3.10.1 Høyringsforslaget og...
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.10.1 Høyringsforslaget og høyringsinstansane sine innspel
Alle høyringsinstansane som har uttala seg om forslaget om å oppheve dei seks uaktuelle lovene støttar forslaget.
Norsk landbrukssamvirke og Hoff Norske Potetindustrier støttar forslaget om å oppheve lov 16. juni 1939 nr. 10 om regulering av tilvirkning og omsetning av potetmjøl m.m. (potetmjøllova) under føresetnad om at avrensordninga for potet framleis blir omfatta av landbruksunntaket i konkurranselova. Konkurransetilsynet støttar også forslaget om å oppheve potetmjøllova, men har i si høyringsfråsegn peikt på at det er betre å fastsetje reglar som kan ha verknad for aktørane i ei næring i lov og/eller forskrift enn avtale. Forslaget om å oppheve potetmjøllova med tilhøyrande forskrifter inneber at avtala om avrenspoteter mellom statens landbruksforvaltning og Hoff Norske Potetindustrier si tilknyting til lov fell bort.
Helse- og omsorgsdepartementet har i si høyringsfråsegn peikt på at lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet (matlova) i stor grad opnar for same reguleringar som lov 22. juni 1934 nr. 5 om midlertidige inførselforbud mv., lov 31. mai 1935 nr. 5 om adgang til å utferdige forbud mot omsetning av ustemplet kjøtt og skinn av tamrein, og potetmjøllova, og at dette styrker vurderinga av at desse lovene kan opphevast.