3.7.1 Gjeldande rett
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.7.1 Gjeldande rett
Jord som blir lagt til eigedom som tilleggsjord etter reglane i jordlova går etter odelslova § 16 fjerde ledd første punktum inn under odel eller odling på den eigedomen den blir lagt til. Dette gjeld etter fjerde ledd andre punktum også om jorda har gått over ved friviljug handel når fylkeslandbruksstyret har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord, og jorda – dersom det er odelsjord – er gjort odelsfri etter reglane om odelsfrigjering.
§ 16 fjerde ledd første punktum tar sikte på jord som er selt vidare etter friviljuge statlege kjøp, kjøp ved bruk av forkjøpsrett eller oreigning.
Dei aktuelle reglane om odelsfrigjering er omtala i punkt 3.8.1.