Historisk arkiv

Full gjennomgang av rehabiliteringa av Slottet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr: 45/98
05.10.98

Full gjennomgang av rehabiliteringa av Slottet

Dei offisielle romma på Slottet (gjesterom og statsrådsdelen) som del av delprosjekt 4 vil bli sluttførte innanfor kostnadsramma på 312,3 mill. kroner frå revidert nasjonalbudsjett 1998. Arbeidet i kongeleiligheita vil bli stansa. Det vil heller ikkje bli fremja forslag om å starte på delprosjekt 5 B (arveleiligheitene, politilokale og lysekroner i store festsal) i statsbudsjettet. Dette skjer i forståing med Kongeparet.

AAD vil gjennomføre ein full gjennomgang av slottsprosjektet og vil komme tilbake til spørsmålet om vidareføring av prosjektet i revidert nasjonalbudsjett 1999, seier arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer. Statsråden understreker at prosjekta blir utsette for at det kan sikrast eit påliteleg teknisk og økonomisk grunnlag å gå vidare på.

Kostnadsramma for slottsrehabiliteringa er auka med 163,3 mill. kroner i 1998. På fleire punkt har kostnadene blitt undervurderte i budsjettarbeidet. Auken har sine årsaker i bl.a. prisstiging, endra premissar, auka prosjekterings- og administrasjonskostnader samt ei nødvendig utbetring av store roteskadar. Prosessen har og ført med seg auka kostnader som følgje av behov for spesialkompetanse og høgt kvalifiserte medarbeidarar på fleire område, i tillegg til auka kostnader som følgje av lengre byggjetid. Den opphavlege avgrensinga av arbeidet viste seg på fleire område å vere urealistisk, bl.a. pga antikvariske krav. Det er elles tatt med ein del fast inventar som ikkje var med i forprosjektet og provisoriske installasjonar for å sikre den daglege drifta på Slottet.

Dersom ein i tillegg til dei 312,3 mill kroner reknar med dei 87,2 mill som er nytta til rehabiliteringsarbeid ved Slottet frå 1990 til 1994, blir det samla kostnadsoverslaget 399,5 mill. kroner.

Regjeringa har sett ned eit breitt samansett slottsutval, under leiing av AAD, til å føre tilsyn med vedlikehaldssituasjonen og restaureringsbehova ved dei statseigde kongelege eigedomane (Slottet, Bygdøy kongsgard, Oscarshall, Gamlehaugen og Stiftsgården).

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen