ForklaringarOversikta er laga på grunnlag av opplysningar
frå departementa og Statsministerens kontor. Utvala er ordna etter ansvarleg departement, og
er innafor kvart departement delte inn i faste og mellombels organ.
Under kvar av desse kategoriane er utvala ordna etter avdeling. Alle utvala som har vore verksame i 2001 er
tekne med, dvs. også dei som er nyoppretta eller nedlagde i løpet
av året. Nyoppretta organ er merkte med stjerne (*) etter
løpenummeret, og for nedlagde er dato for opphør markert. Dette
medfører at det finst fleire råd og utval totalt i oversikten enn
dei tala som blir brukte i tabellane innleiingsvis. Alle utval får tildelt eit fortløpande nummer
plassert til venstre over namnet på utvalet. Løpenummeret viser til
departementsoversikta, frå personregisteret og frå
emneordsregisteret. Dette vil bli endra frå år til år. Utvala har
også fått eit fast nummer (oppgjeve til høgre over utvalet) som
blir halde uendra frå eit utval blir oppretta til det blir nedlagt.
Dei to første sifra i budsjettkapittelet for dette departementet
(jf. oversikt nedanfor). Frå faste organ oppgjev ein oppnemningsperioden
for medlemmene. For mellombels utval oppgjev ein kva for ein
tidsfrist utvalet har for arbeidet sitt. Medlemmer og varamedlemmer for kvart utval er
som regel personar som var i funksjon pr. 15. desember 2001. Dersom
utvalet vart nedlagt i 2001, er likevel samansettinga då utvalet
vart oppløyst, tatt med. Opplysningar om personar som er blitt
erstatta i 2001, vil framgå av siste årsmelding. Personopplysningar er i rekkefølge: namn,
stilling, arbeidsstad, bustadkommune, årstal for første gongs
oppnemning i utvalet (for faste organ), nåverande
oppnemningsår. Særskilde verv (leiar, nestleiar, sekretær,
observatør) er merkte av i kursiv etter dei andre opplysningane om
personen. Om medlemmene representerer særskilde instansar, er dette
merkt av som overskrift. Dersom personlege varamedlemmer er oppnemnde,
vil nummeret framfor namnet til varamedlemmet vise til nemnde
medlem. Elles er personar under eit utval oppførte alfabetisk under
kvar hovudinndeling og eventuell gruppering.
Departementskodar brukte i faste nummer for utval:00
Statsministerens kontor
01 Utanriksdepartementet
02 Kyrkje-, utdannings- og forskings- departementet
03 Kulturdepartementet
04 Justisdepartementet
05 Kommunal- og regionaldepartementet
06 Sosial- og helsedepartementet
08 Barne- og familiedepartementet
09 Nærings- og handelsdepartementet
10 Fiskeridepartementet
11 Landbruksdepartementet
13 Samferdselsdepartementet
14 Miljøverndepartementet
15 Arbeids- og administrasjonsdepartementet
16 Finansdepartementet
17 Forsvarsdepartementet
18 Olje- og energidepartementet
|