4 Den breie regionalpolitikken
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
4 Den breie regionalpolitikken
4.1 Sektorpolitikken er viktig
For å utvikle robuste regionar i alle delar av landet, med eit balansert folkesetnadsmønster og eit likeverdig sysselsettings- og velferdstilbod, trengst det innsats på ei rad politikkområde. Samspelet mellom dei ulike innsatsane utgjer viktige rammevilkår for regional utvikling i alle regionar. Den distriktspolitiske effekten av innsatsen på andre politikkområder er omfattande. Det er vanleg å kalle denne samla innsatsen for den breie distrikts- og regionalpolitikken, medan dei distriktspolitiske verkemidla over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett vert kalla den smale distrikts- og regionalpolitikken. Det er liten tvil om at det er den breie distrikts- og regionalpolitikken saman med den generelle økonomiske politikken som har mest å seie for utvikling av levekåra og trygging av busettingsmønsteret i alle delar av landet.
Dei siste åra har det skjedd endringar innanfor fleire sektorar som er regionalpolitisk viktige. Særleg viktige regionalpolitiske sektorar der det skjer endringar, er samferdsle, landbruk og fiskeri og kommunesektoren. Desse sektorane blir derfor spesielt omtalte.
Det kjem framleis til å bli lagt stor vekt på regionalpolitiske omsyn i den vidare utviklinga av viktige sektorar. Men det skjer store endringar i samfunnet som politikken innanfor dei ymse sektorane er nøydd til å takle. Då er det nødvendig å ha eit gjennomtenkt syn på korleis endringar slår ut regionalt. Kva som er ønskjeleg ut frå behovet for kvar av sektorane, må vurderast i høve til konsekvensane for næringsliv og busetnad.
4.2 Samferdsle
Samferdslesektoren har ei svært viktig regionalpolitisk rolle. Gode samferdsleløysingar er ein føresetnad for å utvikle robuste regionar. For næringslivet i alle delar av landet har samferdsletilbodet avgjerande følgjer for lønsemda til bedriftene, for verdiskaping og evne til å skape sysselsetting. For innbyggarane er gode samferdsleløysingar ein føresetnad for velferd og trivsel.
Måla for samferdslepolitikken går fram av St.meld. nr. 32 (1995-96), "Om grunnlaget for samferdselspolitikken". Gjennom denne meldinga er det lagt eit grunnlag for ein meir heilskapleg transportpolitikk, der det blir lagt vekt på samordning og koordinering av tiltak på tvers av sektorane. Regjeringa legg og til grunn for samferdslepolitikken at prisen på transporttenester skal reflektere samfunnet sine kostnader knytt til desse tenestene, m.a. dei indirekte kostnadene knytt til ulukker og miljøulemper. Dette fremmar ein effektiv ressursbruk i samfunnet og i samferdslesektoren. Hovudmåla og strategiane som samferdslemeldinga dreg opp, blir vidareførte i stortingsmeldingane om Norsk veg- og vegtrafikkplan (NVVP), Norsk jernbaneplan (NJP) og Norsk luftfartsplan (NLP), som saman med stortingsmeldinga om hamner og kystforvaltning blir fremja våren 1997. Våren 1996 vart det lagt fram eigne meldingar om post og tele.
God framkomst i alle delar av landet er framleis det viktigaste målet for samferdslepolitikken, på same tid som ein tek omsyn til miljø og trafikktryggleik. Investeringar saman med drift og vedlikehald av infrastruktur er viktige element i ein politikk for spreidd busetnad og levedyktig næringsliv i alle delar av landet. I arbeidet med å skape godt fungerande regionar er det svært viktig å knyte saman senter og omland gjennom gode samferdsleløysingar.
Vegtransport er den einaste transportforma som (med svært få unntak) kan nå alle stader heilt fram til reisemålet. Vegtransporten er såleis òg ein føresetnad for andre transportformer. Personbilen er det dominerande transportmiddel i innanlands persontransport. Særleg gjeld det utkantstroka. Vegtransport er òg svært viktig i innanlands godstransport.
Det er framleis behov for investeringar for å betre framkomsten og utbetre flaskehalsar. Det er for tida store bindingar knytt til igangverande veganlegg. Men over tid blir det no i nokon grad lagt opp til ei vridning av innsatsen frå investeringar i nyanlegg til drift og vedlikehald av eksisterande riksvegnett. Samstundes vil særleg i dei største byane ein større del av investeringane bli retta mot å leggje til rette for kollektivtrafikk, for på den måten å avlaste vegnettet og bidra til å avgrense dei miljøproblema som transport skaper.
I NVVP 1998-2007 blir det vegpolitiske handlingsrommet vist gjennom utforming av fire alternative strategiar: ein framkomststrategi, ein distriktsstrategi, ein miljøstrategi og ein strategi for trafikktryggleik. På grunnlag av dette arbeidet blir det utforma ein tilrådd strategi. Verknadene av dei ulike strategiane går fram av visse sentrale måleparametrar knytte til framkomst, distriktsvis/geografisk fordeling, miljø og trafikktryggleik.
Parallelt med den strategiske tilnærminga i vegplanen er det innført eit styringsskilje mellom stamvegar og andre riksvegar som legg tilhøva betre til rette for ei effektiv gjennomføring av vegpolitikken. Formålet er å sikre ei samanhengande planlegging og styring av stamvegnettet for å styrke funksjonen til stamvegane som dei viktigaste transportårene mellom landsdelane og ut og inn av landet. Samstundes blir det enklare å tilpasse styringa av dei andre riksvegane, innanfor overordna vegpolitiske føringar, til utfordringane i kvart fylke. Både planane for fylka og stamvegane blir lagde fram for politisk handsaming i dei aktuelle fylka før det endelege nasjonale strategidokumentet blir lagt fram for Stortinget. Den strategiske vegplanen kjem til å bli følgd opp i fireårige vegpolitiske handlingsprogram for andre riksvegar i kvart fylke og for stamvegnettet.
Handlingsprogramma for andre riksvegar blir fastsette av vegsjefen i det aktuelle fylket etter ein fylkeskommunal gjennomgang som skal tilleggjast stor vekt. Det vil seie at fylkeskommunane innanfor dei strategiske føringane som Stortinget har lagt, har rett til å medverke i styringa av dei andre riksvegane, mellom anna ut frå regionalpolitiske mål.
Den kraftige utbygginga av vegnettet som har skjedd dei siste åra, med fleire tunnel- og bruprosjekt, har redusert avstandsulempene i mange delar av landet. Saman med det omfattande systemet av flyplassar som dekkjer heile landet, har dette ført til at det somme stader blir gitt statleg stønad til parallelle transporttilbod. For å redusere den offentlege ressursbruken er det behov for i større grad å vurdere transportstandarden i ulike sektorar i samanheng.
Samferdslelova har opna for bruk av anbod ved fylkeskommunale kjøp av transporttenester for lokal rutetransport (bil og båt). Når det gjeld riksvegferjedrifta, er det etter lova berre gitt høve til forsøk med anbod. I dag er det lyst ut fire prøveanbod. Det blir lagt opp til ein ny runde med anbod i 1997. Dette systemet gir større handlefridom og ansvar til ferjeselskapet for eigen økonomi, og det kan gi eit betre tilbod til lågare kostnader for det offentlege.
Ekspressbussar utgjer ein viktig del av rutetilbodet. I mange høve kan bussane som eit supplement til jernbanen vere eit alternativ til bil. Regjeringa vil i konsesjonspolitikken leggje meir vekt på omsynet til trafikantane og til miljøverknadene enn på omsynet til å skjerme eit transportmiddel mot konkurranse. Ved handsaming av nye konsesjonssøknader blir det derfor sett strengare krav til dokumentasjon av negative effektar for etablerte rutetilbod.
Transportterminalar, medrekna hamner, er viktige omlastingspunkt. Hamnene er særleg viktige for inn- og utskiping av import- og eksportvarer. Det er derfor sentralt framleis å bygge ut veg- og banetilknytinga til terminalar til ein slik standard at det norske vegtransport- og banenettet ikkje blir flaskehalsar i transporten til og frå andre land. Tilknytinga mellom resten av transportnettet og hamner og terminalar er i hovudsak tilfredsstillande. Men særleg i somme byområde representerer tilknytinga til hamnene flaskehalsar. I arbeidet med NVVP 1998-2007 vil riksvegtilknytning til viktige terminalar, medrekna hamnar bli vurdert.
Norsk jernbaneplan 1998-2007 dreg opp hovudlinjene for utviklinga av jernbanen i denne perioden. Dei strategiane ein her legg opp til, kan få ulike regionalpolitiske konsekvensar, mellom anna med omsyn til togtilbodet og satsinga på infrastruktur for jernbanen i dei ulike regionane.
NSB har sett i gang ein omstillingsplan som har til siktemål å redusere driftsutgiftene. Fleire tiltak i planen kan få regionalpolitiske konsekvensar. Ny forretningsplan for persontrafikken kan til dømes få konsekvensar for omfanget av tenestetilbodet og dermed for togtilbodet i ulike delar av landet. For både person- og godstrafikken kan det bli omleggingar av vedlikehaldsstrukturen, omleggingar av verkstadsektoren og omleggingar av terminaldrifta på godssida.
NSB arbeider med alternative løysingar for billettsal og andre tenester som jernbanestasjonane normalt tilbyr, og vurderer i den samanhengen å gjere somme jernbanestasjonar ubemanna. Eit alternativ kan vere at ein butikk eller kiosk tek i bruk stasjonsbygningen og samstundes sel togbillettar. Ei slik løysing gjer det mogleg å halde stasjonsbygningen open for dei reisande. Det kan òg vere aktuelt å kombinere jernbanestasjonen med til dømes skysstasjon for buss og/eller taxi. Dette er ordningar som kan jamførast med dei opplegga ein prøver å få til i samband med nedlegging av postkontor.
Hovudmålet med det statlege engasjementet i regional luftfart er å sikre raske og effektive samband mellom distrikta og regionale senter med tilknyting til langdistanseruter. Målet er at den regionale luftfarten skal medverke til økonomisk vekst, distriktsutvikling og sosial velferd, samstundes som negative, eksterne verknader blir mest mogleg reduserte.
For at ei flyrute skal vere forplikta til offentleg tenesteyting og kunne lysast ut på anbod, må ruta reknast som viktig for den økonomiske utviklinga i regionen der lufthamna ligg. Alle ruter i den regionale luftfarten er frå 1. april 1997 lyste ut på anbod. Dette har ikkje påverka omfanget av rutetilbodet som blir fastlagt gjennom utlysing på anbod og anbodsspesifikasjonar. Omlegginga har opna for konkurranse om anboda, og det har gitt ei betre utnytting av dei midlane staten stiller til disposisjon.
Ein god postal infrastruktur er viktig for eit effektivt og konkurransedyktig næringsliv i alle delar av landet, også i distrikta, og spelar ei viktig rolle for levekåra og valalternativa til kvar av oss. Ei god og effektiv postordning har derfor stor distrikts- og regionalpolitisk relevans. Målsetjinga på postområdet er å sikre ei likeverdig postteneste av god kvalitet og til rimelege prisar i alle delar av landet. Postale basistenester, det vil seie brevpost, aviser og blad i abonnement og ordinær postpakke, skal vere tilgjengelege gjennom eit landsdekkjande nett. Postbanken skal vidare tilby grunntenestene sine gjennom heile postnettet.
Stadig fleire bedrifter og privatpersonar nyttar alternative brukstilbod som elektroniske banktenester, telefaks, elektronisk post og dør-til-dør-tenester. Utviklinga fører til ein stor nedgang i skranketrafikken ved postkontora. Denne trenden er venta å halde fram også i åra som kjem. Samansetjinga av nettet og bruksformene må tilpassast den teknologiske utviklinga, endra infrastruktur og endra kundevanar og kundebehov. Dette skal ikkje redusere nivået på tilgangen til tenestene. Tilgangen skal sikrast gjennom eit samla tilbod av postkontor, postfilialar, landpostruter, lokalomdelingsruter, elektroniske nett osv.
For å sikre tilgangen til posttenester vil Posten i større grad enn i dag mellom anna gjere samarbeidsavtalar med butikkar o.l. om gjennomføring av posttenester. Det kan i somme høve føre til at butikkar i distrikta kan haldast oppe. Ei utvikling på dette området skjer gjennom gjensidig informasjonsutveksling mellom MERKUR-programmet og Posten. MERKUR-programmet er nærare omtalt i 7.8.
Eit hovudmål for norsk telepolitikk er å sikre alle husstandar og bedrifter over heile landet grunnleggjande teletenester av høg kvalitet til lågast mogleg pris. Grunnleggjande teletenester har til no omfatta taletelefoni, leigde linjer og datatenester. Taletelefoni skal vere tilgjengeleg for alle husstandar, mens leigde linjer og datatenester skal vere tilgjengelege for alle bedrifter. Telenor AS er i dag pålagt å sjå til at dette målet blir nådd.
I framtida må også tilgangen til digitale nett vere ein del av grunnleggjande, landsdekkjande tenester. Vi ønskjer eit sett av reglar som sikrar at alle delane av landet får nyte godt av det prisfallet på teletenester som avviklinga av eineretten og ny teknologi venteleg fører med seg.
Den internasjonale utviklinga med auka konkurranse på telesektoren har ført til at spørsmål om korleis landsdekkjande tilbod skal sikrast, og korleis eit eventuelt underskot knytt til levering av grunnleggjande teletenester skal finansierast, er komne i fokus. Telenor AS legg på same måten som Posten stor vekt på at nedlegging av eiga verksemd ikkje skal føre til dårlegare tilgang til eller redusert servicenivå for produktet på dei stadene det gjeld. Som Posten gjer også Telenor her bruk av kontraktbaserte forhandlarløysingar.
4.3 Landbruk
Grunnlaget for utviklinga av landbrukspolitikken i dag vart lagt i St.prp. nr. 8 (1992-93), "Landbruk i utvikling". Desse retningslinjene saman med merknadene frå Stortinget ligg mellom anna til grunn for jordbruksforhandlingane dei neste åra.
Ein hovudstrategi for landbrukspolitikken er å skape eit meir robust landbruk. Med omgrepet robust landbruk legg ein til grunn eit landbruk som kan tåle endringar i rammevilkåra, reduserte overføringar og auka konkurranse i marknadene. Eit sentralt element i denne strategien er å få til ein meir konkurransekraftig jordbruksproduksjon gjennom redusert kostnadsnivå, meir konkurransedyktig omsetnad og foredling, betre utnytting av marknads- og produksjonskapasiteten og mindre avstand mellom jordbruksprisane i Noreg og andre land. Forutan ein meir konkurransekraftig jordbruksproduksjon inneber utviklinga av eit robust landbruk ei betre utnytting av alle ressursane i landbruket samt utvikling av alternativ verksemd i tillegg til landbruk.
Utviklinga av eit robust landbruk med vektlegging på å skape alternativ verksemd i tilknytning til landbruket skal vere med på å utvikle levedyktige distrikt og bygdesamfunn innanfor ramma av den samla distrikts- og landbrukspolitikken. Eit livskraftig landbruk er ein føresetnad for å nå målet om å halde oppe hovuddraga i busettingsmønsteret og for å sikre levekåra i ulike delar av landet. Hovudtyngda av jord- og skogbruksproduksjonen er lokalisert til distrikta. Den jordbruksbaserte næringsmiddelindustrien og den skogbaserte foredlingsindustrien er av dei tyngste sektorane i norsk industriproduksjon. Ein stor del av desse verksemdene er lokaliserte i distrikta. Den sterke forankringa landbruket har i Distrikts-Noreg, gjer at utviklinga i landbruket spelar ei sentral rolle for den samla busettinga og sysselsettinga i desse områda. Landbrukssektoren, inkludert ringverknadseffektar på anna næringsliv, står for ein stor del av sysselsettinga i mange av kommunane i landet. Det gjeld i særleg grad kommunar som er lokaliserte innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.
Landbruket har ledige ressursar, utsikter og behov for å skape ny verksemd. Det må utnyttast for å auke verdiskapinga, styrke næringsgrunnlaget og dermed grunnlaget for meir varig sysselsetting både i distrikta og i landet under eitt. Eit livskraftig landbruk i ulike delar av landet er ein føresetnad for å ta vare på det varierte landskapsbiletet vårt med sine kulturlandskapsverdiar. Kulturlandskap og kulturmiljø utgjer viktige positive marknadsverdiar som det er viktig å utnytte i næringsutviklinga.
Busetnaden må karakteriserast som sårbar i mange distrikt der landbruket dominerer. Det kjem av ein kombinasjon av einsidig næringsliv og at det trengst mykje næringsstønad til jordbruket. Betre næringsmessig utnytting av det samla ressursgrunnlaget og auka verdiskaping i landbruket saman med satsing på alternativ verksemd i tilknyting til landbruket er viktige tiltak for å møte desse utfordringane.
Lokaliseringa av skogressursane gjer at skogbruket også står i ei særstilling som distriktsnæring. Tre firedelar av skogarealet og om lag 60 % av avverkinga skjer i område som ligg innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Ein stor del av den trebaserte industrien er òg lokalisert til distrikta. Aktiviteten i skogbruket har derfor mykje å seie for utviklinga i bygdene, og ein auke i aktiviteten i skogbruket og i skogindustrien kjem distrikta direkte til gode.
I den vidare utviklinga av landbrukspolitikken blir det lagt vekt på den rolla gardbrukaren har som sjølvstendig næringsdrivande. Det blir lagt opp til å gi dei sysselsette i landbruket inntektsvilkår på lik linje med andre grupper i samfunnet. I tillegg blir det peikt på at auka marknadsretting og effektivisering av det tradisjonelle jordbruket må kombinerast med ei brei satsing på bygdeutvikling for å stimulere til nyskaping og omstilling i lokalsamfunn der landbruket veg tungt. Den kombinerte satsinga er i samsvar med dei modellane som blir nytta også i andre land i Vest-Europa.
