Historisk arkiv

11 millionar til utgreiinga om makt og demokrati

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr: 50/98
05.10.98

11 millionar til utgreiinga om makt og demokrati

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for å følgje opp arbeidet med utgreiinga om makt og demokrati. I budsjettframlegget er det sett av om lag 11 millionar kroner til vidareføring av utgreiinga i 1999.

Utgreiinga starta tidlegare i år, då det blei sett ned ei uavhengig forskargruppe leidd av professor Øyvind Østerud som skal gjennomføre arbeidet i løpet av ein fem års periode. Hovudtemaet er vilkåra for det norske folkestyret og endringar i desse.

Det er nå utforma ein rammeplan for arbeidet. Utgreiinga følgjer eit desentralisert opplegg, ved at ei rekkje prosjekt vil bli sette ut til ulike fagmiljø kring om i landet. Dette vil bli avklart i løpet av året, og i 1999 vil utgreiinga vere etablert i full breidd.

Det er oppnemnt eit råd på 23 medlemmer som skal følgje utgreiinga og gi forskargruppa råd og rettleiing undervegs i arbeidet. Leiar for rådet er informasjonsdirektør Maiken Ims.

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen