2 OMFANGET AV UTVALSSYSTEMET...
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
2 OMFANGET AV UTVALSSYSTEMET – ENDRINGAR SIDAN 1997
525 styre, råd og utval var i verksemd ved utløpet av 1998. Dette er 12 færre enn ved utgangen av 1997. Ved siste årsskiftet var det 482 faste og 43 mellombels statlege styre, råd og utval.
Delen kvinner er omlag den same som i 1997, og er framleis på omlag 40%.
Den geografiske fordelinga mellom dei ulike landsdelane har også halde seg noko nær uendra.
Bustadregion | 1996 | 1997 | Prosentdel av folkemengda per 01.01.97 |
---|---|---|---|
Oslo/Akershus | 46 | 46 | 21 |
Austlandet elles | 16 | 16 | 28 |
Sør- og Vestlandet | 16 | 17 | 32 |
Trøndelag og Nord Noreg | 18 | 18 | 19 |
Svalbard, utlandet eller ukjend landsdel | 4 | 4 | |
I enkelte av departementa ser ein endringar i talet på statlege styre, råd og utval som til saman gjev ein reduksjon på 26 einingar.
Faste og mellombels organ i 1997 | Faste og mellombels organ i 1998 | |
---|---|---|
Statsministerens kontor | 3 | 2 |
Utanriksdepartementet | 15 | 14 |
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet | 56 | 54 |
Kulturdepartementet | 39 | 37 |
Justisdepartementet | 82 | 86 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 33 | 32 |
Sosial- og helsedepartementet | 117 | 112 |
Barne- og familiedepartementet | 11 | 10 |
Nærings- og handelsdepartementet | 34 | 33 |
Fiskeridepartementet | 19 | 17 |
Landbruksdepartementet | 39 | 38 |
Samferdselsdepartementet | 5 | 5 |
Miljøverndepartementet | 4 | 4 |
Arbeids- og administrasjons departementet | 14 | 18 |
Finansdepartementet | 28 | 28 |
Forsvarsdepartementet | 20 | 18 |
Olje- og energidepartmentet | 18 | 17 |
Til saman | 537 | 525 |