Historisk arkiv

Klarer statsforvaltninga å handtere år 2000-problemet?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 16/98
Dato: 2. april 1998

Invitasjon til presseorientering fredag kl 0930

Klarer statsforvaltninga å handtere år 2000-problemet?

Statsforvaltninga er som andre sektorar i samfunnet avhengig av datasystem som fungerer.

Korleis handterer statsforvaltninga at ein opererer med til dels omfattande datasystem som ikkje har tatt høgde for problema som vil oppstå ved overgangen til eit nytt hundreår og tusenår?

Dette har vore hovedfokus i ei kartlegging av alle departement og statlige etatar som Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) gjennomførte frå januar til mars i år. Kartlegginga er gjennomført i samarbeid med Statskonsult og International Quality AS. Situasjonen i forhold til

år 2000-problemet har blitt undersøkt når det gjeld IT-utstyr og IT-system, likeeins såkalte «integrerte system» (system med innebygd mikroelektronikk).

Departementet vil presentere resultata frå kartlegginga i

R5, Akersgata 59, auditoriet

f.k. fredag 3. april kl. 0930 - 1030.

Ekspedisjonssjef Kasper Holand, avdelingsdirektør Ottar Ostnes og prosjektleiar Hans Christian Holte, alle frå Avdeling for IT, tenesteutvikling og forvaltning (ITF) vil stå for presentasjonen.

Kontakt for nærmare opplysningar: Prosjektleiar Hans Christian Holte, tlf 2224 4614.

Lagt inn 2. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen