Historisk arkiv

Frigiving av dokument vedrørande rehabiliteringa av Slottet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 33/98
Dato: 17. juli 1998

Frigiving av dokument vedrørande rehabiliteringa av Slottet

Arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer har avgjort at ei rekke dokument vedrørande rehabiliteringa av Slottet nå vil bli tilgjengelege for pressa. Statsbyggs siste statusrapport, nummer 12 i rekka, blei utlevert til pressa i går. Det blei då opplyst at dei 11 tidlegare rapportane ikkje kunne utleverast før dei var nærare gjennomgått for å sjekke om desse inneheldt informasjon som var til hinder for offentleggjering.

Desse rapportane er nå gjennomgått av Arbeids- og administrasjonsdepartementet. På bakgrunn av denne gjennomgangen har statsråd Løwer avgjort at samtlege 11 rapportar kan utleverast til pressa. I tillegg har statsråden avgjort at det også vil bli gitt innsyn i referat frå det organet rapportane er skrivne for, Samordningsutvalet mellom Slottet, Statsbygg og departementet.

Rapportane vil bli kopiert opp og kan avhentast i vakta i R5, Akersgata 49, i dag fredag 17.7 mellom klokka 15.30 og 20.00. Det vil bli utlevert eitt eksemplar til kvar redaksjon.

Innsyn i referat blir gitt ut frå konkrete førespurnader. Referat som ein har rukke å vurdere i dag, vil bli utlevert saman med statusrapporane. Av praktiske grunnar kan ikkje eventuelle nye førespurnader behandlast før f.k. måndag.


Informasjonskontakt: Informasjonssjef Leiv Ellingsen, tlf 2224 4609, personsøkar 9672 6451, eller fungerande informasjonskonsulent Synnøve Mohn Johansen, tlf 2224 4615.

Lagt inn 20. juli 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen