2 Rådsdirektiv 98/25/EF...

2 Rådsdirektiv 98/25/EF av 27. april 1998 om endring av direktiv 95/21/EF om håndheving av internasjonale standarder for sikkerhet, hindring av forurensning og leve- og arbeidsvilkår om bord på skip som anløper havner i Fellesskapet, og som seiler i farvann under medlemsstatenes jurisdiksjon (havnestatskontroll)

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 84 nr. 2,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen

TEF C 264 av 30.8.1997, s. 33.

,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet

Fråsegn gjeven 10. desember 1997 (TEF C 73 av 9.3.1998, s. 64).

,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 C i traktaten

Europaparlamentsfråsegn av 4. desember 1997 (TEF C 388 av 22.12.1997, s. 16), felles haldning frå Rådet av 12. februar 1998 (TEF C 91 av 26.3.1998, s. 28) og europaparlamentsavgjerd av 31. mars 1998 (TEF C 138 av 4.5.1998).

, og

ut frå desse synsmåtane:

1) I artikkel 2 nr. 1 i direktiv 95/21/EF

TEF L 157 av 7.7.1995, s. 1.

er det definert at «konvensjoner» tyder dei konvensjonane som er oppførde i denne artikkelen, og som galdt på tidspunktet då direktivet vart vedteke. I artikkel 2 nr. 2 er det definert at «MOU» tyder Det samforståtte memorandumet om hamnestatskontroll, som vart underteikna i Paris 26. januar 1982, slik det låg føre den datoen då direktivet vart vedteke.

2) Sidan vedtakinga av direktiv 95/21/EF har endringar av konvensjonane SOLAS 74, MARPOL 73/78 og STCW 78 teke til å gjelde. Dei siste endringane av Det samforståtte memorandumet tok til å gjelde 14. januar 1998. Desse endringane bør nyttast for føremåla med direktivet.

3) Ved Den internasjonale norma for tryggleiksstyring for drift av skip og hindring av ureining (ISM-norma) som vart vedteken av Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen 4. november 1993 og gjort obligatorisk ved det nye kapittel IX i SOLAS-konvensjonen, er det skipa eit tryggleiksstyringssystem som kan nyttast både om bord på skip og på land av det selskapet som har ansvaret for drifta av skipet, og som vert verifisert av styresmakta i det landet der det førnemnde selskapet utøver verksemda si.

4) ISM-norma medverkar på ein avgjerande måte til sjøtryggleiken og vernet av havmiljøet i fellesskapsfarvatna.

5) ISM-norma tek til å gjelde på internasjonalt plan 1. juli 1998 for alle passasjerskip og for oljetankskip, kjemikalietankskip, gasstankskip, bulkskip og snøggåande lastefartøy med ein bruttotonnasje på minst 500 tonn.

6) Rådsforordning (EF) nr. 3051/95 av 8. desember 1995 om sikkerhetsstyring av roro-passajerferger

TEF L 320 av 30.12.1995, s. 14.

tek sikte på ein framskunda og obligatorisk bruk av føresegnene i ISM-norma for alle roro-passasjerferjer på veg til eller frå fellesskapshamner, utan omsyn til kva flagg dei seglar under.

7) All seinking av iverksetjinga til selskap og styresmakter av føresegnene i ISM-norma på internasjonalt plan kan gje grunn til uro når det gjeld tryggleik til sjøs og vern av miljøet.

8) Difor er det naudsynt å vedta særlege fellesskapstiltak for å handsame tilfelle der det ikkje finst ISM-sertifikat om bord. Desse tiltaka må omfatte tilbakehalding av alle skip som ikkje har sertifikat som er utferda i samsvar med ISM-norma.

9) Dersom det ikkje finst andre alvorlege manglar som retttferdiggjer tilbakehalding av skipet, bør den aktuelle medlemsstaten kunne gje løyve til at ordren om tilbakehalding vert oppheva når dette er naudsynt, slik at ei opphoping av skip i hamna kan unngåast.

10) I slike tilfelle må medlemsstatane, i samsvar med artikkel 11 i direktiv 95/21/EF, gjere tiltak som er godt samordna for å sikre at skip som har fått løyve til å forlate ei hamn utan å ha eit ISM-sertifikat i god og tilbørleg form, vert nekta tilgang til alle hamner i Fellesskapet inntil det er vorte utferda gyldige sertifikat i samsvar med ISM-norma, med atterhald for nr. 6 i den førnemnde artikkelen.

11) Det er berre den medlemsstaten som har gjeve ordre om tilbakehalding, som kan oppheve forbodet mot tilgang til hamner i Fellesskapet. Dersom han ønskjer det, kan denne staten godta alle opplysningar frå ein annan medlemsstat som vert rekna som prov på at eit skip har gyldige sertifikat som er utferda i samsvar med ISM-norma.

12) Det bør vere mogleg å tilpasse direktiv 95/21/EF ved ein forenkla framgangsmåte, slik at det vert teke omsyn til endringar i internasjonale konvensjonar og i Det samforståtte memorandumet om hamnestatskontroll, som er nemnde i artikkel 2 i det førnemnde direktivet. Den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 18 i det førnemnde direktivet, synest å vere den mest føremålstenlege for å innføre slike endringar. For dette formålet bør artikkel 19 utfyllast —

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Artikkel 1

I direktiv 95/21/EF vert det gjort følgjande endringar:

  1. I artikkel 2 vert det gjort følgjande endringar:

    1. I nr. 1 vert «som er i kraft på vedtakelsestidspunktet for dette direktiv» endra til «som er i kraft 1. juli 1998».

    2. I nr. 2 vert «slik det foreligger på vedtakelsestidspunktet for dette direktiv» endra til «slik det foreligger 14. januar 1998».

  2. Ny artikkel 9a skal lyde:

    «Artikkel 9a

    Framgangsmåte ved manglende ISM-sertifikater

    1. Når det under inspeksjon oppdages at det om bord på et skip som innen Fellesskapet er underlagt ISM-normen på inspeksjonsdagen, ikke foreligger kopi av samsvarsattest eller sikkerhetsstyringssertifikat utstedt i samsvar med Den internasjonale norm for sikkerhetsstyring for drift av skip og hindring av forurensning (ISM-normen), skal vedkommende myndighet sørge for at skipet tilbakeholdes.

    2. Uten hensyn til mangelen på de dokumenter som omhandles i nr. 1, kan vedkommende myndighet, dersom det under inspeksjonen ikke kommer fram andre mangler som rettferdiggjør at skipet tilbakeholdes, oppheve tilbakeholdingen for å unngå opphoping av skip i havnen. Når en slik beslutning er tatt, skal vedkommende myndighet umiddelbart underrette vedkommende myndigheter i de andre medlemsstatene om dette.

    3. Medlemsstatene skal gjøre de nødvendige tiltak for å sikre at ethvert skip som har tillatelse til å forlate en medlemsstats havn under de omstendigheter som er omhandlet i nr. 2, nektes adgang til alle havner i Fellesskapet, unntatt i de tilfeller som omhandles i artikkel 11 nr. 6, inntil rederen eller operatøren av skipet har godtgjort overfor vedkommende myndighet i den medlemsstaten der ordren om tilbakeholding ble gitt, at skipet innehar gyldige sertifikater utstedt i samsvar med ISM-normen. Når det fastslås mangler som omhandlet i artikkel 9 nr. 2, og de ikke kan utbedres i tilbakeholdingshavnen, får de relevante bestemmelser i artikkel 11 også anvendelse.»

  3. I artikkel 19 skal ny bokstav c) lyde:

«c) tilpasse datoene nevnt i artikkel 2 for å ta hensyn til endringer som har trådt i kraft i de internasjonale konvensjoner og Det omforente memorandum som er omhandlet i nevnte artikkel, med unntak av protokollene til disse konvensjonene.»

Artikkel 2

1. Medlemsstatane skal setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet, innan 1. juli 1998. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.

Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.

2. Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei viktigaste internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.

Artikkel 3

Dette direktivet tek til å gjelde den dagen det vert kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Artikkel 4

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Luxembourg, 27. april 1998.

For Rådet

B. PONS

Formann