Distriktstiltaka er no i mange produksjonar dimensjonerte slik at inntektene gjennomgåande er høgast i distrikta, og slik at produksjonsdelen i distrikta er stabil eller aukar. I perioden 1985-1995 har distriktsdelen av produksjonen auka innanfor grovfôrbaserte produksjonar (mjølk, storfe, kalvekjøtt, sauekjøtt), mens den geografiske fordelinga av andre viktige produksjonar som svinekjøtt, fjørfekjøtt og korn har vore relativt stabil. Distriktsdelen av landbruksproduksjonen målt i årsverk er òg stort sett sikra. Det har vore ein auke i jordbruksarealet i Noreg frå 1990 til 1995 på 3,2 %. Sterkast har veksten vore i Agder/Rogaland med 5,9 % og i Nord-Noreg med 5,6 %.
Regjeringa ønskjer å vidareføre den distriktspolitiske innsatsen innanfor landbruket på eit høgt nivå, slik at inntektsvilkåra og produksjonen i distrikta blir sikra. Utvikling av eit meir robust landbruk krev likevel ytterlegare kostnadsreduksjonar. I ein situasjon med reduserte prisar og/eller overføringar må også distriktstiltaka tilpassast noko, slik at det blir ei balansert og kostnadseffektiv utvikling. I område der landbruket spelar ei underordna rolle, og der grunnlaget for sysselsetting og busetnad er meir allsidig, må aktiviteten i landbruket baserast meir på marknadsutsiktene. Også her er det likevel behov for å stimulere til omstilling og utvikling av ny næringsverksemd som ledd i den generelle nærings- og regionalpolitikken. Dette inneber ei sterkare distriktspolitisk målretting innanfor landbrukspolitikken.
Sidan 1990 har kostnadene i jordbruket gått ned med over 10 %. Det trengst ein monaleg reduksjon i kostnadene og ei meir effektiv ressursutnytting i omsetningsledda og i næringsmiddelindustrien. Større og meir verksam konkurranse er her det viktigaste verkemidlet.
For store delar av husdyrproduksjonen, til dømes mjølke- og eggproduksjonen, er det stor overkapasitet. Det gir for høge kostnader i jordbruket, både på kort og lang sikt. Det er derfor framleis eit viktig mål å få til ytterlegare kostnadsreduksjonar i alt jordbruksbasert næringsliv av omsyn til konkurransekrafta til norske jordbruksprodukt og ut frå ei målsetjing om reduksjon av matvareprisane ned mot nivået i andre land.
Mjølkeproduksjonen er svært viktig for inntekt og sysselsetting i distrikta. Innanfor mjølkeproduksjonen er det liten fleksibilitet i kvotesystemet, slik at produsentane ikkje har særleg høve til å tilpasse produksjonen til endra rammevilkår. For å få til betre kapasitetsutnytting og reduserte einingskostnader er det etablert eit system med omfordeling av mjølkekvotar og nivået for produksjon er blitt fastsett til 1700 mill. liter i 3 år framover. Det aukar inntektsvilkåra for aktive produsentar og aukar tilpassingsprosessen. Det er lagt vekt på å utforme ordninga slik at ho er med på å halde oppe produksjonsdelen i distrikta. Omfordeling av mjølkeproduksjonskvotar skjer derfor innanfor avgrensa regionar.
Det er viktig at landbruket framover i større grad enn i dag utnyttar dei marknadsutsiktene som ligg innanfor tradisjonelt landbruk. Dette gjeld økologiske produkt, eksport særleg av grøne produkt og kjøttproduksjon basert på beiteareal/gras.
Det sentrale økonomiske verkemidlet innanfor jordbruksavtala når det gjeld næringsutvikling i landbruket, er bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane). Målet er at BU-midlane skal føre til fleire arbeidsplassar innan og i tilknyting til landbruket. Tiltaka skal ha ein distriktsprofil og medverke til å oppfylle dei generelle distriktspolitiske måla. Satsinga omfattar dei aller minste verksemdene innan og i tilknyting til landbruket, med 1-5 tilsette, hovudsakleg gardsbruk. Resultata av satsinga i 1995 viser ein venta sysselsettingsauke på 1200 - 1300 årsverk, av desse 700 årsverk for kvinner. I 1995 gjekk 69 % av midlane til kommunar innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.
Forsking og utvikling er viktig for å møte dei utfordringane norsk landbruk og bygdenæringane står framfor. Landbruksforskinga skal medverke til verdiskaping og sysselsetting i landbruket og i landbruksbasert verksemd gjennom auka konkurransekraft i næringane og høgare foredlingsgrad av produkta.
I dei seinare åra har naturressurs- og miljøbasert næringsutvikling fått ein meir sentral plass i fylkeskommunale næringsstrategiar, med vekt på kompetanseutvikling og fornying innanfor tradisjonelle næringar og bransjar. For viktigare delar av denne næringsverksemda vil det vere mogleg å foreine privatøkonomiske interesser hos grunneigarar og rettigheitshavarar, lokalpolitiske velferdsmål og nasjonale målsetjingar med omsyn til miljø, landbruk, busetting, kultur og helse på ein måte som aktivt støtter opp under lokal busetting. Dette gjer slik næringsutvikling spesielt interessant i eit regionalt utviklingsperspektiv. For dei av landbruket sine verkemiddel som er retta mot næringsutvikling og miljø, er det ein føresetnad at forvaltninga er i tråd med føringar som er gjeve m.a. gjennom godkjend fylkesplan. Ordningane vert såleis samordna med andre offentlege verkemiddel på fylkesnivå, gjennom nær samhandling mellom fylkeskommunen, fylkesmannen og SND sine regionale kontor.
4.4 Fiskeri
Regionale omsyn spelar ei avgjerande rolle for norsk fiskeripolitikk. Tradisjonane i norsk fiskerinæring er lange og sterke og skal leggje grunnlaget for utviklinga vidare framover. Fiskeri- og havbruksnæringa er basert på ressursar og areal som gir næringa ei naturleg tilknyting til kyststrøka i utkant-Noreg. Målsetjinga om at norsk fiskerinæring skal vere med på å sikre sysselsetting og busetnad langs kysten har alltid stått sentralt i fiskeripolitikken.
Utviklinga i rammevilkåra for fiskeri- og havbruksnæringa gjer at norsk fiskerinæring heile tida må vere konkurransedyktig i høve til næringane i andre land. Dette skaper nye og store utfordringar for fiskeri- og havbruksnæringa i Noreg. Det er ei sentral målsetjing at desse utfordringane skal møtast på ein måte som tek utgangspunkt i dei tradisjonelle verdiane i norsk fiskerinæring. Regjeringa vil derfor arbeide aktivt for ei omstilling i norsk fiskerinæring som tek utgangspunkt i kort avstand til ressursane og dei tradisjonelt sterke miljøa som finst langs kysten. Slik Regjeringa vurderer det, er utviklinga av ei konkurransedyktig og framtidsretta fiskerinæring det sikraste grunnlaget for vidare sysselsetting og busetnad langs kysten.
Målet for fiskeripolitikken er å utvikle ein berekraftig og lønsam fiskeri- og havbruksnæring som gjennom auka verdiskaping og trygge arbeidsplassar bidrar til å bevare hovudtrekka i busettingsmønsteret langs kysten.
Fiskerinæringa har til alle tider vore grunnsteinen i kystsamfunna i Noreg. Med utviklinga av det moderne samfunnet har fiskeria sin struktur endra karakter, utan at posisjonen som hovudnæring langs kysten har vore truga. Som andre primærnæringar, har ein innanfor fiskeria hatt ein sterk nedgang i talet på direkte sysselsette i primærleddet. Noko av denne nedgangen er utlikna gjennom framveksten av ein moderne fiskeindustri på land og gjennom utviklinga av oppdrettsnæringa.
Norsk fiskeri- og havbruksnæring er i dag, med ein eksportverdi for fisk og fiskevarer på omlag 22 milliardar kroner i 1996, ein av Noregs største eksportnæringar. På innanlands marknaden vart det omsette fisk for ca. 4 milliardar kroner.
Den norske fiskeflåten har i dag nesten 3000 heilårsdrevne fiskefarty over åtte meter. Omlag 17 000 personar har fiske som hovudyrke. Førstehandsverdien på fisk var i 1996 omlag 8,5 milliardar kroner.
I dag er fiskefarty og fiskereiskap så effektive at ei streng innsatsregulering er nødvendig del av ei rasjonell og ansvarleg fiskeriforvaltning. Dette har ført til ein reduksjon i talet på heiltids- og deltidsfiskarar med nesten 40 pst sia 60-åra. Ein tilsvarande reduksjon har skjedd i talet på fiskefarty. Til tross for dette er det framleis nødvendig med en kapasitetstilpassing dersom grunnlaget for drift innan for dei enkelte farty skal bli tilfredsstillande. I 1995 var det registrert 497 foredlingsbedrifter med 12 140 tilsette. Ei kartlegging gjord av Fiskeridirektoratet i 1994 synte at omlag 4300 årsverk var direkte knytte til produksjon og foredling av laks og aure. Ikring 9800 årsverk var direkte knytte til oppdrettsnæringa i form av leveransar av varar og tenester
Ressurssituasjonen er for tida god for dei fleste fiskeslag i Barentshavet. Dette gir grunnlag for høge fangstkvotar, noko som igjen gir moglegheit for å auke lønsemda i fiskeflåten og foredlingsindustrien. I Nordsjøen er mange bestandar i dårleg stand, og forvaltninga må derfor betrast. Dette må skje i samarbeid med dei andre nordsjølanda.
Utviklinga i den internasjonale handelen med fisk og fiskevarer fører til sterkare krav om rask omstilling og utvikling. Den største utfordringa for norsk fiskerinæring i åra framover er å sikre ei praktisk omstrukturering og vidareutvikling av næringa. Det er særleg viktig å få til økt horisontal samarbeid mellom bedriftene for å styrke bedriftene si konkurranseevne i det internasjonale marknaden. Vidare bør ein få til auka vertikalt samarbeid mellom flåten, havbruksnæringa og industrien når det gjeld mottak/levering av råstoff.
Utviklinga i den internasjonale marknaden for fisk er prega av aukande grad av globalisering av handelen med fisk, og ein aukande grad av segmentering i spesialmarknaden for produkt med høg kvalitet. Utfordringa framover i forhold til fiskeindustrien vil derfor vere å leggje til rette for ei styrking av næringa si konkurranseevne i marknaden gjennom produktutvikling, verdiauke av dei produkta som blir eksportert samt satsing på marknadsarbeid og marknadsforsking. Når det gjeld marknadsforsking, kjem det stadig fleire eksterne krav til kvalitet og dokumentasjon av råvarer og råvareforedling. Dette set store krav til kunnskap og kompetanse hos utøvarane i alle ledd av næringa. I åra som kjem vil det være ei prioritert oppgåve å arbeide for å betre marknadstilgangen til marknader utanfor EU.
Det er nødvendig å skape effektiv drift og lønsemd i fiskeflåten, slik at ein får til ein fornying og oppgradering av flåten, samtidig som ein får ein tidsriktig og trygg fiskeflåte. Forholda er lagt til rette for dette blant anna ved at fiskeflåten gjennom integrasjonen av Fiskarbanken i SND frå 1. januar 1997, har fått tilgang på dei same distriktspolitiske verkemidla som anna næringsliv.
Kystflåten skal være ryggraden i norsk fiskerinæring, samtidig som havfiskeflåten skal spille en sentral rolle. For å sikre foredlingsindustrien på land, er det ønskeleg å begrense omfanget av ombordproduksjon.
Fleire einsidige fiskeriavhengige lokalsamfunn langs Finnmarkskysten har behov for ein målretta omstrukturering innan næringen og i forhold til tilpassing til dei rådane rammevilkåra. Sett i forhold til strukturen på land, har Finnmark ein uforholdsmessig stor del av mindre kystfarty. For å leggje grunnlaget for ein tilstrekkeleg stor basis av råstoff frå lokal tilknytt flåte, er det nødvendig å legge til rette for bygging og kjøp av større brukte fiskefarty til Finnmark.
