3.10.7 Lov 22. desember 1999...
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.10.7 Lov 22. desember 1999 nr. 103 om opphevelse av lov 5. februar 1965 nr. 2 om Statens Landbruksbank m.m. (Overføring av Landbruksbankens oppgaver til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)
Lova opphevar tidlegare lov om Statens landbruksbank som ei følgje av at oppgåvene til Landbruksbanken blir overførte til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND). I tillegg har lova føresegner om førerett til anna statsstilling og rett til ventelønn for arbeidstakarar som var tilsett i Statens landbruksbank og hos Fylkesmennene før integrasjonen i SND. Etter lova gjaldt føreretten til anna statsstilling og retten til ventelønn i berre tre år etter integrasjonen i SND.
Det er nå gått meir enn tre år sidan integrasjonen av Landbruksbanken i SND. Lova har derfor ikkje lenger nokon verknad.
Departementet meiner på denne bakgrunn at lova bør opphevast.