3.8.2 Departementets vurderingar
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
3.8.2 Departementets vurderingar
Tilvisinga i odelslova § 31 til jordlova § 13 blir utan meining dersom § 13 i jordlova blir oppheva. For å sikre eit fortsatt særskilt vern mot odelsfrigjering for dei næraste odelsrettshavarane, må derfor odelslova § 31 endrast. Departementet meiner ikkje å endre på krava som må vere oppfylt for at ein skal kunne odelsfrigjere. Forslaget går ut på å vise i føresegna kva som ligg i gjeldande omgrep «vilkåra for oreigning etter jordlova § 13 ligg føre». Det gjer ein ved å seie at eigedomstileigninga må ha gitt eller vil gi ei driftsmessig god løysing, og at det ikkje må vere tvil om at odelsfrigjeringa vil sikre eit slikt resultat. Forslaget inneber såleis ikkje noka realitetsendring.
Spørsmålet om å endre odelslova § 31 har ikkje vore på høyring.