Historisk arkiv

Felles inngangsport til offentleg informasjon på Internett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr: 52/98
05.10.98

Felles inngangsport til offentleg informasjon på Internett

Arbeids- og administrasjonsdepartementet skal i samarbeid med Kommunanes Sentralforbund ta initiativ til å etablere ein felles inngangsport til offentleg informasjon på Internett i 1999. Tenesta har fått arbeidsnamnet Inngang Norge. Den skal baserast på den offentlege informasjonspolitikken og vere ein port til all offentleg informasjon, på tvers av etatar og forvaltningsnivå. Tenesta skal vere tilgjengeleg for alle og vere gratis.

Hovudmålet med tenesta er å gjere det enklare å finne fram til offentlege tenester og offentleg informasjon på Internett. Tenesta kjem til sin fulle rett først når mange offentlege informasjonsleverandørar er presenterte på nettet med aktuell informasjon av høg kvalitet. Tenesta vil derfor også ha som mål å stimulere til at fleire offentlege instansar kjem på Internett. Den vil også kunne medverke til å betre kvaliteten på dei offentlege tenestene på nettet.

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen