Historisk arkiv

Konkurranseeksponering av offentleg sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr: 53/98
05.10.98

Konkurranseeksponering av offentleg sektor

Regjeringa har vedtatt å etablere eit utval på embetsnivå som skal utgreie ulike sider ved konkurranseeksponering av offentleg sektor. Arbeids- og administrasjonsdepartementet skal leie utvalet som skal ha medlemmer frå Finans- og tolldepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet samt Kommunanes Sentralforbund. Utvalet skal levere ein rapport eitt år etter oppstart.

Siktemålet med utgreiingsarbeidet er å utvikle grunnlaget for avgjerder gjennom å systematisere norske og internasjonale erfaringar. Ei hovudmålsetting er å skaffe fram kunnskap som grunnlag for ein politikk på både lokalt og sentralt nivå på dette området. Den andre hovudmålsettinga er å greie ut moglege retningslinjer og tilrådingar.

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen