6.2 Til odelslova § 31
Underside | | Landbruks- og matdepartementet
6.2 Til odelslova § 31
Departementet foreslår endringar i § 31 for å tilpasse føresegna til endringa i jordlova. Andre ledd er formelt sett foreslått oppheva slik at vilkåra for å frigjere jord for odel nå er samla i eit ledd. Det er med denne endringa ikkje meint å gjere endringar i gjeldande § 31 si rekkevidde.
I den mon odelsrett vil kunne skiple ei eigedomstileigning staten har gjort ved kjøp etter reglane i jordlova eller forkjøp etter konsesjonslova, kan Kongen fri slik jord for eldre odelsrett. Staten har ikkje lenger heimel til å bruke forkjøpsrett og staten vil etter forslaga til endringar i jordlova ikkje lenger kjøpe tilleggsjord. Staten eig likevel fortsett nokre eigedomar som er kjøpt etter reglane i jordlova eller forkjøp. Etter gjeldande reglar kan staten ta skritt for å odelsfrigjere slik jord før den blir selt vidare. Etter forslaget til ny § 31 første punktum vil slik jord framleis kunne gjerast fri for odel, men ikkje før jorda er selt vidare som tilleggsjord. Den som har kjøpt tilleggsjord kan da søkje om odelsfrigjering. Vedtaket om å selje jorda som tilleggsjord vil stette det kravet som ligg i uttrykket «godkjent av di kjøparen bør få tilleggsjord».
Departementet sitt forslag til ny § 31 første punktum fører vidare heimelen i gjeldande § 31 andre ledd til å odelsfrigjere jord som er gått over til ny eigar ved friviljug handel. Den nye føresegna knyt ikkje høvet til å odelsfrigjere til omgrepet «friviljug handel». Dette inneber inga realitetsendring. Meininga er at den nye føresegna skal dekke alle dei formene for kjøp som blei dekte av omgrepet «friviljug handel». Det skal såleis vere høve til å odelsfrigjere ved ordinære kjøp, kjøp i samband med tvangssal eller til dømes som følgje av eit konsesjons- eller delingsvilkår. Det må derimot nå som før krevjast at kjøpet er godkjent av di kjøparen bør få tilleggsjord, jf forslag til ny § 31 første punktum. Omgrepet «godkjent av di han bør få tilleggsjord» i gjeldande § 31 andre ledd er ført vidare i forslag til ny § 31 første punktum og skal ha same innhald. Omgrepet skal famne dei same situasjonane som nemnt i punkt 6.1.
I gjeldande § 31 andre ledd er det sagt at fylkeslandbruksstyret skal godkjenne kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord. Fylkeslandbruksstyret er bytta ut med departementet av dei same grunnane som er nemnt over i punkt 6.1.
Nære slektningar har etter gjeldande § 31 første ledd andre punktum, med unntak for eigedomar under 30 dekar, eit serskilt vern mot odelsfrigjering. Når eigedomen er mindre enn 30 dekar, kan departementet berre odelsfrigjere dersom vilkåra for oreigning etter jordlova ligg føre.
Departementet sitt framlegg til ny § 31 andre punktum inneber ei vidareføring av dei nære slektningane sitt særskilte vern mot odelsfrigjering. Det særskilte vernet går fram av § 31 første ledd andre punktum. Meininga er at det skal stillast like strenge krav til odelsfrigjering i høve nære slektningar etter forslaget til ny § 31 som etter gjeldande § 31. I kravet etter gjeldande § 31 første ledd andre punktum ligg for det første at det må liggje føre oreigningsføremål etter jordlova § 1. For det andre må vedtaket om oreigning utan tvil vere til meir gagn enn skade, jf oreigningslova § 2 siste ledd. Då heimelen til å oreigne i jordlova blir oppheva, må gjeldande vilkår for oreigning etter jordlova gå fram av ny § 31.
Krava om at oreigning utan tvil skal vere til meir gagn enn skade og at det må ligge føre oreigningsføremål etter jordlova § 1, går nå fram av forslaget til ny § 31 andre punktum. Er eigedomen på 30 dekar eller meir, kan odelsfrigjering etter forslaget til ny § 31 andre punktum berre skje andsynes nære slektningar «når det ikkje er tvil om at omsynet til odelsrettshavarane må vike av di eigedomstileigninga inneber ei god driftsmessig løysing». Omgrepet «god driftsmessig løysing» skal ha det same innhaldet som omgrepet har i jordlova § 1 andre ledd.