3.10.4 Lov 16. juni 1939 nr....
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.10.4 Lov 16. juni 1939 nr. 10 om regulering av tilvirkning og omsetning av potetmjøl m.m.
Lova forbyr tilverking av potetmjøl, glykosesirup, sago og dekstrin utan løyve av Kongen eller den han gir fullmakt. Den som får løyve til tilverking må rette seg etter forskrifter, påbod og kontroll fastsett i samsvar med denne lova. Kongen er i lova også gitt fullmakt til å gi forskrifter som regulerer tilverkarane sine innkjøp av poteter og om produksjon av dei aktuelle produkta. Lova har sin bakgrunn frå ei periode på 1930-talet kor mange aktørar starta opp med produksjon, noko som førte til fallande prisar. Formålet med lova er å opne for regulering av potetmjølproduksjon. Mellom anna inneber dette at det blir opna for fastsetjing av minsteprisar og kvalitetskontroll. I medhald av lova har departementet fastsett to forskrifter med nærare reglar om produksjon og omsetning av potetmjøl. Mellom anna blir det fastsett produksjonskvoter i medhald av desse forskriftene. I medhald av lova er det også fastsett ei forskrift om omsetjing av avrenspoteter, jf forskrift 5. januar 1990 nr. 3 vedrørende omsetning av avrenspoteter til bruk i produksjon av sprit, glukose og mel. Statens landbruksforvaltning og Hoff Norske Potetindustrier har i medhald av denne forskrifta inngått ei avtale om avsetjing for avrenspoteter frå bedrifter i marknadsordninga for poteter.
Marknadene for potetmjøl, glykosesirup, sago og dekstrin blir i dag prega av få og relativt store aktørar, og departementet har ikkje hatt pågang frå nye aktørar som ønskjer løyve for å starte produksjon. Forbodet mot produksjon utan løyve synest ikkje lenger å ha noka god samfunnsmessig grunngiving fordi dei spesielle høva som gav grunn til lova ikkje lenger er til stades. Heller ikkje produksjonskvotene eller dei nærare reglane i forskriftene om produksjon og omsetjing synest lenger å ha noka god samfunnsmessig grunngiving.
Trass dette, ønskjer departementet å vidareføre eksisterande avrensordning for poteter som eit verkemiddel i landbrukspolitikken, mellom anna gjeld dette avrensavtala mellom Statens landbruksforvaltning og Hoff Norske Potetindustrier. Avrensordninga er primært forankra i avrensavtala og nær knytt til tilskot over jordbruksavtala. Avrensavtala treng verken heimel i lov eller forskrift. Vidareføringa av avrensordninga er derfor i utgangspunktet ikkje noko argument for å vidareføre ei elles uaktuell lov. Departementet er einig med Konkurransetilsynet i at ordningar av denne type godt kan vere forankra i lov og/eller forskrift i staden for i avtale, men synest ikkje det er tilstrekkeleg grunn for å oppretthalde ein rettsleg sett overflødig heimel i ei lov som etter departementets meining elles er heilt overflødig.
Departementet kan heller ikkje sjå at ei oppheving av lova vil føre til ei svekking av avrensordninga sitt vern etter landbruksunntaket i konkurranselova § 3, jf forskrift 23. april 2004 nr. 651 om unntak for samarbeid mv. innan landbruk og fiske. I forskrifta § 2 heiter det at forboda i konkurranselova §§ 10 og 11 ikkje blir brukt når det gjeld avtaler, samarbeid o.a. mellom eller av primærprodusentar eller deira organisasjonar i samsvar med lov, forskrift eller avtale (i dette høve jordbruksavtala) som regulerer produksjon eller omsetning av landbruksprodukt. Forskrift 30. juni 2004 nr. 1104 om samarbeid om produksjon og omsetning av visse hagebruks- og gartneriprodukter mv. vil i om lag like stor grad som lova om potetmjøl verne mot forboda i konkurranselova. Departementet kan også foreslå å ta inn i jordbruksavtala føresegner som tilsvarar føresegnene i lova og forskrifta om omsetjing av avrenspoteter slik at opphevinga av lova ikkje svekker avrensordninga i høve til konkurranselova.
Etter dette synest det ikkje lenger å vere noko behov for lova, og departementet meiner på denne bakgrunn at ho bør opphevast. Forslaget inneber òg at forskriftene i medhald av lova vert oppheva.