Det er ikkje å vente at kvotane til fiskeflåten vil auka vesentleg, og vår evne til å optimalisere råstoffet og utnytte biprodukta blir stadig viktigare for lønsemnda i norsk fiskerinæring. Det er også viktig å leggje forholda til rette for å utnytte biprodukt gjennom lokale innsamlingsordningar. Det ligg også svært interessante mogelegheiter i bruk av bioteknologi for å utvikle nye produkt basert på marint råstoff.
Noregs havbruksproduksjon gir grunnlag for vidare utvikling, både innanfor dei tradisjonelle artane laks og aure, og i forhold til nye marine fiskeartar og skjel. Gjeldande retningslinjer for havbrukspolitikken ble lagt fram i St meld nr 48 (1994-95) "Havbruk - en drivkraft i norsk kystnæring". Det er eit viktig mål å sikre tilstrekkelege areal og gode lokalitetar for dagens og framtidas oppdrettsproduksjon. Regjeringa ønskjer å styrke oppdrettsnæringa når det gjeld evne til egenstyring, marknadstilpassing av produksjonen, vidareutvikling og kvalitetssikring.
Eit fireårig utviklingsprogram for marine artar i oppdrett vil bli etablert. Ein vil leggje vekt på å utvikle ny næringsverksemd knytte til oppdrett av marine artar som et supplement til lakseproduksjon og til utviklinga i utstyrsnæringa. For ytterlegare å styrke næringsvilkåra langs kysten tek ein sikte på å leggje til rette for havbeite som næringsgrunnlag.
Ei utvikling av fiskerinæringa mot ein moderne næringsmiddelindustri set heilt nye krav til kunnskap og kompetanse i forhold til tidlegare. Større konkurranse om arbeidskraft skaper særlege utfordringar i distrikta for å rekruttere til utdanning og arbeid i fiskeri- og havbruksnæringa. Det må leggjast større vekt på rekruttering, og på å framheve fiskeri- og havbruksnæringa som ei framtidsretta næring med mange ulike karrieremogelegheiter.
Funksjonelle fiskeri- og trafikkhamner er ein viktig føresetnad for at fiskerinæringa kan vere konkurransedyktig. Hamnestrukturen skal tene både fiskeflåten, foredlingsindustrien og eksportleddet på ein hensiktsmessig måte. Vidare utbygging av fiskerihamner var og ein av tilrådingane frå styringsgruppa for kontakt med Nord-Noreg.
4.5 Kommunesektoren
Arbeidet til kommunane og fylkeskommunane står sentralt i utforminga av velferdssamfunnet. Det heng saman med at kommunane produserer dei viktigaste nasjonale velferdstenestene, særleg i utdanningssektoren og helse- og sosialsektoren. Det er av grunnleggjande interesse for alle innbyggarane i landet å ha tilgang til eit godt kommunalt tenestetilbod uavhengig av kvar ein bur.
Kommunesektoren er ein viktig del av offentleg sektor, og disponerer ein stor del av samfunnsressursane. Grunnlaget for desse ressursane er verdiskapinga i næringslivet. Det er derfor ei stor utfordring å medverke til at den offentlege vare- og tenesteproduksjonen skjer mest mogleg effektivt.
Kommunane har ulike føresetnader når det gjeld det lokale inntektsgrunnlaget, og det er store variasjonar i utgiftene ved å produsere tenester som følgje av ulik alderssamansetjing, busettingsmønster med vidare. Utan ein statleg utjamningspolitikk overfor kommunesektoren ville det ha vore grunnlag for store ulikskapar i det kommunale tenestetilbodet. Den statlege utjamningspolitikken blir først og fremst realisert ved fordeling av rammetilskot gjennom inntektssystemet.
Hovudfunksjonen til inntektssystemet er å jamne ut økonomiske føresetnader for eit likeverdig tenestetilbod i alle kommunane og alle fylkeskommunane i landet. Rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar er det viktigaste statlege verkemidlet for å påverke fordelinga av inntekter mellom kommunar og mellom fylkeskommunar. I tillegg til målsetjinga om utjamning av føresetnader for eit likeverdig tenestetilbod blir det òg gitt tilskot gjennom inntektssystemet som er regionalpolitisk underbygde. Kommunesektoren har ei viktig rolle i regionalpolitikken. I mange regionar er kommunane svært viktige både for sysselsettinga og for det totale velferdstilbodet til innbyggarane.
For å jamne ut dei økonomiske føresetnadene for eit likeverdig tenestetilbod har inntektssystemet ei ordning med utjamning av skilnader i skatteinntekter og ei ordning med utjamning av skilnader i utrekna utgiftsbehov. Inntektsnivået til folk og skatteinntekter frå privat verksemd varierer frå kommune til kommune og mellom regionar. Det er atskilleg variasjon i skattegrunnlaget og dermed skatteinntektene mellom kommunar og mellom fylkeskommunar. I 1994 varierte skatteinntektene frå om lag 6000 kroner til om lag 55 000 kroner per innbyggar i kommunane. Utan eit statleg utjamningssystem ville skilnader i skattegrunnlag føre til at kommunar og fylkeskommunar ikkje ville ha same høvet til å tilby eit likeverdig tenestetilbod. Ei utjamning av skilnader i skatteinntekter er nødvendig for at alle kommunar og fylkeskommunar skal sikrast ei tilfredsstillande grunnfinansiering, og for at alle innbyggarane skal sikrast eit tilfredsstillande velferdstilbod uavhengig av lokalt skattegrunnlag. Inntektsutjamninga gjer at det blir overført pengar frå sentrale kommunar med godt skattegrunnlag til utkantkommunar med dårlegare utbygd næringsliv.
Det blir likevel ikkje gjennomført full utjamning av skilnader i skatteinntektene. Det har til følgje at kommunar med relativt høge skatteinntekter kan gi innbyggarane sine eit tenestetilbod som er betre enn gjennomsnittet. Kommunar med høge skatteinntekter er dels ein del bynære kommunar i sentrale delar av landet, dels nokre små distriktskommunar med store energiinntekter.
