5 Konklusjon og tilråding
Underside | | Utanriksdepartementet
5 Konklusjon og tilråding
Deltakinga i internasjonalt utdanningssamarbeid er eit viktig ledd i arbeidet med kvalitetsutvikling og verdiskaping innanfor utdanning og opplæring. Samarbeidet medverkar til å skape ny kunnskap og større forståing mellom menneske og kulturar.
Noreg har teke del i utdanningssamarbeidet med EU sidan 1991. Gjennom EØS-avtala har vi teke del i den første fasen av Leonardo da Vinci (1995-99) på lik linje med medlemsstatane.
Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet meiner at den andre fasen av programmet kan medverke i stor grad til ei vidare utvikling av internasjonaliseringa innanfor yrkes- og profesjonsutdanninga, og at Noreg difor bør ta del i programmet.
Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.