Kva er ei høyring?
Artikkel | Sist oppdatert: 24.11.2023
Forvaltinga skal opplyse saker så godt som mogleg før ho fattar avgjerder.
Høyring nyttar ein for at innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv skal få seie si meining og kunne føre kontroll med kva forvaltinga gjer og korleis ho utfører oppgåvene sine.
Saker blir sendt på høyring fordi det er ein demokratisk rett for alle å få vere med å utforme offentleg politikk og fordi synspunkta til dei som sakene vedkjem, skal verte kjende for dei som skal fatte avgjerder.
Høyringssaker kan dreie seg om framlegg til lover og forskrifter som regulerer folk sine rettar og plikter, organisering av forvaltinga, endra myndigheitsområde og utgreiingar.