3.7.2 Departementets vurderingar
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.7.2 Departementets vurderingar
Forslaget om endringa inneber at ein tar bort visinga til omgrepet «etter reglane i jordlova» for å tilpasse § 16 fjerde ledd til situasjonen etter opphevinga av ordninga med friviljuge statlege kjøp. Etter endringa i jordlova vil det ikkje lenger vere reglar i jordlova å vise til. I staden foreslår ein at departementet må godkjenne kjøpet av tilleggsjord. Forslaget inneber såleis ikkje nokon realitetsendring.
Dersom jordlova blir endra i samsvar med forslaget i punkt 3.1.3 og lovutkastet § 6, vil det truleg framleis vere nokre jordfondseigedomar som ikkje er selt vidare i samsvar med jordlova. Endringa i § 16 fjerde ledd tar også sikte på at denne tilleggsjorda skal falle inn under odelen på den jorda den blir lagt til, sjå særmerknadene punkt 6.1.
Spørsmålet om å tilpasse § 16 fjerde ledd første punktum til situasjonen ein får etter ei oppheving av reglane i jordlova § 6 har ikkje vore på høyring.