6 Konklusjon og tilrådingar
Underside | | Utanriksdepartementet
6 Konklusjon og tilrådingar
Etter Kulturdepartementet sitt syn bør Noreg delta i handlingsprogrammet fordi det er føremålstenleg med globalt og regionalt arbeid for å kjempe mot ulovleg og skadeleg innhald på Internett. Problemet er av internasjonal karakter, og Noreg har små høve til å gripe inn utanfor sitt eige jurisdiksjonsområde. Nasjonale tiltak, medrekna utvikling av sjølvregulerings- og overvakingsmekanismar, vil kunne få betre verknad dersom det vert skipa ei viss form for samordning og samarbeid på internasjonalt og europeisk plan.
Gjennom handlingsplanen til EU vil næringsliv, innbyggjarar og samfunnet elles kunne få ei betre forståing av kva framtidsutsikter og utfordringar som er knytte til Internett, og såleis medverke til auka verdiskaping.
Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.