I tillegg til å jamne ut skilnader i skatteinntekter tek inntektssystemet omsyn til at kostnadene ved å tilby eit likeverdig tenestetilbod vil variere mellom kommunar og mellom fylkeskommunar. Det gjer ein ved å rekne ut utgiftsbehovet til kvar kommune ved hjelp av ein kostnadsnøkkel. Skilnader i utrekna utgiftsbehov blir utjamna fullt ut i inntektssystemet i dag. Det finst skilnader frå kommune til kommune med omsyn til kva for utgiftselement som er viktige for den kommunale tenesteproduksjonen. Døme på slike skilnader gjeld høvet til å utnytte stordriftsfordelar, ulik eldreprosent hos innbyggarane eller variasjon i sosiale problem. Generelt fører utgiftsutjamninga til at det blir omfordelt midlar frå sentrale kommunar med stort folketal og låg eldreprosent til små utkantkommunar med grisgrendt busetnad og høge utgifter på grunn av relativt mange eldre.
Ved innføringa av det nye inntektssystemet (St.prp. nr. 55 (1995-96), "Om kommuneøkonomien 1997 m.v."), vart kostnadsnøkkelen for kommunane sterkt endra. Den nye kostnadsnøkkelen for kommunane er i hovudsak basert på framlegget frå Inntektssystemutvalet (NOU 1996:1, "Et enklere og mer rettferdig inntektssystem for kommuner og fylkeskommuner"). Denne kostnadsnøkkelen er reint fagleg grunngitt ut frå omsynet til utjamning av føresetnadene for å gi eit likeverdig tenestetilbod. Innføring av ny kostnadsnøkkel for utgiftsutjamninga til kommunane fører isolert sett til omfordeling frå små utkantkommunar til store og mellomstore by- og landkommunar samanlikna med det gamle systemet.
Ved utforminga av eit nytt inntektssystem er det likevel som ledd i den samla regionalpolitikken teke omsyn til at det er nødvendig å ha høge overføringar til utkantkommunane. Inntektssystemet vidarefører derfor eit særskilt tilskot til kommunane og fylkeskommunane i Nord-Noreg. Tilskotet medverkar til at kommunane i Nordland, Troms og Finnmark har høgare inntekter enn kommunane i landet elles. Det gir i sin tur rom for at kommunane i denne regionen kan ha eit godt kommunalt tenestetilbod, og større kommunal sysselsetting enn andre delar av landet.
Regjeringa meiner det er nødvendig å sikre at små utkantkommunar framleis har større inntekt pr. innbyggar for å sikre eit godt tenestetilbod. For å sikre omsynet til den kommunale tenesteytinga i utkantkommunane er det i inntektssystemet innført eit eige regionaltilskot. På lengre sikt kan det vere aktuelt å samordne Nord-Noreg-tilskotet med regionaltilskotet samt opplegget for skjønn.
Tilskotet er utforma slik at det berre er kommunar med færre enn 3000 innbyggarar som får eit slikt tilskot. Vidare er det òg sett eit tak på skatteinntekter på 110 % av landsgjennomsnittet, slik at små kommunar med høge inntekter ikkje får eit slikt tilskot.
Tilskotet blir fordelt med ein sum per kommune gradert etter soner i det distriktspolitiske verkeområdet. (Verkeområdet er nærare presentert i 7.1.)
Departementet gjer framlegg om å bruke desse satsane i 1997:
Ved å gi ein fast sum til alle kommunar innanfor denne graderinga sikrar ein at tilskotet får størst innverknad per innbyggar i dei minste kommunane. I kommuneøkonomiproposisjonen for 1997 vart det varsla ei gradvis opptrapping av dette tilskotet etter kvart som verknaden av det nye inntektssystemet får fullt gjennomslag.
Kommunar som isolert sett taper på omlegginga av den faste delen i inntektssystemet, får i 1997 som hovudregel kompensert dette gjennom ekstraordinære skjønnsmidlar. I åra framover tek Regjeringa sikte på at det kommunale tenestetilbodet skal lyftast der det i dag er dårlegast, utan at det blir dårlegare der det i dag er godt.
4.6 Omsynet til ei berekraftig utvikling
Regjeringa si målsetting om berekraftig utvikling legg viktige premiss for distrikts- og regionalpolitikken. Dette inneber mellom anna at verdiskapinga i distrikta må skje innanfor dei grensene naturen set. Mange distrikt er avhengige av eit miljø- og naturbasert næringsliv. Berekraftig bruk av naturressursane i slike område er derfor ein føresetnad både for ei vidare utvikling av næringslivet og for å ta vare på regionane sine føremoner.
I distrikta - så vel i byar og tettstader som i grisgrendte område - vert det i utviklingspolitikken lagd særskild vekt på fornying og kompetanseutvikling av det ressursbaserte næringslivet. Dette vil ha direkte føringar for arealbruk og planlegging. Den regionale planlegginga i distrikta vil derfor ha eit naturleg fokus på moglegheitene for å styrke busetting, sysselsetting og levekår. Det lokale og regionale behovet for arealplanlegging vil ofte vere avgrensa til å ta vare på det ressursbaserte produksjonsgrunnlaget og å legge til rette for det utviklingspotensialet som måtte ligge føre når det gjeld næringsutvikling, serviceutbygging og bustadbygging.
Men samstundes vil det og ofte vere knytt sterke verneinteresser til arealbruken i distrikta. Ein må i kvart einskild tilfelle nøye vurdere vern eller utnytting av område som til no ikkje er dominert av utbygging. Det er viktig å finne fram til fornuftig fleirbruk av areal og avklare grunnlaget for uttak av ikkje-fornybare ressursar. I denne situasjonen er det ikkje minst viktig å få klarlagt dei nasjonale verneinteressene som bør takast i vare gjennom den regionale planlegginga i fylke og kommunar. Føremålet vil både vere at desse verneinteressene skal takast best mogleg i vare, men og å legge til rette for ein rask og effektiv planlegging av areal som skal nyttast til utbyggingsføremål.
4.7 Kultur
Regjeringa legg vekt på utvikling av kulturområdet som eit berande element i utviklinga av gode lokalsamfunn. Regjeringa vil føre ein kulturpolitikk som gir oppleving og deltaking for den enkelte. Kultur er ei kjelde til innsikt, utvikling og velferd, og skal derfor vere eit satsingsområde. Alle delar av landet skal ha tilgang til kulturuttrykk og kulturaktivitet. Det er ei stor kulturpolitisk utfordring å vidareføre desentraliserte aktivitetar - samtidig som ein sikrar nasjonale og regionale institusjonar med tyngde og vitalitet.
Staten har ein pådrivarrolle i denne satsinga, i samråd med kommunar og fylkeskommunar. Det må mobiliserast til brei aktivitet i kultursektoren, både av amatørar og profesjonelle. Som ein del av dette arbeidet vil Regjeringa velje ut nokre lokale signalprosjekt rundt om i landet, som kan styrke kulturengasjementet, livslang læring og fysisk aktivitet. Regjeringa vil særleg arbeide innanfor fire område som fangar opp viktige utfordringar i åra som kjem: barn og unges rom for skapande utvikling, det fleirkulturelle Noreg som plattform for naturleg og likeverdig deltaking, formidling av kunnskap, informasjon og kultur og møtestader for samhandling, kulturopplevingar og utfalding. Desse fire leietrådane skal knytast saman ved ein målretta innsats over heile landet.
Dei nasjonale kulturinstitusjonane må trekkjast med i ei slik vitalisering av kulturlivet. Det same gjeld teater, orkester, musé og riksanlegg m.m. der staten saman med kommunar og fylkeskommunar bidrar med finansiering. Kulturtilboda skal ha best mogleg geografisk og sosial spreiing. Alle skal sikrast tilgang på kulturopplevingar. Ei slik brei formidling av kunst og kultur må skje ved turnéverksemd, samproduksjonar, samarbeid mellom nasjonale og regionale institusjonar og informasjonsteknologi.
Det vil bli arbeidd for å styrke samordning og vidareutvikling av informasjonssystem i kultur- og kunnskapssektoren i "Kulturnett Norge". Bibliotek, arkiv, musé og utdannings- og forskingsinstitusjonar vil bli knytte saman i dette nettverket, med Nasjonalbiblioteket som sentralt knutepunkt. Informasjonsteknologien gir folkebibilioteka nye opningar for å fungere som informasjonsbankar i lokalsamfunnet. Det bør byggjast ut eit nasjonalt netverk av musikk-, kultur- og kunstskular.
4.8 Vi må forsterke arbeidet med å sjå dei ulike sektorane i samanheng
Dei endringane som skjer innanfor viktige sektorar, kan ha regionale verknader på to måtar: gjennom endringar i tilbodet til innbyggarar og næringsliv, og gjennom sysselsettingsverknader. Kva som skal telje mest, kan variere. I somme høve er sysselsettingsverknadene av ei tilrådd endring så store at ein må ha dei i tankane når endringa skal setjast i verk. Ein viktig grunn til innføringa av eit eige regionaltilskot i det kommunale inntektssystemet er den store relevansen kommunesektoren har for sysselsettinga i distriktskommunane. I andre høve kan sysselsettingsverknadene handterast gjennom verkemiddel innanfor den smale regionalpolitikken og/eller arbeidsmarknadspolitikken. Tidlegare har ein møtt større endringar innanfor sektorpolitikken, til dømes nedbygginger innanfor Forsvaret og omlegginga gjennom HVPU-reforma, med ein regionalpolitisk innsats ved hjelp av omstillingsløyvinga. Regjeringa vil framleis bruke denne løyvinga når konsekvensane for sysselsettinga i kommunane er så store at det ordinære verkemiddelapparatet ikkje strekk til.
Gjennom dei endringane som no skjer innanfor samferdsleverksemdene, er det først og fremst verknadene for tenestetilbodet som har stått i fokus. Sysselsettingsverknadene er spreidde utover heile landet. Dei blir for ein stor del handterte innanfor kvar etat og elles gjennom arbeidsmarknadspolitikken. Det blir lagt stor vekt på at tenestetilbodet til innbyggarar og næringsliv ikkje skal bli dårlegare. Der ein satsar på kombinasjonsløysingar, til dømes når private forretningar tek over posttenester, kan omleggingane vere med på å tryggje nødvendige tenestefunksjonar innanfor privat sektor. Dette har også positive sysselsettingsverknader.
Lokaliseringa av statlege verksemder har store regionalpolitiske følgjer. Dei momenta som er omtalte framanfor, gjeld først og fremst dei direkte tenesteproduserande delane av den statlege verksemda. I St.meld. nr. 33 (1992-93), "By og land, hand i hand", blir det slått fast at målet om ein god regional balanse av offentleg verksemd dels skal nåast gjennom desentralisering og delegering av styringsmakt til regionale organ, dels ved ei vurdering av lokaliseringa ved nyetableringar og større utvidingar i statlege institusjonar. Regjeringa strekar under at denne politikken ligg fast.
Under debatten om den årlege distrikts- og regionalpolitiske utgreiinga i 1995 ba eit fleirtal i Stortinget regjeringa etablere rutiner som sikrar at konsekvensane for distrikta blir utgreia som ein del av avgjerslegrunnlaget når Stortinget skal avgjera om politikken på viktige samfunnsområde skal leggjast om. Kommunal- og arbeidsdepartementet arbeider no med å førebu det faglege grunnlaget for slike distriktsmessige konsekvensutgreiingar.
Regjeringa vil vidare ta initiativ til ein brei gjennomgang av effektane for distrikta av ulike verkemiddel, mellom anna samferdselsinvesteringar og ulike ordningar innanfor landbruket. Målet med utgreiinga vil vere å sikre at den distriktspolitiske innsatsen på ulike område i større grad vert vurdert i samanheng slik at den samla innsatsen vert meir målretta. Bakgrunnen for ein slik gjennomgang er at ein i vekslande grad har studert verkemidla i distrikts- og regionalpolitikken systematisk, og at det manglar eit fagleg grunnlag for å samanlikne den distriktspolitiske innsatsen på ulike politikkområde. Verkemidla innanfor den smale distriktspolitikken blir systematisk evaluerte, mens derimot den breie distrikts- og regionalpolitikken har eit stort behov for ein slik samla gjennomgang.
Lagt inn 20 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen