2 Arbeidet med lovforslaget

2 Arbeidet med lovforslaget

Landbruks- og matdepartementet sendte 29. juni 2005 ut eit høyringsnotat med forslag om å oppheve delingsforbodet i jordlova, avvikle ordninga med friviljug statleg kjøp for å sikre tilleggsjord og oppheve heimlane til å oreigne i jordlova (tilleggsjord, vanhevda jord og husmannsplassar). Departementet foreslo også å oppheve heimelen til å avløyse bruksrettar.

Departementet foreslo samtidig at dei reaksjonane forvaltinga kan ta i bruk overfor tilskotsmottakar burde gå fram av jordlova § 18, og at seks uaktuelle lover skulle opphevast.

Høyringsfristen for forslaga gjekk ut 1. november 2005. Forslaga blei sendt til følgjande høyringsinstansar:

Departementa

Fylkeskommunane

Fylkeslandbruksstyra

Fylkesmennene

Jordskifteoverrettane

Kommunane

Den norske advokatforening

Direktoratet for naturforvaltning

Friluftsrådenes landsforbund

Hoff Norske Potetindustrier

Innovasjon Norge

Nord-Trøndelagsforskning

Norges Bondelag

Norges skogeierforbund

Norges eiendomsmeglerforbund

Norges Naturvernforbund

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Norske Reindriftsamers Landsforbund

Norsk forening for landbruksrett

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning

Norsk Landbrukssamvirke

NORSKOG

Norsk Pelsdyralslag

Norsk senter for bygdeforskning

Næringslivets hovedorganisasjon

Næringsmiddelbedriftenes landsforening

Kjøttindustriens Fellesforening

Kommunenes Sentralforbund

Reindriftsforvaltningen

Riksantikvaren

Statens kartverk

Statens landbruksforvaltning

Telemarksforskning Bø

Toll- og avgiftsdirektoratet

Universitetet for miljø- og biovitenskap

Det kom inn 204 uttaler. Hovudtyngda av innspel kom frå kommunane.

Dei aller fleste innspela gjaldt forslaget om å oppheve det generelle forbodet mot deling. I alt har 185 høyringsinstansar gitt kommentarar til dette forslaget. Hovudinntrykket er at få støttar forslaget. 143 kommunar har uttala seg, og av dei rår 126 frå oppheving av det generelle forbodet mot deling. 17 fylkeslandbruksstyre og 8 fylkesmenn går i mot forslaget. Dei 16 organisasjonane som har kome med innspel er delt i synet på spørsmålet.

Dei som tilrår, legg mellom anna vekt på behovet for auka fleksibilitet og ønsket om å sikre større utbod av tomter i distrikta. Dei som rår frå meiner at forslaget vil få uheldige konsekvensar for jordvernet, og at det vil vere uheldig å leggje til rette for at utmarksressursane kan bli frådelt og ikkje utgjere ein del av driftsgrunnlaget på eigedomen. Dei meiner vidare at praksis ved søknad om dispensasjon frå delingsforbodet allereie i dag sikrar dei samfunnsinteresser som skal takast vare på. Departementet er klar over at Næringskomiteen i Stortinget har til behandling eit forslag om å endre delingsføresegna, jf Dok. nr. 8:27 (2005-2006). Med det resultatet forslaget har fått i høyringa, ser ein ikkje grunn til å drøfte forslaget eller høyringsinstansane sine merknader nærare.

Når det gjeld dei andre forslaga, er høyringsinnspela kommentert der dei høyrer heime under punkt 3.

Landbruks- og matdepartementet vil satse på ei utvikling i landbruket der det blir lagt til rette for utnytting av garden sine samla ressursar. Forslaget om å fjerne delingsforbodet kan føre til at viktige ressursar blir frådelt, og at moglegheita for ny næringsutvikling på garden blir redusert. Dette vil vere uheldig for utviklinga av det einskilde bruk. Departementet meiner vidare, som mange av høyringsinstansane, at forslaget kan få uheldige følgjer for jordvernet. Dagens praksis sikrar dei samfunnsinteresser som bør ivaretakast. Departementet vil derfor ikkje fremje forslaget om å oppheve delingsforbodet. Departementet vil heller ikkje foreslå andre endringar i delingsføresegna.

Dei andre forslaga gjer ein framlegg om å følgje opp.

I høyringsnotatet blei det ikkje fremja forslag om endring av odelslova §§ 16 og 31. Som ei følgje av forslaget om å oppheve nokre av verkemidla i jordlova, foreslår departementet likevel endringar i desse føresegnene. Endring er nødvendig fordi det i føresegnene i odelslova er synt til føresegner i jordlova som departementet foreslår oppheva. Det gjeld odelslova §§ 16 fjerde ledd og 31.