2 Europaparlaments- og...

2 Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 276/1999/EF av 25. januar 1999 om vedtaking av ein fleirårig fellesskapshandlingsplan for å fremje sikrare bruk av Internett ved å kjempe mot ulovleg og skadeleg innhald på verdsomfattande nett

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 129 A nr. 2,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,1

TEF C 48 av 13.2.1998, s. 8, og TEF C 324 av 22.10.1998, s. 6.

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet,2

TEF C 214 av 10.7.1998, s. 29.

med tilvising til fråsegna til Regionutvalet,3

TEF C 251 av 10.8.1998, s. 51.

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 B i traktaten,4

Europaparlamentsfråsegn av 2. juli 1998 (TEF C 226 av 20.7.1998, s. 33), felles haldning frå Rådet av 24. september 1998 (TEF C 360 av 23.11.1998, s. 83) og europaparlamentsavgjerd av 17. november 1998 (TEF C 379 av 7.12.1998). Rådsavgjerd av 21. desember 1998.

og

ut frå desse synsmåtane:

  1. I resolusjonen sin av 17. februar 1997 om ulovleg og skadeleg innhald på Internett5

    TEF C 70 av 6.3.1997, s. 1.

    sannkjende Rådet og representantane for regjeringane til medlemsstatane samla i Rådet dei føremonene som Internett kan tilby, særleg når det gjeld utdanning, ved å gje borgarane større handlefridom, ved å gjere det lettare å lage og formidle innhald og ved å gje omfattande tilgang til stadig rikare kjelder av digitale opplysningar.

  2. Det ulovlege og skadelege innhaldet på Internett kan, sjølv om det er avgrensa, ha ein uheldig innverknad på utviklinga av dei gunstige vilkåra som er naudsynte for at initiativ og føretak skal kunne utfalde seg.

  3. For å sikre at forbrukarane nyttar Internett fullt ut, er det avgjerande at det vert skipa tryggare rammer for bruken av det ved å kjempe mot ulovleg bruk av dei tekniske sidene ved Internett, særleg når det gjeld brotsverk mot barn og organisert menneskehandel, eller spreiing av rasistiske og framandhatske tankar.

  4. Forbrukarane bør sikrast eit høgt vernenivå. Fellesskapet bør medverke til verkeleggjeringa av dette målet ved særlege tiltak som støttar og utfyller politikken til medlemsstatane når det gjeld informasjon til forbrukarane om sikrare bruk av Internett.

  5. Fremjing av sjølvregulering i industrien og ordningar for overvaking av innhald, utvikling av filtreringsverktøy og klassifiseringssystem som industrien stiller til rådvelde, og auka medvit om dei tenestene som industrien yter, og dessutan oppmoding til internasjonalt samarbeid mellom alle dei partane det gjeld, vil spele ei avgjerande rolle når det gjeld å gjere tilhøva sikrare og medverke til å fjerne hindringane for utviklinga og konkurranseevna til denne industrien.

  6. Rådet oppmoda 24. april 1996 Kommisjonen om å lage ei oversikt over dei problema som den snøgge utviklinga av Internett har ført til, og særleg om å vurdere om det er ønskjeleg med regulering på fellesskapsplan eller på internasjonalt plan.

  7. Kommisjonen sende 23. oktober 1996 over ei melding om ulovleg og skadeleg innhald på Internett og ei grønbok om vern av mindreårige og menneskeverdet i samband med audiovisuelle tenester og informasjonstenester, til Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.

  8. Rådet og representantane for regjeringane til medlemsstatane samla i Rådet var i den førnemnde resolusjonen sin av 17. februar 1997 glade for rapporten frå arbeidsgruppa til Kommisjonen om ulovleg og skadeleg innhald på Internett, og oppmoda medlemsstatane og Kommisjonen om å setje i verk ei rekkje tiltak.

  9. I resolusjonen sin av 24. april 1997 om kommisjonsmeldinga om ulovleg og skadeleg innhald på Internett6

    TEF C 150 av 19.5.1997, s. 38.

    oppmoda Europaparlamentet medlemsstatane om å styrkje det administrative samarbeidet på grunnlag av felles retningslinjer, og Kommisjonen om å gjere framlegg om ei felles ramme for sjølvregulering på EU-plan etter samråd med Europaparlamentet.

  10. I ministerfråsegna som vart vedteken under den internasjonale ministerkonferansen med namnet «Utnytting av potensialet til verdsomfattande informasjonsnett», som vart halden i Bonn 6.-8. juli 1997 etter initiativ frå den tyske regjeringa, streka ministrane under den rolla som den private sektoren kan spele med omsyn til vern av forbrukarinteresser og fremjing av og respekt for etiske normer ved å nytte effektive sjølvreguleringsordningar som er omfatta av og har støtte i rettslege føresegner. Dei oppmoda industrien om å innføre opne, plattformuavhengige klassifiseringssystem for innhald, og om å gjere framlegg om klassifiseringstenester som stettar krava til ulike brukarar, og som tek omsyn til det kulturelle og språklege mangfaldet i Europa. Ministrane har vidare slått fast at det er avgjerande å byggje opp tryggleik og tillit til dei verdsomfattande informasjonsnetta ved å syte for at dei grunnleggjande menneskerettane vert respekterte, og ved å sikre dei allmenne samfunnsinteressene, medrekna interessene til produsentar og forbrukarar.

  11. Rådet vedtok 24. september 1998 ein rekommandasjon om utviklingen av europeisk industris konkurranseevne på området for audiovisuelle tjenester og informasjonstjenester, gjennom utarbeidelsen av nasjonale rammer som tar sikte på å nå en sammenlignbar og effektiv beskyttelse av mindreårige og mennesketverdet,7

    TEF L 270 av 7.10.1998, s. 48.

    heretter kalla rekommandasjon om vern av mindreårige og menneskeverdet. Gjennomføringa av denne handlingsplanen vil verte nøye samordna med rådsrekommandasjonen.

  12. Medverknad frå industrien når det gjeld innføring av frivillige sjølvregulerande system kan vere ei effektiv hjelp til å avgrense straumen av ulovleg innhald på Internett.

  13. Ei samordning på europeisk plan av representative og sjølvregulerande organ er avgjerande for at slike system skal kunne verke effektivt over heile Europa. For dette føremålet bør det oppmodast til innføring av sjølvregulerande system i industrien, som omfattar representative organ for Internett-leverandørar, forbrukarar og brukarar, i tillegg til innføring av effektive åtferdsreglar innanfor dei gjeldande rammereglane. Om naudsynt bør meldingssystem i form av direkte telefonlinjer gjerast tilgjengelege for ålmenta, slik at det vert mogleg for brukarar å melde frå om innhald som dei meiner er ulovleg.

  14. Eventuelle meldingssystem i form av direkte telefonlinjer bør støtte og fremje dei tiltaka som medlemsstatane gjer. All overlapping bør unngåast. Eventuelle meldingssystem i form av direkte telefonlinjer kan innførast i samarbeid med dei styresmaktene som har ansvaret for handheving av lova i medlemsstatane. Dei nasjonale styresmaktene som har ansvaret for handheving av lova, bør òg ha ansvaret for å reise sak mot og straffe dei som er ansvarlege for ulovleg innhald.

  15. Det bør på europeisk plan oppmodast til at filtreringsverktøy vert gjorde tilgjengelege, og til at det vert skipa klassifiseringssystem, som t.d. PICS-standarden («Platform for Internet Content Selection»), som vart innførd av det internasjonale World Wide Web-konsortiet med støtte frå Fellesskapet.

  16. For at brukarane betre skal kunne forstå føremonene og ulempene med Internett, bør medvitsaukande tiltak som vert sette i verk i medlemsstatane, og som burde ha ein tilleggsverdi på europeisk plan, fremjast med sikte på å auke bruken av dei tenestene som industrien leverer. Det er særleg foreldre, pedagogar og forbrukarar som bør få nok opplysningar til å kunne dra full nytte av kontrollprogramvare for foreldre og av klassifiseringssystem. Det bør fastsetjast ein fleirårig handlingsplan med sikte på å fremje sikrare bruk av Internett (heretter kalla «handlingsplan»).

  17. Fordi problema i samband med Internett er av ein verdsomfattande karakter og krev verdsomfattande løysingar, er det viktig å inngå samarbeid med internasjonale organisasjonar og tredjestatar for å gjennomføre denne handlingsplanen og gje han verknad utanfor Den europeiske unionen.

  18. Alle tiltak på området innhaldspolitikk bør utfylle andre initiativ som er sette i verk på nasjonalt plan og på fellesskapsplan, slik det er streka under i handlingsplanen til Kommisjonen, «Europa på veg mot informasjonssamfunnet: ein handlingsplan», og dei bør gjennomførast i samverknad med andre fellesskapstiltak på dette området, som t.d. programmet INFO 2000,8

    Rådsvedtak 96/339/EF av 20. mai 1996 om vedtakelse av et flerårig fellesskapsprogram som skal stimulere utviklingen av en europeisk multimedie-innholdsindustri og fremme bruken av multimedie-innhold i det framvoksende informasjonssamfunnet (INFO 2000) (TEF L 129 av 30.5.1996, s. 24).

    fellesskapsprogramma for forsking (program for avansert teknologi, avanserte kommunikasjonstenester og telematikk), fellesskapstiltak og -initiativ på områda utdanning, opplæring, kultur og SMF, og med strukturfonda.

  19. Tiltaka innanfor ramma av denne handlingsplanen bør ta omsyn til det arbeidet som er gjort når det gjeld justis- og innanrikssaker.

  20. Framdrifta av handlingsplanen bør overvakast jamleg og systematisk, slik at han eventuelt kan tilpassast utviklinga på marknaden for audiovisuelt innhald og multimedie-innhald. På eit gjeve tidspunkt bør det gjerast ei uavhengig vurdering av framdrifta av handlingsplanen, slik at det ligg føre bakgrunnsopplysningar som er naudsynte for å fastsetje konkrete mål for etterfølgjande innhaldspolitikk. Når handlingsplanen er avslutta, bør det gjerast ei sluttvurdering der dei resultata som er oppnådde, vert jamførde med dei måla som er fastsette i dette vedtaket.

  21. I samsvar med nærleiksprinsippet slik det er uttrykt i artikkel 3 B i traktaten, kan måla for dei planlagde tiltaka ikkje nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, ettersom dei aktuelle problema er av ein tverrnasjonal karakter; dei kan følgjeleg nåast betre på fellesskapsplan, fordi dei planlagde tiltaka er av ein felleseuropeisk karakter.

  22. Denne handlingsplanen bør vare i fire år, slik at det er tid nok til å gjennomføre tiltak for å verkeleggjere dei måla som er fastsette.

  23. I dette vedtaket er det for heile det tidsrommet som handlingsplanen varer, fastsett ei finansiell ramme som i medhald av punkt 1 i fråsegna frå Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen av 6. mars 19959

    TEF C 102 av 4.4.1996, s. 4.

er det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga -

GJORT DETTE VEDTAKET:

Artikkel 1

1. Det vert vedteke ein fleirårig fellesskapshandlingsplan for å fremje sikrare bruk av Internett («handlingsplanen»), som er fastlagd i vedlegg I.

2. Handlingsplanen skal gjelde i eit tidsrom på fire år frå 1. januar 1999 til 31. desember 2002.

3. Den finansielle ramma for gjennomføringa av denne handlingsplanen er 25 millionar euro for tidsrommet 1. januar 1999-31. desember 2002.

Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innan ramma av dei finansielle overslaga.

I vedlegg II er det oppført ei rettleiande utgiftsfordeling.

Artikkel 2

Målet med denne handlingsplanen er å fremje sikrare bruk av Internett, og å stimulere til gunstige vilkår for utviklinga av Internett-industrien på europeisk plan.

Artikkel 3

For å nå det målet som er nemnt i artikkel 2, skal følgjande tiltak gjennomførast for å støtte og fremje dei tiltaka som medlemsstatane skal gjere, under leiing av Kommisjonen og i samsvar med dei tiltaksområda som er oppførde i vedlegg I, og i samsvar med dei nærmare reglane for gjennomføring av handlingsplanen som er fastlagde i vedlegg III:

  • fremjing av sjølvregulering i industrien og ordningar for overvaking av innhald (t.d. innhald som barnepornografi eller innhald som stimulerer til hat på grunnlag av rase, kjønn, religion, nasjonalitet eller etnisk opphav),

  • oppmuntring av industrien til å gjere filtreringsverktøy og klassifiseringssystem tilgjengelege, slik at foreldre eller lærarar kan velje ut innhald som passar for dei barna som dei har ansvaret for, samstundes med at vaksne kan velje det lovlege innhaldet som dei ønskjer tilgang til, samstundes som det vert teke omsyn til det kulturelle og språklege mangfaldet,

  • auking av medvitet hjå brukane om dei tenestene som industrien yter, særleg hjå foreldre, lærarar og barn, slik at dei betre kan forstå og utnytte føremonene med Internett,

  • støttetiltak som t.d. vurdering av rettslege følgjer,

  • tiltak som fremjer internasjonalt samarbeid på dei førnemnde områda,

  • andre tiltak som fremjer verkeleggjeringa av det målet som er fastsett i artikkel 2.

Artikkel 4

  1. Kommisjonen er ansvarleg for å gjennomføre handlingsplanen.

  2. Den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5, skal nyttast

    • ved vedtaking av arbeidsprogrammet, medrekna alle utgifter til dei tiltaka som er nemnde i vedlegg III nr. 9,

    • ved fordeling av budsjettutgiftene,

    • på kriterium for og innhald av utlyste innbydingar til framlegg,

    • ved vurdering av prosjektframlegg med sikte på fellesskapsfinansiering i samband med utlyste innbydingar til framlegg og ved vurdering av det pårekna fellesskapstilskotet til kvart prosjekt, når tilskotet er på 300 000 euro eller meir,

    • på tiltak for å vurdere programmet,

    • på alle unntak frå dei reglane som er fastsette i vedlegg III,

    • når juridiske personar frå tredjestatar eller internasjonale organisasjonar som nemnt i artikkel 7 nr. 3, tek del i prosjekt,

    • på andre tiltak som kan gjennomførast innan ramma av artikkel 3 siste strekpunktet.

  3. Dersom tilskotet frå Fellesskapet i medhald av nr. 2 fjerde strekpunktet er mindre enn 300 000 euro, skal Kommisjonen gje det utvalet som er nemnt i artikkel 5, melding om prosjekta og om utfallet av vurderinga si.

  4. Kommisjonen skal jamleg gje det utvalet som er nemnt i artikkel 5, melding om framdrifta i gjennomføringa av heile programmet.

Artikkel 5

Kommisjonen skal få hjelp av eit utval som er samansett av representantar for medlemsstatane og vert leidd av representanten for Kommisjonen.

Representanten for Kommisjonen skal leggje fram for utvalet eit utkast til tiltak som skal gjerast. Utvalet skal kome med ei fråsegn om utkastet innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar. Fråsegna skal gjevast med det fleirtalet som artikkel 148 nr. 2 i traktaten fastset for avgjerder som Rådet skal ta etter framlegg frå Kommisjonen. Ved røysting i utvalet skal røystene til representantane for medlemsstatane ha den vekta som den førnemnde artikkelen fastset. Leiaren skal ikkje røyste.

Kommisjonen skal vedta dei planlagde tiltaka dersom dei er i samsvar med fråsegna frå utvalet.

Dersom dei planlagde tiltaka ikkje er i samsvar med fråsegna frå utvalet eller det ikkje er gjeve noka fråsegn, skal Kommisjonen straks gjere framlegg for Rådet om tiltak som skal gjerast. Rådet skal ta avgjerda si med kvalifisert fleirtal.

Dersom Rådet ikkje har teke noka avgjerd innan tre månader etter at framlegget vart gjort, skal Kommisjonen vedta dei framlagde tiltaka.

Artikkel 6

1. For å sikre at fellesskapsstøtta vert nytta på ein effektiv måte, skal Kommisjonen syte for at det vert utført effektiv førehandsvurdering, overvaking og etterfølgjande vurdering av dei tiltaka som vert gjennomførde i medhald av dette vedtaket.

2. Under og etter gjennomføringa av prosjekt skal Kommisjonen vurdere korleis dei er gjennomførde, og verknaden av gjennomføringa, slik at han kan avgjere om dei opphavlege måla er nådde.

3. Dei utvalde støttemottakarane skal kvart år leggje fram ein rapport for Kommisjonen.

4. Etter to år og når handlingsplanen er avslutta, skal Kommisjonen leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport, etter at det utvalet som er nemnt i artikkel 5, har granska han, med ei vurdering av dei resultata som er oppnådde ved gjenomføring av dei tiltaksområda som er nemnde i vedlegg I. Denne rapporten skal òg innehalde allmenne konklusjonar som kan nyttast på alle kategoriar ulovleg innhald. På grunnlag av resultata kan Kommisjonen gjere framlegg om tilpassing av skipnaden til handlingsplanen.

Artikkel 7

1. Juridiske personar som er etablerte i dei EFTA-statane som er medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), kan ta del i denne handlingsplanen i samsvar med føresegnene i EØS-avtala.

2. Juridiske personar som er etablerte i dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa, kan ta del i samsvar med dei vilkåra, medrekna dei finansielle ordningane, som er fastlagde i tilleggsprotokollane til assosieringsavtalene, og som omfattar deltaking i fellesskapsprogram.

Juridiske personar som er etablerte på Kypros, kan ta del på grunnlag av tilleggsløyvingar etter dei same reglane som gjeld for dei EFTA-statane som er medlem av EØS, i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten.

3. I samsvar med framgangsmåten i artikkel 5 kan juridiske personar som er etablerte i andre tredjestatar, og internasjonale organisasjonar ta del i handlingsplanen utan økonomisk støtte frå Fellesskapet innan ramma av handlingsplanen, dersom slik deltaking røynleg medverkar til å gjennomføre handlingsplanen, samstundes som det vert teke omsyn til prinsippet om ymsesidig nytte.

Artikkel 8

Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 25. januar 1999.

For EuropaparlamentetFor Rådet
J.M. GIL-ROBLESJ. FISCHER
PresidentFormann

Vedlegg I

Fleirårig fellesskapshandlingsplan for å fremje sikrare bruk av Internett

Tiltaksområde

Saman med rådsrekommandasjonen om vern av mindreårige og menneskeverdet er tiltaksområda eit middel for gjennomføring av ein europeisk metode for sikrare bruk av Internett basert på sjølvregulering i industrien, filtrering, klassifisering og auka medvit. Det er uttrykt sterk støtte til denne metoden frå Europaparlamentet, Rådet og medlemsstatane, men òg i ein vidare europeisk samanheng ved Bonn-fråsegna, som ministrar frå 29 europeiske statar er vortne samde om.

Tiltaksområda har følgjande mål:

  • å stimulere aktørane (industrien, brukarane) til å utvikle og setje i verk føremålstenlege sjølvregulerande system,

  • å setje i gang ei utvikling ved å gje støtte til demonstrasjonar og ved å stimulere bruken av tekniske løysingar,

  • å åtvare og informere foreldre og lærarar, særleg gjennom dei samanslutningane som dei høyrer til,

  • å oppmuntre til samarbeid og utveksling av røynsler og best mogleg praksis på europeisk og internasjonalt plan,

  • å fremje samordning i heile Europa og mellom dei aktørane det gjeld,

  • å sikre at dei metodane som vert vedtekne i Europa og andre stader, vert kompatible.

1. Tiltaksområde 1. Skape sikrare tilhøve

Medverknad frå industrien og eit sjølvregulerande system som fungerer fullt ut, er viktige element for å avgrense straumen av ulovleg innhald på Internett.

1.1. Skape eit europeisk nett av direktelinjer (tipslinjer)

Ein effektiv måte å avgrense utbreiinga av ulovleg innhald på, er å skipe eit europeisk nett av senter (kalla tipslinjer eller direktelinjer) som gjer det mogleg for brukarane å melde frå om innhald som dei kjem over når dei nyttar Internett, og som dei meiner er ulovleg. Det er framleis dei nasjonale styresmaktene som har ansvaret for handheving av lova, som òg har ansvaret for å reise sak og straffe dei som er ansvarlege for slikt ulovleg innhald; med direktelinjene vert det teke sikte på å avdekkje ulovleg innhald for å avgrense utbreiinga av det. Det må òg takast omsyn til kulturskilnader og skilnader i dei nasjonale rettsskipnadene.

Til no har det eksistert direktelinjer i berre nokre få medlemsstatar. Det må stimulerast til skaping av slike direktelinjer, slik at dei dekkjer Unionen både geografisk og språkleg sett. Det må innførast mekanismar for informasjonsutveksling mellom dei nasjonale direktelinjene, og mellom det europeiske nettet og direktelinjer i tredjestatar.

