Forklaringar
Underside | | Kommunal- og distriktsdepartementet
Vedlegg 1 Oversikt over statlege utval, styre og råd mv. 1. januar - 31. desember 2000ForklaringarOversikta er laga på grunnlag av opplysningar frå departementa og Statsministerens kontor. Utvala er ordna etter ansvarleg departement, og er innafor kvart departement delte inn i faste og mellombels organ. Under kvar av desse kategoriane er utvala ordna etter avdeling. Alle utvala som har vore verksame i 2000 er tekne med, dvs. også dei som er nyoppretta eller nedlagde i løpet av året. Nyoppretta organ er merkte med stjerne (*) etter løpenummeret, og for nedlagde er dato for opphør markert. Dette medfører at det finst fleire råd og utval totalt i oversikten enn dei tala som blir brukte i tabellane innleiingsvis. Alle utval får tildelt eit forløpande nummer plassert til venstre over namnet på utvalet. Løpenummeret viser til departementsoversikta, frå personregisteret og frå emneordsregisteret. Dette vil bli endra frå år til år. Utvala har også fått eit fast nummer (oppgjeve til høgre over utvalet) som blir halde uendra frå eit utval blir oppretta til det blir nedlagt. Dei to første sifra i budsjettkapittelet for dette departementet (jf. oversikt nedanfor). Frå faste organ oppgjev ein oppnemningsperioden for medlemmene. For mellombels utval oppgjev ein kva for ein tidsfrist utvalet har for arbeidet sitt. Medlemmer og varamedlemmer for kvart utval er som regel personar som var i funksjon pr. 15. desember 2000. Dersom utvalet vart nedlagt i 2000, er likevel samansettinga då utvalet vart oppløyst, tatt med. Opplysningar om personar som er blitt erstatta i 2000, vil framgå av siste årsmelding. Personopplysningar er i rekkefølge: namn, stilling, arbeidsstad, bustadkommune, årstal for første gongs oppnemning i utvalet (for faste organ), nåverande oppnemningsår. Særskilde verv (leiar, nestleiar, sekretær, observatør) er merkte av i kursiv etter dei andre opplysningane om personen. Om medlemmene representerer særskilde instansar, er dette merkt av som overskrift. Dersom personlege varamedlemmer er oppnemnde, vil nummeret framfor namnet til varamedlemmet vise til nemnde medlem. Elles er personar under eit utval oppførte alfabetisk under kvar hovudinndeling og eventuell gruppering. Departementskodar brukte i faste nummer for utval:00 Statsministerens kontor01 Utanriksdepartementet 02 Kyrkje-, utdannings- og forskingsdeparte- mentet 03 Kulturdepartementet 04 Justisdepartementet 05 Kommunal- og regionaldepartementet 06 Sosial- og helsedepartementet 08 Barne- og familiedepartementet 09 Nærings- og handelsdepartementet 10 Fiskeridepartementet 11 Landbruksdepartementet 13 Samferdselsdepartementet 14 Miljøverndepartementet 15 Arbeids- og administrasjonsdepartementet 16 Finansdepartementet 17 Forsvarsdepartementet 18 Olje- og energidepartementet |