4 Overgangsspørsmål
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
4 Overgangsspørsmål
Departementet foreslår at lovendringane trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer, jf utkastet IV første ledd.
Lovendringane får verknad for søknader som ikkje er avgjort før endringa tar til å gjelde, jf utkastet IV andre ledd. Dersom heimelen til å oreigne vanhevda jord blir oppheva, meiner departementet at endringane også må få verknad for jord som er vanhevda før lova blir endra. Dette er lagt til grunn i lovutkastet IV andre ledd andre punktum.
Departementet foreslår vidare overgangsreglar som tar sikte på å løyse spørsmål knytt til korleis ein skal handtere vidaresal av dei såkalla jordfondseigedomane staten fortsatt eig når endringane trer i kraft. Departementet foreslår at sal av jordfondseigedomar skal skje etter dei reglane som gjeld fram til lovendringa, jf det som er sagt under punkt 3.1.1. Overgangsregelen går fram av lovutkastet IV tredje ledd.
Departementet foreslår i lovutkastet IV fjerde ledd ei særskilt ordning for søknader om oreigning av husmanns-, bygsel- eller leilendingsbruk. Slike søknader skal takast til behandling dersom dei er innkomne til kommunen innan fem år etter at endringane tar til å gjelde.