8 Medverknad og konfliktreduksjon
Underside | | Klima- og miljødepartementet
Rovviltforvaltinga rører ved eit stort tal aktørar på ulike nivå, og det er liten tvil om at konfliktnivået mellom partane i enkelte område i dag er for høgt. Departementet vil difor legge vekt på å utvikle tiltak og strategiar som kan medverke til å dempe konfliktane, sjølv om det neppe er realistisk å kunne fjerne dei heilt.
I samband med tiltak i rovviltforvaltinga som vil påverke grunnlaget for reindrift og husdyrhald i samiske område, vil styresmaktene vere spesielt merksame på å legge til rette for at Sametinget, reindrifta og andre aktuelle organ får tilgang til å ta del i avgjerdsprosessane. Det følgjer både av folkeretten og nasjonal lovgjeving og politikk at samane som urfolk og etnisk minoritet har krav på å vere med i avgjerdene for å sikre samisk næringsdrift som grunnlag for samisk kultur i dei områda der dei lever. Pliktene etter ILO-konvensjonen inneber at reindrifta si tyding for samisk kultur skal tilleggast monaleg vekt. Departementet vil syte for at dei samiske interesser blir ivaretekne i det vidare arbeid med rovviltforvaltinga.
8.1 MEDVERKNAD PÅ SENTRALT NIVÅ
Det blir årleg gjennomført ei rekke kontakt- og drøftingsmøte om rovviltforvaltinga mellom dei sentrale organisasjonane og miljøvern- og landbruksstyresmaktene. Spørsmåla som blir handsama er komplekse, og dei ulike organisasjonane har ofte ulike syn på bruken av tiltak og verkemiddel for å nå politisk vedtekne mål. Departementet meiner difor det vil vere føremålstenleg å formalisere og samordne denne kontakten gjennom å opprette eit sentralt rovviltutval, og viser i samband med dette til røynslene med det sentrale barskogutvalet som er oppretta i samband med verneplanarbeidet for barskog, jfr St.meld.nr.40(1994-95). Det sentrale rovviltutvalet bør ha ein rådgjevande funksjon i høve til miljøvern- og landbruksstyresmaktene, og fungere som eit kontaktskapande og konfliktløysande organ i samband med gjennomføringa av rovviltforvaltinga. Utvalet bør gjevast følgjande samansetting:
- Direktoratet for naturforvaltning
- Statens landbruksbank
- Sametinget
- Noregs Bondelag
- Norsk Bonde- og Småbrukarlag
- Norske Reindriftssamers Landsforbund
- Norsk Sau- og Geitalslag
- Samarbeidsrådet for naturvernsaker
- Kommunanes Sentralforbund/Utmarkskommunenes sammenslutning
Det sentrale rovviltutval skal leiast av Direktoratet for naturforvaltning, som også skal ivareta sekretærfunksjonen. Utvalet bør gjevast følgjande mandat:
«Utvalet skal medverke til den praktiske gjennomføring av rovviltforvaltinga for å nå dei politisk vedtekne mål, under dette:
- gi råd om sentrale prioriteringar og framdrift vedrørande bruken av ulike tiltak og verkemiddel, t d i form av utvikling og oppfølging av ein konkret handlingsplan
- gjere framlegg om korleis arbeidet med informasjon bør leggast opp, under dette informasjon til og kontakt med kommunar, aktuelle brukarar og deira organisasjonar
- gi vurderingar av konsekvensane av nasjonal rovviltpolitikk, sett i lys av både næringsutnytting av utmark og oppfylling av nasjonale og internasjonale plikter når det gjeld vern
- gi råd om samordning av retningslinjer, tiltak og verkemiddel for delbestandar og kjerneområde for rovvilt som strekker seg over fleire fylke.»
8.2 MEDVERKNAD PÅ REGIONALT OG LOKALT NIVÅ
Departementet meiner det er behov for å styrke kontakten og samarbeidet mellom den regionale forvalting på den eine sida og lokalforvaltinga og organisasjonane på fylkesnivå på den andre. Dette bør gjerast ved at fylkesmannen gjennomfører årlege drøftingsmøte med den politiske leiinga i dei mest aktuelle kommunar og i fylkeskommunen, og ved å utvikle dei rådgjevande rovviltutvala i alle fylke som i særleg grad er råka av rovviltproblematikken, til eit eigna forum for gjensidig informasjon, prioritering av tiltak og konfliktløysing.
Som det er gjort nærare greie for i kap. 6 og tidlegare i dette kapitlet, vil rovviltforvaltinga og dei tiltak og verkemiddel som blir sette inn for å avgrense skadar kunne ha innverknad på næringsutviklinga i enkelte særleg utsette kommunar. Departementet ser det difor som viktig at det blir etablert ein betre dialog og eit tettare samarbeid mellom fylkesmannen og den politiske leiinga i dei mest utsette kommunar og i fylkeskommunen. Dette kan gjerast føremålstenleg i form av 1-2 møte i året. Ut over gjensidig informasjonsutveksling, bør slike møte vere ein arena der ein kan utvikle konkret samarbeid mellom det regionale og lokale forvaltingsnivå, med sikte på å medverke til ei positiv utvikling for busetting og sysselsetting samstundes som nasjonale miljømål for rovviltforvaltinga blir oppfylte.
Departementet går inn for at rovviltutvala blir vidareutvikla i alle fylke som i særleg grad er omfatta av rovviltforvaltinga. Dei samarbeidsforum som blir etablert bør ikkje tilleggast formell avgjerdsrett. Dels grunngir ein dette med at viktige delar av rovviltforvaltinga, t d spørsmål om bestandsforvaltinga, ikkje vil kunne delegerast til eit slikt rovviltutval. Dels er det grunngitt med at det samla sett vil vere viktigare å få klåre råd og innspel frå organisasjonane enn å bruke tida på prosessar for å finne fram til tiltak alle er samde i.
Eit rovviltutval som primært vil fungere rådgjevande må i utgangspunktet kunne ta opp eitkvart spørsmål med relevans til den regionale rovviltforvaltinga. Under dette gjeld sjølvsagt også spørsmål om konsekvensar av nasjonal politikk. Dei råd og framlegg eit slikt rovviltutval fremjer må ein gå ut frå vil bli vurdert og følgd opp av det aktuelle forvaltingsorgan. Rovviltutvalet vil sjølvsagt måtte arbeide innanfor ramma av nasjonal politikk. Departementet meiner at rovviltutvalet i fylka bør ha følgjande oppgåver:
- gjensidig informasjonsutveksling
- gi råd om bruken av økonomiske verkemiddel retta mot rovviltforvaltinga, under dette midlar til førebyggande tiltak
- delta i utarbeiding og handsaming av regionale forvaltingsplanar for rovvilt
- gi tilbakemelding til sentrale styresmakter om effektar av nasjonal politikk
- gi råd om fordeling av kvote ved kvotejakt og lisensjakt
Dei fylkesvise rovviltutvala blir med dette organ som får som hovudoppgåve å kome med innspel til dei statlege forvaltande styresmakter på fylkesplan. Også i dei tilfelle der ein ønskjer å melde inn til sentrale styresmakter, bør innspelet gå gjennom fylkesmannen. Føresetnaden er at fylkesmenn som forvaltar sams delbestandar eller kjerneområde for rovvilt samarbeider om utvikling av sams strategiar og retningslinjer for forvaltinga. I tilfelle der det er behov for ei nærare samordning og avklåring av slike spørsmål, kan dette takast opp til handsaming i det sentrale rovviltutval for om mogeleg å gi eit sams råd til dei sentrale styresmakter, jfr kap. 8.1.
Den andre hovudoppgåva utvala vil ha er å syte for utveksling av informasjon mellom organisasjonar og styresmakter. Dette omfattar også at medlemmene av utvalet gjennom sine respektive organisasjonar skal informere om rovviltforvaltinga og om arbeidet i utvalet.
I rovviltutvalet bør grupper som har interesser og ansvar i norsk utmark vere representert. Det kan gjelde styresmaktutøvarar, næringsutøvarar, friluftsinteressene og miljøverninteressene. Departementet meiner det med omsyn til respekten for og oppfølginga av råda som blir gitt er viktig at ingen av desse gruppene blir haldne utanfor informasjonen og drøftingane som skjer i rovviltutvalet. Departementet meiner vidare at eit godt samarbeid og ein open dialog er ein naudsynt føresetnad for å nå fastsette landbruks- og miljøpolitiske mål. Departementet meiner følgjande aktørar skal delta:
- Bonde- og småbrukarlaget i fylket
- Bondelaget i fylket
- Sau- og geitalslaget i fylket
- Reindriftssamanes fylkeslag
- Relevante naturvernorganisasjonar (2-3 representantar)
- Kommunane (representanten bør oppnemnast av fylkeskrinsen av Kommunanes Sentralforbund)
- Fylkeskommunen
Om naudsynt bør annan kompetanse trekkast inn for å få saker som blir handsama godt nok belyst. Fylkesmannen tek initiativ til å opprette rovviltutvalet. Utvalet bør sjølv velje leiar. Fylkesmannen bør delta i utvalet sine møte med miljøvern- og landbruksavdeling og ivareta sekretærfunksjonen, men skal ikkje sjølv vere medlem av utvalet. I reindriftsfylka bør også ein representant for reindriftskontoret delta i utvalet sine møte.
Fylkesmannen har ansvaret for at både miljøvern- og landbruksavdelinga blir trekte inn i arbeidet med rovviltforvaltinga og skadeførebyggande tiltak, og at begge avdelingar har reell medinnverknad på dei vedtak som blir fatta.
8.3 INFORMASJON OG SAMRÅD MED AKTUELLE BRUKARAR OG LOKALBEFOLKNING
I kap. 8.1 og 8.2 er det gjort framlegg om korleis ein skal organisere samarbeid mellom dei ulike forvaltingsnivå og særleg aktuelle organisasjonar, med sikte på å skape grunnlag for ein betre dialog og betre samhandling for å nå dei politisk vedtekne måla for rovviltforvaltinga. Men sjølve grunnlaget for meiningsdanning og akseptnivå finst mellom bufe- og reineigarar og andre enkeltpersonar og grupperingar i lokalsamfunna som allereie er eller frykter at dei blir direkte råka av ulike sider ved rovviltproblematikken. Det representerer difor ei særleg utfordring å finne fram til tiltak og verkemiddel som kan medverke til å redusere grunnlaget for konfliktar.
Konfliktane med involverte brukarar og lokalsamfunn er i nokre av dei sterkast råka områda både komplekse og djuptgåande, noko som også inneber at det ikkje fins noko enkel løysing på problema. Grovt sett kan ein seie at dette handlar om fire konflikttypar:
- ein datakonflikt, der partane har feilaktige eller ulike oppfatningar av røyndomen, t d om storleiken på rovviltbestandane, kor stor skade dei gjer, kva mottiltak som kan vere effektive og kva som er ein levedyktig bestand
- ein interessekonflikt, som handlar om dei ulike materielle og økonomiske interessene partane har i saka
- ein verdikonflikt, som handlar om ulike oppfatningar og vektlegging av m a etiske, moralske og ideologiske spørsmål
- ein relasjonskonflikt, som kan skuldast at partane mislikar kvarandre, og at dette har blitt sjølve kjernen i konflikten.
For sau- og reineigarar som har årlege store tap vil ein reell interessekonflikt vere framhevande ettersom tapa grip inn i deira inntektsgrunnlag og høve til å utøve næringa utan å endre på driftsformene. I den grad dette kan få innverknad på busetting og sysselsetting vil ein slik konflikt også kunne omfatte kommunen. For lokalbefolkninga elles, herunder sau- og reineigarar med relativt små tap, er det grunn til å tru at verdikonflikten er den mest grunnleggande. Datakonflikten kan ofte omfatte dei fleste aktørane.
Det er neppe realistisk å tru at ein kan fjerne alle slike konfliktar innanfor rovviltforvaltinga. Frå fleire hald er det likevel peika på at det er naudsynt med tiltak som kan medverke til å avgrense konflikten og auke tilliten mellom partane. Det er sett i gang forskingsprosjekt som m a tek sikte på å kartlegge akseptnivåa til dei ulike aktørane, og å utvikle modellar for korleis ein kan påverke desse og legge til rette for eit betre samarbeid om konstruktive løysingar. I prinsippet kan ein seie at datakonfliktar best let seg redusere gjennom ulike former for målretta informasjonstiltak og utvikling av betre kommunikasjon mellom partane, medan interessekonfliktar best kan dempast gjennom effektive skadereduserande tiltak og bruk av økonomiske verkemiddel, under dette ulike former for kompensasjonsordningar. Verdikonfliktane kan neppe løysast på kort sikt, men bør på lengre sikt kunne dempast gjennom auka informasjon som kan heve kunnskapsnivået og medverke til haldningsendringar i høve til det å ta vare på alle delar av det biologiske mangfaldet. Slik informasjon bør gjevast både gjennom skuleverket, kurs/vaksenopplæring og på andre føremålstenlege måtar. Departementet vil legge stor vekt på å utvikle og gjennomføre tiltak som kan redusere konfliktnivået med lokalsamfunna, og meiner at dei organisatoriske løysingane som det er gjort framlegg om, med rådgjevande rovviltutval og dialog med den politiske leiing i kommunane, vil kunne vere viktige tiltak for å hindre at relasjonskonfliktar mellom partane skal få utvikle seg. I tillegg til dette er det viktig at alle ledd i forvaltinga syter for å ha ein open kommunikasjon og dialog med dei som er direkte involvert når det gjeld rovviltforvaltinga.
8.4 TILTAK FOR Å UNNGÅ KONFLIKTAR MELLOM BJØRN OG MENNESKE
Som det er gjort greie for i kap. 6.4, er det mellom dei store rovdyra berre bjørn som under gjevne uheldige omstende kan medføre fare for menneske. Sjølv om risikoen for å bli angripen av bjørn er svært liten, må ein vente at talet på møte mellom bjørn og menneske vil auke med ein aukande bjørnebestand. Både lokalbefolkninga og tilreisande naturbrukarar i dei aktuelle områda bør difor informerast om åtferda til bjørnen, og kva reglar som det kan vere fornuftig å ta i akt når ein er i bjørneområde. På bakgrunn av dei analysar som er gjennomført, er det utarbeidd og gjennomført informasjonsopplegg om dette i Finnmark og Nord-Trøndelag. Tilsvarende bør gjerast i tilknyting til dei andre kjerneområda for bjørn.
Både i andre land og i Skandinavia har det vore ei rekke tilfelle av at bjørn har teke til å ete matavfall frå menneske. Slike bjørnar kan etter kvart miste si naturlege redsle for menneske, noko som aukar faren for at risikofylte situasjonar kan oppstå. Det er difor viktig at ein reduserer tilgjenget av slike matkjelder gjennom ekstra god avfallshandtering i bjørneområde. Framlegg om slike tiltak er fremja i fleire av utkasta til forvaltingsplanar som er utarbeidd av fylkesmennene. I enkelte tilfelle kan det også vere naudsynt å sette i verk ekstraordinære tiltak som å skremme eller fjerne nærgåande problembjørnar. I Pasvik vart det gjort vellukka forsøk med bruk av vaktarhund (pyrenearhund) i eit slikt tilfelle der fleire bjørnar var involvert. Det er viktig at tiltak blir gjennomførte i nært samarbeid med politiet, då slike situasjonar ofte også fører til at nysgjerrige menneske samlar seg, noko som kan krevje ulike former for sikring eller avsperring av området.
I utkastet til forvaltingsplan for Pasvik kjerneområde (vedlegg 5) er det fremja som mål at befolkninga skal oppleve det som positivt å leve i eit område med bjørn, og at bjørnestamma ikkje skal føre med seg auka risiko for liv og helse for menneske. For å kunne heimle naudsynte reguleringar av menneske sin ferdsel og åtferd i høve til bjørn, samt reglar for skjerpa avfallshandtering i høve til det som følgjer direkte av ureiningslova, er det gjort framlegg om å verne ein nærare avgrensa del av kjerneområdet som biotopvernområde etter viltlova §7. Departementet går inn for at det blir sett i gang naudsynt planarbeid og høyring med sikte på å gjennomføre dette, og meiner at eit slikt tiltak også kan vere aktuelt innanfor nærare avgrensa delar av andre kjerneområde med tilsvarande problem.
Politiet har med heimel i politiinstruksen høve til å iverksette avliving av bjørnar som på grunn av åtferda si representerer ein akutt risiko for liv og helse for menneske. I tråd med praksis i dag må dette alternativet berre nyttast i heilt akutte situasjonar framover. Det kan likevel oppstå tilfelle der det etter ei konkret forvaltingsvurdering kan vere naudsynt å avlive spesielle bjørnar, som fleire gonger har vist uønskt åtferd som kan utvikle seg til eit tryggleiksproblem, og som ikkje kan løysast på annan måte. Dette vil ha karakter av førebyggande tiltak som ikkje fell inn under politiinstruksen, og slike vedtak bør gjerast av kompetent faginstans etter kritisk vurdering. Departementet vil difor gå inn for at Direktoratet for naturforvaltning i samråd med aktuelle fylkesmenn får høve til å fatte vedtak om avliving av bjørnar som på grunn av spesiell åtferd representerer ein tryggleiksrisiko.
Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen