Statsbudsjettet 2007
Artikkel | Sist oppdatert: 30.05.2009 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementets samleside om Statsbudsjettet
Statsbudsjettet 2007
Landbruks- og matdepartementet
Løft for landbruket
Betre høve til verdiskaping i jord- og skogbruk over heile landet
- Auka satsing på skogbruk og bioenergi med totalt 70 millionar kroner
- Styrka innsats for trygg mat men senka gebyr og avgifter til Mattilsynet
- Løyvingane til forsking og utvikling blir auka med 8 prosent
- Eigedomar i alle delar av landet og alle storleikar får auka inntekt
Dette er nokre hovudpunkt i budsjettforslaget frå Landbruks- og matdepartementet for 2007. Totalt er budsjettet på 14.044 millionar kroner, opp 1,8 prosent frå 2006.