Statsbudsjettet 2010

Statsbudsjettet 2010:

Regjeringa vil legge til rette for eit næringsliv for framtida. Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett aukar med 13 prosent neste år til totalt 7.564 millionar kroner. Dette er ei auke på over 60 prosent samanlikna med 2005.

I ei tid som framleis er prega av finanskrise og uvisse for mange bedrifter og menneske vil dette budsjettet sikre vilkåra for norsk næringsliv og leggje til rette for nyskaping og forsking.

– Vi legg no til grunn meir optimistiske anslag for utviklinga i norsk økonomi enn det vi gjorde i arbeidet med tiltakspakkene. Likevel har vi sett behov for halde eit høgt nivå på løyvingane til mellom anna Innovasjon Noreg ikkje minst av omsyn til eksportindustrien, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

Brustad kommenterer statsbudsjettet

   



Nærings- og handelsminister Sylvia Brustad kommenterer statsbudsjettet.

 

 

Pressemeldinger fra Nærings- og handelsdepartementet: