1 Innleiing
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
1 InnleiingArbeids- og administrasjonsdepartementet legg med dette fram ei oversikt over statlege utval, styre og råd som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2000. Dette er i tråd med ønske frå Stortinget i 1987, då det vart avgjort at ein berre fremmer melding kvart fjerde år. Stortingsmelding nr. 7 om statlege utval, styre og råd blei sist lagd fram i 1998. Oversikta inneheld berre statlege utval, styre og råd, ikkje kommunale og fylkeskommunale organ. Som innleiing til oversikta kjem først ei samanlikning med 1999 for variabelen geografisk fordeling av representantane. Vidare ser vi nærare på endringar i talet på statlege utval, styre og råd i dei einskilde departementa. Etter dette kjem ei rekke tabellar som samanfattar nokre av hovudtrekka ved dei kollegiale organa i 2000. Til slutt fylgjer som vedlegg ei fullstendig oversikt over dei einskilde organa og medlemmene i dei. Samansetjinga av utvala er oppdatert pr. 31. desember 2000, men dei medlemmene som er skifta ut i løpet av året, er ikkje tatt med. Oversikta byggjer på opplysningar frå departementa og Statsministerens kontor. Innsamling og handsaming av datamaterialet og redaksjonell tilrettelegging er utført av Statens forvaltningsteneste. Anonymiserte data vil vere tilgjengelege for forskingsføremål hos Norsk samfunnsvitskapeleg datateneste ved Universitetet i Bergen. |