekommunikasjonar, og vi ligg fremst i verda på fleire område. Vi har ein godt utbygd og moderne infrastruktur som omfattar telefonnett, videokonferansenett, datakommunikasjonsnett, mobilnett, kabel-TV-nett og spesialnett for kommunikasjon som krev høg overføringskapasitet.
Når det gjeld IT og telekommunikasjonane, kan dei både ha ein sentraliserande og ein desentraliserande effekt. Teknologien må derfor systematisk utnyttast til både å auke verdiskapinga i eksisterande næringsverksemd, utvikle nye former for næringsverksemd innanfor til dømes informasjonstenestesektoren, og til å betre den offentlege tenesteytinga i distrikta. Informasjonsteknologi blir stadig meir brukt som ein styringsreiskap, der utviklinga blir driven fram av ønsket om å ha kontroll over produksjons- og distribusjonsprosessar. Dersom bruken av teknologi ikkje blir styrt på lokale premissar, kan han lett styrke sentrumskontrollen over periferien. Det kjem først og fremst til uttrykk ved bortfall av arbeidsplassar og ein aukande tendens til at det veks fram store kjeder med "filialisering" av utkantbedrifter. Dermed minkar verdiskapinga i distrikta, mens tilknytinga til sentrale nettverk aukar.
Den nye teknologien opnar og for ein større grad av utlokalisering av offentlege verksemder. Sentrale døme på dette er Brønnøysundregistra og NRKs lisenskontor i Mo i Rana. Eit anna døme er den vellykka satsinga på telemedisin, som gjer det mogleg å yte helsetenester over bildetelefon. I Finnmark medverka Regionsjukehuset i Tromsø, sjukehusa i Hammerfest og Kirkenes og helsesentra i Alta og Lakselv. Lærdommane herfrå er både at dei gir betre helsetenester, og at dei styrker den medisinske kompetansen i lokalmiljøa.
Utfordringa for næringslivet i distrikta blir her å sikre større tilgang til og meir effektiv bruk av den nye informasjonsteknologien og utnytte dette i eigen vare- og tenesteproduksjon og til å redusere avstandsulemper. Den sentrale oppgåva for styresmaktene er her ikkje berre å bygge ut infrastrukturen slik at han kjem alle delar av landet til gode, men det ligg òg ei oppgåve i å skaffe til vegar ei samordna offentleg satsing der ein ser samanhengen mellom offentleg politikk, spreiing av teknologisk kunnskap og kompetanse generelt. Samarbeidet om elektronisk informasjonsformidling og IT-utvikling i Sogn og Fjordane mellom fylkesmann, fylkeskommune, lokalt næringsliv, høgskule og forskingsmiljø, er døme på samspel mellom offentleg og privat sektor for å fremme regional utvikling.
Lagt inn 20 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen