3 Samansetting av utval,...
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
3 Samansetting av utval, styre og råd i 2000Tabell 3.1 syner korleis utvala, styra og råda er fordelte mellom dei ulike departementa i 2000. Tabell 3.1: Talet på statlege utval, styre og råd fordelte på departementa i 2000.
Utvalsmedlemmene Ved årsskiftet var i alt 6133 verv fordelte på i alt 6055 personar. Som ein ser av tabellane 3.2 og 3.3, er dei aller fleste med berre i eitt utval, styre eller råd. Dette gjeld både for kvinner og menn. Tabell 3.2: Talet på kvinner og menn i høve til talet på verv i statlege utval, styre og råd ved utgangen av 2000.
Tabell 3.3: Prosentvis fordeling av styreverv.
Kjønnsfordeling Kvinneandelen er stabil på i overkant av 40 % både i 1999 og 2000. Det er likevel verd å merke seg at skilnaden enno er stor mellom dei ulike departementa. Ein femdel kvinnelege medlemmer eller lågare finn ein i utval, styre og råd under Forsvarsdepartementet, Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet. Delen av kvinner er jamvel låg (under 35 %) i utval, styre og råd under Statsministerens kontor, Utanriksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeridepartementet. Utval, styre og råd under Barne- og familiedepartementet har framleis den høgste kvinnerepresentasjonen (53 %). Tabell 3.4: Prosentvis fordeling av verva mellom kvinner og menn i statlege utval, styre og råd i 2000.
Tabell 3.5: Fordeling av ulike typar verv mellom kvinner og menn i prosent
Ein finn framleis ein klar skilnad mellom menn og kvinner når ein ser på kva for verv dei har i utval, styre og råd. Medan nestleiarfunksjonen er om lag jamt delt mellom kvinner og menn, blir berre ein firedel av utvala leia av kvinner. Alderssamansetting Tabell 3.6: Medlemmene fordelte etter alder jamført med aldersfordelinga i befolkninga i prosent
Dei yngste årsklassane er såleis framleis sterkt underrepresenterte i statlege utval, styre og råd. Geografisk fordeling Det er enno store skilnader mellom landsdelane når det gjeld deltaking i utval, styre og råd. Framleis er dei sentrale område på Austlandet godt overrepresenterte, medan Sør- og Vestlandet har låg deltaking i høve til folkemengda (jf. også tabell 2.1). Om ein bryt tala ned på dei einskilde fylka, ser ein klart at Oslo og Akershus dominerer dei kollegiale organa. Tabell 3.7: Geografisk fordeling i prosent av medlemmer i utval, styre og råd i høve til folkemengda.
Tabell 3.8: Geografisk virkeområde for organ som var i verksemd 31.12.2000. Absolutte tal
Tabellen syner kva for virkeområde dei ulike organa har. Som naturleg er for statlege utval, styre og råd, opererer langt dei fleste kollegiale organa på nasjonalt nivå. Regionale organ er dei kollegiale organa som opererer innafor minst eitt fylke. Regionale og lokale organ omfattar for det meste skular. |