3.5.2 Høyringsforslaget...
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.5.2 Høyringsforslaget og høyringsinstansane sine innspel
Departementet sendte på høyring forslag om å oppheve heimelen til mellom anna å avløyse bruksrettar, servituttar og andre rettar til, i eller over fast eigedom. Ein foreslo også å oppheve heimelen til å krevje regulering av grenser mellom bruk, og under dette heimelen til å oreigne jord. 57 instansar tilrår oppheving av regelen om avløysing av bruksrettar mv. 6 høyringsinstansar skriv at dei går i mot forslaget om å oppheve ordninga med friviljuge statlege kjøp, oreigning og avløysing av bruksrettar mv. Dei som går i mot gir inga nærare grunngjeving for dette.