For at potensialet til dette nettet skal kunne utviklast fullt ut, er det naudsynt å betre samarbeidet mellom industrien og dei styresmaktene som har ansvaret for handheving av lova, å sikre at nettet og samarbeidet dekkjer heile Europa og å auke effektiviteten gjennom utveksling av opplysningar og røynsler.

Dette tiltaket skal gjerast i form av ei innbyding til framlegg til 20-25 organisasjonar om å ta del i skipinga av eit europeisk nett av direktelinjer (tipslinjer) og av bindeledd mellom dette nettet og direktelinjer i tredjestatar, utvikle felles metodar og stimulere overføringa av fagkunnskap og best mogleg praksis.

Dei organisasjonane som tek del, skal få støtte av eit representativt utval av aktørane i industrien (tilgangsleverandørar, tenesteytarar, telekommunikasjonsoperatørar, operatørar for nasjonale direktelinjer) og av brukarar. Dei skal leggje for dagen ei nyskapande og framtidsretta haldning, særleg i tilhøvet deira til nasjonale styresmakter som har ansvaret for handheving av lova.

1.2. Fremje sjølvregulering og åtferdsreglar

For at industrien skal kunne medverke effektivt til å minske straumen av ulovleg og skadeleg innhald, er det òg viktig å oppmode føretak om å utvikle ei nasjonal ramme for sjølvregulering gjennom samarbeid seg imellom og med andre aktuelle partar. Sjølvreguleringsordninga bør gje eit høgt vernenivå og handtere sporingsspørsmål.

Når det gjeld den tverrnasjonale karakteren til kommunikasjonsnett, vil sjølvreguleringstiltaka verte meir effektive på unionsplan ved at nasjonale initiativ vert samordna mellom dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre dei.

Innan ramma av dette tiltaksområdet skal det på europeisk plan utviklast retningslinjer for åtferdsreglar med sikte på å skape semje om bruken av dei og støtte gjennomføringa av dei. Dette tiltaket skal gjennomførast ved ei tilbodsinnbyding for å velje ut organisasjonar som kan hjelpe dei sjølvregulerande organa med å utvikle og gjennomføre åtferdsreglane. I samband med innføringa av åtferdsreglar vil det verte oppmuntra til ei ordning for synleg «kvalitetsmerking av nettstader» for å hjelpe brukarar til å peike ut Internett-leverandørar som følgjer åtferdsreglane. Det skal setjast i verk tiltak for nøye overvaking av den framgangen som vert gjord. Dette vil verte gjort i nær samordning med fremjinga av felles retningslinjer for gjennomføring på nasjonalt plan av ei ramme for sjølvregulering, slik rådsrekommandasjonen om vern av mindreårige og menneskeverdet gjev tilråding om.

2 Tiltaksområde 2. Utvikle filtrerings- og klassifiseringssystem

For å fremje sikrare bruk av Internett er det viktig å gjere det lettare å identifisere innhaldet. Dette kan gjerast gjennom eit klassifiseringssystem som definerer innhaldet etter ein allment godkjend plan (der tema som t.d. sex og vald vert plasserte på ein skala), og gjennom filtreringssystem som gjev brukaren høve til å velje ut det innhaldet som han/ho vil ha tilgang til. Klassifiseringa kan gjerast av ein innhaldsleverandør eller leverast gjennom ei uavhengig klassifiseringsteneste. Det finst fleire aktuelle klassifiserings- og filtreringssystem. Men dei er framleis lite utvikla, og ingen av dei har enno nådd det minstenivået som kan gjere brukarane sikre på at innhald som dei er interesserte i, og innhald som dei ønskjer å unngå, vert klassifisert på ein høveleg måte, og at innhald som er heilt uskuldig, ikkje vert sperra. Klassifiseringssystem er framleis lite nytta blant europeiske innhaldsleverandørar og brukarar.

Tiltaka under dette tiltaksområdet skal leggje størst vekt på å syne potensialet og avgrensingane til filtrerings- og klassifiseringssystema i verkelege situasjonar med sikte på å fremje skipinga av europeiske system og gjere brukarane fortrulege med å nytte dei. Filtrerings- og klassifiseringssystema skal vere kompatible og samverkande på internasjonalt plan, og utvikla i fullt samarbeid med representantar for industrien, forbrukarane og brukarane.

2.1. Demonstrere føremonene med filtrering og klassifisering

Tiltaket skal fremje kompatible filtreringssystem på internasjonalt plan som svarar til europeiske krav, og som sikrar at filtrering og klassifisering vert gjennomførde på ein slik måte at dei gjev brukarar, foreldre og lærarar fleire val. For å nå minstenivået må talet på nettstader vere høgt. Det skal følgjeleg setjast i verk eit tiltak for å stimulere bruken av klassifisering blant innhaldsleverandørar. Klassifisering som vert gjord av uavhengige tredjemenn, skal sikre ein standardmetode for innhaldsklassifisering, og handtere tilfelle der innhaldsleverandøren ikkje har klassifisert rett. Særskilde krav frå brukarar i føretak, institusjonar eller skular og frå sluttbrukarar må stettast når dei ikkje vert stetta av klassifiseringssystemet til innhaldsleverandøren.

Ved innbyding til å kome med framlegg skal det veljast ut prosjekt for å godkjenne klassifiseringssystem i høve til europeisk innhald, for å oppmuntre til at integrering vert ein del av skapingsprosessen for innhaldet, og for å syne føremonene med desse tekniske løysingane. Det skal leggjast vekt på nytten av og den praktiske sida ved «verkelege» situasjonar som omfattar eit stort tverrsnitt av typiske brukarar. Desse prosjekta kan likeins innbere prøving for å slå fast om filtreringsprogramma er godt nok sikra mot freistnader på å omgå dei eller setje dei ut av funksjon.

Ei andre innbyding til å kome med framlegg skal rettast særskilt mot validering og demonstrasjon av uavhengige klassifiseringssystem.

For å dra størst mogleg nytte av demonstrasjonsprosjekta er det naudsynt å vurdere kva innverknad dei har og å sikre at resultata av dei vert spreidde i heile Europa. Det skal lysast ut ei tilbodsinnbyding for vurdering av demonstrasjonsprosjekta og spreiing av resultata av dei.

Demonstrasjonsprosjekta under dette tiltaksområdet kan òg vere ein viktig medverknad til dei medvitsaukande tiltaka som skal gjerast innan ramma av tiltaksområde 3.

Demonstrasjonsprosjekta skal gjennomførast med medverknad frå industrien (sjølvregulerande organ, tilgangsleverandørar, tenesteytarar, innhaldsleverandørar, nettoperatørar, programvareprodusentar), brukar-, forbrukar- og borgarrettsgrupper, og frå styresmakter som handterer regulering i industrien og som har ansvaret for handheving av lova.

2.2. Fremje internasjonale avtaler om klassifiseringssystem

For å sikre driftskompatibilitet på omådet klassifisering er det særleg naudsynt med internasjonalt samarbeid mellom operatørar og andre aktuelle partar i Den europeiske unionen og partnarane deira i andre delar av verda.

Ei rekkje organ arbeider alt med protokollar og med utforming av eit klassifiseringssystem som skal stette dei ulike krava. Det er svært viktig at Europa kjem fram med standpunktet sitt i internasjonale diskusjonar, og det skal haldast samrådsmøte for å sikre dette.

3. Tiltaksområde 3. Oppmuntre til medvitsaukande tiltak

Ålmenta gjer i aukande grad bruk av Internett og dreg nytte av dei nye tenestene. Samstundes herskar det ein viss tvil om korleis alle sidene ved nettkommunikasjon skal handterast; foreldre, lærarar og barn må gjerast merksame på både potensialet og ulempene ved Internett, og dei har ikkje alltid nok kunnskap om kva middel som kan nyttast for å verne barn mot uønskt innhald. Medvitsaukande tiltak medverkar til at foreldre og lærarar får større tillit til at barn kan nytte Internett på ein sikrare måte.

Medvitsaukande tiltak er òg naudsynt som ei utfylling av tiltaksområde 1 og 2, ettersom dei tiltaka som industrien gjer for å gjennomføre sjølvregulering, filtrering og klassifisering, berre vil lukkast dersom dei faktiske og potensielle brukarane veit om dei.

Europaparlamentet har oppmoda om at det vert sett i verk ein europeisk kampanje og eit handlingsprogram for informasjon og medvitsaukande tiltak, som skal finansierast over budsjettet til Den europeiske unionen, for å opplyse foreldre og alle personar som tek seg av barn (lærarar, sosialarbeidarar osv.) om den beste måten (medrekna dei tekniske sidene) å verne mindreårige på mot å verte utsette for eit innhald som kan vere skadeleg for utviklinga deira, og såleis sikre velferda deira.

På grunnlag av dei tiltaka som er sette i verk av medlemsstatane, skal dei europeiske tiltaka medverke til å styrkje samverknaden, særleg ved utveksling av informasjon og røynsler. Handlingsplanen skal vere utgangspunktet for medvitsaukande tiltak som skal byggje på spreiing av informasjon frå tilgangsleverandørar til forbrukarar, og det skal òg utviklast undervisningsmateriell.

Dei medvitsaukande tiltaka vil dra nytte av medvitsaukande tiltak som er gjennomførde under andre program, særleg nettet MIDAS-NET, som vart skipa innan ramma av INFO 2000. Dersom det finst to eller fleire likeverdige måtar å spreie informasjon på til målgrupper, skal den mest kostnadseffektive måten veljast. Elektronisk spreiing skal prioriterast når det er mogleg og nyttig.

Dette tiltaket skal gjennomførast i to etappar, den første med sikte på å finne dei beste midla for å nå måla, og den andre med sikte på å hjelpe organisasjonar i medlemsstatane som har ein mangfaldiggjerande verknad, t.d. forbrukarsamanslutningar og andre relevante samanslutningar, med å setje i verk tiltaka på nasjonalt plan.

3.1. Førebu medvitsaukande tiltak

I den første etappen skal det lysast ut ei innbyding til å kome med framlegg om førebuande tiltak som skal peike ut dei organisasjonane som har ein mangfaldiggjerande verknad, og av dei kanalane, media og innhalda som er mest føremålstenlege for å nå målgruppene, førebu underlagsmaterialet, tilpasse dette til språkleg og kulturelt særpreg, og ta omsyn til resultata av demonstrasjonsprosjekta under tiltaksområde 2, som vil vere ein viktig medverknad til innhaldet i dei medvitsaukande tiltaka. Det skal utarbeidast ein plan for gjennomføringa.

Målgruppa er foreldre og lærarar, og tiltaket skal omfatte industrien (Internett-leverandørar, innhaldsleverandørar) og organisasjonar som har ein mangfaldiggjerande verknad, t.d. forbrukarsamanslutningar og undervisningssektoren.

3.2. Oppmuntre til gjennomføring av omfattande medvitsaukande tiltak

I den andre innbydinga til å kome med framlegg skal det veljast ut initiativ som skal få fellesskapsstøtte til oppfølgingstiltak i alle medlemsstatane, ved å nytte dei organisasjonane som har ein mangfaldiggjerande verknad, saman med dei kanalane, media og det innhaldet som vart utpeikte i det førebuande tiltaket. Føremålet med dette tiltaket er å gjere vaksne (foreldre og lærarar) meir medvitne om potensialet til og ulempane ved Internett, og om korleis nyttig innhald kan identifisast og skadeleg innhald sperrast ute.

Tiltaka skal tilpassast alt etter kva medlemsstatane treng, og kan variere etter storleik, folketal og grad av Internett-bruk osv. i kvar einskild medlemsstat. Det skal vere to typar tiltak: dei som er retta mot lærarar og mot undervisningssektoren, og dei som er meir retta mot ålmenta (foreldre og barn).

Dei tiltaka som er retta mot lærarar, kan omfatte seminar og arbeidsgrupper, saman med utarbeiding av særskilt trykt materiell og multimediemateriell og spreiing av dette til ein stor del av medlemmene av denne yrkesgruppa. Særskilde «nettdagar» (ei rekkje særskilde tilskipingar med sikte på å auke medvitet til brukarane) kan organiserast i samverknad med handlingsplanen «Læring i informasjonssamfunnet», som har stor støtte i industrien. Typiske tiltak som er retta mot ålmenta, kan omfatte skiping av nettstader, spreiing av opplysningsmateriell i skulane gjennom tilgangsleverandørar og gjennom forretningar og andre utsalsstader for datamaskiner, og spreiing av CD-ROM i datatidsskrift. Meir spesifikke opplysningar kan gjevast i samband med kjøp av utstyr eller programvare som er utforma for å gje tilgang til nett, eller av Internett-leverandørar til nye abonnentar. Dei tradisjonelle media (presse, fjernsyn) bør òg nyttast til å stimulere til auka medvit gjennom reklamekampanjar og opplysningsmateriell til journalistar. Særskilde nettsider skal lagast og ajourførast ved hjelp av plattforma til Det europeiske nettet av skular, eit nett som no vert skipa med støtte frå utdanningsministrane i medlemsstatane.

Føremålet med fellesskapsstøtta er å setje i gang omfattande medvitsaukande tiltak og å syte for ei overordna samordning og utveksling av røynsler, slik at det jamleg kan takast lærdom av resultata av tiltaket (t.d. ved tilpassing av det materialet som er spreidd). Fellesskapsfinansieringa skal normalt ikkje overstige ein tredel av dei kostnadene som gjev rett til støtte. Bruken av eksisterande nett vil gjere kostnadssparing mogleg, men det krevst ei tilleggsfinansiering for å produsere det eigna innhaldet.

4. Tiltaksområde 4. Støttetiltak

4.1. Vurdere dei rettslege følgjene

Internett fungerer på eit verdsfemnande grunnlag. Lovgjevinga gjeld for geografiske område på nasjonalt plan eller, når det gjeld felleskapsregelverket, for heile Den europeiske unionen. Vurdering av rettslege spørsmål som ikkje er vortne drøfta i samband med andre fellesskapsinitiativ, særleg spørsmål om gjeldande lovgjeving og framgangsmåtar, vil betre effektiviteten på andre tiltaksområde.

Om naudsynt kan det i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 5, lysast ut ei tilbodsinnbyding for å vurdere dei rettslege spørsmåla om innhaldet på og bruken av Internett.

4.2. Samordne med liknande internasjonale initiativ

I rekommandasjonen om vern av mindreårige og menneskeverdet vert Kommisjonen oppmoda til å fremje internasjonalt samarbeid på dei ulike områda som denne rekommandasjonen dekkjer, særleg gjennom utveksling av røynsler og god praksis mellom operatørar og andre aktuelle partar i Den europeiske unionen og partnarane deira i andre delar av verda. Det er difor naudsynt å sikre samanheng mellom europeiske tiltak og liknande tiltak i andre delar av verda. Jamlege samrådsmøte vil medverke til å nå dette målet.

Ein internasjonal konferanse, som vert skipa til i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 5, kan gjere det mogleg å dele dei røynslene som er gjorde på tiltaksområda, med dei aktørane som det gjeld, både i og utanfor Europa. Her kan alle dei emna som er tekne opp i handlingsplanen, drøftast, og industrien (sjølvregulerande organ, tilgangsleverandørar, tenesteytarar, innhaldsleverandørar, nettoperatørar, programvareprodusentar), brukar-, forbrukar- og borgarrettsgrupper, og dessutan styresmakter som handterer regulering i industrien og har ansvaret for handheving av lova, samlast. Ein slik konferanse kan òg medverke til å spreie resultata av handlingsplanen.

Konferansen bør byggje på resultata frå andre konferansar om liknande emne, slik at dobbeltarbeid kan unngåast.

Kommisjonen skal rådspørje det utvalet som er nemnt i artikkel 5, før han skipar til ein slik konferanse.

4.3. Vurdere verknaden av fellesskapstiltaka

Det er utan tvil viktig å gjere ei grundig vurdering for å finne ut om måla for handlingsplanen og rekommandasjonen er vortne nådde. Såleis er det òg mogleg å peike ut eventuelle andre tiltak som bør gjerast av industrien, fellesskapsinstitusjonane, medlemsstatane eller representantar for forbrukarane. Denne vurderinga skal gjerast i samband med vurderinga av dei tiltaka som er gjorde for å verne mindreårige og menneskeverdet, slik det er fastsett i rådsrekommandasjonen om vern av mindreårige og menneskverdet, og ho vil verte sett i verk gjennom ei tilbodsinnbyding.

Vedlegg II

Rettleiande utgiftsfordeling

1.Skape sikrare tilhøve26-30 %
2.Utvikle filtrerings- og klassifiseringssystem32-38 %
3.Oppmuntre til medvitsaukande tiltak30-36 %
4.Støttetiltak3-5 %
Til saman:100 %

Vedlegg III

Nærmare reglar for gjennomføringa av handlingsplanen

  1. Kommisjonen skal gjennomføre handlingsplanen i samsvar med dei tekniske spesifikasjonane i vedlegg I.

  2. Handlingsplanen skal gjennomførast ved indirekte tiltak og i størst mogleg grad ved kostnadsdeling. Det finansielle tilskotet frå Fellesskapet skal ikkje overstige den minstesummen som vert rekna som naudsynt for eit prosjekt, og skal i prinsippet ytast berre dersom prosjektet står overfor økonomiske hindringar som ikkje kan overvinnast på nokon annan måte. Vidare skal det finansielle tilskotet frå Fellesskapet vanlegvis ikkje overstige 50 % av prosjektkostnadene, bortsett frå i unntakstilfelle som er fullgodt grunngjevne.

  3. Prosjekt som er baserte på kostnadsdeling, skal i prinsippet veljast ut på grunnlag av vanleg utlysing av innbydingar til framlegg i Tidend for Dei europeiske fellesskapa. Innhaldet i innbydingane til framlegg skal fastleggjast i nært samråd med sakkunnige på området og i samsvar med dei framgangsmåtane som er nemnde i vedtaket. Det viktigaste kriteriet for å gje støtte til prosjekt gjennom innbydingar til framlegg, vil vere den moglege medverknaden deira til å verkeleggjere måla for handlingsplanen.

  4. Dersom det er mogleg, bør søknader om fellesskapsstøtte innehalde ein finansieringsplan som gjev opplysningar om alle sidene ved finansieringa av prosjektet, medrekna den økonomiske støtta som det vert søkt om frå Fellesskapet, og om alle andre søknader om støtte eller om all støtte som vert motteken frå andre kjelder.

  5. Kommisjonen kan òg innføre ei finansieringsordning som er meir fleksibel enn innbyding til framlegg, for såleis å stimulere til inngåing av partnarskap, særleg mellom små og mellomstore føretak og organisasjonar i vanskelegstilte område, og til gjennomføring av langsiktige tiltak mot ulovleg og skadeleg innhald på Internett. Ei slik ordning kan eventuelt gjerast permanent.

  6. Kommisjonen skal sikre at det i særskilte tilfelle, som følgje av teknologiske endringar som krev ei tilpassing av tiltaket, vert teke omsyn til uoppmoda prosjektframlegg som inneber eit særskilt hastetiltak.

  7. Reglane for dei framgangsmåtane som er nemnde i nr. 5 og 6, skal gjennomførast i samsvar med artikkel 5 i dette vedtaket og finansieringsreglementa til Kommisjonen. Dei skal offentleggjerast i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

  8. Prosjekt som fullt ut vert finansierte av Kommisjonen innan ramma av granskings- og sørvisavtaler, skal gjennomførast ved tilbodsinnbyding i samsvar med dei finansielle føresegnene. Det vil verte sytt for innsyn ved samråd med eksterne grupper av sakkunnige (Internett-arbeidsgruppa og den rådgjevande gruppa for rettslege spørsmål), og ved aktiv bruk av informasjonstenestene til Kommisjonen i samband med dei medvitsaukande tiltaka.

  9. Under gjennomføringa av handlingsplanen skal Kommisjonen òg gjennomføre førebuande, oppfølgjande og støttande verksemd med sikte på å nå dei allmenne måla for handlingsplanen og dei særskilde måla for kvart einskilt tiltaksområde. Slik verksemd omfattar t.d. granskingar til støtte for dei allmenne måla for handlingsplanen, tiltak som skal førebu framtidig verksemd, tiltak som skal gjere det lettare å ta del i tiltak under handlingsplanen og gje betre tilgang til dei resultata som er oppnådde i samband med initiativa i handlingsplanen.

  10. Ved alle prosjekt som mottek økonomisk støtte, skal det opplysast om den støtta som er motteken.