3 SAMANSETTING AV STYRE,...

3 SAMANSETTING AV STYRE, RÅD OG UTVAL I 1998

Tabell 3.1 syner korleis dei ymse styre, råd og utval er fordelte mellom dei ulike departementa i 1998.

Tabell 3.1 Talet på statlege utval, styre og råd fordelte på departementa ved utgangen av 1998.
  FasteMellombelsI alt
Statsministerens kontor112
Utanriksdepartementet14014
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet50454
Kulturdepartementet36137
Justisdepartementet77986
Kommunal- og regionaldepartementet29332
Sosial- og helsedepartementet10210112
Barne- og familiedepartementet8210
Nærings- og handelsdepartementet30333
Fiskeridepartementet16117
Landbruksdepartementet36238
Samferdselsdepartementet415
Miljøverndepartementet404
Arbeids- og administrasjonsdepartementet16218
Finansdepartementet24428
Forsvarsdepartementet18018
Olje- og energidepartementet17017
Til saman48243525

Utvalsmedlemmene

Ved årsskiftet var det i alt 5936 verv fordelte på i alt 5478 personar. Som ein ser av tabell 4, er dei aller fleste med berre i eitt styre, råd eller utval. Dette gjeld både for kvinner og menn.

Tabell 3.2 Talet på kvinner og menn i høve til talet på verv i statlege styre, råd og utval ved utgangen av 1998.
  KvinnerMennI alt
1 verv194528814826
2 verv213291504
3 verv3862100
4 verv141428
5 verv7613
6 verv246
7 verv eller meir011
Til saman221932595478
Tabell 3.3 Prosentvis fordeling av styreverv.
Talet på vervProsentdel
1 verv88
2 verv9
3 verv eller fleire3

Kjønnsfordeling

Kvinnedelen er stabil på omlag 40% både i 1997 og 1998. Det er likevel verd å merke seg at skilnaden enno er stor mellom dei ulike departementa. Under ein femtedel kvinner finn ein i Forsvarsdepartementet og Olje- og energidepartementet og i Samferdselsdepartementet. Delen av kvinner er jamvel låg for Statsministerens kontor, Utanriksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeridepartementet sin del. Barne- og familiedepartementet skil seg framleis ut som departementet med den høgste kvinnedelen.

Tabell 3.4 Prosentvis fordeling av verva mellom kvinner og menn i statlege styre, råd og utval i 1998.
  KvinnerMenn
Statsministerens kontor2575
Utanriksdepartementet3466
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet4753
Kulturdepartementet4654
Justisdepartementet3961
Kommunal- og regionaldepartementet4654
Sosial- og helsedepartementet4753
Barne- og familiedepartementet5347
Nærings- og handelsdepartementet3268
Fiskeridepartementet3367
Landbruksdepartementet3862
Samferdselsdepartementet2080
Miljøverndepartementet4357
Arbeids- og administrasjonsdepartementet4060
Finansdepartementet4555
Forsvarsdepartementet1585
Olje- og energidepartementet1981
Gjennomsnitt TOTALT4159
Tabell 3.5 fordeling av ulike typar verv mellom kvinner og menn i prosent.
FunksjonKvinnerMenn
Leiar2278
Nestleiar5050
Sekretær/medlem3367
Medlem4258
Varamedlem/nestleiar3169
Varamedlem4456
Gjennomsnitt4159

Ein finn ein klår skilnad mellom menn og kvinner når ein ser på kva for verv dei har i styre, råd og utval. Medan nestleiarfunksjonen er jamt delt mellom menn og kvinner, er det enno berre vel ein femdel av dei som vart leia av kvinner.

Alderssamansetting

Tabell 3.6 Medlemmene fordelte etter alder likna med aldersfordelinga i befolkninga i prosent.
  Prosentdel av styre, råds- og utvalsmedlemmeneProsentdel av folkemengda 01.01. 1997
16-29 år319
30-49 år4027
50-64 år4214
65 år el. Eldre614
ukjent11

Dei eldste, men særleg dei yngste årsklassene er framleis sterkt underrepresenterte i statlege styre, råd og utval.

Geografisk fordeling

Det er enno store skilnader mellom landsdelane når det gjeld deltaking i styre, råd og utval. Framleis er dei sentrale områda på Austlandet godt overrepresenterte, medan Sør- og Vestlandet har lågare deltaking enn kva som høver for folkemengda (jfr. også tab. 2.1).

Om ein bryt tala ned på dei einskilde fylka, ser ein endå klårare korleis Oslo og Akershus dominerer dei kollegiale organa. Overrepresentasjonen frå Oslo, og i ein viss mon frå Akershus, skuldast truleg at mange av organisasjonsrepresentantane er busette i det sentrale Austlandsområdet.

Tabell 3.7 Geografisk fordeling i prosent av medlemmer i styre, råd og utval i høve til folkemengda.
FylkeMedlemmerVaramedlemmerTotaltProsentdel av folkemengda 1.1.1997
Østfold1,51,22,75,5
Akershus105,215,210,3
Oslo2110,23111,3
Hedmark1,61,434,2
Oppland1,612,64,1
Buskerud1,91,33,25,3
Vestfold1,51,12,64,7
Telemark1,30,82,13,7
Aust-Agder0,50,40,92,3
Vest-Agder0,80,51,33,5
Rogaland2,41,73,18,3
Hordaland3,92,56,49,7
Sogn og Fjordane0,70,71,42,4
Møre og Romsdal1,71,22,95,5
Sør-Trøndelag2,41,53,95,9
Nord-Trøndelag10,91,92,9
Nordland2,51,94,45,4
Troms2,31,63.93,4
Finnmark21,63,61,7
Svalbard0,20,10,3
Fylke ikkje kjent1,31,73
Tabell 3.8 Geografisk virkeområde for organa. Absolutte tal
  FasteMellombelsTotalt
Internasjonalt25025
Nordisk527
Nasjonalt28837325
Regionalt78280
Lokalt72072
EU/EØS101
Ukjent13215
Totalt48243525

Tabellen syner kva for virkeområde dei ulike organa har. Som naturleg er for statlege styre, råd og utval opererer langt dei fleste kollegiale organa på nasjonalt nivå. Regionale organ er dei kollegiale organa som opererer minst innafor eitt fylke. Regionale og lokale organ omfattar for det meste skular.