1 Bakgrunn
Underside | | Utanriksdepartementet
1 Bakgrunn
Bakgrunnen for den fireårige handlingsplanen til EU (1. januar 1999-31. desember 2002) for å fremje sikrare bruk av Internett er dei negative følgjene for samfunnet som utviklinga av Internett kan føre med seg. Sjølv om det ulovlege og skadelege innhaldet som vert formidla via Internett, er avgrensa, vert slikt innhald sett på som eigna til å skade den mentale helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane, og kan såleis hindre skipinga av det gunstige klimaet som fremjer og respekterer dei etiske normene. Det viktigaste målet med handlingsplanen er å skape eit gunstig klima for utviklinga og bruken av Internett. Målet er m.a. å innføre eigna mekanismar for å kjempe mot ulovleg bruk av dei tekniske sidene ved Internett, og elles å fjerne hindringar for utviklinga av og konkurranseevna til Internett-industrien.
Handlingsplanen vert kalla «Fleirårig fellesskapshandlingsplan for å fremje sikrare bruk av Internett», og er nærmare omtala under punkt 2.
EØS-komiteen vedtok 30. juli 1999 å endre Protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte handlingsplanen for å fremje sikrare bruk av Internett. Norsk omsetjing av EØS-komitéavgjerd nr. 99/1999 av 30. juli 1999 og europaparlaments- og rådsvedtak 276/1999/EF av 25. januar 1999 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Norsk deltaking i handlingsplanen til EU for å fremje sikrare bruk av Internett inneber ei folkerettsleg plikt for Noreg til å medverke økonomisk til programmet. Det er difor naudsynt å be om Stortingets samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerda. Då EØS-komiteen vedtok å ta programmet inn i EØS-avtala 16. juli 1999, med ad ref dato 30. juli 1999, gav Noreg difor dei andre avtalepartane melding om at dei forfatningsrettslege krava må vere stetta i Noreg før avgjerda vil verte bindande.