3.10.6 Lov 31. mai 1974 nr....
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.10.6 Lov 31. mai 1974 nr. 20 om importavgift og råvareprisutjevning ved eksport (eksportrestitusjon) for produkter framstilt ved bearbeidelse av jordbruksråvarer
Lova opnar for etablering av ei ordning med importavgift og eksportrestitusjon for å jamne ut ulikskap i produksjonskostnadene for vidareforedla jordbruksprodukt av norsk og utanlandsk opphav i den grad denne ulikskapen er ei følgje av forskjell i råvareprisen. Lova opnar også for å påleggje ei avgift på produkt som det er arbeida vidare med, og som blir omsett innanlands. Avgiftsmidla skal tilfalle eit fond som departementet administrerer, og kan berre nyttast til eksportrestitusjon, prisnedskriving av jordbruksråvarer som blir nytta til industriell framstilling av landbruksvarer med frihandelsstatus, og til dekning av administrasjonskostnader ved ordninga.
I samband med at WTO-avtala blir sett i kraft 01.01.1995 og overgangen til det tollbaserte grensevernet, avvikla Landbruksdepartementet ordninga og fondet. Lova har tidlegare også heimla einskilde reine tilskotsforskrifter. Desse tilskotsforskriftene er i dag heimla i jordlova § 18.
Gitt eksisterande internasjonale rammevilkår, meiner departementet at det ikkje er sannsynleg at ei slik ordning og eit slikt fond som lova heimlar, blir gjenoppretta.
Lova har heller ikkje lenger nokon funksjon som heimel for tilskotsforskrifter.
Departementet meiner på denne bakgrunn at lova bør opphevast.