3.10.5 Lov 13. desember 1946...
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.10.5 Lov 13. desember 1946 nr. 23 om omsetning av pelsdyrskinn
Lova fastset at Noregs Pelsdyralslag eller den Kongen fastset skal reinse, sortere, lotte og taksere skinn av rev og mink som er alt i pelsdyrgard før dei kan omsetjast. Lova krev godkjenning for aktørar som ønskjer å omsetje skinn, og ho gir departementet myndigheit til å fastsetje nærare føresegner for gjennomføring av lova, mellom anna fastsetjing av godtgjering til Noregs Pelsdyralslag for reinsing osv. Formålet til lova var i si tid å regulere pelsdyrskinnmarknaden for å bøte på einskilde svakheitar ved fri omsetning av pelsdyrskinn, som til dømes hadde si årsak i manglande kvalifikasjonar hos einskilde pelsdyrseljarar. Departementet har fastsett nærare føresegner i to forskrifter i medhald av lova.
Departementet meiner at det ikkje lenger ligg føre noko behov for å regulere omsetjinga av pelsdyrskinn på ein slik måte som lova gjer. Lova har sin bakgrunn i ei tid kor manglande kvalifikasjonar hos einskilde pelsdyrseljarar medførte behov for særsregulering av omsetjinga i eiga lov. Dette behovet for særsregulering er openbert ikkje lenger til stades. Meir alminnelege reguleringar i t.d. omsetningslova, skattelova og meirverdiavgiftslova dekker dette behovet i dag. Departementet meiner derfor at det ikkje lenger finst grunnlag for å nekte løyve til å omsette pelsdyrskinn.
Departementet meiner på denne bakgrunn at lova med tilhøyrande forskrifter bør opphevast.