6.1 Til odelslova § 16...
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
6.1 Til odelslova § 16 fjerde ledd
Føresegna tilsvarer tidlegare føresegn. Endringane i lovutkastet er gjort for å tilpasse føresegna til endringa i jordlova.
Jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord går inn under odel eller odling på den eigedomen jorda blir tillagt når departementet har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord.
Omgrepet «jord» skal ha same meining som i gjeldande føresegn.
Kjøpet kan vere godkjent på ulikt vis. Det vil vere godkjent når jord staten har kjøpt etter reglane i jordlova eller ved forkjøp – såkalla jordfondseigedomar – blir selt vidare i samsvar med gjeldande reglar i jordlova. Kjøpet kan vidare vere godkjent ved at det er gitt konsesjon, eller i samband med at det er sett vilkår for deling eller fritak frå buplikt.
I føresegna som gjeld fram til lovendringa skal kjøpet vere godkjent av fylkeslandbruksstyret. Det er kommunen som etter overføring av mynde frå departementet nå avgjer dei sakene som er omtala over. Fylkeslandbruksstyret er klageinstans. Departementet meiner etter dette at det bør stå departementet i staden for fylkeslandbrukstyret i lova.