2 Nærmare om programmet
Underside | | Utanriksdepartementet
2 Nærmare om programmet
Den andre fasen av Leonardo da Vinci-programmet er ei vidareføring og fornying av det eksisterande handlingsprogrammet for yrkes- og profesjonsutdanning med same namnet.
Programmet skal medverke til å fremje «eit kunnskapens Europa» og utviklinga av eit europeisk samarbeidsområde for utdanning og opplæring. Det skal støtte opp under den politikken som statane har for livslang læring og for arbeidet med å styrkje kompetansen blant folk flest for å skape aktive medborgarar. Programmet skal utvikle kvalitet og stimulere til nyskaping i yrkesopplæringssystema og arbeidslivet gjennom samarbeid på tvers av landegrensene.
Det vert lagt stor vekt på å styrkje samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og verksemder. Dessutan vert det retta særleg merksemd mot grupper som står svakt på arbeidsmarknaden, mot tiltak for å fjerne alle former for ulik handsaming og mot fremjing av likestilling. Det vert fokusert på nyskapande tiltak som fremjer rådgjeving og rettleiing. Målgruppene til programmet er alle offentlege og/eller private organ og institusjonar som arbeider med yrkes- og profesjonsutdanning. Programmet omfattar følgjande tiltak:
utveksling og utplassering av personar i yrkes- og profesjonsutdanning, medrekna ungdom og personar som har ansvar for opplæring,
tverrnasjonale forsøksprosjekt for å utvikle nyskaping og kvalitet innanfor yrkes- og profesjonsutdanning,
prosjekt som fremjer språkkunnskapar,
tverrnasjonale nettverk for å utveksle røynsler og god praksis,
utvikling og ajourføring av referansemateriale, medrekna granskingar og analysar, av data som kan jamførast, og av informasjonsutveksling.
Under alle tiltaka vil det vere mogleg å få særleg støtte til aktivitetar som tek i bruk informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
Det er skipa ein programkomité under leiing av Kommisjonen med representasjon frå deltakarstatane.
Tiltaka i Leonardo da Vinci-programmet er i tråd med norske interesser for å utvikle den internasjonale dimensjonen i yrkes- og profesjonsutdanninga. Den norske deltakinga i den første fasen av programmet har vore god, og har stimulert til internasjonal aktivitet blant eit breitt spekter av yrkesopplæringsmiljø. Regionale styresmakter har gradvis teke sterkare initiativ for å kome med. Potensialet for å involvere fleire, særleg lærlingar og verksemder, er framleis stort. Utbytet av den norske deltakinga i form av prosjektmidlar har vore på nivå med kontingenten.