1 Bakgrunn
Underside | | Utanriksdepartementet
1 Bakgrunn
Ved EØS-komitéavgjerd nr. 39/1999 av 26. mars 1999 vart rådsdirektiv 98/25/EF om endring av rådsdirektiv 95/21/EF om håndheving av internasjonale standarder for sikkerhet, hindring av forurensning og leve- og arbeidsvilkår om bord på skip som anløper havner i Fellesskapet, og som seiler i farvann under medlemsstatenes jurisdiksjon (havnestatskontroll) teke inn i EØS-avtala. Rettsakta vil gå inn i vedlegg XIII til EØS-avtala. Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda til EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre ledd i Grunnlova og artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Avgjerda om å innlemme rådsdirektiv 95/21/EF i EØS-avtala vart teken ved EØS-komitéavgjerd nr. 20/96 av 26. mars 1996, som er offentleggjord i EØS-tillegget til EF-tidende nr. 23 av 23. mai 1996.
Avgjerda til EØS-komiteen og rådsdirektiv 98/25/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.