8 Aktørane sine roller...
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
8 Aktørane sine roller i distrikts- og regionalpolitikken
8.1 Rolla til det sentrale nivået
Den breie distrikts- og regionalpolitikken (sektorpolitikken) skal som i dag regulerast gjennom dei respektive sektordepartementa. Regjeringa vil i større grad leggje vekt på å få til samhandling der dette trengst for å løyse viktige og større regionale utviklingsoppgåver. Innanfor distrikts- og regionalpolitikken er det Kommunal- og arbeidsdepartementet som har ansvaret for den ordinære samordninga og koordineringa mellom dei ulike sektorområda. Kommunal- og arbeidsdepartementet arbeider med å førebu det faglege grunnlaget for distriktsmessige konsekvensutgreiingar av større politikkomleggingar innanfor viktige samfunnsområde. Regjeringa vil ta initiativ til ein brei gjennomgang av effektane på distrikta av ulike verkemiddel, mellom anna samferdsleinvesteringar og ulike ordningar innanfor landbruket. Målet med utgreiinga vil vere å sikre at den distriktspolitiske innsatsen på ulike område i større grad vert vurdert i samanheng slik at den samla innsatsen vert meir målretta.
Når det gjeld den smale distrikts- og regionalpolitikken, er det Kommunal- og arbeidsdepartementet som har det overordna ansvaret for midlane som står til disposisjon under kap. 13.50. Innføringa av regionale utviklingsprogram fører til at ein del av verkemidla, i første omgang under kap. 13.50, blir meir omfatta av det strategiske utviklingsarbeidet og planlegginga i fylkeskommunane, i samråd med departementet sentralt. Vidare blir ein større del av den operative verkemiddelbruken overført til fylkesvise SND-kontor, der slike kontor er skipa. Dei sentrale oppgåvene for departementet i ei slik arbeidsdeling vil i tillegg til politikkutvikling vere rettleiing, råd, forhandlingar og godkjenning som knyter seg til utarbeidinga av regionale utviklingsprogram. Under eit slikt system har fylka og departementet større behov for ein dialog og tettare kommunikasjon om korleis dei statlege signala og føringane skal tolkast, kva fylka bør leggje vekt på innanfor dei, og kva for tilpassingar som er nødvendige ut frå regionale omsyn.
Kontakten mellom fylka og staten skjer årleg i tilknyting til utarbeiding og godkjenning av utviklingsprogramma og justeringar i høve til statsbudsjettet. Med større økonomiske midlar inne i dei regionale utviklingsprogramma vil det vere mogeleg å få til samfinansiering mellom programmidlar og midlar frå andre sektorar. Det blir då viktig å få ei sentral koordinering og sjekking i forhold til den nasjonale politikken på ulike område. Kommunal- og arbeidsdepartementet er forutsett å koordinere den sentrale handsaminga, i samråd med dei berørte sentrale styresmakter. Nærings- og handelsdepartementet, Landbruksdepartementet, Fiskeridepartementet og Miljøverndepartementet, forutan SND, er særleg viktige her.
Det blir lagt opp til årlege rundar og ein breiare gjennomgang kvart fjerde år. Arbeidet med regionale utviklingsprogram skal knytast til det ordinære fylkesplanarbeidet, slik at ein får ei god kopling mellom det næringsretta utviklingsarbeidet og den heilskaplege fylkesplanen. På denne måten vil ein sikre at ein unngår dobbeltarbeid.
I samband med den fireårige gjennomgangen er det òg behov for ei noko grundigare evaluering av resultata frå programma som er gjennomførte i perioden. Mål- og resultatstyringssystemet i dag er ikkje godt nok utvikla og fangar ikkje opp alle dei måla som gjeld for dei ulike verkemidla. Det krev ei anna arbeidsform i evalueringsarbeidet. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil setje i gang eit eige utviklingsarbeid/forskingsarbeid for å styrke og oppjustere det mål- og resultatstyringssystemet vi har i dag, til dei krava som regionale utviklingsprogram set som vilkår.
Etter som meir av sjølve gjennomføringa blir desentralisert til regionalt og lokalt nivå, er det naturleg at det sentrale nivået konsentrerer seg meir om å utvikle nye politikkområde innanfor distrikts- og regionalpolitikken. Etter kvart som nye problemstillingar kjem opp, og ein lanserer nye måtar å takle dei på, vil det også i framtida vere behov for utviklingsarbeid og forsøksverksemd. Vellykka forsøk bør til vanleg følgjast opp ved at fylka integrerer dei i sine regionale utviklingsprogram.
Ei viktig oppgåve for det sentrale nivået er framleis å initiere, finansiere og styre relevant forsking. I den neste fireårsperioden blir det behov for meir forsking med sikte på ein meir effektiv verkemiddelbruk, dessutan forsking som fangar opp viktige endringstendensar i samfunnet med stor innverknad på den regionale utviklinga. Det vil m.a. vere behov for ein større samla gjennomgang av dei regionale konsekvensane av endringane som har skjedd og skjer innanfor viktige delar av sektorpolitikken. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil ta initiativ til eit nytt regionalforskingsprogram for å vidareutvikle kunnskapane om faktorar som er viktige for den regionale utviklinga.
Når det gjeld utveljinga av regionalpolitiske verkeområde og tildelinga av omstillingsstatus og -løyving til område med einsidig næringsgrunnlag, er dette framleis ansvarsområdet til sentralnivået. Det heng òg saman med dei internasjonale avtalane som er gjorde dei siste åra. Norsk distrikts- og regionalpolitikk blir i stadig større grad utforma innanfor eit omfattande og komplisert internasjonalt avtaleverk, og det regionale samarbeidet over landegrensene krev ei viss sentral styring. EØS-avtalen og WTO legg viktige premissar for utforminga og bruken av verkemidla i Noreg. Det er naturleg at det sentrale nivået følgjer opp dette regelverket, definerer verkeområde og går inn i eventuelle tvistar mellom norske interesser og internasjonale overvakingsorgan. Den utvida graden av samarbeid og fellesprosjekt (INTERREG, Nordsjøsamarbeidet, samarbeidet om Barentsregionen osv.) mellom norske regionar og regionar i andre land krev òg ein viss medverknad, koordinering og styring frå sentralt hald.
8.2 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND)
SND vart skipa som ei samanslutning av Distriktenes utbyggingsfond, Industrifondet, Småbedriftsfondet og Den Norske Industribank A/S. Siktemålet med fusjonen var å gjere det bedriftsretta verkemiddelapparatet meir samordna, effektivt og brukarvennleg. Etableringa hadde verknad frå 1. januar 1993.
SND er regulert gjennom ei eiga lov etter mønster av statsføretak. Det vil seie at fondet er eit eige rettssubjekt med formue og inntekt skilde frå statskassa. Staten står likevel som eineeigar og er ansvarleg for garantiskyldnadene til fondet. Styringa av SND skjer gjennom føretaksmøte, forskrifter, rundskriv og tildelingsbrev. Innanfor desse rammene utviklar SND sine eigne strategiar, handsamar enkeltsaker og fastset nærare vilkår knytte til fondsengasjementa. Fondet høyrer administrativt inn under Næringsdepartementet, mens midlane til distriktspolitiske tiltak går over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett. Over Fiskeridepartementet sitt budsjett er det satt av midler til fiskebåtfinansiering
I lova om SND heiter det at SND skal ha til formål å fremme bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling både i distrikta og i landet elles ved å
- medverke til utbygging, modernisering og omstilling av norsk næringsliv i heile landet, i tillegg til produktutvikling og nyetablering
- fremme tiltak som skal gi varig og lønsam sysselsetting i distrikt med særlege sysselsettingsvanskar eller dårleg utbygd næringsgrunnlag
SND er det sentrale nasjonale organet for finansierings- og utviklingsaktivitet overfor bedriftene, og er sentral i nærings- og distriktspolitikken. Gjennom etablering av lokalkontor i fylka vil SND sin regionale verksemd på regionalt nivå bli vidare utvikla.
Arbeidsområda til SND kan i hovudsak delast i fem. Det er
- bedriftsfinansiering gjennom ulike lån, tilskot og garantiar. Desse ordningane tilfører enkeltbedriftene framandkapital
- investeringar med eigenkapital, til dømes investeringar i aksjar i enkeltbedrifter, ansvarlege lån og kapitalinnskot i ventureselskap
- tilrettelegging for nyskaping og omstilling i næringslivet gjennom eigne programaktivitetar og ekstraordinære omstillingstiltak
- "invest in Norway" med hovudformål å fremme utanlandske investeringar i Noreg
- fungere som premissleverandør for utvikling av nærings- og regionalpolitikken
Verksemda er delt i fire divisjonar: Industridivisjonen, Eigenkapitaldivisjonen, Distriktsutviklingsdivisjonen og Invest in Norway. Det regionale apparatet omfattar i dag seks regionkontor (Kristiansand, Bergen, Ålesund, Trondheim, Bodø og Tromsø) og dei fylkeskommunane som tidlegare utgjorde det ytre apparatet i DU.
Fram til i dag har fylkeskommunane forvalta dei distriktsretta ordningane innanfor gitte fullmaktsgrenser. Frå 1. mai 1996 vart det gjennom ein samarbeidsavtale mellom SND og Nord-Trøndelag fylkeskommune etablert eit nytt lokalkontor i Steinkjer. Den valde løysinga kan òg vere modell for korleis det ytre apparatet generelt vil bli organisert. Næringsdepartementet har hittil godkjend avtaler med Nordland, Østfold, Finnmark, Buskerud og Vestfold. I dei fleste andre fylka vert det arbeida med å få istand SND-kontor. Statens Fiskarbank er integrert i SND frå 1.1.1997.
Stortinget bad Regjeringa sommaren 1996 om å leggje fram ei eiga melding med ei brei evaluering av verksemda til SND. I mandatet blir det lagt opp til at evalueringa skal gi svar på om SND har fylt dei måla som er sette for fondet. Gjennomgangen skal dekkje dei organisatoriske effektane av nyskipinga, SNDs handtering av eigne verkemiddel, kva resultat ein har nådd for samfunn og bedrifter, og SNDs rolle i den nasjonale nærings-, regional- og nyskapingspolitikken.
8.3 Fylkesnivået blir viktigare i regionalpolitikken
Hovudoppgåvene for fylkeskommunane kan sjåast frå to ulike innfallsvinklar: som tenesteprodusent og som utviklingsaktør. Fylkeskommunen som tenesteprodusent har ein viktig funksjon innanfor viktige delar av velferdssamfunnet, særleg innanfor helse- og utdanningsstellet. Fylkeskommunane har òg viktige ansvarsoppgåver innanfor kulturpolitikken og samferdslepolitikken. Utviklingsrolla til fylkeskommunen er knytt til fylkesplanlegginga og til forvaltninga av distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel. Styrken ved fylkeskommunen som utviklingsaktør ligg likevel i koplinga mellom dei ulike sektorane. Dersom vi ser innsatsen innanfor helse og utdanning, kultur, samferdsle og næringsutvikling i samanheng, og legg opp innsatsen slik at dei ulike sektorane stør opp under kvarandre, kan fylkeskommunen medverke til regional utvikling og få større effekt ut av den samla innsatsen. Reiskapen for dette er først og fremst fylkesplanlegginga.
Styrken ved fylkesplanlegginga er nettopp den samordnande karakteren arbeidet har, og den breie forankringa som skjer gjennom medverknad i planprosessen og i den politiske handsaminga. Dei veike sidene knyter seg særleg til den manglande koplinga mellom mål og strategiar i fylkesplanen på den eine sida og oppfølginga gjennom konkret verkemiddelbruk på den andre sida. Det har fleire årsaker. Mange verkemiddel som er viktige for den regionale utviklinga, er forvalta av andre enn fylkeskommunane. Dei ulike statlege etatane på fylkesnivået tek del i arbeidet med fylkesplanane. Planane er likevel i avgrensa grad førande for statsetatane i bruken av verkemiddel.
Det er no i ferd med å skje ei endring i dette. I 1990 starta MD i samarbeid med KS eit omfattande utviklingsprogram for fylkesplanlegginga med siktemål å styrke fylkeskommunen som regionalpolitisk styresmakt, og å styrke fylkesplanlegginga som styringsreiskap for politikarane. Etter framlegg frå KS følgde Regjeringa opp med ei utgreiing om departementa sin bruk av, og innspel til fylkesplanlegginga. Ein hovudkonklusjon var at samarbeidet mellom fylkeskommune og stat i første rekke burde styrkjast i fylket.
Som ein oppfølging vart det i 1995 satt ned ei arbeidsgruppe med representantar for fylkeskommunar, fylkesmenn, KS og aktuelle departement. Gjennom dette prosjektet, "Saman om fylkesplanlegginga", er det lagt eit godt grunnlag for eit tettare og betre samarbeid mellom fylkeskommunane og statsetatane på fylkesnivå. Fylkesmennene kan spele ei viktig rolle i dette arbeidet. Fylkesmannen har eit ansvar for samordning av statlege tiltak i fylket. Det ligg i dette ansvaret å medverke til samarbeid og samordning med andre aktørar utanfor fylkesmannsembetet. Fylkesmannen spelar, gjennom forvaltninga av BU-midlane, ei viktig rolle i næringsutviklingsarbeidet.
Trass i at fylkeskommunane har fått delegert viktige verkemiddel, ser det ut til å ha vore manglande koplingar mellom fylkesplanane og bruken av verkemiddel som fylkeskommunen sjølv har hand om. Innanfor regionalpolitikken er viktige verkemiddel, til dømes distriktsutviklingstilskotet, i stor grad delegert til fylkeskommunane. Gjennom strategisk næringsplanlegging og utviklingsarbeid innanfor fylkesplanarbeidet er ein komen lenger i arbeidet med å kople bruken av desse verkemidla nærare opp til måla og strategiane i fylkesplanen. Det er likevel mogleg å gjere slike koplingar betre og tydelegare.
I St.meld. nr. 32 (1994-95), "Kommune- og fylkesinndelingen", vurderte ein ulike modellar for arbeidsdelinga mellom statleg, regionalt og lokalt nivå. Regjeringa konkluderte der med at det beste grunnlaget for å sikre ei fornuftig og god oppgåveløysing er å bygge på ei vidareutvikling av fylkeskommunen i dag. Dette blir mellom anna grunngitt i at fylkeskommunen kjem til å bli ein viktigare utviklingsaktør i tida framover.
Gjennom innføringa av regionale utviklingsprogram ønskjer Regjeringa å styrke fylkeskommunen som utviklingsaktør. Det har til følgje at det i særleg grad blir lagt vekt på koplinga mellom mål og strategiar på den eine sida og konkret verkemiddelbruk på den andre. Etableringa av SND-kontor i fleire fylke gjer at fylkeskommunen får ei meir reindyrka rolle som utviklar av mål og strategiar innanfor distrikts- og næringspolitikken. Oppfølgingsansvaret gjennom konkret verkemiddelbruk blir lagt til SND-kontoret. Det er då viktig at dei måla og strategiane som blir utvikla på fylkesnivået, blir førande for korleis SND-kontoret bruker dei bedriftsretta verkemidla, slik det er lagt opp til i avtalen mellom SND og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Denne føresetnaden ligg til grunn også for avtalar mellom andre fylkeskommunar og SND om lokale SND-kontor.
Innanfor distrikts- og regionalpolitikken har samarbeid mellom regionar på tvers av landegrensene vorte viktigare og fått større interesse dei seinare åra. I Norden har vi tradisjonar i grenseregionalt samarbeid tilbake til 60-åra, då Nordkalott-komiteen vart skipa. Etter kvart er det etablert fleire slike grenseregionale samarbeidsområde i Norden, med økonomisk stønad frå Nordisk ministerråd. Desse røynslene gjorde at ein i Norden stod godt rusta til å vere med i EUs INTERREG-samarbeid. (INTERREG er omtalt i 7.11.)
Mange norske fylkeskommunar har engasjert seg i samarbeid med regionar i andre land, utan at samarbeidet har vore finansiert av Nordisk ministerråd eller EU. På oppdrag frå Kommunal- og arbeidsdepartementet har Rogalandsforskning kartlagt og vurdert ulike former for regionalt samarbeid over landegrensene i Europa, med hovudvekt på alliansebygging for næringsutvikling i norske fylkeskommunar. Gjennomgangen vart gjord før norske regionar kom med i INTERREG-samarbeidet eller tok del i EUs pilotprosjekt.
Studien konkluderer med at internasjonalt samarbeid med utanlandske regionar er i ferd med å bli ein del av det næringspolitiske arbeidet i norske fylkeskommunar. Så å seie alle fylke kan vise til aktivitetar på dette området, og dei fleste har vidare planar. Nærare studiar i fire utvalde fylke syner at strategiane i dette arbeidet varierer mykje.
Gjennom løyvingar til INTERREG og pilotprosjekt stør Regjeringa opp om det internasjonale arbeidet i fylka. Som ikkje-medlem av EU må medverknaden i slike program finansierast fullt ut av nasjonale midlar. Staten dekkjer derfor ein atskilleg større del av kostnadene for denne typen arbeid i Noreg enn i EU-landa, der strukturfonda yter midlane. Statleg finansiering av det internasjonale arbeidet til fylkeskommunane utover det som går gjennom dei regionale utviklingsprogramma, vil også dei neste åra bli konsentrert om INTERREG og pilotprosjekt.
8.4 Rolla til kommunane i distrikts- og regionalpolitikken
Kommunane spelar ei nøkkelrolle i distrikta, både som politisk organ, forvaltningsorgan, tenesteytar, arbeidsgivar og forbrukar av varer og tenester. Dei mange oppgåvene som kommunane steller med, verkar direkte inn på velferdsnivået til innbyggarane og på utviklingsvilkåra for næringslivet i kommunen. Skuletilbod, barnehagetilbod, samferdsle- og velferdspolitiske tiltak er døme på slike oppgåver. Også oppgåver innanfor kultur og fritid er særs viktige for folks trivsel. Grunnlaget for eit levedyktig lokalsamfunn har til føresetnad at folk finn kommunen attraktiv både som heimstad og arbeidsstad. I den samanhengen er det ikkje berre viktig at kommunen utviklar gode velferdstilbod, men også at dei er med på å mobilisere dei lokale ressursane i næringsutviklingssamanheng.
Gjennom skipinga av kommunale næringsfond har kommunane i distrikta fått ei sterkare rolle innanfor distriktspolitikken. Kommunal- og arbeidsdepartementet ser kommunale næringsfond som eit viktig verkemiddel for å sikre at kommunane kan utføre rolla si på ein god måte. Kommunale næringsfond er nettopp evaluerte. Resultat frå evalueringa er presenterte i 7.6.
Kommunen har altså ein viktig førstelinjefunksjon både overfor etablerte bedrifter og potensielle etablerarar. Korleis kommunen tek hand om denne funksjonen, er med på å påverke næringsutviklinga i kommunen. Det er derfor viktig at kommunen ser den samla verksemda si også ut frå ein næringssynsvinkel. Dette set som vilkår god kontakt og samarbeid mellom kommune og næringsliv.
I forståinga av den kommunale premissrolla i lokal næringsutvikling har Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1996 gjennomført Kampanjen "Etableringar gir vekst for alle". Formålet med kampanjen var å auke medvitet hos ulike kommunale etatar om korleis dei kan utvikle ein kultur for å setje arbeidet med næringsutvikling på saklista. På sikt er det ønskjeleg at dette skal føre til at kommunane går i brodden med eit godt føredøme når det gjeld serviceinnstilling overfor etablerarar og næringslivet elles.
Strategisk næringsplanlegging er eit viktig verkty i den samanhengen. Gjennom ein slik prosess sikrar ein brei medverknad frå ulike miljø og enkeltpersonar i det kommunale arbeidet med tilrettelegging. I eit samarbeid med det lokale næringslivet kan kommunen lettare identifisere utfordringar og finne løysingar i arbeidet med næringsutvikling.
Arbeidet med å planleggje strategisk for næringsutvikling (SNP) må førast vidare og utviklast meir. Det er likevel nødvendig å vurdere om det verktyet, den arbeidsforma og dei framgangsmåtane som blir nytta i SNP-prosessen, er godt nok tilpassa dei utfordringane som kvar kommune må takle. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil derfor setje i gang evaluering av SNP-prosessane i kommunane for å få eit betre grunnlag for å vurdere behovet for tilpassingar. Innanfor ei slik evaluering er det òg interessant å fokusere på eit regionalt perspektiv.
Kommunane vil også i framtida spele ei aktiv rolle i tilrettelegging for næringsutvikling og mobilisering av ressursar. Ei slik rolle kan mellom anna gå ut på å stø opp om prosjekt og personar med forretningsidear som resten av verkemiddelapparatet vanskeleg fangar opp. Særleg viktig er dette i kommunar som opplever stagnasjon og tilbakegang i eksisterande næringsliv. Kundenærleiken og lokalkunnskapen til det lokale tiltaksapparatet er i denne samanhengen ein viktig ressurs. Strategiane i ein slik kommunetype er i stor grad retta mot mobilisering for å omstille ein del av arbeidsmarknaden frå arbeidstakarar til "arbeidsskaparar".
Dersom kommunane skal vere i stand til å fylle rolla som aktiv næringspolitisk aktør, vil det vere behov for kontinuerleg erfaringsformidling mellom kommunar og oppdatering av kunnskap hos dei som arbeider med slike spørsmål. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil ta initiativ til å få sett i verk eit opplegg som kan styrke kommunane sin næringspolitiske rolle. Det er også viktig å sjå det kommunale næringsarbeidet i regional samanheng.
Føresetnadene for å mobilisere lokale ressursar varierer frå kommune til kommune. Gjennom prosjektet til Vestlandsforskning, "Lokale utviklingsnettverk og kommunalt tiltaksarbeid", blir dette aspektet utdjupa. Det blir peikt på at somme kommunar har eit trongare handlingsrom enn andre når det gjeld lokal mobilisering. Kjennemerket ved slike kommunar er mellom anna eit dårleg utbygd næringsliv, ein dynamikk der stagnasjon eller tilbakegang i seg sjølv har negative effektar, problem med å halde oppe lokale arenaer og høge tersklar for kollektiv mobilisering. Kommunar som står overfor ein slik situasjon, treng aktiv støtte frå eksterne aktørar. I slike kommunar bør derfor fylkeskommunane spele ei mykje meir aktiv rolle enn i kommunar der føresetnadene for lokal mobilisering er monaleg betre. Som nemnt i kapittel 7.8 vil departementet ta initiativ til eit forsøksprogram der dette blir følgt opp.
8.5 SIVA som aktør for næringsutvikling i distrikta
Formålet til SIVA er å vere eit nasjonalt føretak for auka verdiskaping og sysselsetjing i distrikta. SIVA si primære rolle er å tilby ein gagnleg fysisk infrastruktur for bedrifter på stader der den private eigedomsmarknaden ikkje fungerer fullgodt, og der det av samfunnsøkonomiske grunnar er ønskjeleg å stimulere den økonomiske aktiviteten. I hovudsak investerer SIVA i eigedommar på stader der alternativverdien av bygg og anlegg er låg om leigetakarbedriftene skulle gå konkurs. Statleg eigedomsdrift gjennom SIVA er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel til å nå overordna samfunnsmål; verdiskaping og sysselsetting i distrikta.
SIVA administrerte ved utgangen av 1995 ein bygningsmasse på om lag 220 000 m•2 fordelt på 30 stader, i all hovudsak innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Dei største eigedomsinvesteringane er i fylka Nordland, Sogn og Fjordane, Hedmark og Troms. Ved utgangen av 1995 var over 5 650 personar i aktivitet i ulike SIVA-anlegg. For tida er det ein aukande etterspurnad etter SIVA sine tenester som eigedomsutviklar.
SIVA si verksemd som eigedomsselskap skal minst gå i økonomisk balanse. Staten har sidan SIVA vart etablert i 1968 skote inn ein grunnkapital på til saman 124,5 mill kr. i selskapet. SIVA tek opp lån i statskassa på vanlege vilkår til finansiering av byggjeprosjekta sine. Ei undersøking av dei økonomiske verdiane i SIVA som nyleg vart gjennomført, syner at innskotskapitalen er intakt, og at det finst meirverdiar i selskapet som ikkje kjem fram i dei årlege rekneskapane.
SIVA har i dei seinare åra gått meir aktivt inn i ei utviklarrolle i høve til næringsutvikling i distrikta. Primært er denne verksemda retta inn mot føretaka i SIVA sine eigne anlegg, men selskapet meiner det er mykje å vinne på å sjå einskildverksemdene i ein vidare, regional samanheng. Tanken bak er at føretak ikkje utviklar seg åleine, isolert frå den regionale omgivnaden. Selskapet er oppteke av å stimulere til utvikling av regionale verdiskapingsmiljø, der nettverksbygging er eit sentralt stikkord, jfr. kap. 3.3. For å drive denne verksemda har SIVA i dei seinare åra fått tilført eit utviklingstilskot frå KAD (17 mill kr i 1997). Som del av dette utviklingsarbeidet kan SIVA i særlege høve støtte prosjektutvikling i einskildføretak ved anlegga sine der dette vert vurdert som avgjerande for å oppnå ei ønskt utvikling. SIVA har òg vore initiativtakar og pådrivar for mobilisering av private og offentlege kapitalkjelder for etablering av regionale investerings- og utviklingsselskap retta inn mot nyetableringar innanfor eit nærare definert geografisk nedslagsfelt. Tanken er at regionale aktørar har lokalkunnskap og eit særleg engasjement for næringsutvikling i eigen region og difor har dei beste føresetnadene for å gjere dei rette investeringsvedtaka. SIVA har aktivt støtta etablering av fleire slike selskap og hadde ved utgangen av 1995 investert om lag 80 mill. kr. i 15 regionale risikokapitalselskap. Den samla eigenkapitalbasen til selskapa var om lag 400 mill. kr.
Gjennom medverknad i styringsorgana i selskapa kjem SIVA i kontakt med idéskaparar og prosjekthavarar som kan ha utbytte av å nytte dei tilboda som ligg i dei andre aktivitetsområda til SIVA. SIVA har òg engasjert seg i dei fleste forskingsparkane i landet for å føre desse kompetansemiljøa inn som aktørar i bedriftsnettverket sitt.
I 1995 gjennomførte Møreforskning ei evaluering av SIVA på oppdrag frå KAD. Hovudkonklusjonen i evalueringa er at SIVA er eit spanande verkemiddel som i hovudsak bør vidareføre dei noverande arbeidsmåtane. SIVA bør framleis prøve å unngå overlapping med resten av verkemiddelapparatet på finansieringssida og ikkje spreie eigedomsaktiviteten til sikre prosjekt som private bankar kunne ha finansiert. Det vert vidare konkludert med at SIVA bør utvikle den effektiviteten som ligg i å kombinere innsatsfaktorane eigedom, verksemdsutvikling og arbeid gjennom risikokapitalselskap. Tek ein utgangspunkt i kostnadene ved SIVA og effekten av verksemda til SIVA, meiner Møreforsking at SIVA framstår som ein etter måten effektiv måte å organisere og kanalisere offentlege verkemidlar på. Møreforsking meiner at SIVA og SND i hovudsak er ulike, og at det synest å vere liten grad av overlapp mellom dei to selskapa si verksemd. Desse konklusjonane kjem og til uttrykk i SNF si evaluering av SND frå februar 1997.
For å kunne gjennomføre dei nye strategiane har altså SIVA i nokon mon engasjert seg utanfor det som var selskapet sitt opphavlege verkeområde, nemleg eigedomsdrift. Det er departementet si meining at SIVA korkje kan eller skal vere nokon finansieringsinstitusjon for næringslivet i distrikta, men har likevel sett det som ønskjeleg at SIVA har fått høve til å støtte utvikling av "eigne" verksemder. I den krevjande rolla som pådrivar i nyskapingsprosessar og næringsutvikling i distrikta meiner departementet det må vere rett av SIVA å trekkje på dei ressursane som finst. På denne måten kan SIVA òg fremje eit samspel mellom sentrale strok og distrikta, utan at distriktsprofilen til SIVA vert svekka. Departementet ser det som viktig å sikre SIVA et forsvarleg eigenkapitalgrunnlag for å betre det økonomiske fundamentet for SIVA si verksemd.
I dag eksisterer det ikkje noko formelt fastlagt samarbeid mellom SIVA og SND, heller ikkje mellom SIVA og fylkeskommunane. Regjeringa er oppteke av at dei ulike verkemiddelorgana dreg i same lei, og at dei ulike verkemidla ikkje i for stor grad overlappar kvarandre. Spesielt er det viktig at dei nasjonale organa, SIVA og SND, koordinerer oppgåvene sine. Det er difor teke initiativ til ein gjennomgang av dei to instansane si verksemd for å sikre at uheldig overlapping ikkje skal finne stad. For å sikre best mogeleg koordinering mellom dei, vil det òg bli vurdert om ein eigen samarbeidsavtale kan vere tenleg.
Kommunal- og arbeidsdepartementet ser det derfor som viktig å sikre SIVA eit forsvarleg eigenkapitalgrunnlag.
Kommunal- og arbeidsdepartementet
Tilråding frå Kommunal- og arbeidsdepartementet av 21. mars 1997 om distrikts- og regionalpolitikken blir sendt Stortinget.
Lagt inn 20 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen